DAGBOK MERA PEAK 3. - 24. NOVEMBER 2024

 

LAURDAG 23. NOVEMBER

Så var det å pakke ut på nytt og finne fram att sovepose og underlag. Draumen om ein varm dusj i Katmandu vart forskjøve eit døgn. Same rutine om morgonen att og etter frukost vart bagasjen effektivt frakta til flyplassen. Medan Buddhi og Jarle ordna opp, slappa vi andre av med kaffe og godsaker utandørs på ein kafé. Brått var det vår tur, og alt skjedde fort. Vi var tildelt femte avgang med vårt selskap. Skyene dukka opp, og vi vart på nytt urolige. Men vi kom avgarde til Ramachep og var lykkelege. Etterpå vart vi kjent med at vi var dei siste som kom ut den dagen.

Etter ein flott flytur med utsikt bl a over imponerande terrassejordbruk i åssidene, var det klart for ein 6 timars busstur til Katmandu. Vi hadde høyrt at vegen var dårleg etter flaumen i august som tok om lag 150 menneskeliv, og vegen vart øydelagt i lange strekningar. I staden for den gamle i åssidene var det der laga mellombels veg i elveleiet. Og av svært dårleg standard. Vi såg merker etter ras overalt, store betongelement som var feid med av elva og hus som var tekne eller hang i lause lufta. Trur eg var den einaste som fekk meg ein times søvn i ristinga. Vel framme tok vi den etterlengta dusjen før middag med det vi hadde lyst på etter turen. Nokon av oss skeia ut med ein drink på Buddha bar.

Etter ei natt i ferdig oppreidde senger, besøkte nokon det flotte Apetempelet, og det var tid til shopping og for enkelte massasje av dei mykje brukte musklane.

I lunsjen på hotelltaket vart Loben takka for ein flott regi av turen saman med sine folk. Buddhi var allereie i gang med nytt oppdrag. Dei fem som nådde toppen fekk sine vel fortjente diplom. Så transport til flyplassen som nesten alle rakk. På flyplassen for reise til Doha møtte vi att Therese som vart frakta ut fra HighCamp pga nedkjøling. Det går heldigvis betre med henne. 

Vi kan vel knapt seie at vi har opplevd Doha etter bussturen til hotell og ny overnatting frå midnatt i oppreidd seng. For alle unnateke Sonja, som forlenger turen, var det opp kl fem og medbrakt frukost til flyplassen. No ventar sju timar på fly til Oslo og for fleire videre derifrå. 

Alle gleder seg til å koma heim, men det er og vemod etter heilt fantastiske opplevingar. Vi var ein gjeng med ulikheiter, men som gjekk godt saman, og humor og gode kommentarar sat laust. 

Takk til Jarle for hans gode og positive leing av heile turen. Når dei fleste andre pusta og pesa, hadde han lange og gode samtaler med dei som greide å prate, og han var like blid om han fekk same spørsmål fra oss etter tur. 

Takk til alle for ein fantastisk tur! 

- Jan

(Alle foto på denne sida: Jarle Trå)

 

TORSDAG 21. NOVEMBER

Å, for ein strålande morgon! Gjennom doggvåte vindauge på Buddha Lodge kunne vi sjå at fjella gradvis steig fram i strålande sol. Ein perfekt dag for å forlate fantastiske Himalaya for denne gongen. 

Pakking og frukost vart unnagjort i vel innarbeidd rutine. Så held vi oss i beredskap på den solfylte takterrassen og venta på at Budhi skulle kalle oss inn til terminalen. 

Lukla er ein svært travel flyplass og flya gjekk i eit dampande jag. Flyselskapa måtte prioritere fly til Ramachep først sidan denne var meir utsett for stenging enn vårt mål, Kathmandu. 

Tida gjekk og i til slutt kom beskjeden om å stille. I mellomtida hadde folk spreidd seg litt, men Buddhi og Jarle fekk samla alle. Bagane var alt klarert og snart var også pass samla inn og ryggsekkar vegde og godkjent. Alt var klart for security. 

Så vart flyplassen plutseleg stengt! 

Skodda hadde lagt seg for lavt. Alternative reisemåtar vart drøfta og forkasta i tretida (helikopter til Ramachep, mellom anna, vart for dyrt for dei fleste). 

Vi bestemte oss for ei mildare skjebne dagen etter og gjekk på byen for litt real kjøttmat. Så får vi sjå - avreise frå Kathmandu er trass alt først om to døgn.

