dagbok KILIMANJARO 14. FEBRUAR 2015


Jentene ber meg formidle at dei har det topp på Zanzibar (noko som tydeleg kjem fram på dei flotte bileta under...): "Flotte strender, god badetemperatur, nydeleg mat og god stemning. Eventyr-reisa vår skal fordøyast og nytast nokre dagar til!"




Gjengen på toppen av Uhuru Peak! (Foto: Brynjulv Eide)

TYSDAG 24. FEBRUAR


Safarien er godt i gang. I går var dei i Tarangire Nasjonalpark og i dag var dei i Ngorongoro-krateret. Dei såg blanta anna fire av "the big five", løve, neshorn, elefant og bøffel - det var kun leoparden som mangla. Leoparden er eit nattdyr og vanskeleg å få auge på om dagen. Dei såg faktisk heile 16 løver, pluss sjølvsagt "tusenvis" av andre dyr som gaseller, gnu, sebraer, flodhest osv. Dei var attende på eksotiske Kudu lodge i tide for å nyta å ligga litt ved bassengkanten også. Det kom faktisk akkurat ein liten klage på sms frå damene ved bassengkanten. Dei var skuffa over at lovnaden min om at dei fleste går ned i vekt på fjellturen ikkje slo til - bikinien var visst like stram som før... I morgon skal dei på sykkeltur ved nasjonalparken Lake Manjara og deretter drar dei fleste vidare til Zanzibar. Etter fjellturen og safarien er det perfekt å ligga på den krittkvite stranda og slappa av og bearbeida alle inntrykka. Den "aktive" delen av turen er no altså snart over... Takk for at du har fulgt med på denne sida undervegs! Om du vil vera med til Kilimanjaro også - sjå programmet mitt for aktuelle datoar i 2015 og 2016.
- Jarle


(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)




SUNDAG 22. FEBRUAR


Gjengen er alt nede att i sivilisasjonen, og dagens etappe gjekk unna på tre timar. Dei sit no med ein champagne ved gaten (porten inn til nasjonalparken), vel fortjent! På sms melder dei om høg stemning og at "Brynjulv er no i gang med å synge songar han ikkje kan...". Dei bør vera stolte av seg sjølv etter det dei har gjort på fjellet. No er den fysisk krevande delen av turen over og det er berre "kos" som gjenstår - fyrst tre-dagars safari og deretter badeferie på Zanzibar.
- Jarle

LØRDAG 21. FEBRUAR


Kl. 08:00 lokal tid stod jentene på toppen av Kilimanjaro! Brynjulv skriver at det var eit fantastisk toppstøt og er svært imponert over innsatsen. Kari-Anne måtte snu halvvegs då ho ikkje heilt hadde dagen i dag. No er dei på veg ned att til leiren der dei skal slappa av nokre timar før dei går vidare nedover seinare i dag. Akkurat no er det nok soveposen og litt søvn som står øverst på ønskelista - fortjent etter nattas innsats...
- Jarle

(Bilete frå ein tidlegare tur)

FREDAG 20. FEBRUAR


Nydeleg morgon i Karanga. Heilt klårt. Kald og klar natt. På veg oppover no. Alle friske og topp motiverte. Songleksjon i går då guidene våre forsøkte å læra Maritas ko-ko song. Vanskeleg! I kveld startar moroa...
- Brynjulv

Gjengen startar toppstøtet i natt. I dag kjem dei tidleg fram til leiren, slik at dei kan slappa av heile ettermiddagen og kvelden. Dei startar litt etter midnatt, og står forhåpentlegvis på toppen tidleg i morgon lokal tid. Stien slynger seg att og fram i bratt vulkansand heile vegen opp til Stella Point, punktet der dei kjem opp på kraterkanten. Frå Stella Point flatar det ut bortover kraterkanten mot Uhuru Peak som er det aller høgaste punktet. Me ligg to timar før her i Norge, så rekn med at det kjem melding her på denne sida korleis det har gått litt ut på morgonen/formiddagen. Kryss fingrar og tær - i natt skal det skje...
- Jarle

(Bilete frå ein tidlegare tur)


TORSDAG 19. FEBRUAR


Melding frå gjengen rett før dei er framme i dagens leir:
Fantastisk dag! Snart i Karanga. Skikkeleg trafikkork i Breakfast Wall. Flott opplevelse. "Veggen" er av damene omdøypt til Gentlements Wall. Lett og få ei hjelpande hand. Alle friske og i god form. Gler oss til Bensons fantastiske lunch...
- Brynjulv


