DAGBOK KILIMANJARO 23. NOVEMBER 2012
LNS TIL KILIMANJARO 2012
LNS på toppen av Kilimanjaro! (Foto: Brynjulv Eide)
(Sjå fleire bilder frå turen nederst på denne sida...)
FREDAG 7. DESEMBER
I morgon er siste dagen på Zanzibar for LNS-gjengen. Dei har hatt fine dagar på dei flotte strendene på Nungwi heilt nord på øya. Ein trenger nokre dagar i fred og ro for å la inntrykka frå Kilimanjaro-turen og safarien synka inn. Inntrykk av mektig natur, kameratskap med kollegaer og nye afrikanske vennar, eit utruleg dyreliv og sist men ikkje minst - uforgløymelege inntrykk av det som skjedde på toppen av Afrika når ein nådde eit mål som ein sammen har trent mot over lang tid, og ikkje minst kjempa seg oppover mot dag for dag. LNS-gjengen har det siste året utført ein kjempebragd! Ein kjempebragd som kuliminerte 5895 meter over havet 13. september og 29. november. Adm. dir. Frode Nilsen og prosjektledar Ruth Haug har vore primus motorar for dette prosjektet for å stimulera ansatte til å fokusere på trening og generell helse. Eit eksempel til etterfølgelse for mange bedrifter.
TIRSDAG 4. DESEMBER
Etter den siste safaridagen i går i Lake Manyara, var det tid for avskjed. Turledar Brynjulv og nokre av deltakarane sette kursen heimover med nattflyet, mens hovedgruppa fortsetter ferien med rolige dagar på stranda på Zanzibar. Dei første tilbakemeldingane tyder på at dette har vore ein heilt spesiell tur, med fantastiske opplevelsar og svært høg stemning...
Løvemat!
SØNDAG 2. DESEMBER
Ngorongoro-krateret skuffa ikkje i dag heller. Mykje dyr og mange spesielle opplevelsar. Dei har sannsynlegvis fått sett det meste. Løve, gepard, flodhest, neshoen, struts, sebra, antilope, gaselle, elefant... det einaste som ikkje fins i Ngorongoro er giraff. Dei bratte kraterkantane er rett og slett for bratte til at den langbeina giraffen har tatt sjansen på å gå ned. Vegane i området har blitt skada av regntida, så transporten i dag var ein utfordring. Men slik er Afrika...
- Jarle
LØRDAG 1. DESEMBER
I dag starta safaridelen av turen. Først køyrde dei vestover på dei store slettene, til Rift Valley, der nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro ligg. Den første dagen var det sykkelsafari som stod på programmet. Eg reknar med dei såg sebra, gnu, antilopar og gaseller frå sykkelsetet. Løver, flodhest og gepard er det kanskje like greit at dei ikkje såg i dag, då gjeld det i tilfelle å ikkje punktere... I morgon er den store dagen, heile dagen skal tilbringast i det fantastiske Ngorongoro-krateret. Krateret er eigentleg ikkje eit krater, men ein kaldera, dvs. ein vulkan som har kollapsa ned i seg sjølv. 21 km i diameter og med 600 meter høge kantar er det akkurat som ein gigantisk suppetallerk med flat botn. Ca. 25 000 store pattedyr lever nede på dei svære slettene.
Turledar Brynjulv helsar så mykje heim til sin kjære Elisabeth som har fødselsdag i dag!!
- Jarle
FREDAG 30. NOVEMBER
I går gjekk dei heilt ned til Mweka camp, det betyr at det er ein forholdsvis kort etappe ned til Mweka Gate i dag. Dei er nok snart på hotellet der den første dusjen sikkert blir ein av dei beste dei nokonsinne har tatt... Resten av dagen blir det å slappe av på hotellet og kanskje begynner det å synke inn kva dei eigentleg har vore med på. I kveld blir det feiring med middag og god drikke, kanskje med solnedgangen på toppen som bakgrunn - eit fantastisk syn!
- Jarle
Gjengen slappar velfortjent av ved bassenget...
TORSDAG 29. NOVEMBER
Alle opp på kraterkanten! Utruleg imponerande innsats. Ein måtte snu på Stella Point, resten sto på det aller høgaste punktet kl. 0600 lokal tid. Brynjulv melder om ei fantastisk natt med fullmåne. Men kaldt og litt vind. No er dei nede i leiren igjen, der dei skal slappa av nokre timar, før dei går vidare nedover i ettermiddag. I morgon går dei heilt ned til sivilisasjonen igjen. Så blir det nok velfortjent feiring...
- Jarle
ONSDAG 28. NOVEMBER
Gjengen er no i den høgste leiren (4850m), der dei gjer seg klar for toppstøtet i natt. Alle er med fortsatt, det er veldig bra for ei så stor gruppe. Litt hodepine hjå nokon, men det vil sannsynlegvis gi seg i løpet av kvelden. Brynjulv skriv at alt går på skinner, så det blir spennande å sjå om alle også klarar å nå toppen i morgon tidleg... Dei startar rundt midnattstider lokal tid og bruker rundt 6 timar til topps. Følg med her i morgon tidleg for oppdatering korleis det har gått.
