DAGBOK KILIMANJARO 20. SEPTEMBER 2023

 

SØNDAG 1. OKTOBER

I går var me i Ngorongoro Nasjonalpark som er på UNESCO si verdsarvliste. Dette er eit krater med diameter på ca. 20 km og med eit fantastisk dyreliv, akkurat som ein ser på dyreprogram på TV. Her fekk me blant anna sett løve, struts, hyene, gnu, nasehorn, flodhest, antilope, vannbøffel, sebra, villsvin, sjiraff og eit utall av fuglesortar. Om kvelden var det utdeling av diplomar til dei som var på toppen av Kilimanjaro og felles hygge utover kvelden.

I dag har nokon vore på sykkeltur medan resten har besøkt ein masaistamme. Me er no på veg til flyplassen, og eg vil takka turfylgjet som har vore heilt fantastiske med god stemning heile vegen 💙

- Frode

(Foto: Frode Atterås)

 

LØRDAG 30 SEPTEMBER

(Foto: Frode Atterås)

 

FREDAG 29. SEPTEMBER

Tidlig på'an og klar for safari kl 0600 i morges. Biltur på ca 4timer i 3 stk Jeeper, fra Hotellet i Moshi til Tarangire National Park. Varmt og fint vær ved ankomst til parken. Vi har vært veldig heldig idag, å fått sett de fleste dyrene som finnes i parken, Sjiraffer, zebraer, gnu, elefanter, vannbøffel, impala, vortesvin, og løver! Fasinerende å få se dyrene på så tett hold.Vi spiste lunsjen vår ute i parken omgitt av apekatter, så det gjaldt å holde fast på maten :)På returen fra parken til nytt hotell fikk vi også sett bavianer langs veien. Lang, men flott dag, ble avsluttet med middag på Farm of Dreams Lodge hvor vi skal bo frem til avreise på søndag.

- Christine 

(Foto over: Hilde Håland / Foto under: Frode Atterås)

 

TORSDAG 28. SEPTEMBER

Me starta oppstigninga mot Kilimanjaro kl. 02 natt til i går. Kaldt men stjerneklar himmel. To personar måtte gje seg tidleg, men sporty å starta sjølv om èin ikkje var heilt frisk. Me seig oppover og fekk med oss èin fantastisk soloppgang. Resten kom seg til Stella Point som kvalifiserer til diplom for bestigning av Kilimanjaro. 14 personar kom seg vidare til Uhuru Peak.

I dag tidleg dansa alle hjelparane våre for oss, det er heile 50 personar. Her er det meir innleving og rytme enn me nordmann har. I dag går turen gjennom regnskogen og ned til Gaten. Der får me dimplom og ei overrasking. Så er det inn til Moshi der èin pizza ventar på oss. Deretter èin velfortent dusj etter mange nettet i telt.

- Hilde

(Foto over: Hilde Håland / Foto under: Kristoffer Solem)

 

ONSDAG 27. SEPTEMBER

14 på toppen, to til Stella Point (på kraterkanten) og to måtte snu tidlegare. Alle er vel nede i leiren att no. Dette er alt eg veit pr. no, men eg reknar med å få fleire detaljar seinare. Etter eit par timars pause i Barafu går dei vidare nedover seinare i dag, til Millenium camp (3800m). Gratulerar med kjempeinnsats til alle! 

- Jarle

 

TYSDAG 26. SEPTEMBER

I dag har dei gått frå Karanga Camp (4050m) opp til Barafu Camp (4650m) der dei skal starte toppstøtet frå i natt. Frode melder at alle er i fin form og klare for utfordringa som ventar. Været er bra også, så alt ligg til rette for suksess. Men Kilimanjaro er eit tøft fjell, det blir spennande å sjå om det fortsetter å gå like bra som det har gjort til no også i natt. Eg oppdaterer så fort eg høyrer frå dei, sannsynlegvis litt ut på formiddagen.

