dagbok svalbard fottur 2012

 
MÅNDAG 6. AUGUST

I går reiste alle deltakarane frå Longyearbyen, forhåpentlegvis med gode minner om ein uforgløymeleg tur. Brynjulv fortel at turen vart feira til langt på natt med ein runde gjennom "lysløypa" i Longyearbyen. Dei endå til slutt på nattklubben på Huset, og ikkje ein einaste ein av gjengen forlot "åstedet" før nærmare kl. 0400 om natta. Imponerande! Kanskje var det midnattssola som skein inn i Longyearbyen heile natta som fekk dei til å bli litt døgnville...
- Jarle

 

LØRDAG 4. AUGUST

I går kveld fekk dei oppleva eit flott kulturelt innslag med folkedans og musikk i Barentsburg. Det var eigentleg ikkje på programmet, men det er greit å ha tidlegare "Svalbardianarar" som turledarar som kjenner dei fleste der oppe... Båtturen heim igjen til Longyearbyen i dag gjekk veldig fint og dei fekk to stopp undervegs, eit ved eit stort fuglefjell og eit utanfor den nedlagte russiske gruvebyen Grumant. Vel tilbake i Longyearbyen blir det ein bedre middag i kveld . Eg har forstått på turledarane at dette ein svært humørfylt gjeng, så det blir vel sikkert ein liten fest for å feira ein vellykka tur også...
- Jarle

 

FREDAG 3. AUGUST

I dag kom dei fram til Barentsburg, den russiske busetnaden på Svalbard. Den siste etappen langs Grønfjorden var eit flott punktum på ein fantastisk tur. Brynjulv fortel om ein svært humørfylt gjeng, og såvidt eg forsto hadde lattermusklane fått køyrt seg minst like mykje som andre musklar på dagens etappe... I Barentsburg skal dei overnatte på hotellet før dei blir henta med båt i morgon. Men ein liten sightseeing blir det nok tid til før dei returnerer til Longyearbyen. Brynjulv er den perfekte guide på ein slik sightseeing, han er nesten lommekjent i Barentsburg etter sitt nesten 5 år lange opphald på Svalbard som sysselmannsbetjent.
- Jarle

 

Villmarkens sønner og døtre er komne i hus i russiske Barentsburg. (Foto: Brynjulv Eide)

 

TORSDAG 2. AUGUST

I dag har dei gått ein fin fjelltur i området rundt leiren. Været har også i dag vore stort sett bra, men i kveld begynte det å regne lett. Det er nøyaktig det værmeldinga viser, litt regn i natt men lettskya fint vær i morgon. Om nettene lagar dei bål, slik at den som sit bjørnevakt kan halda varmen. Du lurar kanskje på korleis dei kan lage bål når det ikkje veks eit einaste tre på Svalbard? Det ligg store mengder drivtømmer frå Sibir langs Svalbards kystlinje. Ein havstraum fører tømmeret rett mot Svalbard og dette er også bakgrunnen for at fangstmennene på Svalbard kunne bygge seg svære tømmerhytter. I natt såg dei som sat isbjørnvakt heile fem polarrevar. Dei har også sett fleire reinsdyr. Og under lunsjen nede ved fjorden i dag såg dei fleire ringselar som leika seg i fjæra. Tippar dei har mange flotte bilete å visa når dei kjem heim igjen.
- Jarle

 

ONSDAG 1. AUGUST

I dag har dei gått over Grønfjordbreen og er no komne ned til Grønfjorden der dei har slått leir. Været har vore flott også i dag, men no i kveld er det litt skodde rundt fjelltoppane. Dei satsar på å bruke denne leiren i to netter, så i morgon blir det ein fjelltur i området rundt leiren. Det er meir snø igjen i fjellet i år enn sist me arrangerte denne turen. Sist gong gjekk dei meir på blåis over breen, mens denne gongen gjekk dei ein god del på snø. Brynjulv fortel at alle tar sin tørn som isbjørnvakt om natta. Sjølv om sjansen for å møte på bamsen er forholdsvis liten, må ein alltid ta sine forholdsreglar på Svalbard. Det er ein flott opplevelse å sitta vakt om natta og sjå etter isbjørn, mens midnattssola badar landskapet i raudt ljos. Om ein ikkje får tenkt nokon filosofiske tankar i ei slik stund, så får ein det aldri...
- Jarle

