DAGBOK SØR-SPITSBERGEN SKIEKSPEDISJON 13. APRIL 2024
(Foto: Rigmor Henriksen)
TORSDAG 25. APRIL
Det blei ein kald start over isen, men varmen steig då Kristoffer dro opp tempo på slutten av etappen over van Meijenfjorden. Dag to blei heilt super med sol, passering av flott fjellpass og litt fysisk utfordring. For nokon av oss starta då rutinene å falle på plass, og mi fekk ein flying start på tredje dag nedover Sysselmannen. Elveleiet mi fulgte ut til Van Keulen var utrulig vakkert, men litt utfordrande for guider som ikkje er vant til blåis
Gjennom morenen loste to væpna tøffinger oss trygt, før mi satte retning mot brefronten på Zawatskibreen. Eit helikopter sikra oss ei isbjørnoppleving ved å jage fram ei binne og ein unge akkurat der mi skulle gå av isen. Turen av isen på van Keulen blei derfor ekstra spennande med både kvilegroper, ferske spor og eit reinsdyr som kom litt brått på (eit øyeblikks usikkerhet på om det var ein bjørn eller reinsdyr). Mi landa i leiren med at Arne braka i bakken, med fotodokumentasjon sikra.
Turen opp mot Amundsenbreen stoppa nokre kilometer frå Lyseskaret, og værmeldinga krevde iverksetting av ekstratiltak: mi returnerte ned breen, gjekk ca 30 kilometer og elleve timar, inkludert fantastisk navigering gjennom Liestølkaoset (Liestølbreen har surga inn over Doktorbreen og laga eit lite kaos av is og sprekker) på nattestid. Premiering med leir i ly av ei marmorert isgrotte, før mi forserte brekanten opp på Doktorbreen i total vindstille og sol dagen etterpå.
Mi har lært å ikkje lytte for mykje til værmeldinga, for det nydelige været varte kun eit øyeblikk. Mi fekk kraftig vind på slutten av dagen, som tok tak i alt av pulker og bensindunker og anna lausøre. Vinden krevde dobbel bemanning på teltoppsett, og bjørnevakta blei gjennomført frå teltopninga. Dagen etter løya vinden, og mi fekk ei mjuk nedkøyring i puddersnø til ei super overrasking med isgrottevandring i botnen av Svalbreen. Bård og Kristoffer loste oss trygt ned i grotta med tau og sikring, og mi fekk ei fantastisk oppleving av breens naturlige katedral.
Deretter gjekk turen utover Danzigdalen mot van Meijenfjorden, med overnatting i Ingvaldbukta. Men turen gjekk ikkje heilt knirkefritt for Bård, som gjorde eit spektakulært fall på isen som bekymra dei nærmaste då pulken seilte inn i sida på han. Etter ei god natt kryssa mi fjorden over mot Kaldbukta. Marit og Kristoffer tok ein ekstra lang tur (cirka dobbelt så lang som oss andre) nest siste dag fordi Marit syns det blei litt for få kilometer på skia. Avslutting av turen med middag i strålande solskinn i Kaldbukta, tørking av utstyr og pick-up med beltebil etter nok eit mini-drama der mi måtte bruke nødbluss for å hanke inn Marit.
Stor takk til Bård og Kristoffer som alltid stiller opp, tålmodig svarer, hjelper oss og støtter oss på tur - med eit stort smil som om ingenting er dumt. Mi har alle fortsatt Svalbardbasillen, og det blir fleire turar på denne gjengen her! Tusen takk for turen!
- fra Gjengen
(Foto over: Kristoffer Eide / Foto under: Bård Karlsen)
ONSDAG 24. APRIL
I går brukte dei mykje av dagen på å utforske den spektakulære smeltevannskanalen på Svalbreen. Dei slo leir ved Van Mijenfjorden og har i dag kryssa denne. Det er milde temperaturar for tida, uvanleg varmt til å vera på Svalbard. I ettermiddag slo dei leir i Reindalen og er klar for uttransport med beltevogn i morgon. Blir nok godt å komme tilbake til Longyearbyen og fasilitetar som dusj og vanleg seng... Eg reknar med eg får nokre bilete frå turen etter kvart som dei kjem seg i orden, legger dei ut her så fort eg får dei.
- Jarle
MÅNDAG 22. APRIL
Bård melder at dei no ligger på Svalbreen. Dei hadde fine forhold i dag og gjekk 17 kilometer i medvind oppover den slakke breen. Dei har forberedt leiren for ein natt med mykje vind, stramme barduner og solide leveggar av snø. Men frå og med i 12-tida i morgon vil vinden dø ut i følge værmeldingane, og dei vil få eit par fantastiske dagar med sol og "varme". -1 om dagen og -4 om natta er mildt på Svalbard i april, og i sola vil det sannsynlegvis bli nesten påskestemning. Dei har no også midnattsol, så på denne turen står ikkje hodelykt ein gong på utstyrslista. Bård skryter av gjengen, dette er ein turvant gjeng som har vore ute ei vinternatt før (bokstaveleg talt).
- Jarle
SUNDAG 21. APRIL
I går snudde dei døgnet... For å dra nytte av eit opphold i vinden gjekk dei ein dagsetappe i går kveld og natt. For vinden skulle nemleg blåsa opp igjen utover dagen i dag, og også i morgon er det meldt ein god del vind. Men deretter ser det betre ut, og dei vil sannsynlegvis få ein sol også frå tysdag.
- Jarle
FREDAG 19. APRIL
I dag har dei liggedag på Zawadzkibreen. Når det er stiv kuling frå sør er det lurt å holda seg i ro. Å gå i sterk vind kan til ein viss grad gå greitt, men problemet er først og fremst å slå leir, og å bryta leir. Risikoen for å mista utsyr, eller ødelegga det, er stor når vinden herjar. I går bygde dei ekstra store vindmurar av snø, og sørga for at telta var ekstra godt bardunert. Ski, stavar, spadar og snøpluggar blir brukt - vanlege teltpluggar ville ikkje gjort stor nytte i slike forhold. Som regel er det fint med ein liggedag når ein har gått nokre lange dagsetappar, men det kan sjå ut som om det blir minst ein liggedag til - forhåpentlegvis har dei med seg lesestoff og kortstokk :) Lågtrykket som har senka seg over Svalbard er av den gjenstridige typen og det er meldt mykje vind også dei neste 2-3 dagane. I kvart telt smeltar dei sitt eige vatn og lagar sin eigen mat. På denne turen får alle opplæring i korleis ein brukar bensinbrennar. Men eg veit at Bård og Kristoffer har med litt "snop" også, blant anna ei kake - kanskje blir den fortært no mens dei ligg i ro...
- Jarle
TORSDAG 18. APRIL
Fekk ei tekstmelding frå Bård i kveld. Dei ligger no 7 km fra Lyseskaret langt oppe på Zawadzkibreen. Før lunsj hadde dei fint vær godt føre, men etter lunsj vart det white-out, snøvær og tungt føre. Vinden tar seg opp no i kveld, og det snøar godt. Stort sett som værmeldinga lova altså. Det blir nok mest sannsynleg liggedag i morgon med dei værmeldingane som er no.
- Jarle
ONSDAG 17. APRIL
Snakka med Bård på satellitt-telefonen i dag, og han kunne melde om ein veldig fornøyd gjeng som har har bevega seg gjennom eit fantastisk landskap - og som på toppen av alt fekk sjå bamsen i dag! Det er alltid eit av høgdepunkta på ein tur på Svalbard, og det er på langt nær alle turar der ein får sjå det. Ei binne med ein liten unge vart skremt opp av eit helikopter som tilfeldigvis flaug over dei, og dei gjekk opp på Nathorstbreen frå sjøisen i Van Keulenfjorden. Akkurat der gjengen vår skulle gå opp rett etterpå... Men dei har ikkje sett noko meir til dei i kveld der dei slo leir. Uansett så har me alltid isbjørnvakt om natta. I alle fall når dei er i nærheita av sjøen og drivisen. Ellers har dei hatt stort sett fint vær dei første to dagane, men eit lavtrykk legg seg no over Svalbard. I morgon blåser det opp, og på fredag kan det bli kraftig vind. Så sjansen er stor for at det blir ein liggedag på fredag i alle fall, kanskje også i morgon. Det er sånn det er på Svalbard - været er generelt bra på denne tida av året, men det kjem ofte eit par dagar med kraftig vind.
- Jarle
MÅNDAG 15. APRIL
Klar for uttransport...
SUNDAG 14. APRIL
Dagen har gått med til forberedelsar, øving på teltoppsetting og bruk av bensinbrennar, og pakking. I morgon blir dei køyrt til startpunktet ved Van Mijenfjorden. Værmeldinga for morgondagen ser strålande ut, og langtidsmeldingane er også relativt bra.
(Foto: Manuela, Rigmor og Hilde)
EIN LANG SKITUR I ØDE SVALBARDNATUR
Som dei siste åra skal me også i år gå ein lang skitur i ein veldig uberørt del av Svalbards fantastiske natur.
Sør-Spitsbergen Nasjonalpark er Noregs største nasjonalpark – og faktisk også den største i Europa! Eit område som ligg langt unna Longyearbyen og hoverferdselsårene for turisttrafikken, og dermed møter ein ikkje mange andre på tur i dette området.
Rigmor, Grethe, Manuela, Arne, Hilde, Marit, Johanna og Ada møtes på Svalbard laurdag 13. april. Sundag går med til forberedelsar og testing av utstyr sammen med dei erfarne turledarane Bård og Kristoffer. Måndag legg dei så ut med beltevogn sørover til Kaldbukta ved Van Mijenfjorden. I løpet av dei neste 11 dagane går dei ein lang rundt sørover i Sør-Spitsbergen nasjonalpark, i retning Hornsund.
Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard.
Og følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon med jevne mellomrom.
(Bilete frå tidlegare turar)