- Sindre

 

ONSDAG 20. NOVEMBER

I natt bodde vi i Chettrabu 

Et sted der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

 

Vi våknet til strålende soloppgang

Etter frokost var siste etappe igang

 

500 meter rett til himmel

Det var nesten så vi ble litt svimmel

 

Fjellene står hvite og skinner

De har gitt oss mange gode minner

 

Over 3 pass vi spratt

Heldigvis var det ingen som datt

 

Det var mye is og snø på vår sti men vi var alle like bli

 

1800 meter nedover det ble

Og plutselig en bag ned lia skle

 

Til Lukla vi kom og har det bra

I morgen tidlig skal vi fly her fra

 

Dette har vært et eventyr av en tur

Vi har vandret i en fantastisk natur

 

10000 høydemeter oppover fjellet vi gikk

Og heldigvis var det ingen som gikk i klikk

 

Buddy og Loben, samt Jarle fra Voss

Har stått på pinne for alle oss

 

Det har vært mye humor og latter 

Nye vennskap og turer kan bli nye skatter

 

For resten av turen kan hende du lurer? 

Men «what happens in Kathmandu stays in Kathmandu»

- Kristine og Ada

 

TYSDAG 19. NOVEMBER

Dagen starta som vanleg, men rett etter frukost gjekk vi ned til eit hinduistisk tempel bestående av to kjempestore steinblokker nær kvarandre. Nesten alle gjekk igjennom den smale passasjen utan å vita kva ein oppnådde med det.

Deretter starta turen videre tilbake, først litt langs elva, så opp og ned i lia ovanfor. I alt gjekk vi 1.100 meter opp og 500 meter ned i dag, stort sett i ein jungel med enorme mengder stor og flott rhododendron. Tenk å fått sett blomstringa i mai/juni. Noko som ligna på tuja var det og mykje av.

Lunsjen vart teke ute i Taktho. Herfra går vi ei anna og raskare rute tilbake mot Lukla. Vi tok fyrste del av stigningane opp mot passet på 4.600 meter som vi skal passere i morgon. Farten er mykje høgare enn i stigningane innover, men dei fleste av oss pustar godt i bakkane.

Vi gjekk igjennom eit vakkert område som minte oss om norsk fjellterreng, men vi hadde ulike meiningar om kvar. Så kom vi fram til vår overnattingsplass Lama Lodge i Chetrabu på ca 4.200 meter. Her var det enkle forhold, men med solpanel og ein effektiv vedovn midt i stova var det triveleg og god stemning.

- Jan

 

MÅNDAG 18. NOVEMBER

Så er klimaks for turen lagt bak oss, iallefall i konkret forstand: På turen i dag gjekk praten i stor grad ut på å memorere og evaluere toppstøtet. 

Vi er no på veg ut Hinkudalen, langs elva. Same ruta som vi følgde innover, med mål Khote. Fint gjensyn med eviggrøn rhododendron og storvokst barskog. 

På slutten kom skodda krypande mot oss og ga turen ei litt kjøligare avslutting enn vi har vore vane med. 

I Khote har vi stimulert til sterkast mogleg bruk av brennved, for det trengtest. Omnen midt i romet er populær!

- Sindre

 

SØNDAG 17. NOVEMBER 

Etter, for dei fleste, ei søvnlaus natt grunna mykje vind og "røsking" i telta stod vi opp klare for den verkeleg store etappen på denne turen. Litt havregrynsgraut måtte ned før sele, storsko og stegjern skulle på. Litt over 02.30 stod vi klare i våre respektive taulag. Fullmånen var på plass og gav eit flott lys over denne spennande natta. Vinden som holde oss våkne i natt hadde også bestemt seg for å skru opp vanskelegheitsgrada på toppstøtet vårt, og i 4-5 timar kjempa vi mot motvinden. Dette var ei kraftanstrengelse av dei sjeldne då vi sleit oss opp dei bratte bakkane. Gruppa vart delt, noko som er normalt på desse høgder. Då vi nærma oss toppen kunne vi sjå ei raud linje i horisonten og etter litt kom sola fram. Dette gav ny energi. Vinden følgde oss heile vegen, men med god hjelp frå både sherpaar og turkameratar kom 5 slitne deltakarar seg opp til toppen. Frå toppen og på turen ned hadde vi panoramautsikt mot det flottaste av der flotte Himalaya har å by på: Mt Everest, Lhotse, Makalu, Kanchenjunga, Ama Dablam, Cho Oyu og mange mange fleire fjell! Nede i campen fekk vi påfyll av næring før vi pakka baggen igjen og vende snuten mot Khare. Alle er gode og slitne etter ein slik dag, så no blir det godt å få sove til 07.00 i morgon! 

Helsing Hilde 

bilde1

Bilde2

Bilde3

Bilde4

Bilde5

 

LAURDAG 16. NOVEMBER 

I dag var startskotet for toppstøtet. Vi pakka sekkar og baggar og tok fatt på etappa mot High Camp. Første del av etappa var den same som i går, opp til isbreen, men i dag gikk vi vidare over breen i 3 timar. I byrjinga var det godt og varmt, men då vi nærma oss mål kom ein kald vind. Når sola går ned vert det raskt kaldt her oppe, så det var berre å kjappe seg med å ordne til i teltet. Litt suppe og graut til middag, også var det berre å krype ned i soveposen så tidleg som mogleg, fordi i morgon er det vekking kl 01.00.

Helsing Hilde

 

SUNDAG 17. NOVEMBER

Hilde, Kristine, Sebastian, Ragnar og Ola stod på toppen av Mera Peak i 7-tida i dag! Hadde det ikkje vore for den voldsomme vinden hadde det vore langt fleire. Me hadde ein slitsom men fantastisk tur. Fleire detaljar kjem...

- Jarle

 

FREDAG 15. NOVEMBER

Me er klare for toppstøtet! I morgon går me til teltleiren på high camp (5750 moh). Natt til søndag lokal tid går me mot toppen. Det er meldt svært sterk vind heile helga, så det er ein reell sjanse for at den stoppar oss. Alle er friske og klare, så me kryssar fingrane for at ikkje vinden skal ødelegge. Me er nede igjen i Khare sundag kveld og oppdaterer dagboka då.

- Jarle

 

FREDAG 15. NOVEMBER

Etter en rolig morgen i khare starter vi ferden opp mot isbreen til mera peak i ni tiden. Sola har allerede begynt å varme godt når vi legger i vei, så dunjakka kan ligge i sekken fra start. 

Vi har fått snakkeforbud i motbakkene, så det er kun pusten som høres. Men det er forventing i lufta på veg oppover de bratte skråningene mot cramp on point. Endelig skal vi på med stegjern, klatresele og storsko og føle oss som ekte Himalayaklatrere.

Selv om bakkene er tunge og stien mer krevende enn tidligere må vi løfte blikket og ta inn de vanvittige fjellene som omkranser oss. Fjellene føles enda nærmere når vi setter oss ned ved foten av isbreen for å ta en velfortjent lunsj og tilpasse utstyr.

Vi er delt inn i taulag på fire og frie, og etter en halvtime med prøving og feiling er vi bundet inn i tauet og klare til å ta de første stegene på snø.

Vi går en liten time på breen, sola varmer, snøen er tindrende hvit og det er sikkelig påskestemning. Etterhvert setter rutinene seg i taulagene og når vi klipper oss ut av tauet igjen føles toppen innen rekkevidde.

Når vi kommer ned til lunsj i khare er Jarle såpass fornøyd med oss at han er sikker på at alle er i stand til å komme på toppen. Ettermiddagen blir brukt til pakking og de siste forberedelsene før vi starter toppstøtet i morgen.

- Ola

 

ONSDAG 13. NOVEMBER 

Nok ein fin dag i Himalaya. Vi våkna med is på ruta og ein klar himmel. I dag er målet Khare, 4880 moh, vår siste lodge før vi om nokre dagar skal over i telt ved high camp.

Vi starta dagsetappa før sola traff oss, så då var det berre å finne fram både ull og dun. Varmen kom gradvis opp den første bratta. Så snart vi kom inn i sola var det behov for ei teknisk pause. Her tok vi også ein snartur bort til eit turkist isbrevatn. Som vanleg på denne turen var omgivnadane spektakulære. Ein kjenner seg liten her omringa av 6000-meterstoppar og isbrear på alle kantar. 

Det går sakte i motbakkane no. Dei fleste har nok med å konsentrere seg om eigen pust, for å få i seg det oksygenet som trengst. 

Dalen opnar seg meir og meir, og framme på lodgen har vi panoramautsikt mot dei storslåtte fjella. 

Mange har fått smaken på den lokale kakaoen, og med sol og snø i tillegg kjem påskestemninga snikande. Rart å tenke på at det snart er jul. 

Vi skal ha nokre dagar her i Khare før turen går vidare opp fjellet. Vi følgjer spent med på vermeldinga for dei komande dagane og toppstøtet. 

