AUSANGATE TREK / MACHU PICCHU / RAINBOW MOUNTAIN


På denne turen går me den spektakulære Ausangate Trek i Peru. Undervegs får me sjå det berømte og fargerike Rainbow Mountain og me bestiger Jampa Mountain som er heile 5475 meter høgt. Men ein kan sjølvsagt ikkje besøke Peru utan å få med seg Machu Picchu, og når me først er der så "klatrar" me også til topps på Huayna Picchu, det store fjellet som ruvar rett bak Machu Picchu på mange av bileta du ser av denne berømte staden.

På fjellturen vil me oppleve snøkledte fjelltoppar over 6000 meter, fargerike fjellsider, turkise fjellvatn, imponerende breer og bølgande jordbruksland - alt sammen ein del av den majestetiske fjellkjeden Vilcanota. Ausangate , som er eit av dei helligaste fjella i fjellkjeden, er det femte høgaste fjellet i Peru.  

Deler av fjellturen går gjennom det som er blant dei høgast beliggande jordbrukssamfunna i verda, og bøndene her brukar stiane som me går på for å frakte varene sine ned til dei lågareliggande landsbyane.  

Fugleinteresserte kan glede seg over rovfuglar som ørn, hauk og kondor, som svevar på dei termiske vindane langt over oss. Me får sjå lamaer og alpakkaer, og sannsynlegvis den ville fetteren vicuñaen, som produserer verdas dyraste ull. Det er lett å forstå kvifor ulla er så dyr. For det første kan den klyppast kun kvart tredje år. For det andre må du først fange den…

Bli med og oppdag magien i dette avsidesliggande høgfjellsområdet, i det mest spektakulære turterrenget i heile Peru.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

 

Reisemål AUSANGATE / RAINBOW MOUNTAIN / MACHU PICCHU
Land Peru
Max. høgde 5475 moh.
Antall dagar 14  (Ausangate trek tar 6 dagar)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 10
Max antal 18
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

Pris 2024 51 900
  NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
  • Innenriksfly i Peru
  • All transport i Peru
  • Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
  • Alle måltid på Ausangate Trek
  • Alle frukostar
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Alle utflukter og severdigheiter med engelsktalande guide
  • Norsk eller lokal turleiar (sjå turkalendaren)

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
  • Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar (100 - 150 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
  • Lunsjar og middagar i Lima, Cusco og Aguas Calientes
  • Drikkevarer
  • Evt. enkeltrom

 

TRANSPORT

Fly frå Norge til Lima, hovedstaden i Peru. Me flyr med innanriksfly av høg standard, og me har privatbuss på alle utflukter.

 

OVERNATTING

I Lima bur me på hotell av relativt høg standard, i Cusco og Aguas Calientes er standarden litt enklare. På Ausangate Trek bur me i moderne to-mannstelt (5 netter).

 

Mat

Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me går Ausangate Trek har me med eigen kokk som tryllar fram imponerande rettar. 

 

FYSISK FORUTSETNING

Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. På Ausangate Trek  er det lange dagsetappar nokre av dagane, og det er ein del høgdemeter opp og ned (sjå dagsprogrammet lenger nede på sida). Stien er stort sett god, men nokre stader er den grov og steinete i kupért terreng. Bærarane våre tar seg av bagasjen, du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Temperaturen er stort sett behageleg på dagtid, men det kan vera kjøligt om kveldane og fleire minusgrader om natta. Bestigninga av Jampa Mountain er krevande, men ikkje spesielt teknisk vanskeleg sjølv om me benyttar oss av stegjern og klatreutstyr. Me sikrar med tau sidan me bevegar oss på bre. Du får låne alt nødvendig "klatreutsyr". Det er sjølvsagt mogeleg å vera med på denne turen utan å vera med opp på toppen - utsikta er flott uansett.

 

AVSLUTT FERIEN PÅ C0PACABANA?

Har du lyst til å avslutta turen til Sør-Amerika med badeferie på ei av dei flottaste strendene i verda? Opplev Rio de Janeiros fantastiske og intense atmosfære, eller slapp av på ei av dei to verdensberømte strendene Copacabana eller Ipanema. Ta kontakt for pris.

 

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr frå Norge til Lima i Peru med KLM via Amsterdam.
  • Dag 2

    Dag 2

    Etter frukost startar me Peru-eventyret med ein sightseeing i Lima, hovedstaden i dette fascinerande landet. Etter lunsj flyr me til Cusco, Inkaenes hovedstad, med sin dramatiske historie.
  • Dag 3

    Dag 3

    Sightseeing i fjellsida over Cusco, der me besøker dei imponerande byggverka Sacsaywaman og Cristo Blanco. Cusco ligg 3400 moh. og blir av mange betrakta som ein av dei mest spennande byane i heile Sør-Amerika. Om ettermiddagen blir det ein spektakulær togtur til Aguas Calientes, ved foten av Machu Picchu.
  • Dag 4

