DAGBOK ACONCAGUA 28. JANUAR - 20. FEBRUAR 2023

 

ONSDAG 1. FEBRUAR 

Rapport fra Puente del Inca. I dag har vi vært på akklimatiseringstur fra 2700 til 3200 moh. De siste 200 metrene var veldig bratte og sand, løse stener og sterk vind ga flere av deltakerne utfordringer, men alle deltakerene kom trygt ned igjen uten noe særlig knall og fall. Alle er ganske slitne i kveld og ser fram til en god natts søvn. I morgen entrer vi inn i Vacasdalen, og flere er spente på hva som venter videre på ekspedisjonen. 

- Are

 

MÅNDAG 30. JANUAR

I dag har vi hatt en fin dag i Mendoza. Startet dagen med god frokost før vi fortsatte med informasjonsmøte der vi fikk møte guidene etterfulgt av en liten utstyrsjekk. Dagen videre har gått med til innkjøp av turmat og snacks. Dagen ble avsluttet med en nydelig felles middag. I morgen starter vi turen mot Sør-Amerikas høyeste fjell. Og selv om Jarle har skremt oss opp med historier med toalettfasiliteter, så gleder vi oss likevel! 😎

- Ingvild & Siv

Siv har forberedt seg optimalt og har minimert risikoen for misforståelsar maksimalt

 

SUNDAG 29. JANUAR

Etter ein lang flytur gjekk me ut av flyet i full sommar i Argentina. Over 30 grader og nesten loddrett sol ga fleire ein lett raudfarge på nakke og overarmar. Santi - min faste guide gjennom mange år - møte oss på flyplassen i Mendoza, og etter ein kort køyretur var me på hotellet som me skal bu på i to netter. Her skal me gjera dei siste forberedelsane før me startar fjellturen og akklimatiseringsprossesen. Me nyter maten og drikka som Mendoza er så kjent for. Ingen turte å prøve seg på 800-grams biffen i dag, men kanskje skjer det i morgon...

- Jarle

 

KLAR TIL AVREISE!

Det er kun nokre dagar til avreise og ekspedisjonsnervene herjar nok blant deltakarane no. Ei kjempestor gruppe skal dei neste vekene utfordra Aconcagua (6962m), det høgaste fjellet i Sør-Amerika - eit av dei såkalla Seven Summits!

Anne Kristin, Solveig, Heidi, Sebastian, Dagfinn, Frode, Odd Vidar, Knut, Are, Oddvar, Andreas, Siv, Ingvild og Jan Ove flyr i helga saman med meg over Atlanterhavet til Buenos Aires i Argentina, og vidare til Mendoza ved foten av Andesfjella. Der møter me våre lokale guidar, Esteban, Santiago og Javier, som er blant dei mest erfarne guidane på dette fjellet.

Første del av akklimatiseringa vil skje på ei hytte i eit fjellområde sør for Aconcagua, deretter brukar me tre dagar på å gå inn til foten av fjellet der Base Camp ligg. Dette blir basen i nokre dagar, før me flyttar vidare oppover fjellet og etablerer nye leirar etter kvart som ein kjem nærmare og nærmare toppen.

På denne sida kan du lesa oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen skrider fram. Oppdateringar kjem ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda alle her heime oppdatert om det som skjer på fjellet med få dagars mellomrom. 

Les meir om detaljar og dagsprogram for ekspedisjonen.

- Jarle

(Bilete frå fjorårets tur.  Foto: Jarle Trå)

Aco 18

Aco 18

Aco 2

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18

Aco 18