Helsing Hilde og Lilly 

Gruppebilde

Vatn

TYSDAG 12. NOVEMBER

I dag var 1. akklimatiseringsdag opp til 4813 moh med utgangspunkt i lodgen Tagnag på 4265 moh. Jarle hadde latt oss «sove» til kl 7 i steden for til kl 6, dvs ligge i soveposen for å holde varmen før te og kaffe ble servert. For sove har vi litt ulik erfaring med pga dodør og gulv som knirker og kanskje litt snorking fra rommet ved siden av. Men nok om det.

Frokost ble kl 8 og avgang kl 9.30 da Jarle mente sola ville nå ned til oss over fjellkanten. Og det stemte, vi gikk ikke mer enn 20 meter før solstrålene varmet opp og dunjakka måtte av.

Vi fikk med oss et lite skred fra fjellet på andre siden av dalen nesten før vi var kommet ordentlig i gang og flere måtte opp med kameraet. Det ble flere pauser oppover lia for nå merker vi høyden godt på pusten, vi er andpustne hele gjengen bortsett fra Jarle da som alltid har noe å prate om mens vi andre har nok med å flytte en og en fot.

Forresten er Sebastian i en klasse for seg, han syntes det var for mye bry og slitsomt å ta ut alle colaflasker han har i sekken før dagens tur. Men for en utsikt vi hadde i alle retninger til de majestetiske toppene rundt. Vi kan jo bli andpustne bare av det.

Lunsj vel nede igjen kl 14. Deretter avslapping frem til middag kl 17.30 og håp om at varmen i matsalen skal bli høy nok til i hvert litt av glidelåsen på dunjakka kan trekkes ned.

- Ragnar

 

MANDAG 11. NOVEMBER

Fra bratte lier til høyfjellet

Etter flere overnattinger på ensomme lodger i stupbratte skråninger eller utspring, lå Khote (3594 moh.) der som en hel liten landsby i åpent landskap.Vi var kommet ned i elvedalen som vi nå skulle følge videre. 

Vi kan tidlig fram og det ble god stemning i spisesalen, eller skal vi si kaffebaren på Lama lodge der vi kunne bestille nybakt kake og valgfri "bykaffe".

Utpå kvelden kom tåka sigende. En kald og guffen nattmorgen og regnfull værmelding lovte ikke godt.En del forberedte seg med rikelig med klær, men som Jarle trodde, klarnet det opp. Når sola endelig traff dalbunden, var det bare å hive av seg og nyte varmen.

Vi var nå kommet opp i høyfjellet og gikk oppover en slak brei elvedal. Senest på 1990-tallet brast moreneveggen rundt et vann og slapp vannmassene løs. Nå rant den store elva stri nedover på vår høyre side, mens vi vandret oppover mellom små og store steiner etterlatt av flommer. Vakkert med fossene isvann, store kampesteiner og ikke minst imponerende hvitkledde tinder.

Etter noen timer ankom vi et enslig te-hus som lå midt på sletta. Selv om en kald vind hadde begynt å trekke nedover dalen, valgte vår gruppe av typiske norske turfolk å kle godt på seg og nyte sola utafor. For å spise måtte vi likevel inn, for "ikke å få sand i maten". 

På veien videre kom vi til et lite kloster som var bygd inn under en enorm kampestein sånn at rommet hadde halvt stein- og halvt tretak. Her fortalte Buddhi om buddhistiske tradisjoner der munker av og kom kommer opp for å gjennomføre seremonier med hellige trommer og blåseinstrumenter. 

Deretter bar det videre til Tangnag (4265 moh.) i et betydelig kaldere vær. Lufta her i høyden er frisk, klar og kald, så når sola blir borte bak skydotter fulgt av vind, blir det iskaldt. 

Også Tangnag består av flere lodger med "restauranter" - veldig enkle vertshus. Her treffer vi på andre turgrupper i samme ærend, men vi er nærmest alene på vårt vertshus - Mera guesthouse. Her er det kaldt, men det hjelper godt at de fyrer opp til middag halv seks, og til og med holder dørene lukket. Tidligere har de stort sett fyrt for kråka. 

Alle er ved godt mot og ser fram til en "hviledag" i morgen.

