DAGBOK BARENTSBURG - LONGYEARBYEN 3. - 12. AUGUST 2019
10. AUGUST
Siste vandredagen på Svalbard for denne gong framkalla ei blanding av forventing om dusj, god mat og godt drikke og vemod over at turen straks var ferdig. Vi braut leir tidleg etter nok ei natt utan isbjørnkontakt. Til glede eller sorg, alt etter som... Leirplassen var ein av dei aller finaste ved elvebredda i Bjørndalen. Kl 9 starta oppstigninga mot Platåfjellet gjennom ei laus steinur og tørrlagt elveløp. Med roleg jamt sig var vi snart på toppen. Ingen problem for ein vestlending!Derimot er platået ei tålmodsprøve for oss som er vant til vestlandsfjell. Vi gjekk og vi gjekk for å krysse over mot Longyeardalen. Endeleg begynte vi å sjå formasjonane rundt dalføret vi skulle ned i. Som dei andre dagane fekk vi god informasjon og gode historier både frå Brynjulv og Geir Arne, slik som vi har fått dei andre dagane. Vi fekk ei lita alvorsstund ved Ninavarden, eit minnesmerke over ei jente som vart drept av isbjørn på Platåfjellet i -97, før vi gjekk mot utsikta mot Longyearbyen. Der tok vi lunsjen og tømde sekkane for stort sett alt som var igjen av etande. I dag har vi hatt skya vær og 7 regndropar, i følge Brynjulv. Ved kyrkja stod leigebilen klar med nøkklane i. Store klemmar og takk for turen før vi returnerte til Coleminers Cabin og sjekka inn på nye rom.No er vi på god veg gjennom «lysløypa», fortsatt med utmerka guiding. Pizzaen på Kroa smakte betre enn eg kan hugse, og det gjekk unda store mengder, i lag med godt drikke.I skrivande stund sit vi på Svalbar, og humøret er fortsatt heilt på topp, så får vi sjå kva natta bringer...
- Svein
9. AUGUST
Dagens etappe Grumantbyen-Bjørndalen:
Etter ein fortreffeleg middag og oppvarting kvelden før, starta dagens etappe med ein bratt oppstigning i Grumantdalen. Det var ein svært konsentrert og stille gjeng som gjekk oppover bakkane, men med fint driv var me raskt på toppen. Dette var fyrste dagen med lågt skydekke, men heldigvis gjekk me klar både tåka og regnet! Etter ein litt kald lunsj oppe på Fuglefjellet, der me for fyrste gong måtte ta på oss stilongsen, tusla me vidare til Platåberget. Her fekk me fantastisk utsyn over Isfjorden med breane i bakgrunnen og fuglelivet i dei bratte fjellveggane. Etter ei bratt nedstigning og vading kom me til ein fantastisk flott teltleir i Bjørndalen. No sit me ved elvekanten med kvar vår sovepose og varmeflaske og nyt den siste teltleir-kvelden. Nok ein flott og variert turdag er over. Litt vemodig å tenka på at dette er den siste kvelden i telt her på Svalbard... Det einaste som manglar no er at Bjørndalen skal leva opp til navnet sitt og at bamsen skal koma tuslande i løpet av natta...
- Annbjørg
8. AUGUST
Dagens etappe : Colesbukta- Rusanovodden-Grumantbyen.
Vi starta dagen Vi lurer på korleis vi har gjort oss fortent til slikt vér vi har hatt på denne turen. Nok ein dag med sol og behagelege temperaturar. Før avreise Colesbukta hadde vi ein liten sightseeing i dei fråflytta husa etter sovjetrussisk gruvedrift. Colesbukta var utskipingshamn for kol transporert med jernbane frå Grumant. Vi gjekk på restane av jernbanespora i dag. Grubant vart fråflytta tidleg på 60-talet då gruvedrifta vart lagt ned. På det meste har det budd 700 menneske her.På båtturen frå Longyearbyen til Barentsburg på søndag gjekk Geir Arne i land i Grumantbyen med ein mystisk raud sekk som vart lagt att i eitt av husa der. I dag fekk vi svar på kva den inneheldt. I skrivande stund sit vi på stranda ved eit varmande bål. Vi er stappmette etter eit fantastisk måltid. Reinsdyrsteik, bakt potet , spekemat og Arctic beer, sjokoladepudding og vaniljesaus til dessert. Bølgeskvulp og panoramautsikt over Isfjorden til breane og fjella. Vi er einige om at det umogleg å beskrive kor bra vi har det.
