HJELP GATEBARNA VED FOTEN AV KILIMANJARO
Når ein tilbringer litt tid i Afrika, slår det deg verkeleg kor priviligerte me er i Norge, Me har alt me treng og meir til. Mange som drar med meg på tur, får eit ønske om å gjera noko for dei aller fattigaste. Eg har derfor starta opp eit prosjekt for å samle inn pengar i Norge. Pengane går til Msamaria Center for Street Children som blir drevet av Folkward Mapunda. Han har i mange år prøvd å hjelpe foreldelause barn med skulegang og den daglige føde ved å ta dei inn på sin private barneheim i Moshi. Det er no over 60 barn som får nyta godt av Folkward sitt engasjement. Min samarbeidspartner på Kilimanjaro, Michael Kilawila, er også engasjert i arbeidet for å hjelpa denne barneheimen.
"Msamaria is committed to reach run away, homeless or abandoned children regardless of religious faith or ethnic group in Moshi by assisting them in meeting basic needs. We do this by enabling cultivate self respect and developing their skills needed and integrate them into the community."
- Folkward Mapunda
Følg dagleglivet på Msamaria på nettsida og på Facebook.
Dersom du ønsker å støtta dette prosjektet, kan du velga sjølv om du vil overføra ein eingongssum eller opprette ein fast avtale, slik at ein viss sum vert overført til denne kontoen kvar månad. Dette avtaler du i tilfelle med din eigen bank. Kontonummeret til prosjektet er: 3450 38 23138. Denne kontoen er åpen for innsyn, dvs. at du kan ta kontakt med Sparebanken Vest og be om å få sjå alle detaljar angåande transaksjonar inn og ut av kontoen.
Eg håpar at så mange som mogeleg har lyst til å vera med å støtte, slik at me verkeleg kan bidra til ein betre kvardag for desse barna.
Nedanfor finn du oppdateringar eg har fått med jevne mellomrom av Folkward eller mine kundar som har besøkt barneheimen.
OPPDATERING 22. DESEMBER 2023
Eg overførte i dag kr. 3900,- til Msamaria. Dette er pengar som mine kundar har donert sidan sist overføring. Folkward Mapunda er svært takknemleg for bidraget på vegne av alle ansatte og sjølvsagt også barna på Msamaria. Tusen takk til dykk som bidreg!
PS! Eg minner om at innsamlingskontoen 3450 38 23138 er åpen for innsyn. Dvs. at du berre kan ta kontakt med Sparebanken Vest og be om å få sjå alle detaljar angåande transaksjonar inn og ut av kontoen
OPPDATERING 14. JUNI 2023
Tidligare i vår var Jolanta og gjengen ned med masse utstyr og pengar til Msamaria - og arbeidskraft! Dei jobba på barneheimen og tilbrakte mykje tid med barna og dei ansatte. I ettertid har Jolanta samla inn ytterlegare 2000 dollar frå hennas gamle skule, Heltberg, som er overført til Msamaria. Jolanta og gjengen hennes gjer ein utruleg innsats for at barneheimen kan holda drifta i gang. Tusen takk Jolanta!
OPPDATERING 9. DESEMBER 2022
Eg overførte i dag kr. 3300,- til Msamaria. Dette er pengar som mine kundar har donert sidan sist overføring. Folkward Mapunda er svært takknemleg for bidraget, etter som auka kostnader også i Tanzania gjer det vanskelegare enn normalt å driva barneheimen. Tusen takk til dykk som bidreg!
PS! Eg minner om at innsamlingskontoen 3450 38 23138 er åpen for innsyn. Dvs. at du berre kan ta kontakt med Sparebanken Vest og be om å få sjå alle detaljar angåande transaksjonar inn og ut av kontoen
Folkward sendte meg nokre ferske bilete frå dagleglivet på Msamaria:
OPPDATERING 25. APRIL 2022
Jolanta og gjengen var på besøk til Msamaria etter påsketuren til Kilimanjaro, og hadde med seg datamaskiner, ipads, mobiltelefonar, ryggsekkar - og 150 kg. med klær!!! Jolanta legger ned ein enorm innsats for å samle inn utstyr og pengar til barneheimen, og har no vore på besøk der fleire gonger.
OPPDATERING 14. DESEMBER 2021
Eg overførte i dag kr. 3806,74 til Msamaria. Jolanta overørte 1500 dollar, som hennas elevar har vore med å samle inn.
Dette kjem utruleg godt med for drifta av barneheimen. Tusen takk igjen til dykk som bidreg!
OPPDATERING 18. OKTOBER 2020
Eg overførte i dag kr. 2028,- frå innsamlingskontoen til Msamarias konto.
Jolanta Nylund overførte nye 1000 dollar som Heltberg barne og ungdomsskole har samla inn.
Msamaria sliter - som alle andre - med konsekvensane av koronasituasjonen. Desse pengane vil derfor komme ekstremt godt med i drifta av barneheimen framover. Tusen takk til dykk som støttar arbeidet.
OPPDATERING APRIL 2020
Eg overførte kr. 1299,- frå innsamlingskontoen til Msamarias konto.
Jolanta Nylund overførte 1000 dollar frå Heltberg barne og ungdomsskole. Ein heil gjeng frå Heltberg skulle eigentleg ned og besøke skulen denne månaden. Planen var å ta med seg ein del utstyr ned. Men dette er no utsatt pga. koronakrisa, men dei håpar å få reist i løpet av hausten.
OPPDATERING 18. DESEMBER 2019
OPPDATERING 29. OKTOBER 2019
Jolanta besøkte barneheimen i august og hadde med seg masse utstyr til elevane:
"Gavene kommer fra Heltberg-elevene som samlet tomflasker for å kjøpe hvite skjorter og hårklippemaskiner. Heltberg skole bidrar med skolesekker. Akademiet har gitt datamaskiner".
Jolanta Nylund
Heltberg barne og ungdomsskole
OPPDATERING 7. JULI 2019
Oppdatering frå Isabel, Rikke, Randi, Susanne, Matilde, Hedda, Pernille, Hannah og Erik som besøkte Msamaria 4. juli, etter at dei hadde vore på Kilimanjaro. Dei hadde på forhånd samla inn kr. 9000,- til barneheimen:
"I dag har vi besøkt Msamaria Foundation. Et barnehjem for foreldreløse barn som ligger ved foten av fjellet. Grunnlegger og leder av barnehjemmet er Folkward Mapunda, hvis filosofi er å gi gatebarna en trygg oppvekst og ikke minst skolegang. Før besøket hadde vi samlet inn midler som vi gjennom Jarle Trå hadde donert til barnehjemmet.
En svært takknemlig Folkward og hans stab tok imot oss med åpne armer. Folkward ga oss en innføring i hvordan barnehjemmet ble drevet basert på donasjoner og frivillige arbeidere. Etter at barna hadde danset og sunget (etter hvert med deltakelse fra stive nordmenn) fikk vi en omvisning av de svært spartanske lokalene. Vi fikk også se at vårt beskjedne bidrag var gått til nye skoleuniformer, sko og skolesekker. Utrolig hvor mye de hadde fått for midlene. Deretter måtte vi ta farvel med barna, Folkward Mapunda og staben hans. Det var på tide å rette nesen mot flyplassen.."
- Erik
(Foto: Erik Thorhallsson)
OPPDATERING 20. FEBRUAR 2019
Kroner 4218,- vart for få dagar sidan overført til Msamaria. Folkward ber meg vidarebringa sin store takknemlegheit til dei som bidrar. Dei tar inn stadig fleire ungar og klarar å hjelpa dei til eit liv borte frå gata. Prosjektet fortsetter sjølvsagt, sjå nederst på sida ang. korleis du kan vera med å bidra.
- Jarle
Ferske bilete frå Msamaria (Foto: Folkward Mapunda)
OPPDATERING 14. DESEMBER 2017
OPPDATERING 18. AUGUST 2017
Kroner 3000,32 (ca. 385 dollar) er overført frå innsamlingskontoen til Msamaria. Takk til dei som har bidratt! Eg har bedt Folkward om ein kort oppdatering ang. status og kanskje nokre ferske bilete om han har. Prosjektet fortsetter sjølvsagt og eg håpar fleire og fleire kan vera med å gi litt kvar månad til senteret. Sjå nederst på sida ang. korleis du kan vera med å bidra.
- Jarle
Once again we came to you to share are word of thanks for the upcoming donation from your clients, We are doing so well at the orphanage and many things have been coming up and get improved in all areas i.e staffing, children affairs, infrastructure and our relationship with Government and other stakeholders who we have been working together to improve to make differences in loves of children. Actually I don't know where to start as I have many things to share with you, may I would suggest to share with you some updates photos.
Thank you so much!
God Bless and with love,
Folkward Mapunda
Director
Msamaria Center for Street Children,
P.O.Box 7343,
Moshi, Tanzania (EA)
Msamaria is a registered Tanzanian NGO committed on Support provision,Care and Child Protection to Orphans and Street Children in Kilimanjaro Region.
OPPDATERING 8. JANUAR 2016
Hello Jarle
I wish everything goes well with you.
We also hope you had a great time during the Christmas and welcoming New Year 2016.
Thank you for your clients donations which was very helpful during the celebration of Msamaria Christmas party on 30th of December 2015. Through your donation all children got new cloth and special food. Pilau i.e Rice with meat and some spices. A day was a full of fun thank you for making this happening, I share with you some photos.
We real feel very proud for thinking about us.
Thank you so much!
God Bless and with love,
Folkward Mapunda
Director, Msamaria Center for Street Children,
OPPDATERING 7. DESEMBER 2015
Overførte i dag 335 dollar frå innsamlingskontoen til Msamaria. Tusen takk til dykk som fortset å bidra. Folkward Mapunda og teamet hans på Msamaria Center for Street Children skriv at det står bra til, men dei slit med økonomien. Det er altfor mange å hjelpe. Han sendte meg nokre nye bilete frå senteret.
- Jarle
OPPDATERING 26. NOVEMBER 2015
Gå inn og sjekk Msamarias fine nettside der du kan lesa mykje om kva dei driver med og korleis dei hjelper gatebarna til å få ein god skulegang.
Eg overførar pengane frå innsamlingskontoen no før jul.
OPPDATERING 7. OKTOBER 2014
Hello Jarle
I wish everything goes well with you. Many greetings from Msamaria children and staff! On the behalf of Msamaria Board and team of management once again I would like to say thank your ongoing donation s to Msamaria children’s. Your donation has been making a very big impact in the lives of these vulnerable children, thank you so much, your great full. Your last donation on the middle of October the management decided to direct all to 7 standard VII student who have just finished their seven (7) year journey of primary school for the PRE-FORM ONE COURSE (a three months course). In it you donations paid course fees to all seven students, education supplies and we also facilitating the children for transport to and from.
Here are name of those children;
1. Hemedi Maulid (15)
2. Malikia Lazier (14)
3. Julian nyambo (13)
4. Bahati Musa (13)
5. Honest Silvestre (14)
6. Augustine Emanuel (14)
7. Swalehe Mahamood (15)
Thank you so much!
God Bless and with love,
Folkward Mapunda
Director
Msamaria Center for Street Children,
P.O.Box 7343,
Moshi, Tanzania (EA)
Msamaria is a registered Tanzanian NGO committed on Support provision,Care and Child Protection to Orphans and Street Children in Kilimanjaro Region.
Note: From Left is Hemed/Julias/Honest/Swalehe/Augustine/Bahati/Malkia
OPPDATERING 10. SEPTEMBER 2014
Overførte 8. september kr. 4156,60 frå innsamlingskontoen til Msamaria. Tusen takk til alle som fortsetter å bidra slik at Folkward Mapunda og teamet hans på Msamaria Center for Street Children kan fortsette å gi dei foreldrelause barna ved foten av Kilimanjaro utdanning og framtidshåp.
- Jarle
OPPDATERING 22. DESEMBER 2013
Fekk følgande takkebrev frå Adam, Diana, Juli og Victor på Msamaria. Folkward melder om at alle barna gjer det bra på skulen og som dere ser er det fleire av dei som ønsker å bli doktor når dei blir vaksne:
OPPDATERING 12. JULI 2013
Overførte i dag 680 dollar til Msamaria. Ledaren for senteret, Folkward Mapunda, skriver følgande i eit takkebrev til alle som har vore med og gitt:
This is amazing a good message to all Msamaria children and staff, thank you so much as this donation has just come in a right time as the school has just been opened two days ago and we have six new children who have been in Non-Formal Education from January it’s the time now to be mainstreamed into National School system. Once again thank you very much for your donation and your love to Msamaria kids.
God Bless and with love,
"The Children future is our Concern"
Folkward Mapunda
Director
Msamaria Orphanage
OPPDATERING MARS 2012
Folkward sendte meg i dag nye bilete frå kvardagslivet i Msamaria.
OPPDATERING DESEMBER 2011
Årets julepresang til Msamaria Center for Street Children vart kr. 5349,-
Denne julepresangen har mine kunder gitt gjennom året 2011. Kanskje den viktigaste og største presangen ein kan gi. Totalt har me samla inn kr. 19418,- sidan prosjektet var starta.
