DAGBOK ATLASFJELLA 29. SEP. - 13. OKT. 2018

 

FREDAG 12. OKTOBER

I går kveld var me ute og beundra solnedgangen over Essaouira. To av damene var ute og rei på hest. Det vart mange timar på stranda med forfriskande bad. Helge var ute og kjøpte 2 typiske marokkanske trøyer. 

Helsing Bodil og Helge

1012 2

1012 2

1012 3

1012 4

 

TORSDAG 11. OKTOBER

Hei!  I går var det litt gråvær og regn, så det ble handledag med damene. Det ble kjøpt inn smykkeskrin, sengetepper og sjal. To av damene har også bestilt typiske marokkanske malerier som de skal ha med hjem. I dag er det strandvær. Bodil tok bilder av noen fine blå båter. Det var også kiting på stranda i går i den sterke vinden. 

Hilsen Helge

1011e

1011e

1011c

1011c

1011c

 

ONSDAG 10. OKTOBER

I går var vi på fiskerestaurant, "Sam's restaurant". Vi fikk velge fisken vi ville ha ved bordet. Den ble grillet, og smakte veldig godt. Det har vært fisk to dager på rad. Blir nok mer. I dag er det litt gråvær. Blir nok handel av sjal, smykkeskrin i tre mm.

I dag hadde jeg en joggetur på stranda ved soloppgang (se bilde). Det er meldt fint vær i morgen og på fredag. Blir nok soling og bading i sjøen da. 

Hilsen Helge 

1010

(Foto: Kjersti Vik)

1010 2

(Foto: Helge Kristensen)

 

TYSDAG 9. 0KTOBER

Store kontrastar! 

Frå snøstorm og full vinter til kamelridning på badestrand i løpet av eit par dagar. På denne turen skjer det mykje! Dei er no i Essaouira, ein spesiell liten by på vestkysten av Marokko. Essaouira er kjent for den spesielle stemninga inne i gamlebyen, med tronge gater og utalelege små butikkar - både for dei lokale og for turistar.

Fekk dette biletet av Helge no. Det er tydeleg at dei finn seg til rette på den lokale kollektivtransporten...

1009

(Foto: Helge Kristensen)

 

LAURDAG 6. OKTOBER

I dag ville ikkje været samarbeide og dei var tvinga til å snu på 3750 moh. Vår gjeng er trygt nede att i hytta, og Brynjulv melder at alle gruppene har snudd og fleire har problem i snøstormen. Ingen nådde toppen i dag. Det var mykje snø, men det var vinden som var avgjerande. Ryggen er eksponert og der var det eit inferno. Det hadde vore totalt uforsvarleg og fortsetta, det er dårleg vær med kraftig vind og snø i heile området. Det er tydeleg at været i Marokko har vore litt uvanleg i det siste, også med tanke på den store flaumen som var for eit par veker sidan. 

Men gjengen er ved godt mot, dei har hatt ein flott vandretur gjennom Atlasfjella og opplevelsen i dag kjem dei nok til å hugse lenge sjølv om dei ikkje fekk stått heilt på toppen. No går dei nedover at mot Around og Imlil.

Brynjulv klarte å sende meg eit par bilete frå toppstøtet. Toppen er oppe i snøkavet til venstre på det nederste biletet.

- Jarle

1006 2

1006 1

 

FREDAG 5. OKTOBER

Dei kom i ettermiddag fram til fjellhytta ved foten av Jebel Toubkal. Herifrå er det ein solid motbakke på temmeleg nøyaktig 1000 høgdemeter som må forserast før dei står på toppen. Dei startar kl. 05 i natt og satsar på at forholda er betre enn akkurat no, då det litt tordenaktivitet i fjella i kveld. Det regnar også litt og er kjøligare enn normalt. Men værmeldingane er gode for morgondagen, så det blir forhåpentlegvis betre då. Det er også meir snø enn normalt, heilt ned til ca. 3600m. Men me kryssar fingrane for at dei får gode forhold og at dei klarar å nå toppen. Følg med her utover formiddagen i morgon så oppdaterer eg så fort eg høyrer frå dei.

