DAGBOK KILIMANJARO 9. APRIL 2022

 

Sjå alle bileta frå fjellturen nederst på sida

 

TYSDAG 19. APRIL

På veg til Materuni Waterfall

0419

(Foto: Jolanta)

 

SUNDAG 17. APRIL

I går ettermiddag var det ein fornøyd gjeng som kom ned att til låglandet i Moshi. 4000 høgdemeter ned på eit og eit halvt døgn. Pizza, cola og dusj er det som står i fokus hjå dei fleste - og ein betre middag på hotellet.  No fortsetter gjengen Afrika-turen sin med eit spesielt program med safari og mange andre spennande opplevelsar. Dei har lova å sende bilete frå det dei opplever dei neste dagane også, så følg med her vidare. Eg legger også inn bilete frå fjellturen her så fort eg får tid - forhåpentlegvis innan eit par dagar.

- Jarle

FREDAG 15.APRIL - TOPPSTØT

Alle på toppen 08:50! Me brukte under 6 timar opp. I timane før me starta blåste det så mykje at både toalett- og messetelt  forsvant. Vind også undervegs mot toppen, men heldigvis ikkje for kaldt. Nå er det ned til high camp for velfortjent lunsj. 

-Jarle-

TORSDAG 14.APRIL

Fantastisk dag frå Karanga til Kosovo. No ligg me på nesten 4900 meter, med ei heilt utruleg utsikt ut over Afrika. Dette må verkeleg  opplevast for å forstå kor flott det er. I natt skal det skje - då startar me den siste etappen opp på Afrikas tak. Ein 1000 meter høg motbakke. Me brukar sannsynlegvis rundt 6 timar opp, så me går verkeleg sakte - pole pole... Kryss fingrane for oss - dette blir spennande!

-Jarle-

ONSDAG 13.APRIL

Kom fram til Karanga Camp etter ein kort etappe frå Barranco. Her varta kokken opp med kylling og pommes frites til lunsj. Nydeleg! No slappar me av i telta våre før det sannsynlegvis blir ein yatzee-turnering før middag. Bryson og assistent-guidane gjer ein kjempejobb saman med alle bærarane, og me kan konsentrere oss om kun å kose oss på tur... Men no nærmar toppstøtet seg. I morgon går me opp til high camp, der me startar forsøket på å nå Uhuru Peak påfølgende natt.

-Jarle-

TIRSDAG 12.APRIL

Idag var det ein lang etappe fram til Barranco camp, som ligg dramatisk til nede i ein djup dal. Dette er turens tøffaste etappe unntatt toppstøtet. Det er fleire som er godt slitne i kveld, men morgondagen er kort og me er tidleg framme i neste camp som er Karanga. Me håpar på fint vær i morgo slik at me kan ligge å slappe av litt i sola i camp Karanga.

-Jarle-

MANDAG 11.APRIL

Idag gjekk me 5 timar opp til Shira camp, rett under 4000 moh. Dagens etappe tok oss ut av jungelen og opp i eit terreng prega av lava, men fortsatt er det meir eller mindre surrealistiske plantar og blomster rundt leiren. Alt er unormalt på Kilimanjaro..no har me hatt ein fantastisk lunsj. og slapper av i eit av telta før me skal ta oss ein akklimatiseringstur i fjellsida over leiren.

-Jarle-

SØNDAG 10.APRIL

Då er me framme i Machame camp (3000 moh) etter ein flott etappe gjennom jungelen. Kun nokre få regndråpar, men dei kom mens me satt i teltet og åt lunsj. Perfekt timing:) Alle har det fint og gledar seg til dagane som kjem. No er kokken Almas klar med middagen...

-Jarle-

KLAR TIL AVREISE!

Jolanta er klar med ein ny gjeng til Kilimanjaro! 9. april drar eg saman med Ewa, Bernard, Julia, Maja, Krityendra, John-Jannak, Iselin, Sebastian og Jolanta til Tanzania for å bestige Afrikas høgaste fjell - Kilimanjaro, 5895 meter over havet. Med oss har me hovedguide Bryson og hans team av assistentguidar, kokkar, servitørar og bærarar. Denne fantastiske gjengen hjelper oss forhåpentlegvis opp på Afrikas tak ei vekes tid seinare.

Etter fjellturen skal gjengen ha eit heilt spesielt program der dei får oppleva mykje natur og kultur rundt Kilimanjaro. Dei skal også besøke barneheimen Msamaria, der dei har engasjert seg veldig. Det er ikkje få kilo med klær og utstyr dei har med seg nedover...

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen.

Les alt om dagsprogrammet på fjellturen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

- Jarle

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Maja fekk nærkontakt med ravnen, og den fulgte etter henne til neste leir

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Iselin er av den tøffe typen - ho låg ute ei natt i eit par minusgrader og fekk verkeleg nyte den fantastiske stjernehimmelen over Kilimanjaro

Kilimanjaro 2204 12

Kilimanjaro 2204 12

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Julia er 13 år og ei av dei yngste eg har hatt med på Kilimanjaro. Imponerande innsats og viljestyrke!

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27

Kilimanjaro 2204 27