DAGBOK KILIMANJARO 16. JANUAR 2010

 

Sjå bilete frå turen nederst på sida!

TIRSDAG 26. JANUAR

Ein svært varm dag i Lake Manyara, men dei starta grytidleg for å sjå morgenstellet til dyra. Dyra kjem ned til innsjøen for å beita på dei store og åpne slettene mens morgonen fortsatt er sval og fin. I det sola stig på himmelen byrjar dei å trekka inn mot skogen for å få skygge. Dei såg mykje dyr i dag også. I kveld er det avskjedsmiddag på Aru Meru River Lodge utanfor Arusha. Dei fleste drar vidare til Zanzibar i morgo tidleg, nokre skal til Haydom for å besøka det "norske" sjukehuset der og Brynjulv setter seg på flyet heimover mot Noreg igjen i kveld.

MANDAG 25. JANUAR

I dag har dei farta rundt nede i det fascinerande Ngorongoro-krateret, eller som eg pleier å kalla det - jordas navle! Og det er litt av ein innovernavle... 21 kilometer i diameter og 600 meter djup. Mange trur nok at dette er eit krater etter ein kjempestor meteor som i forhistorisk tid har kollidert med jorda. Men det er det ikkje, krateret har ein heilt annan men minst like dramatisk opprinnelse. Det stod faktisk ein gigantisk vulkan her, sannsynlegvis endå litt høgare enn Kilimanjaro. Då magmaen trakk seg tilbake, vart det verande igjen mange små og store kanalar inne i vulkanen. Den vart rett og slett så porøs at den ikkje lenger klarte å halda oppe si eiga vekt. Tenk deg ein 6000 meter høg vulkan som kollapsar fullstendig ned i seg sjølv. Etter mange tusen år byrja dei første dyra å trekka ned dei bratte skråningane i takt med at vegetasjonen breidde om seg. Det var så gode beiteforhold her at det til slutt var omtrent 25 000 store pattedyr i "bollen". Rovdyra fulgte sjølvsagt etter og no lever dei i sameksistens - om enn ikkje fredeleg. Heile området er nasjonalpark i dag, og alt er slik det alltid har vore. Bortsett frå dei røffe firhjulstrekkarane som transporterar turistane mellom løvene, gepardane, elefantane, neshorna, flodhestane, antilopane, strutsane... så er det ingen menneskeleg aktivitet her. Gjengen såg i dag det aller meste av det som er å sjå, blant anna 6 løver. Dei fekk også eit spennande og svært eksotisk besøk i ein maasai-landsby som ligg oppe på kraterkanten.

SUNDAG 24. JANUAR

No er dei på Migunga Safarilodge, ei bortgøymt eksotisk perle av ein plass. Migunga ligg rett utanfor Lake Manyara Nasjonalpark, så kva er vel meir naturleg enn å setta seg på sykkelen og trilla ut blant Afrikas ville dyr... Dei såg mykje dyr, og været var nydeleg - i alle fall fram til ein tropisk regnskur gjorde at himmelen åpna seg og alle vart kliss våte. Brynjulv reknar med at etter sykkelturen i dag vert det nok ståande buffet til middag - det er visst litt spesielt ganglag på dei fleste! No ser dei fram til middagen og samlinga rundt eldplassen ute i hagen etterpå, og sjølvsagt morgondagen - kanskje høgdepunktet på den tre dagar lange safarien - nemleg det verdenskjente Ngorongorokrateret.

LØRDAG 23. JANUAR

Dei er no tilbake på hotellet etter ein fantastisk tur og ein nydeleg dag. Ifølge Brynjulv er alle fornøyde og slitne, og no slappar dei av ved bassenget fram til middag og litt feiring i kveld. I kveld får dei informasjon om safarien av Michael, og i morgo tidleg begynner ein spektakulær 3-dagers safari.

FREDAG 22. JANUAR

0900
Alle nede igjen i "Base Camp" i Kosovo Camp. Slitne men fornøyde. Det var tydelegvis ei kald natt, men når Brynjulv sendte den siste meldinga var det "40 grader i teltet...". Sola tar godt i Kosovo Camp, sjølv om det er nesten 5000 meter over havet. I ettermiddag går dei ned til Millenium Camp 1000 meter lenger nede, der dei tilbringer den siste natta på fjellet. I morgo er det dusj og feiring!
0600
Gratulerer til gjengen! Har akkurat fått melding om at dei stod på toppen kl. 0600 lokal til. Ein måtte snu på 5300 meter og to på 5600 meter. Ein nådde Stella Point og resten stod på Uhuru Peak rett før sola stod opp. Været var kaldt og nydeleg. No får dei seg ein velfortjent kvil i Kosovo Camp, før dei i ettermiddag ruslar ned til Millenium Camp, omlag 1000 høgdemeter lågare enn Kosovo Camp. Kjembebra innsats av alle, også turledaren Brynjulv og ikkje å forgløyma guidane og bærarane som var med heilt opp.

TORSDAG 21. JANUAR

Kl. 2100
No er dei straks i gang! Været er kaldt men flott. Brynjulv, 4 guidar og 6 bærarar er med, sammen med dei 14 deltakarane. Den siste meldinga frå Brynjulv var optimistisk: "Alle klare til dyst!"
Kl. 1300
Det ser svært lovande ut framfor nattas toppstøt. Alle er friske og optimismen er høg i det dei no har installert seg i den høgaste leiren Kosovo Camp på 4880 meter. Det vil sei at det er omtrent nøyaktig 1000 meter igjen til toppen. Ein har litt magetrøbbel, men det er heldigvis på bedringens veg. Dei fekk litt snøvær då dei passerte 4600 meter, men dette treng ikkje bety noko for toppstøtet. Fjellet vert dekka med snø med jevne mellomrom. Eg legg ut oppdatering i morgo tidleg så fort eg høyrer noko frå fjellet - følg med!

ONSDAG 20. JANUAR

Dei kom fram til Karanga Camp etter ein kort etappe i dag. Denne leiren ligg litt i overkant av 4000 meter. No er det berre motbakke igjen til toppen. I morgo går dei til Barafu eller Kosovo, og så støter dei mot toppen samme natt. Dei hadde nydeleg vær i dag, og det var ein stor opplevelse for alle opp den såkalla Breakfast wall, den brattaste delen av heile fjellturen. Dei fekk nokre regndråpar i det dei kom fram til leiren, der 3-rettars lunch venta dei. Alle er fortsatt friske og raske og dette lovar svært bra for dei kommande spennande døgna.

TIRSDAG 19. JANUAR

Fekk melding frå Brynjulv: "Barranco Camp. Kjempefin dag. Nydeleg vær. 8 på Lawa Tower. Litt hovudverk på nokon. Heilt normalt. Stor stemning og godt humør. Fantastisk ettermiddag. Alt vel!"

MANDAG 18. JANUAR

Veldig bra vær i dag på veg frå Machame til Shira camp. Alle i fin form og toppen begynner no for alvor å komma nærmare. Dei er no i underkant av 4000 meter over havet, og det er dermed under 2000 meter igjen til toppen. Men dei neste dagane skal dei gå litt opp og ned stort sett i den samme høgda som dei er no, det er dette som gjer denne turen så perfekt med tanke på akklimatiseringa. Stemninga er god i gruppa, maten smakar fortsatt (apetitten forsvinn vanlegvis meir og meir dess høgare du kjem... dette er ein fin slankekur...) og alle er altså friske og fine.

SØNDAG 17. JANUAR

Alt vel i Machame Camp! Dei ankom den første leiren i god form, og kokken Benson hadde tre-rettars middag klar. 1200 høgdemeter gjekk dei i dag, og dei er no på ca. 3000 meter. I dag gjekk marsjen gjennom tjukk regnskog, men etter kvart som dei nærma seg leiren vart det tynnare og tynnare, og dei fekk sikkert sjå ein fantastisk solnedgang gjennom busk-vegetasjonen som pregar denne leiren.

LØRDAG 16. JANUAR

Kl. 10:00
Grytidleg i dag reiste gjengen frå Norge, med kurs mot Afrika. Dei landar ved foten av Kilimanjaro i kveld, der Michael og Eliezer vil møte dei på flyplassen. I morgo begynner fjellturen frå Machame gate, omlag 1800 meter over havet. Då er det berre 4100 meter igjen til toppen...
Kl. 22:30
Fekk melding frå Brynjulv i kveld om at alt gjekk fint på flyturen ned. Eit enkelt måltid før leggetid vart etterfulgt av litt informasjon angåande morgondagen, og deretter tok alle kvelden tidleg.

NY GRUPPE SNART PÅ VEG MOT KILIMANJAROS TOPP

Ein ny Kilimanjaro-gjeng er snart klar for avreise. Lørdag 16. januar drar dei frå Noreg leda av Brynjulv Eide. Dette er ein privattur med bakgrunn i 60-årsdagen til to av deltakarane, og dermed inviterte dei med seg venner og familie og vart til slutt ei stor gruppe på 14 deltakarar. Dei skal avslutte med fem dagar på Zanzibar etter at Kilimanjaro og safari er unnagjort - den ultimate Afrika-opplevinga...
God tur!

Følg med her for oppdateringar frå turen.


Alle bilete: Ingrid Døskeland Thaule