DAGBOK KILIMANJARO 4. MARS 2015


Gjengen på toppen av Uhuru Peak (Foto: Brit Volden)

Ein er tross alt i Afrika - kven treng vel dunjakke og polvottar...

SUNDAG 15. MARS


I går hadde dei sin siste dag på safarien med eksotisk sykkeltur utanfor Lake Manyara og besøk i ein Masaai-landsby som høgdepunkt. Nokre er akkurat no i ferd med å lande i gamlelandet att, mens dei fleste drar vidare til Zanzibar for å avslutte Afrika-turen med nokre dagars badeferie. Tusen takk for at du har fulgt med på denne sida undervegs. Forhåpentlegvis får eg bilete frå toppstøtet seinare i dag eller i morgon, eg legg det då ut på denne sida.
- Jarle

FREDAG 13. MARS


Hei! Flott dag i Ngorongoro i dag. To løveunger hvilte ved bilhjulet... Nå er vi tilbake på Kudu Lodge og noen er i bassenget allerede.
- Brit

Ngorongorokrateret er eigentleg ikkje eit krater, men ein kaldera, dvs. ein vulkan som har kollapsa ned i seg sjølv ein gong for lenge sidan. Ngorongoro var sannsynlegvis endå høgare enn det Kilimanjaro er i dag. Men vulkanar blir ofte veldig porøse, sidan dei mange lavakanalane blir til hulrom når vulkanen dør og lavaen trekker seg attende. Derfor kan dei kollapse under si eiga vekt. 21 km i diameter og med 600 meter høge kantar er det akkurat som ein gigantisk suppetallerk med flat botn. Ca. 25 000 store pattedyr lever nede på dei svære slettene.
- Jarle

TORSDAG 12. MARS


Brit melder om ein flott dag i Tarangire Nasjonalpark. Dei såg massevis av dyr på kort avstand, blant anna 10 løver som slappa av i skuggen under et tre. Det er ikkje vanleg å sjå så mange løver på ein dag i Tarangire, så dei har vore heldige. Varmt vær og sol. I kveld kosar dei seg sikkert ved bassenget på Kudu Lodge. Dei gledar seg no til Ngorongorokrateret som dei skal besøka i morgon - kanskje ein av dei mest spektakulære safariopplevelsane i heile Afrika.
- Brit

Bilete frå tidlegare safariar:



ONSDAG 11. MARS


Hei, nå er vi tilbake på hotellet og mange koser seg i bassenget. Det er varmt og sol, været har vært helt fantastisk hele uka uten en eneste regndråpe. Høy stemning på Mweka gate med campagne, kake og Kilimanjaro øl tidligere i dag. Alt har fungert veldig bra med guider og logistikken i fjellet. I kveld kommer Mike for info om safarien. M.a.o. vi har det veldig fint!
- Brit

Etter den strålande innsatsen på fjellet fekk gjengen i ettermiddag endeleg ta ein etterlengta dusj, og sjølvsagt er det å ligga å slappa av ved bassenget etter ein slik opplevelse og prestasjon som dei har vore med på ekstra tilfredstillande. No er det safari som står på programmet - tre dagar i Tarangire, Ngorongorokrateret og Lake Manyara. Sjansen for å sjå det aller meste av det spesielle dyrelivet i Afrika er stor - på forrige tur såg dei blant anna 16 løver...
- Jarle

TYSDAG 10. MARS


Tolv på Uhuru Peak, to på Stella point. Jubel!
- Brit

Denne korte men fantastiske beskjeden tikka akkurat inn frå satelittelefonen. Dei klarte det! Alle kom opp på kraterkanten og tolv var på det aller høgaste punktet Uhuru Peak. Gratulerer med imponerande innsats!
No er det ein trøtt og sliten gjeng som går ned igjen til leiren der dei skal slappa av nokre timar før dei går vidare ned til neste leir, Millenium eller Mweka camp. Eg tippar at det dei ser mest fram til akkurat no er nokre timars søvn...
- Jarle

MANDAG 9. MARS


Vel framme i Kosovo camp. Alle ved godt mot spente. Fantastisk vær, sol og litt vind. Toppstøtet nærmer seg.
- Brit

Gode nyheiter frå high camp! Både formen til gruppa og værmeldingane ser veldig lovande ut før nattas toppstøt. Dei startar ved midnattstider og brukar rundt 6-7 timar på dei siste 1000 høgdemetrane. Om alt går etter planen står dei på Afrikas tak omtrent når sola står opp. Hovedgrunnen til at dei går om natta er at sanden er frosen og dermed lettare å gå på, og at temperaturen fort vert altfor høg i sola på dagtid - soloppgangen er berre ein bonus... Dei vert på toppen kanskje ein halvtimes tid, for å nyta utsikta og ta dei obligatoriske bileta ved skiltet på toppen. Etter eit par timar til er dei nede i leiren igjen og kan slappa av etter den store kraftanstrengelsen. Fleire guidar og bærarar er med dei heilt til topps, dei har gjort ein kjempeinnsats heile vegen. Så i morgon tidleg må alle kryssa fingrar og tær - det er no det gjeld! Sjå innom denne sida ut på morgonkvisten/formiddagen norsk tid, eg oppdaterer så fort eg høyrer frå dei...
- Jarle

