DAGBOK KILIMANJARO 10. JULI 2013

 

SØNDAG 21. JULI


Etter ein innhaldsrik 3-dagars safari i Lake Manyara og Ngorongoro-krateret, reiste dei aller fleste i dag vidare til Zanzibar. Det smakar ekstra godt å ligga på den krittkvite stranda når ein har vore med på så utruleg mange sterke opplevelsar den siste halvanna veka. Ein treng rett og slett litt tid for å la alle inntykka synka inn. Zanzibar er perfekt til akkurat det! Eg snakka med Knut rett etter dei ankom hotellet, og han sendte meg eit par bilete frå paradis...

Alle foto: Knut Ådne Findreng

LØRDAG 20. JULI


Dagen i idag bød på en meget vellykket safari! Møte med en hel flokk giraffer og en nær frontkollisjon med en familie elefanter ble dagens høydepunkt! Etter dette ble turen offisielt avsluttet med en bedre middag på fenomenale Aru Meru River Lodge. I morgen blir det badeferie på Zanzibar for hele gjengen, inkludert undertegnede! Takk for turen! Håper vi sees igjen.
- Knut Ådne

FREDAG 19. JULI


Stemningsrapport "live" frå safarien...:
I dag har jeg så god dekning at jeg kan rapportere live! Akkurat nå ser vi to løver liggende i gresset, mens en thomson gaselle og 4 vannbøfler vandrer i bakgrunnen. Spenningen er til å ta og føle på, kommer løvene til å angripe? Gårsdagen bød på en flott sykkeltur på savannen ved Lake Manjara. Vi var heldige og fikk se både gnu, sebra og gaseller på rundt 100 meters hold. Etter syklingen venta en bedre middag på Kudu lodge. Tilbake til live-rapporten kan jeg melde at løven igjen la seg ned for å sove, ingen action denne gangen heller... Men livet i Tanzania er jammen meg bra likevel!
- Knut Ådne

ONSDAG 17. JULI - KVELD


Snakka med Knut Ådne etter dei hadde returnert til hotellet i dag. Han kunne fortella at det har vore ein stålande tur og ein svært sprek gjeng. Dei hadde perfekte forhold under toppstøtet og ein fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Akkurat no er det derfor ein svært fornøyd gjeng som sit ved bassenget og nyter tilværelsen. Dvs. nokre er faktisk i treningsrommet…?
- Jarle

Alle foto: Knut Ådne Findreng




ONSDAG 17. JULI - MORGON


I går ettermiddag gjekk dei vidare nedover fjellet til Mweka camp, der dei overnatta. Sidan dei ikkje fekk sova så mange timane natta før, tippar eg at dei sov 11-12 timar i denne leiren i natt. Det er velfortjent med tanke på prestasjonen i går då dei alle nådde toppen av Afrikas høgaste fjell. Frå Mweka er det ikkje meir enn ca. 3 timars gange ned til sivilisasjonen, så dei er tidleg tilbake på hotellet i dag. No gjer det sikkert ekstra godt med ein skikkeleg dusj, etter 7 dagar med vaskefat og våtserviettar...
- Jarle

TIRSDAG 16. JULI


ALLE PÅ TOPPEN!
Gjengen klarte det! Knut Ådne meldte akkurat at dei no er nede igjen i leiren etter eit vellykka toppstøt. Gratulerar til alle sammen med ein kjempeprestasjon! Forholda var perfekte og temperaturen var heller ikkje spesielt låg. No skal dei få seg ein velfortjent kvil før dei går vidare nedover til neste leir i ettermiddag. Det er ein sliten gjeng som legg seg i soveposane akkurat no - men heilt sikkert med ein veldig god følelse i kroppen likevel...
- Jarle

MANDAG 15. JULI


No kviler gjengen i Kosovo camp, 4880 moh. Dei har ete middag og prøver å få nokre timars søvn før toppstøtet startar om få timar. Rundt midnattstider norsk tid startar den lange marsjen i sikksakk oppover fjellsida. Det er ikkje så enkelt å sove så tidleg på kvelden, i alle fall ikkje når spenninga bygger seg opp i kroppen... Klarar eg verkeleg dette? Kor kaldt blir det? Har eg hugsa å pakka alt i ryggsekken? Det er alltid mange spørsmål før toppstøtet startar. Dei første 5-6 timane går dei i lyset frå hodelyktene sine, som ein lang lysande orm i mørket om du hadde sett dei frå litt avstand. Det er ein spesiell stemning. Det er ingen som snakkar, alle konsentrerer seg om å gå jevnt og å puste riktig. I det dei nærmar seg kraterkanten begynner det sannsynlegvis å lysne i aust, og kanskje kjem sola opp akkurat i det dei når toppunktet. Dessverre har Knut Ådne fått halsbetennelse og feber, så han startar ikkje. Men ellers er gjengen stort sett i bra form og klar for utfordringa som ventar. Dette blir spennane! Følg med på denne sida i morgon tidleg/formiddag, eg oppdaterer så fort eg høyrer frå dei. Me kryssar fingrane og satsar på at alle får ein fin tur mot toppen!
- Jarle

