DAGBOK KILIMANJARO 3. AUGUST 2011

 

Sjå bilete frå denne turen nederst på denne sida.

LØRDAG 13. AUGUST

Hei! Nå sitter gjengen som skal til Norge på flyet klar for take-off frå Kilimanjaro Airport. Resten får ein rolig kveld på Kia lodge før avreise til Zanzibar i morgon tidleg. Dagen i dag har blitt tilbrakt i nasjonalparken Lake Manyara, der giraffer, elefanter, flodhester, bavianer og mange andre dyr vart beskua. Etterpå vart det litt souvenir-shopping og avskjedsmiddag. Dette har nok ein gong vore ein flott Afrika-tur med nok ei fantastisk gruppe :-)
- Knut

FREDAG 12. AUGUST

God aften Norge! Då var Ngorongoro-krateret utforska.. Å for ein dag! Det begynte med at me såg ein gepard rusle over vegen 10 meter framfor oss, før den satte seg ned i vegen bak oss og åt biller. Fantastisk flott og elegant katt. Den vart kalla Usain Bolt i etterkant... Så såg me ein løvefamilie og omtrent alt anna som er av dyreliv i Afrika, før me avslutta med eit forelska løvepar og ein svær elefant - med to stk. enorme snablar... :-) Tilbake på lodgen vart det tid til ein dukkert i bassenget før middag og feiring av Odny sin bursdag. I morgon ventar nye eventyr i skogen rundt Lake Manyara.
- Knut

TORSDAG 11. AUGUST

I går kom dei ned til Moshi og sivilisasjonen igjen. Aldri har nok ein dusj vore betre... I dag starta dei på ein eventyrleg 3-dagars safari i dei verdensberømte nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret. Her får dei sjå stort sett alt som er av Afrikas spesielle dyreliv.
- Jarle

TIRSDAG 9. AUGUST

Kl. 1900:
Endeleg Millenium camp og fersk svinekjøtt til middag. Har vore eit langt og hardt døgn med tusenvis av høgdemeter både opp og ned. Men for ein gjeng! Eg er verkeleg stolt over å få vera med ein slik flott og positiv gjeng på Kilimanjaro. Me starta toppstøtet frå leiren ca. kl. 0200 og var på toppen kl. 0830. Me hadde strålande vær på vegen med ein soloppgang som du skal leita lenge etter for å matche... Allerede i 1100-tida var dei fleste nede i leiren att - slitne men glade :-) No står ein dusj, ein Kilimanjaro-øl og ei god seng høgt på lista. Me går ned til gaten og returnerer til Moshi i morgon, så ventar safari. Jippi!
- Knut
Kl. 0800:
17 av 17 på toppen - Gratulerer til alle deltakarane! For få minutt sidan stod dei på Uhuru Peak, 5895 meter over havet. Fantastisk soloppgang og fine forhold for toppstøtet. Knut melder om ein sliten, men glad gjeng som no er på veg ned igjen til leiren. Kjempeinnsats av alle i natt!
- Jarle

MANDAG 8. AUGUST

Knut melder om fortsatt stor stemning og optimisme før nattas toppstøt - kan han klare å få alle 17 til topps? Dei er no vel etablert i den øverste leiren, og middagen er fortært. Men sannsynlegvis klarer dei fleste ikkje å få ned så mykje mat i denne høgda, det er nemleg noko merkeleg som skjer i høgda når det gjelder apetitten. Du blir rett og slett ikkje svolten. Dess høgare du kjem dess større blir dette problemet. Derfor er dette ein av turledaren sine viktige jobbar på ein slik tur å passe på at alle får i seg nok mat før toppstøtet. Dei startar litt etter midnatt, og dersom alt går etter planen står dei på toppen rundt klokka 0800 lokal tid i morgo. Akkurat no regnar det faktisk i leiren, men forhåpentlegvis gir det seg til toppstøtet startar. Sjekk innom her utpå formiddagen så får du siste nytt frå Afrika...
- Jarle

SØNDAG 7. AUGUST

I dag var det ein kort etappe frå Barranco til Karanga camp. Fortsatt er dei på ca. 4000 meter og det er først no det for alvor begynner å gå rett opp mot toppen. I dag vart dei overraska av kokken og bærarane med kake og champagne - det er faktisk 3 deltakarar som feirar 50-års dag på denne turen! I morgo er det også ein forholdsvis kort etappe opp til neste leir, men då begynner toppstøtet allerede påfølgande natt. Derfor er det greit å ikkje vera for sliten etter etappen om dagen, og at ein har ein lang ettermiddag og kveld til å slappa av og forbereda seg. Knut melder at stort sett alle no er i fin form og han er svært optimistisk framfor toppstøtet.
- Jarle

LØRDAG 6. AUGUST

Gjengen er velsigna med unormalt mykje sol og varme sjølv høgt på fjellet. Vanlegvis kjem det inn litt skyer og skodde utover dagen på dei fleste etappane, men dei to siste dagane har det vore strålande. Det er sjølvsagt bra, men det gir også nye utfordringar med tanke på væskebalanse og solbeskyttelse. Knut melder via satelitt-telefon om at dei no er i Barranco camp (ca. 4000m), midt i den mest dramatiske naturen på heile Kilimanjaro. Dei aller fleste er friske og fine, og det er ein optimistisk atmosfære i blant gjengen no som det begynner å nærme seg toppstøtet.
- Jarle

FREDAG 5. AUGUST

Mambi vipi! Rapport frå Shira camp på ca. 3850 på Kilimanjaro: I dag starta me frå Machame camp på ca. 3000 meter i strålande sol. Har vore varmt og steikande sol i heile dag, så det har tatt på kreftene. Men gruppa vår er sterk og alle har komme heilskinna opp til Shira. Litt spying har det vore, men etter ein betre middag med svinekjøtt, grønnsaker og ris har formen steget hjå alle :-) Det var ein heilt fantastisk solnedgang her i 1830-tida, og me har heist det norske flagget i campen! Med andre ord: kjempestemning på Afrikas tak! Me helser også heim til alle kjente og kjære som følger med. Over og (Kn)ut...
- Knut

TORSDAG 4. AUGUST

Då er me på veg oppover fjellet! Har akkurat spist og kost oss i første leiren, Machame camp. I dag har det vore overskya og fin temperatur å gå i. No er det flott stjernehimmel ute :-) Folk driver og pumper opp liggeunderlag og testar nye soveposar, blir ei spennande natt med andre ord. I morgo ventar nye vel 800 høgdemeter opp til Shira camp som ligger på ca. 3800 meter. Leiren i dag ligg på ca. 3000 meter. Alle i fin form. Lalla salama!
- Knut

ONSDAG 3. AUGUST

No sit ein stor gjeng spente nordmenn på flyet i retning Afrika. I kveld landar det store KLM-flyet på den vesle flyplassen ved foten av Kilimanjaro. No begynner eventyret...
- Jarle

MANDAG 1. AUGUST

Travle dagar for Knut i Afrika...
Den store gruppa som Knut leda til topps på Kilimanjaro for få dagar sidan er no på safari. Men på onsdag drar ei ny stor gruppe frå Norge, og Knut får berre så vidt igjen pusten etter den første Kilimanjaro-turen før neste gruppe knyter på seg fjellskoene. Følg med her for oppdateringar undervegs.
- Jarle

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka
Alle foto: Knut Horvei