DAGBOK KILIMANJARO 24. JULI 2023
Les dagboka frå turen under bileta
ZANZIBAR
Jorunn, Bjørn Erik og Anneli reiste til Zanzibar etter safarien, og traff igjen Are der. Ser ut som dei har det ok...
(Foto: Jorunn Solvi)
FREDAG 4. AUGUST
Krydderkongen Are kosar seg på Zanzibar - på stranda, på terassen og på besøk på Freddie Mercury House i Stonetown...
(Foto: Are Otterstad)
TORSDAG 3. AUGUST
Etter å ha gått ned 4000 høydemeter i løpet av to dagar, var det godt å sette møre lår i safaribilen. Dei afrikanske landevegane gir både gratis massasje og automatisk tusenvis av skritt på skrittellaren. Første safaridag blei tilbrakt i Tarangire nasjonalpark. Inngongen blei ein time forseinka av det smidige lokale byråkratiet, men innhaldet var verdt ventetida. Antilopar, zebraer, giraffar og elefantar i lange banar. Vortesvin, gnuar, bavianar og strengt tatt det meste av repertoaret frå Løvenes Konge.
Løva me kom over var heller ikkje sjenert: i løpet av det første minuttet var han i gong med å peise på med kona, som låg i graset ved sidan av. Tarangiri får seg nok ein ny Simba i løpet av 3,5 månader. Som om ikkje eit realistisk møte med løva si natur var traumatiserande nok, blei me òg vitne til litt strutseromantikk. Dei 30 sekundane det varte såg me berre herr struts, medan fru struts tilsynelatande hadde begravd hovudet i sanda.
Dag to gjekk turen til Ngorongoro. Namnet gir kanskje assosiasjonar til sju kakesortar, men det er òg eit kollapsa fjellkrater i Tanzania. Den unike geologien gir ein naturleg dyrehage, med enorme dyreflokkar. Bigger is better. I tillegg kunne me supplere gårsdagen med observasjonar av fleire løver, som tilsynelatande var gode og mette. Me såg bøflar, nashorn, sjakal og flodhestar. Flodhestane laga lyd og leven, og den utvalgte til sjefsflodhesten overlevde såvidt eit drukningsforsøk då sjefen sjølv klatra opp på ryggen.
I tillegg såg me den forvokste katten serval, som ikkje berre finst på Os, men òg i Afrika. Leoparden uteblei, men gir oss ein grunn til å kome tilbake til denne fantastiske staden ved ein seinare anledning.
I morgon har Jarle strukket seg til å drøye frukosten til 06:00. Deretter ventar ein HMS-vennlig sykkeltur, utan hjelm, med delvis fungerande gir og for-og bakbremser som er bytta om. Enda godt me har lokale følgesyklistar.
Flyg heim om kvelden for nokre av oss, medan andre dreg vidare til eventyrlege dagar på Zanzibar.
Takk for ein nydeleg tur og eit fantastisk eventyr!
- Ingvild og Magnus
TIRSDAG 1. AUGUST
På toppstøtdagen ble vi vekket allerede kl 1 om natten og kl 02.10 var vi gang. Mange av oss følte seg svimmel siste timen før soloppgang, men når det ble lyst og vi kunne slå av hodelyktene fikk vi nytt livsmot. Alle i gruppen kom seg til toppen av afrika’s høyeste fjell, men flere av oss har sjelden vært så langt "nede i kjelleren". Dette sier ikke lite med en gruppe med så mye erfaring med høye fjell. Etter fotografering og inntak av litt næring ventet en nesten like slitsom retur til camp. Etter ett par timer hvile i telt og litt lunsj, gikk vi halvannen time ned til neste camp. I dag, dagen etter toppstøtet har vi kommet ut av gate, hvor vi ble møtt av kaldt øl og musserende vin. Etter ett obligatorisk pizzastopp på Indoitaliano er vi nå tilbake på hotellet for en god dose luksus og rekreasjon.
- Hilsen Are
(Foto: Jarle Trå)
MÅNDAG 31. JULI
Good news from Africa !
Alle på toppen kl. 10 i dag! Me hadde perfekte forhold, men uansett er Kilimanjaro eit meget tøft fjell. Stor innsats av alle, ikkje minst av våre fantastiske guidar og bærarar. Nå er me på veg ned i leiren att for ein velfortjent kvil.
- Jarle -
SØNDAG 30.JULI
Me er i Barafu Camp (4700 moh) og spenninga bygger seg opp mot toppstøtet som startar i natt. Alle er friske og i god form og gru-gledar seg til nattas strabaser. Me startar kl. 2 lokal tid og vil sikkert bruke litt over 7 timar opp. Foreløpig viser Kilimanjaro seg frå si beste side, nydeleg og varmt vær. Det blir sikkert nokre minusgrader i natt, men forhåpentlegvis ikkje altfor mange. Me prøver å oppdatere på veg ned att (beklager dårleg oppdatering dei første dagane, me trudde alle oppdateringane gjekk gjennom men dette er Afrika og då kan alt skje...)
- Jarle
LØRDAG 29. JULI
- Helsing Hilde og Anneli
FREDAG 28. JULI
Idag star en lang etappe for tur fra Shira camp til Baranco camp. Dagen startet kl 0630 med te i teltet. Flere har sovet litt dårlig i natt grunnet endel vind.
TORSDAG 27. JULI
TYSDAG 25. JULI
Me ankom hotellet ved foten av Kilimanjaro i ettermiddag, og resten av dagen har blitt brukt til å forberede oss og pakke til fjellturen som startar i morgon tidleg. Gjengen fekk helse på hovedguiden Bryson, som med sitt blide åsyn og trillande latter sjarmerer dei fleste. Spenninga stiger litt hjå dei fleste, no skal endeleg turen opp på Afrikas tak starte.
- Jarle
KLARE FOR AFRIKA!
Jorunn, Bjørn Erik, Hilde, Anneli, Are, Ingvild, Magnus og Jan Ove landar ved foten av Kilimanjaro 25. juli - klare til å starta bestigninga av Afrikas høgaste fjell, Kilimanjaro, 5895 meter over havet.
Kilimanjaro er eit av dei såkalla Seven Summits, det høgaste fjella på kvart kontinent. Men denne turen inneheld mykje meir enn Afrikas høgaste og eit av verdas mest eksotiske fjell. På safarien får me oppleve det fantastiske afrikanske dyrelivet i Ngorongoro og Tarangire. Og nokre av oss skal avslutta turen med nokre dagar på dei fantastiske strendene på Zanzibar.
Eg ledar sjølv denne turen, saman med min faste hovedguide Bryson og hans eminemte team av assistentguidar, kokkar, servitørar og bærarar. Dei hjelper oss slik at me forhåpentlegvis alle står på Afrikas tak om formiddagen 31. juli.
På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag, i alle fall så lenge me er på fjellet på veg mot toppen.
NB! Det kan vera vanskeleg å få dekning på fjellet så det er mogeleg at det blir nokre dagar utan oppdateringar (spesielt i starten av turen).
Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.
(NB! På denne turen flyr me ned over natta, så det som står som dag 2 i dagsprogrammet blir dag 3 for oss).
- Jarle
(Bilete frå turen i mars i år. Foto: Jarle Trå)