DAGBOK KILIMANJARO 10. JANUAR 2006

 

Natt til i går kom alle 15 attende til Norge - fullstendig metta på inntrykk - både frå fjellet, men også frå alle dei andre utrulege tinga me fekk oppleva.

Høgdepunkt (og skrekkopplevelsar...) på turen:
- 12 av 15 til topps ved soloppgang 16. januar
- Høgderekord i golf (Roger slo hole-in-one ned i krateret...)
- Kjempeskogssvin (ca. 200 kg.) angreip leiren vår om natta!!!
- Gepard med 2-3 dagar gammal unge på 10 meters avstand
- Besøk hjå stammehøvding med 9 koner (heldiggrisen)
- Ekorn-steik servert under buskmann-jakt
- Meny under avskjedsmiddagen: Krokodille, kamel og struts

I tillegg satte Tryggve også uoffisiell verdensrekord i antall do-turar på ein ekspedisjon (glidelåsen i teltet hans skar seg fullstending pga. varmgang...). Han klarte også ein gong å mista dorullen ned i do-hullet - ingen spurte korleis han kom seg ut av den knipa...

Men fjellet først: Fleire fekk oppleva effekten som høgda har på kroppen tredje og fjerde dagen, men etter kvart som me akklimatiserte oss betre og betre til den store høgda, følte me oss friskare og sterkare. Utsikta frå leirane ned til steppelandet mange tusen meter under oss, med fullmånen hengande over - er umogeleg å beskriva - den må opplevast. Etter 6 dagar på Machame-ruta stod me på toppen ved soloppgang. Toppstøtet var knallhardt for dei fleste - men me gjekk likevel veldig raskt, berre litt over 6 timar. Temperaturen var minus 5, men vind og lågt oksygennivå får dei effektive gradene til å virka langt lågare.

Etter at fjellet var beseira, var det safari og stammebesøk. Lake Manyara og kanskje spesielt N'goron'goro-krateret er stader som ein aldri kjem til å gløyma dersom ein er så heldig å få besøka dei ein gong i løpet av livet. Pil-og-boge jakta sammen med buskmennene var som å komma til ei heilt anna verd - familieflokken hadde absolutt ingenting - unntatt livsglede og humør! Dei låg nærmast under åpen himmel og jakta og samla inn røtter for å overleva. Me fekk oppleva at dei skaut to ekorn kun ved bruk av to piler... ekorna var minst like små som dei i Noreg!!! Dei steikte dei direkte på bålet og serverte oss dei beste bitane.

Først på flyturen heim igjen vart det tid til å reflektera litt over alt me har opplevd - me treng nok mange veker for at alle opplevelsane skal få synka inn. Samtidigt er også ein slik tur ein sterk opplevelse med tanke på at me får komma inn på kulturar som er så totalt forskjellige frå våre. Fattigdom materielt, men kanskje ikkje så fattige likevel...

Planlegginga til neste tur er i full gang - berre 4 veker til avreise... Eg har alt begynt å gleda meg!