DAGBOK KILIMANJARO 23. AUGUST 2011

 

Sjå bilete frå denne turen nederst på denne sida.

TORSDAG 5. AUGUST

"Alt vel i Paradis :-)"
Dette var meldinga eg fekk frå gjengen på Zanzibar i går. Her kan du sjå kvar dei bur (trykk på "gallery" øverst i menyen for å sjå bilete).

ONSDAG 3. AUGUST

I går hadde dei ein flott avslutning på safari-delen av turen i Lake Manyara. Så var det tid for avskjedsmiddag og å ta farvel. Dei som skal vidare til paradis-øya Zanzibar overnatta ei natt til i Moshi før dei flyr til Zanzibar i dag, mens dei som skulle heim igjen til Norge satte seg på flyet til Amsterdam via Dar es Salaam. Dei landar i Norge i formiddag. Knut blir igjen i Moshi og slappar av ein dag, før neste gruppe ankommer seint i kveld.
- Jarle

MANDAG 1. AUGUST

Løver, sjakaler, elefanter, flodhester og gepard, det var berre nokon av dyrene me greidde å spore opp i Ngorongoro-krateret. Var faktisk overskya og litt kaldt vær før lunsj, men så kom sola og varmen etterkvart. Det var ein døsig gjeng som returnerte til Kudu lodge. Vel tilbake kasta me oss i svømmebassenget, og no ventar god middag og kanskje eit glass vin? I morgon står me tidlig opp for å få med os "morgonrushet" av dyr ved Lake Manyara, for så å returnere til Moshi. Deilige dagar!
- Knut

SØNDAG 31. JULI

Jambo Norge, Karibu safari! Då er safari-gjengen på plass på Kudu lodge, ein fin plass mellom Lake Mayara og Ngorongoro-krateret. Me bur i flotte små hytter omkrinsa av blomster i flotte farger, virkelig eksotisk :-) På vegen hit frå Moshi såg me ein sjiraff langs vegen - majestetisk dyr! I morgon venter nok mange fleire. I ettermiddag var me på sykkelsafari til bredden av Lake Manyara. Me såg gnu, antiloper, bøffel og fleire andre dyr, og me fekk prøvesmaka røde bananer :-) No skal me lade opp til morgondagen med god mat og drikke. Auf wiedersehen - der spratt det ein apekatt forbi vinduet mitt...
- Knut

LØRDAG 30. JULI

Det skjedde store ting på Afrikas tak i går. Ikkje nok med at den store gruppa nådde toppen... På toppen av det største fjellet i Afrika gjekk Mike ned på kne og fridde til si kjære Laila Veronika. Og svaret var sjølvsagt ja - til stor jubel frå resten av gruppa. Laila Veronika svevde nok over skyene i dobbel forstand resten av gårsdagen...
No er alle vel nede igjen ved hotellet og det er altså mykje som skal feirast i kveld. I morgon begynner ein 3-dagers safari og deretter drar mange av deltakarane vidare til Zanzibar. På denne turen kjem høgdepunkta så tett at det nesten er vanskeleg å la inntrykka synke inn mellom slaga.
- Jarle

FREDAG 29. JULI

Vellykka toppstøt! Snakka akkurat med Knut på telefonen og han hadde kjempegode nyheiter. Alle som starta nådde toppen for nokre timar sidan. Fantastisk bra! Ein person valgte å ikkje starte pga. lite søvn dei siste nettene. Gjengen skal no slappe av ei stund i leiren før dei fortsetter ned til Millenium camp. Reknar med det er ein fornøyd gjeng som snart ruslar nedover...
- Jarle

TORSDAG 28. JULI

Snakka akkurat med Knut på satelitt-telefonen og det er ein optimistisk gjeng som no ligg i high camp og prøver å få litt søvn før toppstøtet startar ved midnattstider i natt. Ingen som har tegn til høgdesjuke men ein har sove litt dårleg dei siste nettene. Alle startar samtidig og dei vil då stå på toppen rundt 7-tida lokal tid dersom alt går etter planen. Det er no stjerneklart of perfekte forhold for eit toppstøt, sjølv om nysnøen dekkar dei øverste 1200 metrane av fjellet. Kryss fingrar og tær for at dette går til topps - og sjekk på denne sida i morgo tidleg for å sjå om dei klarte det...
- Jarle

