DAGBOK SVALBARD SKITUR 24. april - 2. mai 2011

 

SØNDAG 1. MAI

No står dei sikkert i dusjen og gjer seg klar for ein liten feiring av at ein kjempefin tur er over. Den siste dagen på tur vart det faktisk nokre regndråpar, men det skulle nesten berre mangle så fint som været har vore stort sett heile turen. Den siste etappen var på kun 8 kilometer ned til bilvegen ved utløpet av Bolterdalen. Astri og Knut har gjort ein kjempegod jobb, og losa dei 10 deltakarane trygt gjennom det storslagne Drønbreen-området på Svalbard i løpet av 6 dagar.
(Bilete frå turen vert lagt ut her i løpet av nokre dagar.)

 

LØRDAG 30. APRIL

Astri ringte og fortalta at dei dag har vore på Burall-toppen, men litt skyer gjorde at dei ikkje fekk den store utsikta. Men ein flott tur var det og etterpå gjekk dei ned igjen til leiren. I natt overnattar dei altså i den samme leiren som natta før.

 

FREDAG 29. APRIL

I dag starta dei dagen med morgengymnastikk i snøen - ein fin start på ein flott dag. Etter kvart som sola varma meir og meir, falt klesplagga av og til slutt gjekk dei i stilongs... Dei gjekk ned Reindalen og opp Tverrdalen til foten av Buralltoppen. Dersom været er bra også i morgon, blir det topptur for å nyte utsikta over det imponerande terrenget

 

TORSDAG 28. APRIL

Astri på satelitt-telefon:
Starta dagens marsj i eit melkeglass (det betyr at dei går i whiteout, ein tilstand der horisonten mellom snøen og himmelen forsvinner pga. tett tåke eller låge skyer) men heldigvis letta det utover dagen. Dei er no i Reindalen, som er ein lang og vid dal sør for breområdet dei har gått gjennom. Værmeldingane er bra for dei neste to dagane, og stemninga er på topp.

 

ONSDAG 27. APRIL

Knut på satelitt-telefon:
Nydeleg vær og føre dei første to dagane. I dag våkna dei opp til litt tåke, men fortsatt bra forhold. Dei overnatta ved Pjalten i natt og går i dag ned Drønbreen. I går var dei også på ein liten topptur opp til 757 moh, med ei fin utsikt over området.

 

MANDAG 25. APRIL

I ettermiddag når me begynte å gå, klarna været opp og me gjekk frå plussgrader til minus og delvis blå himmel. Veldig fint å gå, har slått leir bak Jansson haugen. God stemmning og ein teltleir heilt etter boka :) Værmeldinga ser bra ut og me gleder oss alle til dagane som kjem :) Påskehelsing frå Svalbard!
Astri og Knut (Turledarar)

 



Astri forklarer korleis latrinen skal brukast...

 

Gla'guidane Astri og Knut

 


Kokkelering med bensin og fyrstikker... mykje tryggare enn det kanskje høyres ut som.

 

 

ONSDAG 20. APRIL

I år er det to store grupper som får oppleva Svalbards fantastiske ødemark. Den første gruppa har akkurat avslutta sin tur, og 2. påskedag drar neste gruppe nordover. Turledarane Knut og Astri feirar påsken i Longyearbyen, og forbereder samtidig alle praktiske detaljar før neste gruppe kjem. Isbjørnane skal utplasserast, vindmaskinene skal stillast inn på riktig styrke og solstrålinga må finjusterast. Ein Svalbard-ekspedisjon er ikkje som andre turar...