DAGBOK KILIMANJARO 16. JANUAR 2007



Sverre Kvitne
Unnlaug Kvitne
Dag Bolstad
Aud Torunn Bolstad
Asle Farestad
Ola Folkestad
Arne Folkestad
Ole Jacob Taraldset
Olav Saue
Olav Haugse
Anne Grøttå
Martha Vethe
Magne Øydvin

Alt gjekk veldig fint. Me opplevde minimalt med sjukdom og problem (mykje pga. at me hadde svært strenge rutinar på mat-hygiene og godt opplærte kokkar). Toppstøtet var tøft, men alle kom seg til slutt opp på Afrikas tak - enten på sjølve Uhuru Peak (5895 meter) (10 stk) eller på Stella Point (5757 meter) (3 stk). Me feira 50-års dagen til Tytta med kake, lys og fyrverkeri då me kom ned igjen til Kosovo Camp (4880 meter). Det neste døgnet gjekk det nedover, nedover og atter nedover... til slutt stod me ved Mweka Gate der bussen stod og venta på oss.

Deretter var det safari for alle penga; elefantar, giraffar, sebraer, flodhestar... og prikken over i-en; dei klatrande løvene i Lake Manyara. Ei oppleving som dei fleste nok aldri vil gløyma. Sverre, Unnlaug og Anne reiste deretter vidare til Zanzibar.

Les Nettavisens dekning av ekspedisjonen.


Ein stor takk til alle som var med - fantastisk innsats og humør gjorde dette til ein uforgløymeleg tur - også for meg som turledar :-)

Ola Folkestad framførte følgande dikt under feiringa etter at me kom nedatt:

Ein gjeng i frå Voss sku’ på Kili.
Då måtte dei starte så tidlig.
I svartast natt,
på vegen tok fatt.
Men toppen – du verden så stilig.

Vi drog frå Kosovo leir
15 – 20, kanskje fleir.

Eg rusla i veg med vetle lykta.
Og det gjekk no bra den første ykta

Men så kom bakken, tung som bly.
Eg tenkte: Kanskje må eg spy.

Men det gjekk over, takk og pris.
Eg kom meg vidare, på eit slags vis.

Før Stella Punkt,
der var det tungt.

Så sleit eg meg mot toppen.
Ør i hove og øm i kroppen.

Men brått det hjalla eit fridoms skrik.
Det kom frå gjengen på Uhuru Peak.

P.S:
Men no er eg sprek att, som alle kan sjå.
Så difor eg skålar for Jarle frå Trå.

Her kan du sjå fleire bilete frå turen.

Vil DU vera med til Kilimanjaro også... Les meir her.