- Aase Britt
6. AUGUST
Kjære Anna. Idag har vi besteget ditt vestre bryst. Takk for d. Me starra dagen i sol, god varme og litt vading over Hollenderelva. Vidare saman med mengder av reinsdyr, retning kysten, Isfjorden. Etter ein liten topptur, som beskrevet øverst, gjekk me nedover mot Kapp Laila. Flott leirplass med sjøen. Ein kald trekk frå nordvest vart kompensert med drivtømmerbål. 9 timer på tur idag, gjorde at smaken av real turmat vart ein sjeldan matopplevelse. Me nyt ooplevelsane og omgivelsane og ler av alt av historiar. Bjørnevaktlista er setla for natta og alle gler seg.......
- Brynjulv
Topptur på den ene av "Annas pupper", Vesuv
5. AUGUST
Flott dag, mandag. Brattdalen var bratt, kanskje ikkje så overraskande. Eit mektig skue når vi kom ut over Hollenderdalen. Mykje reinsdyr. Gåseflokkar som krinsa mot knallblå arktisk himmel. Herleg leirplass ved Hollenderelva. Ingen bjørn, med bjørnevakta natta rundt var sitt ansvar bevisst i midnattsola. Me nyt.
Gjengen starta turen frå Barentsburg mot Longyearbyen idag i fint vær !
4. AUGUST
Reisebrev 4.aug. Gjengen er komne til Barentsburg etter ein flott båttur på Isfjorden . Vi føler vi har opplevd utruleg mykje allereie. Mektige naturopplevingar kor ein enn snur seg. Geir Arne og Brynjulf deler raust av sin store kunnskap om Svalbard. Vi lærer naturfag, geografi, historie og samfunnsfag i eit fantastisk klasserom, og kjenner oss svært heldige. Vi har fått sett ein del av det rike fugle- og dyrelivet her. På båtturen passerte vi fuglefjellet, og i Barentsburg fekk vi møte nokon svært så tamme polarrevar. Bamsefar har vi foreløpig ikkje sett noko til, og i alle fall nokon av oss har ikkje noko sterkt ynskje om å treffe han heller ! Vi har i ettermiddag hatt ein interessant spasertur i denne veldig spesielle byen. Her er ca 400 innbyggjarar , men har både skule, postkontor, bryggeri, hotell, pub idrettshall, kulturhus og mykje anna . Vi er no klare for middag og ei god natts søvn før vi startar på fotturen i morgon . Sekkane er fullpakka og vi er spente og forventningsfulle.
- Aase Britt
3. AUGUST
Alle trygt framme i Longyearbyen. Solskin og finvær. Pakking av mat, telt og anna utstyr vart gjort i kveld. Litt gruvehistorie frå byen vart det og tid til. Båt til den russiske bosetningen i Barentsburg i morgo. Sommarens Svalbardeventyr er igang......
- Brynjulv
EIT ARKTISK EVENTYR!
I år er det ei privatgruppe som om legg ut på ein fantastisk tur i noko av Svalbards flottaste tur-terreng. Dei skal gå frå Barentsburg til Longyearbyen i ei villmark der det ikkje eksisterer utlagte bruer eller T-merka stiar.
Eit fascinerande dyreliv pregar dette området på sommaren. Sannsynlegvis får dei sjå dei spesielle reinsdyra som held til her oppe, i tillegg til det yrande fuglelivet. Kanskje får dei også sjå polarreven, og - dersom dei er riktig heldige - sjølvaste bamsefar.
Dei skal også overnatta på hotellet i Barentsburg, den russiske busetninga på Svalbard - ei oppleving i seg sjølv.
Aase Britt, Sissel, Eirin, Svein, Mona, Eva og Annbjørg blir leda av Brynjulv Eide og Geir Arne Månum frå den russiske til den norske "hovedstaden" på Svalbard. Desse to har svært omfattande erfaring med lange turar på Svalbard - i tillegg til alt dei kan om kultur og historie frå øya.
Følg med her for oppdateringar frå turen.
På denne sida kan du sjå ein del informasjon om turen, sjølv om ruta dei skal gå ikkje er den samme som blir beskrevet der.
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.
Bilete frå tidlegare turar på Svalbard (Foto: Brynjulv Eide og Geir Arne Månum)