DAGBOK INKA TRAIL 1. - 16. JULI 2018

 
LØRDAG 14. JULI 

Dei siste dagane har dei vore i jungelen og fått oppleve den magiske stemninga der. Dei har vore på turar til fots og med flåte, og dei har vore opp i eit 40 meter høgt tårn som gir utsikt ut over den tette regnskogen. No er turen snart over, dei kjem attende til Lima i ettermiddag og skal nyte den siste kvelden der før dei setter seg på flyet heimover i morgon ettermiddag. Tito sendte meg dette bilete no og skreiv i tekstmeldinga "Everybody wants to stay longer :)". Det er eit godt tegn...

- Jarle

0714

 

ONSDAG 11. JULI

Framme i Machu Picchu!!

0711

 

TIRSDAG 10. JULI
0710 1 

0710 2

 

MANDAG 9. JULI 

Dei går no Salkantay-varianten av Inka Trail fram til Machu Picchu. Tito melder at alt går kjempefint og at det er ei sterk gruppe - og dei har det svært triveleg på tur... Vanlegvis klarer me ikkje å få sendt bilete heim undervegs sidan det er dårleg dekning i området, men eg fekk to bilete av Tito i dag. Det går fortsatt eit par dagar før dei er framme og det er ikkje sikkert me høyrer frå dei att før på torsdag.

- Jarle

0709 Peru

0709 Peru

 

LØRDAG 7. JULI

0707 Peru

After a hot day, travlling from Puno til Cusco. We provide refreshing towels on board.

0707 Peru

Salkantay Briefing

0707 Peru

Lake Titicaca picnic.

 

TORSDAG 5. JULI

I dag har dei vore båttur ut til dei fascinerande Uros-øyene, som faktisk flyter på innjsjøen Titicaca. Dei er laga av totora-siv, og må vedlikehaldast jevnleg for at dei skal halda seg flytande. Totora-sivet er svært sentralt i øybuarane sin kvardag, i tillegg til øyane i seg sjølv blir det også brukt til å bygge hus, båtar og dei kan også faktisk ete deler av det... Øybuarane bygde opprinneleg desse øyane for å sleppe unna fiendar på fastlandet, og levde i tidlegare tider av fiske og fangs av fuglar.

- Jarle

0705 2

0705

0705

 

ONSDAG 4 JULI

Tito sendte meg i kveld fleire bilete frå dagens og gårsdagens aktivitetar. I dag har dei vore på båttur ut til Ballestas-øyene, og sett det yrande dyrelivet der. Ballestas-øyene blir kalla Peru sitt svar på Galapagos-øyene. I ettermiddag køyrer dei i buss attende til Lima og flyr til Puno ved Titicaca-sjøen. No kjem dei for første gong opp i høgda. Det merkast godt og dei må ta det heit med ro den første kvelden for ikkje å få hodepine og andre lette symptom på mild høgdesjuke. Tito passar godt på dei, han kan alle triksa som skal til for å redusera sjansen for å få det. I morgon skal dei ut på dei flytande øyene på Titicaca-sjøen. På denne turen står verkeleg høgdepunkta i kø!

- Tito

0704

0704 3

0704 3 

 

TYSDAG 3. JULI

Etter den lange flyturen over Atlanterhavet på søndag starta turen i går med ein sightseeing i spennande Lima - ein av dei verkeleg store byane i verda. Deretter køyrde dei sørover kysten til Ica der turen starta for alvor. Dagen i dag har vore brukt til spennande buggy-tur i ørkenen (på nokre av dei høgaste sanddynene i verda), sandboarding (!) og nokre var også på flytur over dei berømte Nazca-linjene. Og tydelegvis har dei fått med seg litt VM-fotball også...

- Jarle

0703 2

0703 2

0703 3

 (Foto: Tito)

 

MANDAG 2. JULI

Enjoying lunch in Lima.

- Tito

0702

 

KLAR FOR AVREISE!

Lene, Sondre, Henny, Birgit Cecilie, Erlend, Karl Kristian, Iren, Arild, Heidi Kristine, Aina, Marit, Andreas, Kari, Kristin, Hjørdis og Hilde er no klare for avreise til Peru for å realisera det store Sør-Amerika-eventyret. Min gode venn og samarbeidspartner Augusto Zavala (Tito) skal leda gjengen gjennom nokon av Sør-Amerikas største attraksjonar.

Peru er kontrastanes land. Dei skal blant anna gå den spennande Salkantay-varianten av Inka Trail, utforska Machu Picchu, besøka dei flytande øyane på Titicaca-sjøen, gå på oppdagingsferd i jungelen, oppleva Nazca-ørkenen og dra på båttur rundt Ballestas-øyane.

På sundag setter dei seg på flyet i retning Lima. På denne sida legg me ut bilete og oppdateringar dersom dei klarar å senda oss dette undervegs - det er ikkje alltid like enkelt å få dekning høgt oppe i Andesfjella eller djupt inne i regnskogen :)

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Anna-Marie Haugen og Jarle Trå)

inkatrail 03

inkatrail 03

inkatrail 03