ONSDAG 27. JULI

Denne dagen starta med brask og bram opp Breakfast Wall. Det var kjekt - Afrikas største buldrevegg :) Litt regn på etappen bort til Karanga sjølv om Halvor lova sol støtt og stadig ;) Siste bakken opp til Karanga kom litt overraskande på nokon, men me kom oss fint opp og fekk ete god lunsj. No slapper me av før middag. Toppstøt-nervene begynner å snike seg innpå. Stort sett bra form hjå alle, ein vond finger, ein vond ankel, litt hodepine men ellers bra.
- Knut

TIRSDAG 26. JULI (KL. 2000)

Knut melder at alle har ankommet Barranco camp i god form. Nokre få hadde litt hodepine undervegs på etappen, men no er alle igjen friske og fine. I dag har dei vore heilt opp til nesten 4700 meter, men så gjekk dei ned igjen 700 høgdemeter til der leiren ligg. Det er akkurat dette som gjer at Machame-ruta gir så perfekt akklimatisering. At ein er høgt oppe på dagtid, men søv mykje lågare om natta. I morgo får dei ein kort dag fram til Karanga, men starten på dagen er 250 tøffe høgdemeter rett opp den berykta Breakfast wall. Dei er no definitivt inne i den flottaste og mest spektakulære delen av ruta. Ingen andre ruter kan by på den dramatiske naturen som Machame-ruta kan.
- Jarle

TIRSDAG 26. JULI (KL. 1200)

I dag går dei den lange etappen frå Shira camp til Barranco camp. Dersom været og formen er bra går dei kanskje via Lava Tower, eit imponerande 70 meter høgt tårn av lava. I går gjekk dei frå Machame camp til Shira camp, ein forholdsvis kort etappe. I Shira camp vart desverre ein deltakar litt høgdesjuk, så vedkommande vart frakta ned frå fjellet i bil. (Ca. 1 times gange nordover frå Shira camp er det faktisk ein bilveg som går heilt opp til nesten 4000 meter over havet). Leiren dei kjem til i kveld, Barranco camp (ca. 4000m) er ein av dei med flottast beliggenheit av alle leirane på fjellet. Dette området av Kilimanjaro vart ramma av eit gigantisk skred for fleire hundre tusen år sidan, og dermed er det mykje meir dramatisk natur her enn andre stader på fjellet. Djupe dalar og store stup dominerer i dette området.
- Jarle

SØNDAG 24. JULI

Dag 1 på fjellet begynte med litt godt gammaldags afrikansk byråkrati ved Machame gate. Etter å ha styrt rundt der ei stund kom me oss endeleg avgårde. Turen opp til Machame camp på 3000 moh. var ein flott etappe. Passeleg temperatur og flott regnskog som me lista oss gjennom. Etter godt og vel 6 timar var me framme og det smakte med middag og deilige avocado frå kjøkkenet til Benson. Stemninga er på topp, men me tenkjer så klart på alle dei som er ramma av det som skjedde i Oslo på fredag. I morgon ventar nye 850 høgdemeter opp mot Shira camp. Lala salama, Norge (God natt, Norge)
- Knut

LØRDAG 23. JULI

Då er gjengen omsider kommet til ro på Ameg Lodge etter ein lang flytur på 8 timer frå Amsterdam. All bagasje på plass, god middag og hyggelig å møte Michael igjen. God stemning i gruppa. Alle er spente på korleis den neste veka i fjellet mot Uhuru Peak skal bli. Helsing frå Moshi i Tanzania.
- Knut

TORSDAG 21. JULI

På lørdag drar ei ny stor gruppe til Afrika for å bestiga det høgaste fjellet på kontinentet. Dette er den første av to store grupper i sommar, den neste drar 3. august. Knut Horvei er reiseledar. Følg med her for oppdateringar undervegs.
- Jarle

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

Alle foto: Knut Horvei