FOTTUR I ATLASFJELLA
Bli med å gå vår populære fottur i Atlasfjella. Den ultimate blandinga av eksotisk fjellferie og fascinerande kulturopplevelse. Den utrulege gjestmildheita, dei dramatiske alpine fjella, den spesielle stemninga oppe i dei smale fjelldalane og i tillegg den eksotiske byen Marrakech som berre må opplevast. Og som avslutning får du nokre dagar på eit fantastisk hotell i den pittoreske fiskarlandsbyen Essaouira, som også har ei tre kilometer lang sandstrand av beste kvalitet. Når du får alt dette på ein to vekers ferie så er det vel ingen grunn til å vente med å melde seg på!
Me skal i løpet av ein 7 dagars trekking-tur sjå det flottaste av natur som Atlasfjella har å by på, og som avslutning bestiger me Nord-Afrikas høgaste fjell, Jebel Toubkal (4167m). Me har med oss guide, kokk og muldyr som bærer det meste av bagasjen vår. Du bærer kun dagstursekk sjølv. Før me drar opp i Atlasfjella, så skal me ta Marrakech nærmare i augesyn, kanskje ein av dei mest spesielle og fascinerande byane i verda. Me bur på eit hotell heilt inntil Djeema el Fna, Marokkos mest kjente souk, dvs. markedsplass. Om kvelden gjer slangetemmarar, akrobatar og eventyrfortellarar Djeema el Fna til ein magisk plass.
Etter mange dagar i Atlasfjella og kulturelle opplevelsar som du aldri kjem til å gløyme, fortjener du å slappa skikkeleg av på stranda i Essaouria på vestkysten. Les meir om Essaouira lenger nede på denne sida.
Dersom du ikkje ønsker å vera med til Essaouira etter fjellturen så flyr du heim att dagen etter de returnerer frå fjellet.
NB! Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir
Reisemål | Atlasfjella |
---|---|
Land | Marokko |
Max. høgde | 4167 moh. (Jebel Toubkal, Nord-Afrikas høgaste fjell) |
Antall dagar | 14 (7 dagar på fjelltur) Dersom du ikkje ønsker å vera med til Essaouira blir turen 10 dagar |
Datoar | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus |
Min. antal | 7 |
Max antal | 16 |
Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir |
Pris 2024 | 32 900 (Ikkje Essaouira: 26 900) |
Pris 2025 | 33 900 (Ikkje Essaouira: 27 900) (+ evt. tilslutning) |
NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding |
Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
Prisen inkluderer
- Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
- All transport i Marokko
- Alle overnattingar
- 7 dagars fottur med lokal guide, kokk og muldyr
- Alle måltider på fjellet
- Norsk turledar med høgde-erfaring og medisinsk kompetanse (blir ikkje med til Essaouira)
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
- Tips til lokal guide, kokk og muldyr-drivere (ca. 6-700,- kr.)
- Lunsjar og middagar på hotellet i Marrakech, Imlil og Essaouira
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom
TRANSPORT
Fly frå Norge til Marrakech (evt. Casablanca) i Marokko. Me køyrer i privat buss eller taxi til Oukaimedene før fjellturen (ca. 1,5 time), til Essaouira etter fjellturen (ca. 4 timar) og tilbake til Marrakech på slutten av turen (ca. 3 timar).
OVERNATTING
I Marrakech bur me på eit hotell eit steinkast frå Djeema el Fna, kanskje verdas mest berømte markedsplass. I Imlil bur me på ein fjell-lodge av forholdsvis høg standard. Det er dusj og toalett på alle rom, og maten er framifrå. Takterassen er kanskje ein av dei flottaste utsiktsplassane i Imlil, og fjella tronar 2500 meter over oss dersom me inntar frukosten eller lunsjen på taket. På sjølve fjellturen bur me i enklare lodgar oppe i fjellet (ingen telt-overnattingar). I Essaouira bur du på eit hotell med eksotisk atmosfære.
MAT
Gode lammegryter, fantastiske salatar, eksotisk krydra grilla kylling. Dette blir ingen slanketur! I tillegg så er det betrakteleg mindre risiko for å få mageproblem i Atlasfjella enn på mange andre eksotiske reisemål.
FYSISK FORUTSETNING
Denne turen er omtrent på samme nivå som Kilimanjaro, dersom ein ser bort frå toppstøtet som er enklare og lågare. Me går forholdsvis lange dagsetappar i kupért terreng, så du må vera i stand til å gå minst 6-7 timar utan at du blir heilt utslitt. Muldyr tar bagasjen din, så du bærer aldri meir enn ein lett dagstursekk. Me er ikkje ofte over 3500 meter så høgda vil sannsynlegvis ikkje by på store utfordringar. Unntaket er sjølvsagt bestigninga av Jebel Toubkal, men sidan det er den siste dagen så er ein godt akklimatisert. Det vert heller ikkje spesielt kaldt, kanskje ned mot 0 grader dei første timane av toppstøtet sidan de startar grytidleg om morgonen.