På veg opp Breakfast Wall (Foto: Brynjulv Eide)


Klar til avreise frå Baranco camp i dag tidleg (Foto: Brynjulv Eide)

ONSDAG 18. FEBRUAR

Brynjulv melder om fint vær i dag, kun nokre regndråpar heilt på slutten av etappen. Vel fortjent etter det dei opplevde i går. I dag har dei gått turens lengste dagsetappe, bortsett frå toppstøtet. Først 700 høgdemeter opp mot Lava Tower, så ned igjen til Baranco camp som ligg på samme høgda som forrige leir. Dei er no i det flottaste partiet på heile turen. Store, djupe og dramatiske dalar går heilt frå toppen og mange tusen høgdemeter nedover i vulkansida på sørvest-sida av Kilimanjaro. Desse dalane må gjengen vår kryssa. Stien slynger seg opp og ned gjennom magisk lava-landskap og også plantelivet her er heilt spesielt. Fleire av plantane som veks på sørsida av Kilimanjaro finnes kun her i heile verda. Denne kuperte ruta gir også den beste akklimatiseringa av alle rutene på Kilimanjaro. Walk high - sleep low. Det er hovedprinsippet for ein vellykka akklimatiseringsprosess.
No ladar dei opp til yatzy-turnering i kveld...
- Jarle


Jentene på veg til Baranco camp i dag (Foto: Brynjulv Eide)

TYSDAG 17. FEBRUAR


Bør på utstyrslista: redningsvest, symjeføter og snorkel! Har aldri opplevd liknande. Vanskeleg og kryssa bekkar. Regn, lyn og torden. Oppholdsver no. Håpar på litt klestørk. Men humøret er det same...
- Brynjulv

Dei har tydelegvis hatt det vått på fjellet i dag, noko som er forholdsvis uvanleg over 3500 meter. Men heldigvis er værmeldinga for dagane framover gode. Den andre dagen på fjellet har dei bevega seg frå den øvre delen av jungelen (3000m) opp til eit landskap der det kun er nokre buskar og merkelege plantar igjen (3850m). Dette er noko av det som er så spesielt på Kilimanjaro, at dei bevegar seg gjennom mange forskjellige landskap i løpet av turen.
- Jarle

(Bilete frå ein tidlegare tur)


MÅNDAG 16. FEBRUAR


Flott tur gjennom regnskogen idag. Helsa på ein apekatt ved gaten. Regn siste timen og ny kraftig byge ikveld. Alle i svært god form og med godt trimma lattermuskler. Rekkefølgen på do vart nøye planlagt. Høg stemning på 3000 m. I morgon er det sol.....
- Brynjulv

SØNDAG 15. FEBRUAR


Reisa ned til Tanzania gjekk etter planen, og i dag har dei utforska Moshi, landsbyen som ligg ved foten av Kilimanjaro. Dei har også gjort dei siste forberedelsane før morgondagen, då dei startar på fjellturen. Og forhåpentlegvis har dei fått tid til å slappa av litt ved bassenget også. Brynjulv melder om kraftig regn natt til i dag, men me satsar på at det var forbigåande og at dei får ein flott dag opp gjennom jungelen til Machame camp i morgon. Det er ca. 1200 høgdemeter å gå, og dei brukar rundt 5-6 timar på etappen. No startar Kilimanjaro-eventyret...
- Jarle


Jentene forbereder seg på morgondagens første etappe opp mot Afrikas tak... (Foto: Brynjulv Eide)

UHURU PEAK, HERE WE COME!


For litt over to år sidan vart eg kontakta av ein gjeng med venninner frå Kongsberg og Numedalen. Dei hadde eit stort ønske om å stå på Afrikas tak sammen - og no skal det endeleg skje...

Laila, Marita, Karin, Hildegunn, Anne Grethe, Vibeke, Elin, Kari-Anne og Marit skal sammen med turledar Brynjulv Eide prøve seg på det største fjellet i Afrika. Kilimanjaro er eit av dei såkalla Seven Summits, dvs. dei største fjella på kvart kontinent.

Dei reiser frå Norge no på lørdag. Etter fjellturen skal dei på ein spektakulær safari, og til slutt skal dei slappa av på Zanzibar for å fordøya alle inntrykka.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka


(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå)