DAGBOK ELBRUS 2010

 


Me har alltid med mange lokale kvinnelege russiske guidar på toppstøtet på Elbrus. For å spare vekt brukar dei svært lette klær... (Foto: Inge Kartveit)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


(Foto: Tor André Grimsmo)

 


Iselin Marie imponerte alle i gruppa. Ho vart heile gruppas maskot. Kjempeinnsats!
(Foto: Brynjulv Eide)

 


(Foto: Brynjulv Eide)

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

SØNDAG 18. JULI

Gode nyheiter frå Europas høgaste fjell. Kl. 1200 stod Ronny, Tor André, Knut, Laila, Inge, Hans Christian, Lars og Brynjulv på toppen. Gratulerer! Men det samme skjedde i år som i fjor. Til tross for stort sett flott vær under akklimatiseringa, fekk dei eit skikkeleg grisevær på toppstøtet. Eller for å sitere Brynjulvs grundige og vitenskapelege baserte beskrivelse: "Jævlig drittvær". Men ein kan likevel sei at dei hadde flaks, no ser det ut som fjellet vert stengt pga. fortsatt dårlege værmeldingar. Det begynte å snø like etter start, og det snødde konstant under heile toppstøytet. Det var i tillegg vind og til tider null sikt. Det låg 15 cm. nysnø då dei kom ned til hytta att.

 

FREDAG 16. JULI

Melding frå Brynjulv: "Fantastisk dag. Sol frå blank himmel og fantastisk utsikt over fjella. Dei fleste kom heilt opp til 5000 meter. Alle friske og raske. Sterk gjeng!"
Fekk også ein melding litt seinare der han beskreiv kva som møtte dei på Pastukhovs Rocks, om lag 4700 moh. 10 damer i bikini... Eit russisk bursdagskalas! Gledar meg til å sjå bilete frå episoden, då dei (mannlige?) deltakarane tok av seg på overkroppen og poserte sammen med dei.

 

TORSDAG 15. JULI

I dag har dei forflytta seg opp til Diesel hut, den karakteristiske hytta som er siste overnattingsmogelegheit før toppen. Etter lunsj gjekk dei vidare opp til 4350 meter for å akklimatisere. Det snøa litt, men temperaturen er mild og det er lite vind. Det nærmar seg no toppstøtet. Dersom alt går etter planen skal dei i morgo akklimatisere opp mot 4700 meter, deretter blir det ein kviledag før toppstøtet skjer på søndag.

 

ONSDAG 14. JULI

I dag gjekk dei 1100 høgdemeter opp til Diesel-hut som ligg over 4000 meter over havet. I morgo flyttar dei opp til denne hytta som toppstøtet går frå. Fortsatt varmt og fint, men utover kvelden kom det inn skodde og regn.

 

TIRSDAG 13. JULI

I dag har dei komme opp på fjellhytta som ligg på rundt 3000 meter. Dei gjekk også ein tur litt lenger opp for å akklimatisere. Dei er fornøygd med å komme opp i litt kjøligare luft. Dei opplevde ei kraftig tordenbyge med regn og hagl på veg nedatt til hytta. I morgo går dei heilt opp til Diesel Hut, hytta som dei skal bu i om nokre dagar, rett før toppstøtet. Mange skal gå med storskoene for første gong. Alle friske og raske.

 

MANDAG 12. JULI

Melding frå Brynjulv:
Nydelig vêr og tur idag. Varmt. Opp 1300 meter til Mount Cheget. Fantastisk utsikt. Alle nøgde med dagen. I morgo flyttar me opp til 3000 meter. Såg idag heile ruta til elbrus samt overnattingshyttene. Alle helser heim.

 

SØNDAG 11. JULI

Brynjulv melder om ein svært varm dag i Moskva, 36 grader under sightseeinga. No har dei akkurat landa i Mineralnye Vody og ein busstur på nokre timar ventar dei før dei er framme i Cheget. Alt har gått bra så langt, all bagasje er med og no håpar dei berre at dei rekk slutten av VM-finalen i kveld.

 

LØRDAG 10. JULI

Nikolai har akkurat møtt gjengen på flyplassen i Moskva. No blir dei transportert inn til eit av dei største hotella i verda, der dei skal overnatta til i morgo. Sightseeing står då på programmet før dei flyr vidare til Mineralnye Vody.

 

ONSDAG 7. JULI

Elbrus 2010 står for døra. 10. juli drar ein stor gjeng på 11 spente deltakarar leda av Brynjulv Eide i retning Kaukasus. Elbrus er Europas høgaste fjell og ragar 5643 meter over havet. Følg med her for oppdateringar undervegs i ekspedisjonen.