DAGBOK MAGDALENAFJORDEN - NY ÅLESUND 2021

 

MÅNDAG 24. MAI

Sjå Mortens flotte bilete frå turen...

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0524

(Foto: Morten Tobias Rostille)

 

SUNDAG 23. MAI

Då er dei framme i Ny Ålesund etter ein fantastisk tur gjennom noko av Svalbards aller villaste villmark. Dvs. dei har slått opp telta ein kilometer frå "byen" sidan det ikkje er god folkeskikk å sette leiren midt inne mellom bebyggelsen. Ny Ålesund er ein veldig spesiell stad, i dag befolka av stort sett kun forskarar frå heile verda, pga. beliggenheiten langt frå sivilisasjonen og så lite forstyrrelsar frå vårt moderne samfunn som det nesten er mogeleg å finne på planeten vår.  Derfor er det f.eks. ikkje mobildekning her, for å unngå forstyrrelsar på alle dei ekstremt nøyaktige instrumenta som måler stråling, forurensning osv.

Dei gjekk altså 8-9 kilometer i dag, før dei slo opp leiren. Ettermiddagen har dei brukt til å sjå seg rundt i "byen", besøke museet og sett diverse kulturminner.

I morgon formiddag startar båtturen tilbake til Longyearbyen - og sin første dusj på 11 dagar! Eg reknar med å få tilsendt bilete frå turen i morgon kveld, evt. tysdag.

- Jarle

 

LAURDAG 22. MAI

I camp ved utløpet av Pedersenbreen i Kronebukta. Kun 10 km igjen til Ny Ålesund. Rolig dag og 16 km. Har vært og sett på Jensebu og brepasset mellom Uversbreen og Kongsvegen. Lang lunsj med utsikt til brefronten. Herborg, Marit Og Alf har også badet mellom breeisen i vannet.

- Morten

 

FREDAG 21. MAI

I camp, 23 kilometer i dag. Grått vær, så ingen topptur i dag, men håper å gå innom noen fine plasser i morgen. Nesten deilig med et lite avbrekk fra sola...

- Morten

 

TORSDAG 20. MAI 

24 km i dag. Ny rekord! Blåswix-føre og lettskya vær i dag. Dei ligg no sør for dei kjente fjella Tre Kroner. Tre spektakulære nunatakar - altså fjell som stikk opp omgitt av bre på alle kantar. I morgon blir det kanskje ein topptur i området, før dei går vidare ein kort etappe til. Dei ligg godt i rute til å nå Ny Ålesund innan sundag, så no er dei ikkje avhengige av å legge inn lange dagsetappar.

- Jarle

 

ONSDAG 19. MAI

I dag gjekk dei 20 km og 400 høgdemeter til, og har no slått leir langt oppe på Vonbreen. Sol og skyfritt i heile dag - Morten skriv at det nesten er t-skjorte-forhold. 

- Jarle

 

TYSDAG 18. MAI

I camp, 21km og 300 høydemeter opp Vonbreen. Mye sol i dag og, fikk også endelig litt godt og hardt skiføre. Lite snø på breen, men fant nok til camp.

- Morten

 

MÅNDAG 17. MAI

Gratulerer med dagen fra alle oss!  20,5 km i dag. Fint vær.  Sel på isen og noen gamle bjørnespor, men har ikke sett bjørn.  Nasjonalsangen til frokost og litt godt i glasset til lunsj og middag :) 

- Morten

 

SUNDAG 16. MAI

Då er dei framme i leiren som i kveld ligg ved Næsspynten i Bockfjorden. 23 kilometer vart det i dag. Undervegs stoppa dei ved den varme kjelda Jotunkilden. Svalbard er eit ungt geologisk område der det fortsatt skjer mykje i jordskorpa. Nokon fekk kanskje med seg at det var eit jordskjelv utanfor vestkysten av Svalbard natt til i går. Det målte 4,4 på richters skala, men ingen i gruppa vår hadde fått det med seg (dei hadde vel uansett trudd at det berre var teltkompisen som snorka). Foreløpig har dei ikkje sett isbjørn, men i natt blir det garantert nattevakt og ikkje snublebluss. Turledarane Morten og Bård har både signalpistolar og rifler med, dersom det blir nødvending å skremme vekk bjørn som blir litt for nærgåande.

- Jarle

 

LAURDAG 15. MAI

22 kilometer vart resultatet i dag. Ein del sprekker på Monacobreen, men ikkje så mykje som frykta. Flott vær fram til kl. 15, overskya etter det.

Leiren i kveld ligg på sjølve Monacobreen, og dei er heilt i rute. Men me har gjort ein endring i ruta vidare for å unngå det største sprekkområdet på Monacobreen – og for å få ei flottare, meir spennande og variert rute!  Når dei kom ned Loüetbreen og ut på den gigantiske Monacobreen i dag, kryssa dei denne mot aust i staden for å gå oppover (mot sør). I natt har dei altså teltleiren sin på sjølve Monacobreen. I morgon går dei opp Stjertbreen og over på Friedrichbreen som dei følger nordaustover ned til Bockfjorden.  Så går dei på drivisen sørover Woodfjorden, ein spesiell opplevelse som dei ikkje hadde fått med den opprinnelege ruta. I avsidesliggande Woodfjorden har det blitt observert store mengder isbjørn i det siste, så dette kan bli ein strekning der DJ verkeleg må jobbe for hundematen. Så opp Vonbreen der den flyter ut heilt sør i Woodfjorden. Over Holtedahlfonna og sannsynlegvis rundar dei sør for fjellformasjonen Tre Kroner før dei går ned breen Kongsvegen og følger kysten ut til Ny Ålesund. 