    Dag 4

    Me startar tidleg på morgonen og besøker Machu Picchu - ein av dei mest fantastiske stadene i verda både arkitektonisk, historisk og kulturelt. Me får ein grundig omvisning her, og deretter går me opp på Huayna Picchu, det spesielle fjellet som ruvar bak Machu Picchu på dei fleste bileta av staden. Frå toppen har me ei fantastisk utsikt ned til Machu Picchu. Om kvelden tar me toget tilbake til Cusco.
  • Dag 5

    Dag 5

    Dag til eigen disposisjon - det er mykje spennande å oppleva i Cusco. Om ettermiddagen blir det eit informasjonsmøte om fjellturen som startar i morgon.
  • Dag 6

    Dag 6

    Cusco - Ocongate - Yanama - Cojahuri - Ranrapata Camp
    Frå Cusco køyrer me i minibuss til Ocongate og deretter ein sideveg til Yanama, en pittoresk landsby som ligg på kanten av ein canyon. Deretter køyrer me vidare til Cojahuri, der stien startar (totalt fire timars køyretur). Frå Cojahori (4180m) går me roleg oppover til Ranrapata Camp (4315m). Leiren ligg på ei stor slette under snødekte Ausangate (6384m). Me nyter den vakre solnedgangen med flott utsikt over Ausangate og Jampa Pass, og før me veit ordet av det er kokken klar med middagen.
    Distanse: 6,5 km
    Tid: 2-3 timar
  • Dag 7

    Dag 7

    Ranrapata Camp - Upper Yanama Valley - Puka Rumi Pass - Cusipata Camp
    Me vandrar oppover Yanamadalen, og traverserer ein lang motbakke under Mt. Surinami og Mt. Inka, til Puca Rumi Pass (4986m). Frå dette passet har ein fantastisk utsikt mot det fargerike Vinicunca Mountain - Rainbow Mountain. Me går deretter ned Cusipatadalen til leiren vår rett under Rainbow Mountain (5034m).
    Distanse: 11,6 km
    Tid: 8 timar
  • Dag 8

    Dag 8

    Cusipata Camp - Vinicunca (Rainbow Mountain) - Wasacocha Pass - Ausangatecocha
    Me startar tidleg på morgonen og går dei siste tre kilometrane fram til Rainbow Mountain der me tar ein lang pause og nyter synet av dei imponerande bånda av forskjellige mineralar som gir dette fjellet sin heilt spesielle utsjånad – det lever verkeleg opp til navnet sitt. Me går deretter ned til dei briljante innsjøane Quirillacocha og Surini, og vidare opp til Wasacocha Pass (4982m). Me fortsetter til Ausangatecocha, eit turkis fjellvatn som dei store fjella rundt speiglar seg i. Turen går deretter litt opp og ned til me ankjem Anantapatadalen, til vår rolege og fredelege leirplass.
    Distanse: 14,7 km
    Tid: 7-8 timar
  • Dag 9

    Dag 9

    Ausangatecocha - Palomano-passet - Wanu Wanu
    Frå leiren går det oppover ein 500 meter høg motbakke, opp til Palomani Pass (5180m). Dette er det høgaste fjellpasset på heile turen. Me tar en pust i bakken her for å samle energi før me fortsetter ned Chilcadalen og opp til leiren vår på Wanu Wanu (4616m).
    Distanse: 11,2 km
    Tid: 7 timar
  • Dag 10

    Dag 10

    Wanu Wanu - Jampa Pass - Jampa Summit - Jampa Base Camp
    Me startar grytidleg om morgonen, med ein roleg stigning opp til Jampa Pass (5070m). Me går over passet og deretter gjennom eit område med morene og opp ein bratt bre til me står på toppen av Jampa Mountain (5475m). Stien er relativt enkel og me går i sakte tempo. Me nyter den fantastiske utsikta og feirar at me har klart det, før me går ned til Jampa Base Camp, også kalt Ninaparayoc.
    Distanse: 10 km
    Tid: 7 timar
  • Dag 11

    Dag 11

    Jampa Base Camp - Pacchanta - Cusco
    Me går siste etappe ned til Qomerqocha Lake og Pacchanta Village der me et lunsj. Her hentar minibussen oss og køyrer oss tilbake til Cusco (4 timar) der vår første dusj på nesten ei veke ventar oss.
    Distanse: 8 km
    Tid: 4-5 timar
  • Dag 12

    Dag 12

    Me flyr tilbake til Lima. Resten av dagen til eigen disposisjon.
  • Dag 13

    Dag 13

    Formiddagen blir kanskje brukt til shopping av souvenirar eller ein rusletur på den flotte promenaden ned mot Stillehavet. Om ettermiddagen blir me køyrt til flyplassen og me startar turen heimover med hovuda fulle av inntrykk.
  • Dag 14

    Dag 14

    Me landar i Noreg etter ein mellomlanding i Amsterdam.