Aconcagua - min høgaste ekspedisjon
NB! Pga. kansellering har eg ein ledig plass på Aconcagua-turen no i vinter, 27. januar - 20. februar 2025
Dette blir ein ekte ekspedisjon i ordets rette forstand. Sjølv om det ikkje er klatring for å nå toppen av Aconcagua, blir det likevel ein seriøs fysisk utfordring. Me gjennomfører denne ekspedisjonen på samme måte som ekspedisjonar til dei store 8000-metringane i Himalaya. Aconcagua er nesten 7000 meter høgt, og dermed det høgaste fjellet i verda utanfor Himalaya.
Me traverserer fjellet på denne ekspedisjonen. Me går inn Vacasruta, som er ei fantastisk flott rute, og den gir også optimal akklimatisering. Frå Vacasruta ser Aconcagua ut som eit fjell i Himalaya! Etter toppstøtet går me ut Horoconesruta som er normalruta på Aconcagua.
Me tar med oss kokk og hjelpararar opp til Base Camp slik at me får slappa av mellom slaga høgare oppe på fjellet. Me har også med oss lokale guidar, og nokre få bærarar som hjelper oss med å bæra telt og fellesutstyr vidare oppover fjellet. Du kan også leiga din personlege bærar.
Dette vert tøft fysisk - men til gjengjeld er gleda etter å ha klart det ubeskriveleg.
NB! Viktig å melde seg på tidleg - kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir
Reisemål | Aconcagua | |
---|---|---|
Land | Argentina | |
Max. høgde | 6962 moh. | |
Antall dagar | 24 (ca. 15-17 netter i telt) | |
Datoar | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus | |
Min. antal | 8 | |
Max antal | 14 | |
Påmelding | Sjå påmeldingsskjema | |
Påmeldingsfrist |
|
Ingen konkret påmeldingsfrist, men kr. 1000,- i rabatt ved tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. Les meir |
Pris 2025 | 75 900 (inkl. bærarar til fellesutstyr) (+ evt. tilslutning) | |
Pris 2026 | 79 900 (inkl. bærarar til fellesutstyr) (+ evt. tilslutning) | |
Pris 2027 | 82 900 (inkl. bærarar til fellesutstyr) (+ evt. tilslutning) | |
NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding |
Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
Prisen inkluderer
- Fly tur/retur frå Gardermoen
- Alle overnattingar på hotell i Mendoza og lodge Puente del Inca i følge ordinært program
- Bærarar til telt og fellesutstyr oppover fjellet (dette er ikkje inkludert hjå dei fleste andre firma, du bærer kun ditt eige utstyr og maten din sjølv)
- Muldyrtransport av utstyr til og frå Base Camp
- Spisetelt og kokk i Base Camp
- All lokaltransport i Argentina
- Alle måltid på fjellet
- Norsk ekspedisjonsleiar
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Evt. tilslutning til Gardermoen (og evt. overnatting i forbindelse med dette)
- Tillatelser og parkavgifter (1190 dollar, mogeleg rabatt dersom tidleg påmelding) (prisheving i november kvart år)
- Tips til lokale hjelparar/ guidar/ kokkar (ca. 100-120 dollar)
- Lunsjar og middagar i Buenos Aires (evt. Santiago) og Mendoza
- Drikkevarer
- Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
- Evt. overnattingar på hotell i Mendoza utover ei natt etter fjellturen (dersom me ikkje brukar reservedagane på fjellet)
- Evt. enkeltrom
- Evt. personleg bærar (slik at du aldri bærer meir enn ein lett dagstursekk)
TRANSPORT
Me flyr til Buenos Aires (evt. Santiago) og deretter vidare til Mendoza. Frå Mendoza blir det privatbuss til Puente del Inca og Punta de Vacas. Me brukar muldyr til å transportera utstyr inn til Base Camp mens me sjølv går med lette dagstursekkar. Dette tar tre dagar.
OVERNATTING
I Mendoza bur me på eit bra hotell. I Puente del Inca bur me på eit "vandrehjem" av enklare standard (2-6 personar på kvart rom). I Base Camp og høgare oppe på fjellet bur me 2 personar i kvart 3-manns telt (North Face VE25 eller tilsvarande).
Mat
Me har med eigne kokkar som lagar maten vår i Base Camp. I leirane høgare oppe på fjellet lagar guidane våre enkel mat, og me må kanskje vera med å bidra litt sjølv også.
FYSISK FORUTSETNING
Dette vert ein ekspedisjon i ordets rette betydning. Det er heilt klart "ein divisjon opp" i forhold til f.eks. Kilimanjaro. Du må vera godt trent og ha stor viljestyrke for å nå toppen av Aconcagua. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå andre høge fjell, f.eks. Kilimanjaro. Men dette er ikkje eit absolutt krav. Likar du å setta deg eit mål å trena mot kan dette vera målet som ligg langt der framme. Eg hjelper deg gjerne med treningsråd.
Du bør også ha litt erfaring med å sove i telt, og vite litt om korleis du skal takle kulde og vind. Det er kun høgt oppe på fjellet at me kan få slike forhold - i Base Camp går me ofte i t-skjorte.
Muldyr bærer utstyret ditt inn til Base Camp. Du bærer ditt eige utstyr over Base Camp, men me har med bærarar som tar seg av telt og ein del fellesutstyr. Dermed vert ryggsekken betrakteleg lettare enn dersom me hadde bært dette sjølv. Du må bæra det meste av maten sjølv, ca. 6-7 kilo. Både til Camp 1, Camp 2 og Camp 3 går me to gonger i løpet av turen, så det er mogeleg å fordela vekta på to turar. Det er også mogeleg å leige sin eigen personlege bærar, evt. at to deltakarar deler på ein bærar. Eg anbefaler det, i alle fall høgt på fjellet. Dette kostar imidlertid ein del på dette fjellet, du vil få all informasjon om dette.
Aconcagua er ikkje eit vanskeleg fjell teknisk, det er ingen klatring. Men det er bratt og til dels litt krevande terreng heilt øverst, i den såkalla Canaletaen. Å bestige Aconcagua skal gå bra også dersom du er litt redd for høgder, men dersom du har ekstrem høgdeskrekk bør du kanskje ikkje prøva deg på dette fjellet.
INFORMASJONSMØTE
Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og praktisk informasjon, og etter kvart som det nærmar seg vil du motta endå meir detaljert informasjon om turen. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte som eg arrangerer i løpet av hausten. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle praktiske sider av turen, og det vert anledning til å stilla spørsmål som du måtte ha. Det er sjølvsagt ikkje obligatorisk å komma på dette møtet, du vil få tilsendt all informasjon skriftleg.