Bilete frå tidlegare toppstøt:


SØNDAG 8. MARS


Bjørg startet dagen med et kyss på Kissing stone i Breakfast Hill. Flott vær og god form på samtlige. Spenningen bygger seg opp før toppstøtet i morgen kveld. Alle hilser hjem fra Karanga camp.
- Brit

Det nærmar seg no altså toppstøtet som skal skje natt til tysdag. Ruta dei går - Machameruta - gir ein perfekt akklimatisering sidan dei overnattar lågt men går høgt kvar dag. I dag gjekk dei frå Barranco camp til Karanga camp, som begge ligg på rundt 4000 moh.
- Jarle

Bilete frå tidlegare turar:

Startens på morgondagens etappe går rett oppover mot den høgaste leiren på turen.


Rett før ankomst High camp, kun 1000 meter under toppen.

LØRDAG 7. MARS


Dag tre vel gjennomført. Nok en solfyllt dag. Flott utsikt og null nedbør. Halve gruppen gikk opp på Lava Tower. Litt ubehag hos enkelte, men stort sett god form. Jørgen og Anders hilser til Rikke og Anniken.
- Brit

FREDAG 6. MARS


Vel framme i Shira camp. Alle i god form. Sol og fantastisk utsyn til fjellet. Bjørg felte en tåre ved synet av solnedgangen. Mamma hilser til Nadine.
- Brit

I dag har dei for alvor komme opp på "høgfjellet". Jungelen ligg no under dei og det er berre buskar og diverse merkelege plantar igjen i terrenget rundt dei. Dei søv i natt på nesten 4000 meter og nokon vil kanskje merke litt til høgda utover kvelden. Kroppen arbeider på høggir for å tilpassa seg det låge trykket, og for nokre få kan dette resultera i kortvarig hodepine og lett kvalme. Heldigvis slepp det som regel taket etter nokre timar.
- Jarle

Bilete frå Shira camp på tidlegare turar:

Engelsk ekspedisjonsstil i Shira camp. Til middag er det eit stort messetelt over "spisebordet", men om morgonen er det som regel så varmt at frukosten er i friluft. Bærarane bærer med bord og stolar heile vegen - og dei har som regel til og med duk på bordet...


Dette biletet er tatt rett over Shira camp og denne stien går dei i morgon på veg til Barranco camp.

TORSDAG 5. MARS


KVELD:
Fekk ein tekstmelding frå gjengen i kveld: "Vi har hatt en fantastisk dag gjennom regnskog uten regn. God stemning i matteltet. Alle i fin form."
Dei har altså gått gjennom jungelen i dag, opp til Machame leir som ligg på 3000 moh. Dei gjekk dei 1200 høgdemeterane i løpet av ca. 6 timar. Vel framme i leiren stod telta ferdig oppslått, bærarane gjer meir enn berre å bære. Kokken lagar mat og servitørane serverer... dette er engelsk ekspedisjonsstil med alt det fører med seg av "luksus". Men dei må faktisk gå sjølv heile vegen til topps, så dette er likevel ingen tur for pinglar. I tillegg er det tyngre å gå dess høgare dei kjem på grunn av det låge oksygennivået i lufta. Høge fjell byr på mange utfordringar.
- Jarle

MORGON:
Brit melder om at alle kom vel fram til Moshi i går kveld. Etter ein lang flytur vart dei køyrt med buss fram til det koselege hotellet dei skal bu på både før og etter fjellturen. Akkurat no er dei ved gaten (porten inn til nasjonalparken) og i ferd med å starte på første etappen oppover mot Machame camp. Kilimanjaro-eventyr er i gang...
- Jarle

AFRIKA-EVENTYRET STARTAR SNART...


Bjørg, Irene, Arild, Viggo, Marit, Kari K, Kari E, Ann Elin, Terje, Erik, Sigurd, Anders og Jørgen setter seg onsdag 4. mars på flyet til Kilimanjaro sammen med turledar Brit Volden for å bestiga denne giganten som står midt ute på det flate Afrikanske landskapet.

Etter fjellturen skal dei på ein spektakulær safari, og til slutt skal fleire av dei slappa av på Zanzibar for å fordøya alle inntrykka...

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka


(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå)