DAGBOK ATLASFJELLA 2015

 

 

SUNDAG 4. OKTOBER


Dei kom i dag ned att til Imlil der dei bur på «eventyrlodgen» Dar Imlil. Her får du nesten litt 1001 natt-følelsen. Eksotisk luksus… Dei tok ein kort rusletur rundt Imlil sentrum og dei fekk slappa litt av på takterassen som har kjempeflott utsikt opp på fjella som omgir landsbyen. No ventar det ein betre middag i kveld. Dette blir avslutningsmiddagen på turen, i morgon dreg nokon av dei heim igjen mens andre reiser ut til Essaouira for å få nokre dagar med sol og bading på kysten.

 

Takk til alle som har fulgt med på denne sida undervegs.
Vil du vera med på denne turen også? Eg arrangerer den kvart år på denne tida. Ta kontakt dersom du vil ha meir informasjon om turen.
- Jarle

 

 

LØRDAG 3. OKTOBER


Fekk dette biletet frå Brynjulv og gjengen i kveld... trur kanskje det tyder på at det er ein aldri så liten feiring på gang av det velykka toppstøtet i dag tidleg...

 

 

Gladmelding frå Brynjulv:
"Alle på toppen kl 0940. 3 timar og 15 min opp. Fantastisk morgon! Alle i svært god form. Eit eventyr :):)"

 


Foto: Brynjulv Eide

 

 

 

FREDAG 2. OKTOBER


I morgon skjer det - Nord-Afrikas høgaste topp skal bestigast! Dei er no på hytta ved foten av fjellet, forholdsvis nøyaktig 1000 høgdemeter under toppen. Dette er ei fjellhytte av fransk type, dvs. med sovesalar. Det kan bli eit hektisk liv der når alle står opp samtidig for å gjera seg klare for toppstøtet i morgon tidleg. Forhåpentlegvis har vår gruppe fåt eit eige rom. Brynjulv tar jobben som guide seriøst, han var derfor på toppen no i kveld for å sjekka forholda... (for dei som ikkje kjenner Brynjulv så er han ein topptrent atlet som spring opp og ned Jebel Toubkal på berre brøkdelar av "normal" tid :) Han melder om litt snø, men fine forhold. Får dei like fint vær som i dag MÅ dette bli ein suksess. Alle er no friske, spente og klare...
- Jarle

 

 

TORSDAG 1. OKTOBER


Brynjulv melder om nok ein strålande dag. Lunsjplassen i passet før dei begynnar den siste lange nedoverbakken til Imlil er spektakulær... her diskar kokken opp med utsøkt lunsj. Imlil - der dei overnattar i natt - er Atlasfjellas svar på Chamonix, men sjølvsagt i ein heilt annan skala. Imlil er utganspunktet for dei fleste som førsøker seg på Jebel Toubkal, det høgaste fjellet i Atlasfjella. Det nærmar seg toppstøtet også for vår gjeng, i morgon går dei inn til hytta som ligg ved foten av fjellet og laurdag forsøker dei å nå toppen.
- Jarle

 


Foto: Brynjulv Eide

 

 

ONSDAG 30. SEPTEMBER


Snart middag. Kjempedag! Flott tur i flott vær. Alle i svært god form. Godt humør og mykje latter. Bur same plass som i fjor. Nydeleg utsikt med snødryss på dei høgste fjella. I morgo ser me Imlil for fyrste gong:) Og sånn går no dagan:)
- Brynjulv
(Fekk denne meldinga frå Brynjulv ein dag forsinka... ikkje alltid ein kan stola 100% på telefonlinjene i Marokko :)

 


Foto: Brynjulv Eide

 

 

TYSDAG 29. SEPTEMBER


Gårsdagens starta med ekstrem nedbør, med regn og hagl. Bekker og elvar kom på eit blunk i dei tørre ørkenfjella der turen startar. Dei startar faktisk i eit alpinanlegg – i Afrika… tru det eller ei! Dei venta to timar før dei starta å gå, men dei fekk likevel regn omtrent heile dagen. Heldigvis bur me no på fjellhytter alle nettene på denne turen, ikkje i telt slik me gjorde før. Brynjulv skryter av gjengen som klarte å halde humøret på topp til tross for været – det er visst mykje latter… I dag har dei hatt stort sett bra vær, «kun 2 dråpar regn til lunch». Dei går dei første dagane i dei nedre delane av Atlasfjella, og dei går derfor gjennom ein del små landsbyar også. Her driver berbarane jordbruk og husdyrhald slik dei alltid har gjort det. Primitivt og fascinerande å oppleve. Etter kvart bevegar dei seg oppover mot dei aller høgaste delane av Atlasfjella, i eit fjellandskap som begynner å minne meir om Alpane med forholdsvis skarpe ryggar og toppar.
- Jarle

 


Foto: Brynjulv Eide

 

 

SØNDAG 27. SEPTEMBER


Turen er i gang! Gjengen var ikkje på hotellet før kl. 03 i natt, men heldigvis var det ein "kviledag" i dag før fjellturen startar i morgon. Dagen starta med busstur frå Casablanca til Marrakech. I Marrakech fekk dei ein sightseeing før det var felles middag på hotellet i kveld. Brynjulv melder om at dei no er superklare for å komma seg til fjells i morgon!
- Jarle

 

 

KLAR TIL AVREISE!


26. september drar Mona, Rita, Linda, Siri S, Siri N, Andor, Harald og Knut sammen med turledar Brynjulv Eide til Marokko for å oppleve ein eventyrleg vandretur i dei eksotiske Atlasfjella.

 

Atlasfjella er varierte og er slett ikkje berre ørkenfjell som nokon trur. Her finn du også alpine tindar som nesten kan måle seg med dei i Alpane, både i høgde og majestetisk framtoning. Til slutt bestiger dei Jebel Toubkal (4167m), Nord-Afrikas høgaste fjell.

 

Dei skal også utforska den eksotiske byen Marrakech som er verdenskjent for sin intense og livlege marknadsplass, Djemaa El-Fna. Nokre av deltakarane avsluttar turen i kystbyen Essaouira som er kjent både for si fantastiske badestrand og den heilt spesielle atmosfæren i gamlebyen.

 

På denne sida legg me ut oppdateringar etter kvart som turen skrider fram.

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)