DAGBOK NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON 27. APRIL 2025

 

FREDAG 9. MAI

Fekk tilsendt nokre flotte bilete frå Runar i dag

(Foto: Runar Hellerud)

 

TORSDAG 8. MAI

Vi har stått ned Nordenskiöldbreen i nydeleg påskevær. Møtte ein isbjørn på isen. Han holdt fin avstand og gjekk motsatt veg. Vi har trekt opp mot fjellet frå Camp Scott og ser utover Billefjorden. Ca. 5 km frå pick-up-point.

- Runar

I morgon blir dei henta med to raske, overbygde ribbåtar ved iskanten. Det er meldt litt vind, men forhåpentlegvis går pick-up fint utan at dei treng å "bade"... Dei har verkeleg fått oppleve alt som Svalbard kan by på på denne turen, med eit bamsemøte som prikken over i'en i dag. Eg har bedt dei sende meg bilete så fort dei er i dekning, så forhåpentlegvis får eg lagt ut bilete frå turen her på dagboka i morgon.

- Jarle

 

ONSDAG 7. MAI

Vi har klatra 1000 høgdemeter på to dagar. Gjengen står på som berre juling og vi har no starta ned Nordenskiöldbreen. Nok ein dag i strålande sol.

- Runar

 

TYSDAG 6. MAI

I dag gjekk dei opp Mittag Lefflerbreen, ein lang seig motbakke. Men pulkane er no mykje lettare enn når dei starta, så forhåpentlegvis gjekk det greit. Dei fekk strålande sol i dag også. No byrjar dei å nærma seg Billefjorden der dei skal bli henta av båt på fredag. Kanskje legg dei seg til i to netter her oppe, og går ein topptur på ein av dei flotte toppane i området, før dei slepper seg ned Nordenskiöldbreen til Billefjorden på torsdag. Men værmeldinga bestemmer, det er meldt vind i høgda på torsdag og fredag, så kanskje det er lurt å sleppe seg ned til fjorden i morgon.

- Jarle

 

MÅNDAG 5. MAI

Dei er no oppe på "fastlandet" igjen etter å ha kryssa drivisen på Austfjorden. Runar melder om lite snø i dette området, og eit skikkeleg teamwork for å få bært pulkane gjennom morenebeltet nede ved fjorden. Dei hadde lunsjen framfor den imponerande brefronten på Mittag-Leffler breen i dag, ein fire kilometer brei bre som går ut i Austfjorden. Sol og lite vind dei siste to dagane, nesten påskeforhold! Dei siste dagane har nokon av dei blitt litt stive i nakken - det er vanskeleg å unngå å kikke opp til sidene heile tida på dei majestetiske fjella dei har gått forbi... 

- Jarle

Mittag-Lefflerbreen  (Bilete frå ein tidlegare tur: Foto. Jarle Trå)

 

LAURDAG 3. MAI

Som forventa har dei hatt ein værdag i dag. Men Runar melder at nokon av dei tok seg ein tur opp på eit fjell som er 1487 meter høgt, vind og snøfokk til tross. Frå toppen hadde dei flott utsikt mot Atomfjella. Dei merkar at vinden løyar no utover kvelden, og i morgon får dei nesten påskeforhold, viss værmeldinga slår til. Amalie har delvis knekt ein binding, men med strips og litt kreativitet fiksar ein det meste.

- Jarle

 

FREDAG 2. MAI

Runar melder at dei har gått ein halv dagsetappe i dag, og etablert stormcamp no i ettermiddag. Flatt lys og aukande vind utover ettermiddagen. Line Gry har bursdag i dag og har blitt feira med fenalår. Alle har det fint.

Dei har altså etablert stormcamp, dvs. at dei har slått leir med tanke på at meteorologane spår veldig kraftig vind det neste døgnet. Telta blir bardunert ekstra godt, og dei bygger snømurar som tar av for det verste av vinden.  Sannsynlegvis ligg dei i ro i morgon. Det er ikkje nødvendigvis heilt umogeleg å gå i kraftig vind, men det er risikabelt å etablere leir, og å ta ned leiren. Det er då fort gjort å øydelegge eller miste eit telt eller anna utstyr.

Å få eit liggedøgn er "normalen" på slike turar. sannsynlegvis kosar dei seg med godt lesestoff og litt ekstra snop og snacks. Værmeldingane for sundag og vidare framover ser veldig bra ut, med stort sett strålande sol og vindstille i mange dagar, så forhåpentlegvis blir det med ein liggedag i denne omgang.

- Jarle

 

TORSDAG 1. MAI

Våknet ved foten av Newtontoppen i dag tidlig i sterk vind og heftig snøfåkk. Vi hadde is i magen og ventet på at været skulle klarne opp, og det gjorde det klokken 10. Vi heiv oss rundt og satte kursen mot Newtontoppen. Sol og klart store deler av turen. Fekk utsikt over Atomfjella. Fantastisk dag på toppen!

- Amalie

 

TYSDAG 29. APRIL

Vel framme i første camp. Me har gått gjennom teltrutinar og alle er godt forberedt. Lett vind. God stemning i gjengen. No kryp me inn i soveposen til en evig solnedgang.

- Runar  

(Frå den lange transporten nordover tidlegare i dag. Foto: Amalie)

 

MANDAG 28. APRIL

I dag har dei øvd på oppsetting av telt og bruk av bensinbrennarar på lageret i Longyearbyen Dei har pakka pulkane og gjort alt klart for langtur. Amalie melder at det er ein fin og kompetent gjeng som no er klar for det arktiske eventyret. I morgon tidleg set dei seg på snøskuterane og startar ein lang køyretur opp på Lomonosovfonna der skituren startar. Rundt 4 timar tar køyreturen og deretter går dei sikkert ei lita mil for å "komme i gang". Værmeldingane er fortsatt fine og i morgon skal det vera strålande sol frå skyfri himmel.

- Jarle

(Foto: Janne, Ingelin, Line og Kari-Anne)

 

KLAR FOR AVREISE

Årets Newtontoppen skiekspedisjon er snart i gang! Værmeldingane ser bra ut, stort sett sol og blå himmel på langtidsmeldinga... Marte, Henriette, Kaja, Kari-Anne, Janne Linn, Ingelin, Teea, Paula, Ada, Bodhild, Line Gry, Målfrid, Olav, Sveinung og Svenn er klare for å oppleva den arktiske villmarka på sitt beste. På sundag kveld møtes dei i Longyearbyen, og måndag pakkar dei, øver på bruk av utstyret og gjer dei siste forberedelsane. Tysdag startar dei med ein lang snøskutertur nordover til Filchnerfonna der skituren startar.

Runar og Amalie ledar denne turen med stø og erfaren hånd. Dette er ein kompetent turledar-duo som til saman har lang erfaring med å leda skiturar på Svalbard.

Følg med på denne sida for oppdateringar frå gjengen undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon med jevne mellomrom.

Les alt om turen og dagsprogrammet her

Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet

Sjå også det spektakulære webkameraet som står i Longyearbyen. Det er no midnattssol i Longyearbyen så sjølv om du går inn og ser på webkameraet midt på natta vil det vera lyst.

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå)

newtontoppen 04

newtontoppen 04

newtontoppen 04

newtontoppen 04

 

jarle traa logo

COPYRIGHT © 2025 JARLE TRÅ