- Marit

 

SØNDAG 10. NOVEMBER

Vi vakna i Chetra Kola til nok ein dag med finvær. Og soloppgang mellom fjella under frokosten. Alle tok fatt på fleire hundre meters stigning med godt mot. Og det var mange bratte bakkar i reine urskogen både opp og ned. Begrepet kupert terreng har fått ei ny betydning. Det vart meir skya vær utover dagen, men dermed mindre sveitte. Sebastian har syntes sekken var for lett, så han har fylt den opp med 5 liter cola. Nokon av oss har sett ny høgderekord på ca 3.600 meter. For dei fleste er dette reine låglandet å rekne. Endeleg kom vi ned til den flotte elva i Hinkudalen, og brått dukka Kote opp med vår lodge for det neste døgnet.

- Jan

Gjengen

Mera

Utsikt

LØRDAG 9. NOVEMBER

Vi vart vekt opp i Ramailo Danda med te og kaffi i grålysninga i sekstida og raskt hadde vi sol og ei fantastisk utsikt over nedre del av Hinkudalen. Turen gjekk først bratt oppover nokre hundre meter og så bratt ned mange hundre meter. Og så gjentok vi dette nokre gongar. Dette er livet, og det er dette vi er her for! Særleg etappen etter lunsj på Gurase Dada Valley View passerte vi nokre verkeleg bratte og dramatiske strekk. 

Med stødige fartshaldarar i front held vi eit roleg og fornuftig tempo som ikkje tømmer oss for krefter. 

- Sindre

 

FREDAG 8. NOVEMBER

En frisk og nokså uthvilt gjeng tar farvel med den sjarmerende lodgen og begir seg mot Panggom La-passet (3174 moh). Vi har følge av lodgens vennlige hund som har lagt sin elsk på gruppa. På tur opp mot passet passerer vi en skole (1-roms), et buddhist-kloster og små husklynger. Dette er den siste fjellgrenda vi møter på vår vandring opp mot Mera-massivet. Heretter er det bare lodger for trekkere som gjelder. En teknisk stopp på toppen er helt nødvendig da været igjen viser seg fra sin aller beste side. På med shorts og faktor 50.

Etappen i dag er fantastisk fin. Kupert. Ned i Hinkudalen. Omgitt av mengder av rhododendron. Man kan ane hvordan det er å vandre her i april, under blomstringen. Vi ser også nå Mera Peak i all sin prakt, snødekt og majestetisk. Ellers observeres en gjeng apekatter, kyr, kalver og geitekillinger. Dagen avsluttes med en solid motbakke opp mot vårt mål Ramailo Danda ( 3309 moh). Etter middag får quizen en closure, og freden kan nå senke seg. Her spilles også Yatzy og det siteres høyt fra Fatlands bok fra Himalaya. Jarle uttrykker at han har stor tro på gjengen (foreløpig) og mener vi har det som skal til for å nå våre ulike mål for turen. Vi er usikre på om han sier det kun for å være grei, men at form & humør er på plass i denne gjengen, hersker det ingen tvil om. 

- Sonja

 

TORSDAG 7. NOVEMBER

Dagen startet med vekking kl.06.00 i form av kaffe og te, nydelig! Grei frokost før vi la ut å neste etappe. Etter hvert steikte solen og det ble helt fantastisk men veldig varmt. Solkrem i tykke lag. Dagen før hadde Jarle gitt ordre om at vi måtte pakke den tykke dunjakken, lue og hansker. Å så lydig som vi er så gikk alle med total unyttig overvekt hele dagen! Ikke sikker vi hører på han neste gang…. 

Ada, Marit og Endre tok seg en dukkert og fikk vasket litt skitt i en deilig kulp i en elv. Veldig tøffe folk i denne turgjengen! 

Terrenget i dag har vært utrolig flott. Fantastisk utsikt til høye topper og dype daler, flotte stier langs bratte fjellsider. 

Vi er en super gjeng på tur i Himalayas spektakulære landskap. Det har dannet seg en fortropp og en baktropp. Vi har begynt å bli kjent og humoren sitter løst. 

Etter å kjempet opp 914 bratte høydemeter ankom vi Pangom litt tidligere og kunne nyte solen og en fabelaktig utsikt fra øverst i fjellsiden. 

Dagbokskriverne (Kristine og Ada) nøt en velfortjent øl mens vi skrev dette ute i sola.

