DAGBOK KILIMANJARO 15. JULI 2015

SUNDAG 26. JULI


I dag vart safari-delen av turen avslutta med ein lang sykkeltur utanfor Lake Manyara. Der fekk dei sjå mange av dyra som vandrar fritt mellom nasjnalparken og området rundt. Og dei fekk også sjå korleis dei lokale bur og lever i området. Ein primitiv måte å leva på som er vanskeleg å forstå for oss nordmenn før me har sett det med våre eigne auger. No drar dei fleste vidare til Zanzibar for å avslutta turen med nokre dagar på stranda. Langi Langi Beach Bungalows fristar med krittkvite strender, azurblått hav, palmesus og ein svært eksotisk atmosfære. Takk for at du har fulgt med på turen på denne nettsida undervegs. Dersom du vil oppleva det samme er det berre å ta kontakt, eg arrangerer fire åpne turar til Kilimanjaro kvart år.
- Jarle

LØRDAG 25. JULI


Tilbake på Kudu. Flott dag i krateret der me blir anna såg Big Five (unntatt leopard). Løver såg me både på avstand og på armlengds avstand. Bøfler, gnu, sebra, gaseller, fugler, hyener, pumba, struts, flodhest, mm... Trolsk og tett skodde på veg til krateret idag, men flott etterkvart. No er det avslapning på hotellet. Nokon reiser på markedet, nokon i bassenget og andre i baren. Litt for einkvar smak....... Hakuna matata!
- Brynjulv

FREDAG 24. JULI


Brynjulv melder om ein flott første dag på safarien, sjølv om dei også fekk føla litt på rushtrafikken gjennom Arusha, ein av dei største byane i Tanzania. Men når dei først var framme i Tarangire nasjonalpark såg dei store mengder dyr. Elefantar, giraffar, sebra, gnu og mange andre dyr som kun finst i Afrika. I morgon er det Ngorongoro-krateret som står for tur og der får dei nok også sjå løve, gepard, flodhest og kanskje leopard og nashorn om dei er heldige. I dag vart også Siri sin 16-årsdag feira med kake, champagne og song. Presangen bestod i eit par sandalar laga av halvslitte MC dekk… Masaii-style!
- Jarle

TORSDAG 23. JULI


Då er gjengen nede igjen i Moshi etter å ha gått den siste etappen ned til Machame gate i dag. Dette har vore ein utruleg tur: Alle på toppen, fantastisk vær heile tida, god stemning... kan det bli betre? Det einaste som det blir murra litt om er at nokon (spesielt damene) er litt misfornøyd med at den varsla slankekuren ikkje var så effektiv som eg hadde lova på forhånd. Vanlegvis er nemleg ein effekt av høgda at ein mistar apetitten, men med Benson som kokk så er maten rett og slett så god at det ikkje alltid skjer... Fekk derfor følgande melding frå damene no i ettermiddag:

Damene melder - vi har ikke gått ned ett gram. Opp to kilo. Guiden sa vi måtte drikke og spise det vi klarte. Det gjør vi nå. Søksmål følger. Advokatmarkedet støv(suges). Kanskje Ramadan på Zanzibar er håpet ditt? Hilsen damer med godt hold på Indoitaliano Restaurant.

Eg trur eg må gi Benson ein reprimande for å laga altfor god mat... :)
- Jarle



Verdas beste (og mest velfortjente) øl... (Foto: Brynjulv Eide)

ONSDAG 22. JULI


Alle på toppen kl. 06:20 lokal tid i dag! Gratulerar til alle sammen med strålande innsats...
Fekk følgande melding frå Brynjulv i det dei var på veg ned att:
"Starta ved midnatt. Gjekk utruleg bra oppover. Alle var topp motiverte og viste innsats og motivasjon av beste merke. Nydeleg ver med minus 9 grader på toppen kl 06:20. Det var bra! Stor stemning då me kom tilbake til Kosovo camp. Vart møtt med cola. Fantastisk! Fekk deretter kjøpa Kilimanjaro øl på 4800m og strålande sol :-) :-) :-) Et lunch og går deretter mot Mweka camp. Og sjølvsagt, veret er strålande!"


Uhuru Peak - Afrikas tak! (Foto: Brynjulv Eide)

TYSDAG 21. JULI


I natt skal det skje... Rundt midnatt lokal tid startar dei på sin veg mot toppen. No er dei i den øverste leren Kosovo camp (ca. 4900m). Brynjulv melder at alle er i bra form og klar for nattas utfordring. Det er litt meir skyer i dag og litt kaldere. Ruta i natt går rett oppover fjellsida over leiren. Det er forholdsvis bratt, men sidan stien går i sikksakk er det ein fin stigning oppover (alt er relativt...). Etter kvart som dei kjem høgare og høgare synker temperaturen gradvis og dei kan kanskje oppleva ned mot 10 minusgrader. Men i det dei er nær toppen kjem også sola over horisonten og den gir raskt varme sjølv heilt her oppe på nesten 6000 meter over havet. I morgon tidleg/formiddag håpar eg å få gode nyheiter frå Afrikas tak. Eg oppdaterer så fort eg høyrer frå dei. Kryss fingrane for gjengen vår...
- Jarle


