DAGBOK KILIMANJARO 24. juni - 5. juli 2019

 

 

4. JULI

I dag har vi besøkt Msamaria Foundation. Et barnehjem for foreldreløse barn som ligger ved foten av fjellet. Grunnlegger og leder av barnehjemmet er Folkward Mapunda, hvis filosofi er å gi gatebarna en trygg oppvekst og ikke minst skolegang. Før besøket hadde vi samlet inn midler som vi gjennom Jarle Trå hadde donert til barnehjemmet.

En svært takknemlig Folkward og hans stab tok imot oss med åpne armer. Folkward ga oss en innføring i hvordan barnehjemmet ble drevet basert på donasjoner og frivillige arbeidere. Etter at barna hadde danset og sunget (etter hvert med deltakelse fra stive nordmenn) fikk vi en omvisning av de svært spartanske lokalene. Vi fikk også se at vårt beskjedne bidrag var gått til nye skoleuniformer, sko og skolesekker. Utrolig hvor mye de hadde fått for midlene. Deretter måtte vi ta farvel med barna, Folkward Mapunda og staben hans. Det var på tide å rette nesen mot flyplassen..

- Erik 

file 13 7file 13 7file 13 7file 13 7file 13 7file 13 7file 13 7

 

3. JULI

En oppsummering av de siste dagene kan vel best beskrives i ordtaket blod, svette og tårer. Men også syke opplevelser, mye latter og tette bånd. Vi så positivt på toppstigningen, fram til vi stod der, klokken 02:30 og var andpustne etter 50 meter. Aldri har kjelleren vært så dyp, og etter 7 og en halv time stod vi slitne, stolte og kvalme på toppen av Kilimanjaro. Etter dette var turen ned seig, men med sang og dans fra de beste guidene vi kunne bedt om, tentes motet igjen. Gleden var stor på bunn, da en godluktende Isabel møtte opp ved siste gate. De siste dagene ble tilbragt med elefanter, sjiraffer, mimring og en ny verdsettelse av verden rundt oss.

- Erik

file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4file4 4 

 

 

1. JULI

Alle på toppen!

Mike har snakka med Bryson og alle var på toppen tidlegare i dag. Fantastisk prestasjon av gjengen! No slappar dei av i leiren før dei fortsetter nedover til Millenium camp (ca. 3800 moh.) i kveld. Eg håpar at dei klarar å sende meg fleire detaljar om toppstøtet i kveld eller i morgon.

- Jarle

Dette var opplevelsen dei hadde i natt/morgontimane i dag  (bilete frå ein tidlegare tur):

P1040675

P1040675

P1040675

P1040675

P1040675

 

30. JUNI

I morgon skal det skje - toppen av Afrika skal bestigast! Gjengen ligg no i Kosovo Camp, ca, 4900 moh. I 4-tida i natt (lokal tid) startar dei vandringa mot toppen. Ein uverkeleg opplevelse i nattemørket med hodelykter som lyser opp stien framfor dei. Bryson går først i følget og sørger for at farten er låg - her er det eit skritt om gongen bokstaveleg talt. Bryson og dei andre guidane brukar å synge afrikanske songar heile vegen oppover mot toppen, for å halde motet oppe i gjengen. Sola kjem opp i det dei nærmar seg kraterkanten, og i løpet av kort tid strålar sola så kraftig at dei kjenner varmen kjem tilbake til frosne kroppar.

Det er usikkert når dei er i stand til å få kontakt med omverda etter at dei har vore på toppen, så det er ikkje sikkert me får beskjed før ut på kvelden. Men eg legg ut melding så fort eg høyrer frå dei.

- Jarle

 

 

29. JUNI

Bilete frå den første og andre dagen på fjellet (Foto: Isabel)

0629 1

0629 5

0629 5

0629 5

0629 5

 
28. JUNI

Dei fortsetter sin ferd oppover mot Uhuru Peak, som er det aller høgaste punktet på kraterkanten. I dag går dei turens lengste etappe, frå Shira camp til Barranco camp, begge på omtrent 4000 moh. Men i løpet av dagen er dei heilt opp til Lawa Tower på rundt 4700 moh, for så å gå like langt ned att. Dei traverserer nemleg no fjellet på sørsida, og dette gir ein veldig god akklimatiserinseffekt. Walk high - sleep low! Isabel måtte dessverre kasta inn håndkledet i går pga. sjukdom, men ho er no nede att i Moshi og har det heilt fint der. Eg har ikkje fått nokon oppdateringar frå gruppa endå, dei har sikkert problem med å få sendt det pga. dårlege dekningsforhold i fjellet. Men eg har hatt kontakt med guiden Bryson og han sa at alle har det fint og kosar seg på tur .

- Jarle

 

26. JUNI

Gjengen er i gang på fjellet!
I går landa dei på Kilimanjaro International Airport ved foten av fjellet og vart møtt av Bryson, min faste hovedguide. Etter ein briefing der dei fekk nærmare info om dagens etappe, slappa dei av ved bassenget og dei pakka bagane ferdig slik at alt var klart for dagen i dag. Etter ein kort busstur i dag tidleg var dei ved Machame Gate, porten inn til Kilimanjaro nasjonalpark. Dagens etappe gjekk gjennom regnskogen, og først då dei var framme i dagens leir, Machame camp på 3000 moh, begynte trærne rundt dei å bli like låge som fjellbjørka i Norge. I kveld vartar Almas, kokken vår, opp med gourmet-middag - i alle fall med tanke på forholda han og servitørane jobbar under her langt oppe i fjellheimen. I morgon skal dei nesten opp til 4000 moh. Følg med her - kanskje klarar dei å senda oss eit bilete i morgon?

- Jarle

 

22. JUNI

8 spreke russejenter med initiativtakar (og far...) Erik, legg mandag i veg på eit stort eventyr som dei har sett fram til lenge.  Rikke, Randi, Susanne, Matilde, Isabel, Hedda, Pernille og Hannah Elise skal bestige Kilimanjaro - ein vulkan som står heilt åleine langt nord i Tanzania, som ragar 5000 meter over landskapet rundt seg - og heile 5895 meter over havet.

Det er kanskje det som skiller Kilimanjaro mest frå dei fleste andre fjell i verda - at det ikkje er ein del av ein fjellkjede. Planteliv og dyreliv er også heilt spesielt. Fjellet står nesten på ekvator så her er det regnskog heilt opp til 3000 moh.

Våre fantastiske lokale guidar, kokkar, servitørar og bærarar - med hovedguide Bryson i spissen - gjer ein kjempejobb for at dei skal ha det så bra som mogeleg undervegs, og for at dei forhåpentlegvis skal klare å nå toppen.

Etter Kilimanjaro er besteget skal dei på ein kort men intens safari i Arusha Nationalpark, og dei skal også besøka Msamaria - barneheimen som Folkward driv ved foten av Kilimanjaro.

På denne sida legg me ut oppdateringar stort sett kvar dag, så sant dei har dekning.

Les om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

(Bilete frå tidlegare turar)

kilimanjaro 03

kilimanjaro 03

kilimanjaro 03