- Jarle
TIRSDAG 27. NOVEMBER
Brynjulv melder om fint vær også i dag, men litt skodde i starten av etappen. Dei kom tidleg fram til leiren i dag, det er greit med ein kort etappe når det snar drar seg til mot toppstøtet. I dag starta dei med å gå rett opp den stupbratte Breakfast Wall. Stupbratt, men likevel fin sti som snirklar seg oppover fjellsida. Deretter flatar det litt ut og dei vandrar blant eksotiske plantar og lavaformasjonar til Karanga Camp (ca. 4000m). I alle leirane har dei storslagen utsikt mot steppene langt der nede, og under solnedgangen kan det bli ein heilt spesiell stemning.
- Jarle
MANDAG 26. NOVEMBER
Flott dag! Starta klokka 0830, framme i Barranco camp (4000m) klokka 1630. Alle i bra form. Nydeleg vær i starten og litt skodde etterkvart, men ikkje regn. God stemning og ingen historiar er for grove ;-) Alle helser mykje til Sindre på gebursdagen. Høg trivsel som gjer oss litt usikre på om me kjem heim att før jul...
- Brynjulv
SØNDAG 25. NOVEMBER
Snakka med Brynjulv i dag og dei har hatt ein flott dag opp til Shira camp (3850m). At alle er friske og raske her er eit veldig bra teikn, då det ofte er denne dagen ein kjenner litt til høgda. Rett etter dei var framme i leiren starta det eit voldsomt regnvær med hagl. Heldigvis var det kortvarig og no i kveld er det heilt stjerneklart.
- Jarle
Gjengen klar til å starta turen ved Machame Gate i går.
LØRDAG 24. NOVEMBER
Morgen:
Alle vel på plass i Afrika og klar til avreise ved Machame Gate! Håpar på å få oversendt bilete av gjengen i kveld. No er dei i gang... Hakuna Matata! (swahili for 'No problem'...)
- Jarle
Kveld:
Turledar Brynjulv melder om ein stjerneklar kveld i leiren i kveld. Alle er friske og raske og stemninga er god. Regnet har helde seg vekke i dag og temperaturen har vore fin. I dag gjekk dei frå startpunktet ved 1800 moh. opp til Machame camp på 3000 moh. Spennande jungel og regnskog er stikkorda for den første etappen. Kanskje såg dei ein flokk med velvet eller colobus aper som svinga seg i tretoppane i løpet av etappen, og sannsynlegvis også nokre eksotiske fuglar. Vegetasjonen er også fascinerande i seg sjølv for oss nordmenn som er vant med furuskog og fjellbjørk. I leiren i kveld er dei heilt i øverste del av den tette jungelen. På morgendagens etappe går dei ut av jungelen og vegetasjonen blir tynnare og tynnare dess høgare dei kjem. Dette er noko av det som gjer ein tur til Kilimanjaro så spennande. Du går gjennom dei fleste klima- og vegetasjonssonar frå regnskog til nakent høgfjell.
- Jarle
LNS GRUPPE 2 KLAR TIL AVREISE
Den første gruppa frå Leonhard Nilsen & Sønner AS (LNS) satte ein høg standard. Alle 17 nådde toppen av Uhuru Peak grytidleg om morgonen den 13. september. Gruppe nummer to er no klar til avreise, og presset internt er nok til å ta og føla på...
Denne gongen er det 18 deltakarar som skal av gårde. Fredag 23. november reiser dei frå Norge, og dei vil stå på toppen 29. november. Brynjulv Eide er turledar denne gongen og Dixon er den lokale guiden som står klar med heile sitt store mannskap av assistentguidar, kokkar og bærarar.
LNS har det siste året gjort eit kjempeløft for å inspirere og motivere sine 850 ansatte til å fokusere på trening og helse. Mitt firma og Mykje Meir har sammen med ledelsen i LNS utarbeida eit prosjekt som kuliminerer med at 35 LNS-ansatte drar til Kilimanjaro i haust. LNS er blant Norges største entrepenørar og dei er spesialistar på å løysa krevande prosjekt på stader med vanskeleg logistikk. Kjerneverksemda er bygging av vegar og tunnelar, samt gruvedrift. LNS har verksemd på dei fleste kontinent, inkludert Antarktis...
Etter å ha forsøkt seg på Afrikas høgaste fjell skal dei på ein fantastisk safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret, og dei fleste avsluttar turen med nokre late dagar på stranda i paradiset Zanzibar.
Følg med på denne sida framover. Eg legg ut oppdateringar og forhåpentlegvis ferske bilete etter kvart som dei nærmar seg toppen.
Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka
(Alle foto: Brynjulv Eide)