Utsikta frå Kosovo camp er spektakulær. Mawenzi i bakgrunnen, ein "sideventil" på hovedvulkanen Kilimanjaro. (Foto: Brynjulv Eide)

MANDAG 20. JULI


Framme i Karanga. Ubeskrivelig flott dag. Strålande sol og vindstille, med eit magisk skyteppe under oss der kun Mount Meru bryt overflata. Alle i god form etter å opplevd Breakfast Wall, samt vandringa på framsida av fjellet. Fokuset er byrja å endra seg og me er begynt og tenkja på vidare veg mot Uhuru Peak. Alle kjenner litt på spenninga, men klarer samstundes å nyta øyeblikket. Matlysta er framleis upåklageleg og me et nærmast tomt til alle måltid. Merkast og at me er komme i god mobildekning då fleire klør i fingrane etter å ha kontakt med omverda. Andre ser det motsatte som et pluss. Me er heldigvis ikkje alle like. Nei, Afrika viser seg frå sitt vakraste. Måtte det berre vara...
- Brynjulv



På toppen av Breakfast Wall, den einaste skikkelege kneika på dagens etappe. Legg merke til skyhavet langt under dei i bakgrunnen. (Foto: Brynjulv Eide)

SUNDAG 19. JULI


Fantastisk dag. Skjelden godt vær. Strålande sol frå skyfri himmel frå start til mål. Alle ved Lava Tower i god form. Halve gruppa klatra opp på steinen. God matlyst på alle i leiren. Klar for frukostveggen i morgo. Og etter middag er det trøtte bein godt ned i soveposen.
- Brynjulv

Lava Tower er ein 70 meter høg steinformasjon av lava. Imponerande utsyn mot toppen av Kilimanjaro frå toppen av dette "lavaspiret". Frukostveggen som Brynjulv nevner er den såkalla Breakast Wall som reiser seg rett opp frå Barranco-leiren som dei ligg i i natt. Frå leiren ser kanskje frukostveggen litt vanskeleg ut, men det er den ikkje. Det snirklar seg ein fin sti oppover i det bratte terrenget, og uansett kor høgdeskrekk du har vil du bli positivt overraska over kor bra stien er. Hakuna matata! 'No problem' på kiswahili...
- Jarle


Gjengen framfor Lawa Tower i dag (Foto: Brynjulv Eide)

LØRDAG 18. JULI


Då er me vel framme i Shira camp (3850m). Nydeleg vær og flott tur oppover. Overskya når me starta men strålande sol etter kvart som me nærma oss leiren. Fantastisk skue mot fjellet. Alle er i god form og apetitten er upåklageleg. Nokre snakkar om søksmål mot Jarle dersom dei ikkje går ned i vekt på turen. Fram til no har apetitten ikkje ført til nokon merkbar vektreduksjon. Det er bra... Også i dag vart sangstemmene brukt og refreng med ko-ko høyrdes i afrikansk natur. Dei innfødte lærte seg refrenget raskt. Stor stemning og godt humør. Me helsar til alle der heime.
- Brynjulv

FREDAG 17. JULI


I dag starta dei vandreturen som om ei lita veke forhåpentlegvis vil ende på toppen av Kilimanjaro. Den første etappen går frå Machame gate (1800m) til Machame camp (3000m) og dei går i jungelen heile dagen. Leiren ligg heilt i øvre del av regnskogen, så om kvelden ser ein over tretoppane på solnedgangen i vest. Brynjulv melder om ein bra første dag på fjellet, med perfekt vær. Alle er friske og fine og upåvirka av høgda. I kveld diskar kokken Benson opp med ein fantastisk treretters middag i det store messetltet. Litt luksus må ein ha sjølv om ein er langt til fjells...
- Jarle

TORSDAG 16. JULI


Flyturen ned gjekk fint og i dag har dei vore ein tur i Moshi og snust på det lokale livet i ein afrikansk landsby. Dei har også pakka ferdig for fjellet, og møtt guiden Dixon som skal leda dei trygt til toppen.


Lunsj i Moshi (Foto: Brynjulv Eide)

KILIMANJARO - HAKUNA MATATA!


Langt nede på det Afrikanske kontinentet står det eit gigantisk fjell heilt åleine. Ein vulkan som ragar nesten 5000 meter over landskapet rundt seg. Det er kanskje det som skiller Kilimanjaro mest frå dei fleste andre fjell i verda - at det ikkje er ein del av ein fjellkjede. Planteliv og dyreliv er også heilt spesielt. Fjellet står nesten på ekvator så her er det regnskog heilt opp til 3000 moh. Dei skal faktisk gå gjennom dei fleste klimasonar som eksisterer på planeten vår.

Trine, Vigdis, Mariann, Sigfred, Heidi, Marianne, Mette, Lars Inge, Siri, Petter, Hilde, Geir og Birgitte er no klar for eit av sine livs store eventyr.

Turledar Brynjulv Eide skal leda gjengen sammen med våre dyktige lokale guidar og bærarar leda av den svært erfarne hovedguiden Dixon Msenga.

Etter Kilimanjaro er besteget skal dei på ein spektakulær safari i Tarangire, Ngorongoro og Lake Manyara, og til slutt skal fleire av dei slappa av på Zanzibars strender nokre dagar for å fordøya alle inntrykka...

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka


(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå, Brynjulv Eide og Øyvind Birkeland)