- Ada og Kristine

 

Gjengen nyter de siste solstråler på Mera View Lodge, som bærer sitt navn med rette. For en utsikt… Noen tar en hårvask i iskaldt fjellvann, andre unner seg en øl. En særdeles fornøyd gjeng inntar middag fra en rikholdig meny, mens vertskapet med varierende hell prøver å få fyr i ovnen. Vi er enige om at de kan lage chips på denne lodgen, samt deilig vegetarpizza. Man påbegynner nå en quizrunde med tema fjell i inn og utland og norske nasjonalparker. Denne tar etterhvert en seriøs vending, med spissing av lagene, høylytte og engasjerte diskusjoner om fylkesgrenser, høydemetre og førstebestigere. Utallige utslagsrunder fører ikke til noen avgjørelse.

- Sonja

 

ONSDAG 6. NOVEMBER

Vi startet dagen kl 5 med spektakulær flytur med eget fly til Lukla. Landing mellom fjell, med myk landing i oppoverbakke på 11,7 grader helning på flyplassen i Lukla. Ved ankomst Lukla traff vi også guidene våre, Santos og Tendi. Loben og Buddy var med fra Kathmandu. 

Vi spiste en fin frokost på terrassen i sola, mens vi så flyene lette og lande. 

Siden noe av bagasjen var sendt opp dagen før måtte vi foreta ompakking av bagasjen før vi startet første etappe i Himalaya-fjellene. Endelig var vi i gang! 

Dagsetappen startet bratt nedover før vi gikk bratt opp igjen til Paya (2730moh). Vi hadde lunsjstopp underveis der vi satt ute og koste oss i sola. Turen gikk i skogsterreng der vi så glimt av de karakteristiske Himalaya fjelltoppene. Vi møtte en mengde muldyr som frakter varer oppover til de som bor her og driver Lodgene. Resultatet ble en sti full av gjørme! 

- Ada og Kristine

 

TYSDAG 5. NOVEMBER

I dag har me opplevd litt av det Kathmandu kan by på, og me har gjort dei aller siste forberedelsane. Grytidleg i morgon flyr me (forhåpentlegvis...) til Lukla i Khumbudalen. Der startar vandreturen mot foten av Mera Peak. Alle gledar seg til å komme i gang med sjølve fotturen. No er me klar for Himalaya! 

OBS! Dei første dagane av fotturen er det dårleg nett, så ikkje forvent oppdateringer ofte...

- Jarle

 

MÅNDAG 4. NOVEMBER

Me er på plass i Kathmandu, "Himalayas hovudstad". I dag har me slappa av etter ein lang flytur, hatt informasjonsmøte og pakka utstyr. I morgon skal me oppleva denne spesielle byen der ein kan sjå hinduar som brenner sine døde og apekattar som regjerer eit kloster. Kathmandu er verkeleg noko for seg sjølv.

- Jarle

 

NAMASTE!

"Namaste" blir nytta som helsing i Nepal. Det tyder "Eg helsar guden i deg".

Så er det tid for haustens store Himalaya-eventyr! Hilde, Lill June, Sonja, Marit, Jolanta, Sebastian, Jan, Sindre, Therese, Ada, Ragnar, Kristine, Endre og Ola flyr på sundag i retning Kathmandu, hovedstaden i det vesle fjellandet Nepal - og for dei fleste også "hovedstaden" i Himalaya. Eg ledar sjølv denne turen og eg gledar meg veldig til igjen å besøke det fantastiske området rundt Mera Peak, som ligg eit stykke aust for Khumbudalen. 

Buddhi og hans crew med blant anna fleire erfarne og kompetente sherpaer skal hjelpe oss opp på dette fjellet som er det høgaste såkalla trekking-fjellet i Nepal, altså som du kan bestige utan klatretillatelse. Det er høgare enn både Island Peak og Lobuche East. Frå Lukla vandrar me søraustover før me setter kursen nordover Hinkudalen mot Mera.

Sjølv om Mera Peak er 6476 moh. (6500 står det nokre stader...) er det likevel utsikt opp mot fjell som er endå høgare - blant anna Everest, Lhotse, Makalu og Kanchenjunga. Også Cho Oyu får me sett undervegs på denne turen, så i alt ser me sannsynlegvis fem 8000-metringar.

Sherpaer hjelper deg til topps på Mera Peak, akkurat som på ekspedisjonane på dei endå høgare naboane. Her får du førstehånds kjennskap til kva Himalaya-klatring dreiar seg om, om enn i litt lågare høgder.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen. Ikkje forvent oppdateringar kvar dag, men me satsar på å få oppdatert med eit par dagars mellomrom.

Les alt om dagsprogrammet for turen her

(Bilete frå fjorårets tur. Sjå fleire bilete her. Foto: Jarle Trå)