Tusen takk for bidraget!
Fordi barneheimen i Sierra Leone blir lagt ned, vil alle midlane frå no av gå til Msamaria Center for Street Children. Bruk kontonummer 3450 38 23138. Denne kontoen er åpen for innsyn, dvs. at du kan ta kontakt med Sparebanken Vest og be om å få sjå kva sum som til ei kvar tid står på kontoen.
OPPDATERING SEPTEMBER 2010
Nye 6648 kroner er fordelt på dei to prosjekta. I tillegg er ei privat gåve på kroner 350 og andel av eit foredrag i Knarvik på kroner 400 overført til prosjektet i Moshi. 1128 kroner etter foredraget i Oslo i april er overført til Fjellfolk til fjellfolk-prosjektet i Nepal. Totalt i år er altså kroner 13979 overført til dei som treng det meir enn oss. Veldig bra - tusen takk til alle som har bidratt!
Statusoppdatering pr. sept. 2010 frå Folkward Mapunda og Håkon Askerhaug:
Dear Sir
The Management and the Board of Msamaria Center for Street Children on the behalf of Msamaria Kids, would like to show sincere gratitude to your donation paid through our key partner "Coming to Africa adventures", thank you so much for generosity and unforgettable help. This donation were used in education purpose to cover expenses of extra coaching to Msamaria children whose go to Moshi Primary School which is one among the three schools where Msamaria kids used to go, this request came after the results of December 2009 shows some children did not do well in school. Once again thank you your kindness.
Folkward Mapunda
Executive Director, Msamaria Center
First step summary:
De 20 barna som bor i barnehjemmet er nå tilbake bak skole benken og koser deg der. Skolen er betalt, uniformer, bøker og materiell kjøpt. Det nye huset vi tok over i November i fjor fungerer fint. Det eneste vi mangler er et gjerde rundt eiendommen. Noe huseieren har lovet. Vi håper det skjer snart. Barna har 5 personer som passer på dem utenom Francess som er coordinator for hjemmet. Alle har holdt seg friske gjennom sommeren. I november skal leiekontrakten fornyes og vi er nå i ferd med å samle inn tilstrekkelige midler slik at vi kan betale de $3500 US dollar for et nytt år. Vi håper på å komme i mål tidsnok. Vi takker for alle bidragene vi har mottatt. De har kommet godt med og har bidratt til at vi har klart våre forpliktelser. Ikke minst barna er takknemlige for den hjelpen de får. Det er vanskelig nok å klare seg i Sierra Leone for de med jobb og familie. For de foreldreløse er det håpløst uten hjelp.
Håkon Askerhaug
First Step
OPPDATERING JANUAR 2010
5453 kroner vert i desse dagar fordelt på dei to prosjekta. Dei mottar omlag 470 dollar kvar. Meir informasjon om overrekkinga og konkret kva pengane vert brukt til kjem her etterkvart. Tusen takk til alle som har bidratt så langt! Prosjektet fortsetter sjølvsagt - les meir om korleis du kan støtte prosjektet øverst på denne sida.
(Midlertidig vil det på denne sida også bli offentleggjort alle detaljar ang. innsamlingsaksjonen til guidar og bærarar på Kilimanjaro. Dersom du søker informasjon ang. den faste innsamlingsaksjonen til barneheimen Msamaria finn du det lenger nede på denne sida)
"KORONASTØTTE" TIL GUIDAR OG BÆRARAR PÅ KILIMANJARO
I Afrika eksisterer det ikkje dagpengar, koronastøtte eller kompensasjonsordningar...
Mange som arbeider som guidar og bærarar på Kilimanjaro har det svært tøft no. Turistindustrien ligg i dvale, og dei fleste har vore utan inntekt i åtte månadar.
Eg har blitt kontakta av fleire som har vore med meg til Kilimanjaro, med spørsmål om korleis det går med dei under koronakrisa. Det er tydeleg at det er mange som er bekymra, og som verkeleg bryr seg om sine nye vennar i Afrika.
Eg organiserer derfor no ei innsamling for dykk som vil bidra. Min samarbeidspartner Mike er den som best kjenner behovet til kvar enkelt, så han vil stå for fordelinga og den fysiske utbetalinga der nede. Alle som kjenner Mike veit at dette vil han gjera på ein god og rettferdig måte.
Me brukar samme konto som blir nytta for innsamlinga til barneheimen Msamaria i Moshi.