SUNDAG 14. JULI


Knut ringte og fortalte om ein motivert og sprek gjeng som etter kvart nærmar seg toppstøtet. Dei er no i Karanga camp (4000m) og dette er den nest siste leiren før toppstøtet. I morgon går dei opp til Barafu eller Kosovo camp der dei startar toppstøtet frå natt til tirsdag. Dei starta dagen etappe med å gå opp Breakfast wall, ein nesten 300 meter høg "vegg" - slik ser det i alle fall ut frå leiren... Men det snirklar seg ein fin sti oppover fjellsida, og det er ingen problem sjølv for dei som har litt høgdeskrekk. Den ser verre ut på avstand er det den er! Kokken og hans crew sørger for at gjengen vår får den næringa dei treng. Middagen er som regel tre-rettars, verkeleg imponerande kva dei klarer å få til langt oppe på fjellet. Og bærarane gjer ein kjempejobb med å frakte utstyr opp og ned fjellet. Uten våre afrikanske venner ville det vore svært mykje vanskelegare å nå Afrikas tak...
- Jarle

Seinare på kvelden motto eg denne tekstmeldinga frå Knut Ådne:
Jambo! Dagens etappe gikk som en drøm, Barranco wall (Breakfast wall) var i følge de som var mest spent nesten skuffende enkel ;) Vel fremme i leiren fikk vi nok en gang servert et fantastisk måltid, kylling med pommes frites med koriandersuppe til forrett. Kokkene slutter ikke a imponere! Etter middag ble det litt info om toppstøtet. Det narmer seg... Nå er det leggetid her pa nesten 4000meter, vi har bade utsikt til toppen og en fantastisk stjernehimmel.
- Knut Ådne

LØRDAG 13. JULI


Fekk berre ein halv tekstmelding frå Knut Ådne i kveld - mobilnettet på Kilimanjaro er ikkje alltid like stabilt... Dei har akkurat ete ein betre pastamiddag og er nok snart klare for senga - eller soveposen er det vel meir riktig å sei. Dei har gjennomført ein lang dagsetappe i dag, frå Shira til Barranco. Opp over 700 høgdemeter i løpet av dagen, men det samme ned igjen til Barranco på slutten av etappen, så nattas leir ligg omtrent på samme høgda som den forrige. Dei fleste var opp på Lawa Tower i dag, ei lavasøyle som står rett opp frå fjellsida på den store vulkanen. Været er fortsatt strålande, men det er kaldare enn normalt om nettene. Det var minusgrader sjølv i den første leiren på 3000 moh. Men på dagtid er det varmt og godt så lenge sola er framme, sjølv 4000 moh. I morgon blir det ein av dei kortaste etappane fram til Karanga Camp, men undervegs ventar den berykta Breakfast Wall!
- Jarle

FREDAG 12. JULI


Da er vi vel fremme i Shira camp. En flott dag over skyene, med utsikt til Mt. Meru og fjellene rundt Shira. Kilimanjaro viste seg også fra sin beste side i solnedgangen! Flere begynner å kjenne på høyden i form av mild hodepine og andpustenhet, men stort sett går det bra. Nå er det lala salama under stjernehimmelen.
- Knut Ådne
(lala salama = god natt på det lokale språket swahili)

TORSDAG 11. JULI


Knut Ådne melder via satellitt-telefon at dei no kosar seg i Machame Camp 3000 moh. Turen frå Machame gate (1800 moh.) gjekk veldig fint, og dei gjekk også raskare enn berekna opp til leiren, litt i underkant av 6 timar brukte dei. Dagens etappe gjekk gjennom tett jungel, det er ein utruleg opplevelse for oss nordmenn... I det dei nærma seg leiren nærma dei seg også grensa for kor høgt jungelen går på fjellet, så trea rundt leiren er mykje lågare enn lenger nede. Dei kan sjå både den snøkledte toppen og flott utsikt utover Afrikas sletter langt der nede frå leiren. Alle er i god form og ingen merkar noko til høgden - me satsar på at det fortsetter slik!
- Jarle

Og klar til start ved Machame Gate for kort tid sidan... (Foto: Michael Kilawila)

Klar til start ved hotellet i dag tidleg (Foto: Knut Ådne Findreng)

ONSDAG 10. JULI


Alle vel fremme, og all bagasjen var med. Gruppen er veldig trivelig og alle virker motiverte. Mike og Dixon har akkurat gitt oss det vi trenger av info ang morgendagen. Så nå gleder vi oss til å komme i gang! Vi drar i 9 tiden i morgen, og om alt går som det skal er vi i gang med å gå et par timer senere.
- Knut Ådne

KILIMANJARO 2013 - AVREISE 10. JULI


Årets juli-tur til Afrikas høgaste fjell er snart i gang. Førstkommande onsdag drar Bendik, Marius, Helle, Jo, Fredrik, Sissel, Pål Eirik, Sigrun, Silje og Annichen til Tanzania for å oppleva det store eventyret. Turledar er Knut Ådne Findreng.

Å bestiga Kilimanjaro er verkeleg eit eventyr. Nesten ikkje noko fjell i verda kan samanliknast med denne gigantiske vulkanen som står heilt åleine på dei afrikanske slettene - verdas høgaste frittståande fjell (altså ikkje ein del av ein fjellkjede). Plantelivet er eksotisk, dyrelivet det samme - og når du ser dei mange bærarane våre som bærer utstyret på hovudet oppover fjellsida så er heile opplevelsen nesten som tatt ut frå ein storslagen film!

Etterpå blir det ein spennande tredagars safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret. Til slutt flyr dei ut til Zanzibar, der inntrykka frå turen skal fordøyast liggande under palmane på dei krittkvite strendene.

Følg med på denne sida framover. Dei vil forhåpentlegvis stå på toppen grytidleg på morgonen neste tirsdag. Eg legg ut oppdateringar som Knut Ådne sender meg etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Knut Horvei)