- Jarle

1005

 

TORSDAG 4. OKTOBER

I dag kjem dei over passet og ned til Imlil og Around. Imlil er den største landsbyen i Atlasfjella, og det er også her dei kjem ned att til etter at dei har vore på toppen av Jebel Toubkal om eit par dagar. Det nærmar seg altså toppstøtet, og no kjem dei etter kvart inn i blant dei aller høgaste fjella i Nord- Afrika. Naturen vert meir og meir imponerande rundt dei etter kvart som dei nærmar seg foten av Jebel Toubkal.  Fekk tre bilete frå Brynjulv i dag. Ser ut som dei har det fint...

- Jarle

Nok ein fin dag. Sol og delvis skya. Har vore eit enormt regnver i området for 2 veker sidan. Det er svært mange vegar og stiar som er øydelagt. I tillegg har det kome mykje snø i fjellet. Men me kryssar fingre og er klare til gå oppover i morgo.

- Brynjulv

1004 1

1004 3

1004 2

 

TYSDAG 2. OKTOBER

Dei vandrar no gjennom berber-landsbyar høgt oppe i Atlasfjella. I går starta dei frå Ouikameden som faktisk er eit populært alpinanlegg om vinteren - i Afrika... Dei første dagane går dei frå landsby til landsby, mens på siste del av turen er dei så høgt oppe at det ikkje bur folk. Fekk dette biletet frå Brynjulv i dag. Ser ut som at dei har det strålande og været er det i alle fall ikkje noko å sei på.

- Jarle

Nydeleg dag. Snart framme og sit no på vår stamkafe som nesten er øydelagt av flom for 2 veker sidan. Sol i heile dag, men ei lita regnbyge no.

- Brynjulv

1002

1002b

 

SUNDAG 30. SEPTEMBER 

Gjengen er på plass i Marrakesh og turen er i gang! I dag er det sightseeing der dei skal få sjå mykje av det denne eksotiske byen kan by på. Marrakesh ligg på dei store slettene mellom Atlanterhavet og Atlasfjella og om dei er heldige ser dei 4000 meter høge fjell frå toppen av hotellet dei bur på. I går stod dei to timar i kø ved passkontrollen ved ankomst... ikkje alltid alt går på skinner i Afrika. Etter at dei kom inn på hotellet som ligg i sentrum, nær den store og verdskjente marknadsplassen Djeema el Fna, åt dei middag og tok ein tur rundt i sentrum. Ei kraftig tordenbyge fekk dei til å trekka innandørs. Brynjulv melder om ei fin lita gruppe som er supermotiverte for å starte på fjellturen i morgon.

- Jarle

0930b 2

0930b 2

0930b 3

0930 

0930b 3



ATLASFJELLA 2018

Så er det igjen klart for vår eksotiske hausttur til Atlasfjella i Marokko! I motsetning til i fjor med heile 25 deltakarar på to turar, er det i i år ei lita gruppe på fem deltakarar. På laurdag flyr Kjersti, Bodil, Inger Lise, Tove og Helge sørover saman med turledar Brynjulv Eide.

Dette er ein sju dagar lang vandretur i Atlasfjella som kanskje er meir variert enn dei fleste forventar. Atlasfjella er ikkje berre ørkenfjell sjølv om dei ligg på grensa til Sahara. Her finn du også alpine tindar som nesten kan måle seg med dei i Alpane, både i høgde og majestetisk framtoning. På slutten av turen bestiger dei Jebel Toubkal (4167m), Nord-Afrikas høgaste fjell.

Men før dei reiser opp i fjella blir det også tid til utforsking av den eksotiske byen Marrakech som blant anna er verdenskjent for sin intense og livlege marknadsplass, Djemaa El-Fna. Og etter fjellturen dreg dei til kystbyen Essaouira som er kjent både for si fantastiske badestrand og den heilt spesielle atmosfæren i gamlebyen.

På denne sida legg me ut dagbok undervegs - forhåpentlegvis klarar dei å senda oss ein oppdatering stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)

atlasfjella 03

atlasfjella 03

atlasfjella 03