DAGBOK ATLASFJELLA 2010

 

Sjå dei flotte bileta som brynjulv tok nederst på sida.

 

TORSDAG 23. SEPTEMBER

Etter ein lang og begivenheitsfull vandring i Atlasfjella, er det no bading og soling som står på programmet. Essaouira ligg på Atlanterhavskysten, men er ein mykje meir spennande plass enn Agadir og andre turistmaskiner lenger sør. Og stranda er minst like fin...

 

MANDAG 20. SEPTEMBER

I går kom dei ned til Imlil, ein liten landsby langt inne i Atlasfjella. Her skal dei tilbringa dagen i dag, berre slappa av og nyta den litt eksklusive og eksotiske fjellhytta dei bur på. Kanskje tar Houssine dei med på ein omvising i landsbyen sin. Fjellbønder driv med geit, sau og frukt i dei bratte fjellsidene omkring landsbyen. I morgo drar Brynjulv heim igjen, mens gjengen reiser vidare til Essaouira på vestkysten. Her blir det bading og soling som står i fokus, men Essaouira er også arkitektonisk og kulturelt sett heilt spesiell.

 

LØRDAG 18. SEPTEMBER

Kl. 10 stod gjengen på toppen av Nord-Afrikas høgaste fjell. Helen måtte snu litt før toppen, men ellers var alle heilt opp på toppunktet som ligg 4167 meter over havet. Kjempeprestasjon - gratulerer! Fint vær og god utsikt akkurat då dei stod på toppen, men ei skikkeleg kraftig snøbyge kom i det dei gjekk nedover mot hytta etterpå. No er det regn og vind ute, av og til skal ein ha litt flaks!

 

FREDAG 17. SEPTEMBER

Gjengen er no samla på Nelter Refuge, ei fjellhytte ved foten av Jebel Toubkal. Toppstøtet startar kl. 0530 i natt. Været har vore litt skiftande dei siste døgna, men værmeldingane ser betre ut for morgondagen. Brynjulv skriv at maten er svært bra, men det er dårleg med rødvin... Følg med her i morgo tidleg for oppdatering om dei har vore på toppen.

 

TORSDAG 16. SEPTEMBER

I går kveld hadde dei ein skikkeleg tropisk regnskyll og noko av utstyret vart vått. Men heldigvis er været slik at det tørkar att. Det har vore trykkande varmt, men no bevegar dei seg oppover mot foten av Jebel Toubkal og temperaturane vert meir og meir behagelege dess høgare dei kjem. Alle er friske og raske i følge Brynjulv.

 

TIRSDAG 14. SEPTEMBER

I går starta dei vandringa frå den vesle skibyen Oukaimden (2660m). Du leste rett, det fins faktisk skianlegg også i Afrika, men det er mogeleg at dette er det einaste...? I dag har dei vore over eit høgt fjellpass, Tizi Likemt (3555m), så akklimatiseringsprosessen er godt i gang. 7 muldyr bærer utstyret, og dei har med guide og kokk i tillegg.

 

SUNDAG 12. SEPTEMBER

I dag tok Houssine dei med på omvisning i den intense byen Marrakech. 35 varmegrader og eit yrande folkeliv! Brynjulv melder om høg stemning, og alle gledar seg til å komme opp i fjella i morgo tidleg. Dersom dei inntok frukosten på takterassen på hotellet, kunne dei sannsynlegvis sjå 4000 meter høge snøkledte alpine fjell langt i aust.

 

FREDAG 10. SEPTEMBER

I morgo startar turen til Atlasfjella. 12 deltakarar leda av Brynjulv Eide, skal utforska dei eksotiske og alpine Atlasfjella. Det skal til slutt bestiga det høgaste fjellet Jebel Toubkal (4167m). Dei skal også utforska Marrakech, og ikkje minst den spesielle kystbyen Essaouira, som er mykje meir enn berre flotte badestrender. Følg med her for oppdateringar undervegs.

 

Her kan du lesa fakta og dagsprogram.
Alle foto: Brynjulv Eide