DAGBOK KILIMANJARO 29. NOVEMBER 2010

 


Det var Åge Charles Pettersen (55) frå Bardu i Troms som omkom på Kilimanjaro natt til søndag. Han døde av eit akutt illebefinnande på 5290 moh, og intensive gjenopplivingsforsøk viste seg å vera nytteløse. Åge var i ferd med å realisera ein livslang draum, og han var ein lykkeleg mann heilt fram til tragedien ramma. Ein lykkeleg mann som tilbrakte sine siste dagar sammen med gode venner og i fantastiske omgivelsar. Våre tankar går til dei pårørande, slekt, venner og kollegaer, og til dei andre deltakarane på turen som måtte gjennomgå ei slik oppleving. Eg og dei to turledarane Brynjulv og Øyvind, takkar dei aller næraste pårørande for det nære og gode samarbeidet me har hatt gjennom denne tragedien.

SUNDAG 5. DESEMBER

Tragedien ramma oss alle hardt og brutalt i dag då ein deltakar fekk eit illebefinnande og døde. Eg kjem tilbake med meir informasjon på eit seinare tidspunkt.

LØRDAG 4. DESEMBER

Brynjulv ringte frå Barafu Camp, 4700 moh. Dette er den øverste leiren, og dette er staden der dei startar toppstøtet frå i natt. Dei siste to dagane har dei hatt flott vær, og stemningen framfor nattas toppstøt er på topp. Dei startar i to puljer, ei ved midnatt og ei litt etter. Forholda er perfekte, været ser lovande ut og det er ikkje nysnø på fjellet. Følg med her i morgo tidleg, eg legg ut nyheiter om toppstøtet så fort eg får dei frå Afrikas tak.


Rett før toppen - og rett før soloppgang. (Bilete frå ein tidlegare tur)

FREDAG 3. DESEMBER

Kort, men kupért, etappe fram til Karanga Camp. Også denne leiren ligg på rundt 4000 meter. Det er frå i morgo tidleg det for alvor begynner å gå til himmels. Tidleg søndag morgon står dei forhåpentlegvis på toppen. Brynjulv melder om ein fin dag, ikkje noko regn i dag. Alle i bra form. Kjenner eg kokken Benson rett, stod han klar med blant anna frityrsteikt kylling og pommes frites når dei ankom leiren tidlegare i dag.


Telt i Karanga, med Mawenzi i bakgrunnen. (Bilete frå ein tidlegare tur)

TORSDAG 2. DESEMBER

Kald dag opp mot Lava Tower. Det var faktisk sludd til tider. Fem var opp på toppen av Lava Tower. Gro måtte desverre kaste inn håndkleet i dag tidleg, kroppen har ikkje spelt heilt på lag sidan starten, og det var ein heilt riktig avgjerd å avbryte. Resten av gjengen er stort sett i fin form. No er dei i Baranco leir, i morgo er det ein forholdsvis kort etappe fram til Karanga leir.

ONSDAG 1. DESEMBER

Flott dag på veg til Shira Camp. Dei er no på nesten 4000 moh, og denne høgda ligg også dei neste to leirane på. I kveld fekk dei sannsynlegvis sjå toppen på forholdsvis nært hold, då skodda som vanlegvis dekkar toppen på dagtid lettar om ettermiddagen/kvelden. I morgo skal dei heilt opp til 4750 moh. før dei går ned igjen til Barranco Camp. Ekspedisjonsledar Brynjulv gratulerer si kjære Elisabeth med dagen i dag!!!

TIRSDAG 30. NOVEMBER

Vel framme i Machame Camp i kveld. Det regna ein del gjennom jungelen, forhåpentlegvis blir det mindre nedbør i morgo når dei etter kvart kjem over vegetasjonsgrensa. Brynjulv melder om at det er ein fin gjeng og god stemning. Kokken Benson diska opp med nydeleg middag, treretters sjølvsagt, og dei vart sikkert sittande litt rundt bordet utover kvelden før dei etterkvart inntok nattposisjonen i soveposane sine. Kanskje fekk dei sjå den fantastiske solnedgangen bak vulkanen Mt. Meru, som ligg 7 mil lenger vest.

MANDAG 29. NOVEMBER

Ingen forsov seg... og alle landa på Kilimanjaro flyplass seint mandag kveld. Brynjulv melder om at dei hadde eit informasjonsmøte etter "kveldsmaten", der dei fekk litt tips om pakking og ellers praktisk informasjon før tirsdagens startetappe oppover fjellet. No er dei i gang...

TORSDAG 25. NOVEMBER

På mandag drar ei ny stor gruppe til Afrika for å bestiga det høgaste fjellet på kontinentet. Brynjulv Eide er reiseledar. Følg med her for oppdateringar undervegs.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka





Bilete frå tidlegare turar.