 

TIRSDAG 31. JULI

I går kveld tok dei båt frå Longyearbyen til ein landingsplass på vestsida av Grønfjorden. Været er strålande og stemninga forventningsfull framfor fotturen som ligg framfor dei. Turen er i gang!
- Jarle
Snakka med Brynjulv på satelitt-telefon i kveld. Dei har hatt ein flott dag og gjekk opp Kongressdalen frå leiren like ved Grønfjorden. Vidare gjennom Linnédalen til Orustdalen, der dei no har slått leir like ved breen. I morgon kryssar dei sannsynlegvis breen over til området innerst i Grønfjorden. Været har vore strålande, og dei kjem nok til å slita med sovinga i kveld med sola på teltduken nesten heile natta... I dag har dei vada mange mindre og større elver, det er noko av det som gjer ein fottur på Svalbard så spesiell. Men elvane er heldigvis greie å vada, det er stort sett breie og grunne elvar utan store skarpe steinar og sterk straum.
- Jarle

 

Gjengen ved starten av turen (Foto: Brynjulv Eide)

DAGBOK SVALBARD FOTTUR 2012

 
MANDAG 30. JULI

I dag tidleg var det 18 sekundmeter vind inn Isfjorden, så det var ein enkel beslutning å utsetta båtturen ut fjorden til i kveld. Sikkerheitsmessig er det ingen problem, men komforten når båten hoppar frå bølge til bølge kan nok diskuterast... Gjengen har defor vore på ein fin fjelltur opp på dei to fjella Trollsteinen og Sarkofagen - to av dei mest kjente fjella i omådet rundt Longyearbyen.
- Jarle

 

SUNDAG 29. JULI

I går kveld var alle samla i Longyearbyen, og i dag har dei vore på dagstur opp på Platåfjellet over byen. Brynjulv melder om stort sett bra vær - og ein kjempefin gjeng! Dei rakk også ein tur på museumet og ein detaljert gjennomgang av utstyret. Det er viktig å pakke kun det utstyret ein treng når ein skal bæra det på ryggen i 5-6 dagar. Brynjulv og Geir Arne har vore på Svalbard eit par dagar i forvegen og gjort klart alt utstyret, laga frukostblandingar samt mykje anna. Værmeldingen for den neste veka tyder på litt skyer, men ingen nedbør. Temperaturen vil derimot ligga på runndt 0 grader, men me nordmenn er vel godt vant med slike temperaturar i sommar...
- Jarle

 

SVALBARD FOTTUR 2012

13 deltakarar, leda av dei erfarne "Svalbardianarane" Brynjulv Eide og Geir Arne Månum, legg snart ut på ein fantastisk fottur på Svalbard. Gruppa skal gå frå Isfjorden Radio til Barentsburg gjennom vill og urørt arktisk natur. Her er det ingen utlagte bruer eller T-merka stiar. Eit aktivt dyreliv pregar dette området på sommaren. Kanskje får dei sjå både polarrev og dei spesielle reinsdyra som held til på Svalbard i tillegg til det yrande fuglelivet. Dei skal også overnatta på hotellet i Barentsburg, den russiske busetninga på Svalbard. Barentsburg er ei oppleving i seg sjølv.

 

Følg med her for oppdateringar frå turen. Asle, Åse-Marit, Solbjørg, Rolf, Trond, Vigdis, Dag, Tine, Sonja, Trond, Jan W. og Jan B. startar turen i Longyearbyen lørdag 28. juli.

 

Les dagsprogrammet for turen her
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka
Vil du bli med til neste år? Ta kontakt på e-post epostadresse eller telefon 907 65 330

 


Bilete frå turen i 2010 (Foto: Brynjulv Eide)