- Jarle

 

SØNDAG 24. SEPTEMBER

Klar himmel og kaldt da vi ble vekket kl. 06:30 i morges, men etter deilig frokost med havregrøt og pannekaker var solen kommet frem og varmet godt. Vi begynte oppstigningen fra Shira Camp på 3850 moh. i strålende sol med et fascinerende landskap i lava. Vi gikk i rolig tempo oppover med mye humor og skravling i gruppen, og ble etterhvert beordret til å gå en og en på rekke for å spare energi :) Vi er en fantastisk fin gruppe med mye omtanke for hverandre, god humor og hyggelig prat. Vi nærmet oss sakte men sikkert 4600 moh. til Lava Tower hvor vi fikk servert deilig varm lunsj. Nedstigning ned etter lunsj til 3950 moh, var i varierende vær med litt haggel og tåke. Alle i gruppen ved godt mot og i godt humør på vei ned til camp og middag. Vi applauderte oss selv for en lang vel gjennomført etappe i dag på 10 timer (som slettes ikke føles så lang grunnet godt samhold og fint driv). Litt hodepine og kvalme hos enkelte, men alle ved godt humør, og i fin form ellers.
Alle her hilser hjem til sine kjære!

- Christine

 

LAURDAG 23. SEPTEMBER

Då er alle vel oppe i Shira camp som er camp 2 og 3480 moh. Skodde i dag så litt begrensa utsikt, men heldigvis ikkje regn. Nokre få har hatt litt hovudverk og vore tungpusta. Dette er heilt vanleg, så etter god mat og kvile i leiren er alle klar for ein ny dag i morgon. I dag har alle hjelparane vore sunge og dansa for oss. Det er heile 50 personar. Me har også prøvd å synga for dei, men me klarar ikkje å matcha afrikanske rytmar og innleving…

- Frode

 

FREDAG 22. SEPTEMBER

No er dei i gang! Første etappe i dag frå Machame gate (1800 moh) til Machame camp (3000 moh). Under 3000 meter på Kilimanjaro er det jungel, så i dag gjekk dei i tett regnskog heile dagen. I morgon kjem dei ut av skogen og får fantastisk utsikt, både nedover og oppover. Alt vel med gjengen.

- Jarle

(Foto over: Frode Atterås / Foto under: Michael Kilawila)

 

TORSDAG 21. SEPTEMBER

Så er dei på plass i Tanzania! Hilde melder om at dei har hatt ein fin ettermiddag med god mat og triveleg prat ved bassengkanten. Fleire testa temperaturen i bassenget også, og det var ikkje så verst sjølv om hotellet ligg 1500 moh. ved foten av Kilimanjaro. I kveld er det middag med påfølgande informasjonsmøte. Der vil min samarbeidspartner Michael, og hovudguide på fjellet, Bryson, informere om alle detaljar før fjellturen. Deretter blir det siste ompakking og forberedelsar før turen mot 5895 moh. startar i morgon...

- Jarle

(Foto: Hilde Håland)

 

KILIMANJARO - DET HØGASTE FJELLET I AFRIKA

Rett sør for ekvator står det ein vulkan som ragar heile 5895 meter over havet. Den står heilt åleine og tronar over savannen. Og det er kanskje det som skiller Kilimanjaro mest frå dei fleste andre fjell i verda - at det står heilt åleine og ikkje er ein del av ein fjellkjede. Planteliv og dyreliv er også heilt spesielt. 

På onsdag reiser Laila, Sigbjørn, Anne Grethe, Anita, Kristian, Norvald, Joakim, Kathe, Veronika, Khoi Thomas, Børge, Rebekka, Svein Helge, Kristoffer, Hege, Christine Elisabeth og Hilde til Tanzania for å prøva seg på eit av Seven Summits - dei høgaste fjella på kvart kontinent. Frode Atterås ledar denne turen saman med den lokale hovudguiden Bryson og hans dyktige og store gjeng med assistentguidar, kokkar, servitørar og bærarar. Dei gjer ein kjempejobb for at dei skal ha det så bra som mogeleg, og for at dei skal nå toppen. På Kilimanjaro er det "engelsk ekspedisjonsstil" som gjeld, og det betyr f.eks. at dei blir vekka om morgonen med ein kopp kaffi eller te mens dei fortsatt ligg i soveposen i teltet...

Dei startar fjellturen 22. september, og dersom alt går bra står dei på toppen på formiddagen 27. september. Etter fjellturen skal dei på ein spektakulær safari i Tarangire og Ngorongorokrateret, og nokre av dei avsluttar eventyret med eit opphald på Zanzibar, der dei kan nyte kvite strender og azurblått hav.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag.
NB! Det kan vera vanskeleg å få dekning på fjellet så det er mogeleg at det blir nokre dagar utan oppdateringar, spesielt i starten av turen.

Les alt om dagsprogram og andre detaljar om turen her

- Jarle

(Foto frå turen i juli. Foto: Jarle Trå)