Kontonummer: 3450 38 23138
Merk overføringa med "Koronastøtte"
Eg kjem til å publiserer alle detaljar om kva som kjem inn og kva som vert overført vidare på denne sida.
Innsamlingskontoen er også åpen for innsyn, dvs. at du kan ta kontakt med Sparebanken Vest og be om å få sjå kontooversikta.
Tusen takk på forhånd til deg som bidreg!
Jarle
(Det endelege resultatet av denne innsamlinga vart kr. 77 350,- kroner. Eit fantastisk resultat som verkeleg gjorde ein forskjell i livet for mange av dei som arbeider som bærarar og guidar på fjellet).
OPPDATERING 28. NOVEMBER
Responsen har vore enorm, og det har pr. laurdag ettermiddag komme inn kr. 44 950,-
Det er fantastisk bra, og betre enn eg i min villaste fantasi hadde forventa. Tusen takk på vegne av bærarane og guidane!
Eg har overført denne summen til Mike i dag. Mike utarbeider altså no ei detaljert oversikt over korleis han foreslår å fordele pengane. Mike er den som har det fulle biletet over kven som har størst behov, og det er derfor best at han avgjer kven som treng kva, eller om alle skal få det samme. Mike har vist i sitt virke som ordførar for Moshi og som ein stor bidragsytar til Msamaria Center for Street Children at han har eit hjarte som verkeleg brenn for dei som har lite.
Eg samarbeider nært med han om dette, og lista blir sjølvsagt godkjent av meg før han fordeler pengane.
Det er viktig med 100% transparens i alt som har med innsamlingar å gjera. Eg kjem derfor til å sende lista til dykk som har donert, men eg kjem ikkje til å offentleggjera den på nettsida (av personvernhensyn). Og dersom nokon har innspel eller spørsmål er det sjølvsagt berre å kontakte Mike direkte. Hans e-post adresse er:
Minner igjen om at kontoen er åpen, dvs. at kven som helst kan be om å få innsyn.
Jarle
OPPDATERING 29. NOVEMBER
Mike har verkeleg arbeida i turbofart i helga :)
Han sendte meg forslag til fordeling no i ettermiddag, og eg syns denne lista var rettferdig og har derfor godkjent denne.
Han startar umiddelbart å betale ut kontant så fort han mottar pengane, og etter kvart som han kjem i kontakt med alle.
Eg overførte pengane i går (kr. 44 950,-), og det tar normalt 3-4 dagar virkedagar før han mottar det.
Eg har som sagt kontakt med ein del av guidane mine direkte, og dei er svært takknemlege. Her er eit par tilbakemeldingar eg har fått:
Hamis:
Thanks jarle, you are so kindness for us, God bless all people whose donates for us and bless all people around the world to be kind like you.
We've admired for what you have done to us ,God bless all people around the world to be eliminated with this pandemic (Covid19) and whole world remain safe.
Ladi:
Ooh that's so kind of you Boss thank you very much for your kindness. It has been so hard for everyone here especially us in tourism it is so great to have a Boss like you who can feel what we all feel ,i personally appreciate it so much, i will be patient until Mike sort out everything, may God bless you
Dersom det skulle komma inn meir framover vil eg sjølvsagt ettersenda dette.
Igjen – tusen takk for fantastisk respons!
Jarle
OPPDATERING 14. DESEMBER
Det har i tida etter innsamlingsaksjonen eigentleg var over komme inn ytterlegare kr. 21 400,- Altså har det totalt blitt donert kr. 66 350,-
Dette er ein heilt fantastisk sum - igjen tusen takk for at du har bidratt!
Eg overførte kr. 21 400,- til Mike i dag. Han fordeler dei etter samme nøkkelen som sist.
Skulle det komme inn noko meir på kontoen no, vil det bli overført til innsamlinga til barneheimen Msamaria.
Jarle
OPPDATERING 17. DESEMBER
Det kom inn ytterlegare ein overføring på kr. 5000,-. Denne overfører eg vidare no. Dermed er totalsummen oppe i heile kr. 71 350,-
Mike deler ut dei to siste overføringane på ei samling han har med guidar og bærarar i morgon.
Jarle
OPPDATERING 21. JANUAR
Yterlegare kr. 3000,- har komme inn, og desse vart overført i går. Mike vil fordela dette mellom safarisjåførane, som ikkje har fått noko tidlegare.
Jarle
Frå utdelinga som Mike organiserte etter den første overføringa, der alle guidane og bærarane fekk sin del av pengane:
Guidar og bærarar i arbeid på fjellet: