DAGBOK SVALBARD SKITUR 2017

 

TORSDAG 20. APRIL

Ein fantastisk tur er over. Sjå Knuts flotte bilete frå turen:

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096

DSC 4096 

(Foto: Knut Horvei)

 

ONSDAG 19. APRIL

Hei.

Då er me tilbake i Longyearbyen ! Sjukt digg med ein varm dusj og no ventar god mat og drikke. Været idag var som det stort sett har vore på heile turen...sol og blå himmel. I går var me på ein flott topptur og været var som alltid..blå himmel, sol og vindstille :)  Dette har vore ein draumetur med flott vær, super gjeng godt humør. Svalbard har vist seg frå si beste side:)

- Knut

(Foto: Mette Kallestad)

 

(Foto: Knut Horvei)

 

TYSDAG 18. APRIL

xIMG 7031

(Foto: Mette Kallestad)

 

-1070358176

-1070358850

mms img-331839573

mms img 17455006051

(Foto: Jakob Sørbotten)

 

MANDAG 17. APRIL

Gjengen er verkeleg heldige med været – helt fram til i kveld har det vore blå himmel og strålande sol. Men i kveld har det skya til og værmeldinga for dei neste dagane er overskya, men ikkje nedbør og lite vind. Temperaturen stig forhåpentlegvis også litt når det blir meir skyer. Dei ligg no i Bolterskaret etter å ha gått vestover Reindalen og opp Tverrdalen. Her blir dei liggande dei neste to nettene, og dei går sannsynlegvis ein topptur frå leiren i morgon. Ellers melder Knut at alle har det fint og at det er høg stemning og godt humør i gjengen. Dei får verkeleg oppleva Svalbard på sitt aller flottaste. Nokre av deltakarane lagde i dag gele til resten av gjengen - og det har også blitt servert skinke og sherry... Litt avveksling frå frysetørka middagsmat er alltid hyggeleg.

- Jarle

 

LØRDAG 15. APRIL

Knut melder i dag tidleg at dei er klar til avmarsj frå Pjalten. Været er fortsatt nydeleg - vindstille og strålande sol. Men kjøligt, i natt har det vore under 20 minusgrader. Værmeldingane er bra også vidare framover. No går dei austover og rundar sannsynlegvis Bergmannshatten på nordsida før dei går vidare ned Bergmesterbreen. Jakob klarte å komma på nett og senda meg eit par bilete i dag tidleg.

I kveld ringte Knut frå satelitt-telefonen. Dei har no slått leir nederst på Bergmesterbreen. Dei har hatt ned mot 25 minusgrader, det er svært kaldt til å vera april på Svalbard. Men det taklar dei fint, alle har gode soveposar og gode klær. I kveld har turledarane arrangert "stafett" med blant anna spydkast (skistav...) og quiz. Om det var premien klarte eg ikkje heilt å oppfatta, men dei har i alle fall også servert daimkake med kaffi og Baileys - det gir nok litt varme i kroppen det og...

- Jarle

-1070359013

mms img-12825198632

(Foto: Jakob Sørbotten)

 

TORSDAG 13. APRIL

Dei er i gang! I går møttes dei i Longyearbyen og i dag har dei øvd litt på oppsetting av telt, bruk av brennarar osv. Dette er ein tur for dei som ikkje nødvendigvis har så mykje erfaring med turar med pulk og overnatting i telt vinterstid, så her legger me vekt på å instruere deltakarane før dei legger ut på sjølve turen. Så - i 15-tida - la dei av gårde. Knut sendte meg eit bilete i det dei la av gårde. Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard. Dei skal gå ein lang runde i det store bremassivet som ligg eit par mil søraust for Longyearbyen. Akkurat no er dei på veg innover Adventdalen og svingar i kveld sørover og oppover Janssondalen. I morgon blir det ein lang, men ikkje så bratt, stigning opp Møysalbreen.

Sjå også det spektakulære webkameraet som står i Longyearbyen. Sjølv om du går inn og ser på webkameraet midt på natta vil det vera lyst. Første døgnet med midnattssol er 19. april, då er altså sola over horisonten heile døgnet.

- Jarle

IMG 2443

Endeleg i gang! (Foto: Knut Horvei)

 

SVALBARD SKITUR - EIN ARKTISK DRØYMETUR

Mette, Solveig, Kristin, Nina, Øystein, Jan Edvin, Christian, Eva Marit, Inga Marie, Kjersti og Asbjørg utgjer årets Svalbard skitur-gruppe. Dei vil i løpet av ei veke gå ein lang rundtur i Drønbreen-massivet aust for Longyearbyen. Her vil dei stort sett vera i skuterfritt område og verkeleg kunne nyte den arktiske villmarka utan forstyrrelsar av noko slag.

Knut ledar denne turen med stø og erfaren hånd. Med seg har han Jakob som assistent og Bjørn som utplassert student frå Arktisk Naturguide-linja i Longyearbyen. Dette trekløveret skal leda gjengen gjennom opplevelsar og sanseinntrykk som det ikkje er så mange som får oppleva. Arktis er noko heilt for seg sjølv.

Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå, Knut Horvei og Brynjulv Eide)

svalbard 01

svalbard 02

svalbard 03

http://longyearbyen.kystnor.no/