DAGBOK ELBRUS 2009


(Sjå Marius Slagsvold sine bilete frå turen nederst på sida)

 

16. JULI
Dårleg vær. meir nedbør, lyn, torden og tett tåke. Avgjerdsla vart tatt kl. 0330 om å ikkje fortsette. Alle samla i Cheget etter ein strabasiøs natte-nedfart for 3... Godt humør og klare for Moskva i morgo.

 

God innsats av alle deltakarane til tross for at toppen vart for vanskeleg denne gongen. Hadde finværet som dei hadde første del av turen vart nokre timar til ville dette gått til topps. Stor takk til Lars som har leda denne turen.

 

15. JULI
Uværet ligg fortsatt over fjellet. Lars, Ronny, Tommy og Nikolai kjem til å forsøka seg på eit nytt toppstøt i morgon, men værutsiktene er ikkje optimistiske.

 

14. JULI
Toppstøtet måtte avbrytast i Sadelen, ca. 300 meter under toppen. Dårleg vær, sterk vind og tordenvær, gjorde at ein ikkje hadde noko valg. Gjengen slappar no av i Diesel hut. Kanskje gjer nokon eit nytt forsøk om ein dag eller to. God innsats av gjengen. Me kryssar fingrane for at været blir betre slik at det kan bli mogeleg å gjera eit nytt forsøk.

 

13. JULI
Godt vær, men tiltagande vind. Motivasjonen er på topp. Klatra til 4850 meter i dag. Ingen problem så langt. Kviledag i dag før toppstøt i natt. Håper på positive nyheiter i løpet av morgentimane. Alle helsar til kjente og kjære heime.

 

11. JULI
Akklimatiseringa går heilt etter planen for Elbrus-gjengen. I dag var dei heilt opp mot Pastukovs Rocks (ca. 4700m). I morgo flyttar dei opp til Diesel Hut som ligg på omtrent 4100 meter. Her skal det tilbringast eit par dagar med akklimatisering og restituering, før dei er klar for oppstøtet. Stemninga er på topp og været er strålande.

 

9. JULI
Alt har gått fint på reisa for gjengen, og dei er no vel etablert i fjellhytta på 3000 meter. Dette er eit ypperleg utgangspunkt for akklimatisering i området. I morgo skal dei øve på utglidning på snø og diverse enkle redningsteknikkar på bre.

 


ALLE FOTO: MARIUS SLAGSVOLD