Tove hilser til Bjørn Jarle. Gleder meg veldig til å se deg igjen ❤"

- Jarle

  

FREDAG 14. MAI

Morten melder om 16 tilbakelagte kilometer i dag i eit fantastisk landskap. Whiteout dei første tre timane, så gjekk dei plutseleg ut av skodda og det var skyfritt og sol. Det har eg opplevd sjølv på Svalbard og det er verkeleg ein ubeskriveleg flott opplevelse akkurat når det skjer. Whiteout er slitsomt sidan du ikkje ser horisonten framfor deg, dermed slit ein med å halde kursen og kanskje til og med balansen. Dei er no i bamseland - altså isbjørn - og det er noko me tek seriøst. Dei fleste isbjørnane er berre nysgjerrige, men det finns også dei som syns ein goretex-innpakka lunsj er himmel på jord. Derfor har me ei ordning med nattevakt når me er nær kystlinja, der deltakarane deler på å vera vakt i leiren. Oppe på breane, der det er mykje mindre sjanse for å møte på bamsen, brukar me som regel eit avansert snublebluss-system rundt teltleiren, slik at bjørnen vil løyse ut eit smellskot i det den nærmar seg. Men den aller beste bjørnevakten er nok huskyen DJ. Ingen bamse kjem i nærheita av gjengen vår uten at han oppdagar det.

- Jarle

 

TORSDAG 13. MAI

Kl. 23:00
Det kom ei tekstmelding frå Morten via satellitt i kveld. Dei hadde ein flott båttur oppover mot Magdalenafjorden, og dei fekk sett kvalross undervegs - det er ikkje så mange som får sjå i sitt rette element. Snø og overskya i dag, men værmeldingane framover ser svært bra ut. Dei gjekk 9 kilometer og 500 høgdemeter i kveld, relativt bratt oppover Miethebreen. No tar dei sikkert snart kvelden, men det blir nok litt rart for dei som ikkje nar prøvd det før å prøve å sove mens sola fortsatt lyser på fjella rundt dei - og kanskje til og med på telta dersom det ikkje er fjell som skygger i horisonten i sør.

Kl. 09:00
Og då er dei på veg nordover i ein hurtiggåande rib-båt. Dei siste forberedelsane gjekk som smurt og alt er no klart for at eventyret kan starte. Me høyrer frå dei med jevne mellomrom i løpet av turen, men ikkje rekn med oppdatering kvar dag. 

- Jarle

0513 4

0513 4

Huskyen DJ er med som maskot, kompis, isbjørnvakt og motivator. Han forlangar kun kos i retur.

0513 4

0513 4

 

ONSDAG 12. MAI

Gjengen ankom Svalbard i går, og dei vart møtte av Morten og Bård på flyplassen ved ankomst. Informasjonsmøte og felles middag var det einaste som stod på programmet i går, men i dag vert det eit litt meir hektisk program... Pakking av pulk, trening på oppsetting av telt og bruk av bensinbrennar, ein siste handletur (dersom dei treng noko meir enn "standardsortimentet" av frukostar, lunsjar og middagar som me har laga til på forhånd) - og eit spennande besøk på museumet på Svalbard. Eg tippar dei tar relativt tidleg kveld i kveld. I morgon blir det nemleg ein lang dag med ein fantastisk båttur oppover vestkysten av Spitsbergen, og forhåpentlegvis får dei også lagt bak seg den første mila på ski før dei slår opp den første leiren. 

Svalbard-eventyret er i gang - følg med her framover! 

- Jarle

0512 6

0512 6

0512 6

0512 6

0512 6

0512 6

(Foto: Morten Tobias Rostille)

  

EIN SKITUR UTANOM DET VANLEGE

Årets tur går ikkje til Newtontoppen, men det er ein liknande tur, der dei verkeleg får oppleva den råaste naturen som Svalbard har å tilby.

Når båten forlet dei er dei heilt åleine, og eit 12 dagars arktisk villmarkseventyr er i gang. Ruta frå Magdalenafjorden til Ny Ålesund vert sjeldan gått og såvidt eg veit har det ikkje vore nokon grupper som har gått denne sidan juni 2019. Små sjansar for køgåing altså...

Johanna, Tove, Marit, Alf, Herborg, Endre, Erik, Øivind, Jørgen og Mats møtes på Svalbard på tysdag 11. mai. Onsdag går med til forberedelsar og testing av utstyr sammen med turledarane Morten og Bård. Torsdag legg dei så ut på den lange båtturen oppover vestkysten av Spitsbergen i ein overbygd rib, til startpunktet i Magdalenafjorden.

Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard.  Magdalenafjorden finn du  i nordvesthjørna på Spitsbergen. Grovt sett går ruta slik: Magdalenafjorden - Monacobreen - Isachsenfonna - nord for Tre Kroner - Kronebreen - langs Kongsfjorden til Ny Ålesund.

Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon med jevne mellomrom.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Jarle Trå)

newtontoppen 03

newtontoppen 03

newtontoppen 03