dagbok ACONCAGUA 2015


Fekk følgande fantastiske bilete frå Linda - heile gjengen på toppen av Aconcagua:

 

 

 

LØRDAG 21. FEBRUAR


Oppsummering av turen frå Linda og Tina:

 

Da sitter vi her i Mendoza igjen etter ein fantastisk tur. Me har opplevd masse og foelt paa like masse. Aconcagua er et mektig fjell men saa vakkert?. og stoevete. I stikkord kan turen kan oppsummeres slik:
-varmt, kaldt
-nydelig vaer
-steinete, stoevete
-overveldende, vakkert, fantastiske folk -fjellene har fargene I roedt,gult og groent -muldyrene og arrieros;) Teltliv, dotelt, maa oppleves!
-drikke drikke drikke-tisse tisse tisse.
-pakke, gaa, spise, hvile, puste(viktig) -god mat, ost,skinke,sjokolade;) eat something;) I foelge Micky!
-godt samhold og vennskap
-stjernehimmelen
-storm og flyvende telt
-litt dramatikk men mest hygge;)
Det er vanskelig aa beskrive kva vi har vaert med paa, men me sitt alle igjen med fantastiske minner og gode vennskap etter denne turen. Me vil takka Haavard, Tor Olav, Micky og Rustico for ein uforglemmelig tur og deira kunnskap og erfaring som fekk oss alle trygt opp og ned fra Dronninga av Andes;) LIVET ER HERLIG PAA TUR;)

 

Linda og Tina!

 

----------------------------------

 

Oppsummering frå Tove og Johanna:

 

Attende i Mendoza etter mange spennande dagar i Andesfjella!

 

Turen fraa Camp 2 til Camp 3 var toeff for dei fleste av oss, med sekkar tunge som bly. Men mi kom oss opp dei noedvendige hoegdemetra, og var glade for at telta allereie var satt opp av vaare nydelege portadores (berarane). Vel framme i campen var det kun fokus paa toppstoet, og mi kraup inn i telta saa snart som mogleg. For dei fleste av oss starta toppstoetet kl. 0300, medan vaare lokale heltar, fjellguidane Miki og Rustico var oppe heile natta for aa smelte sno til vatn for aa sikre oss nok drikke foer, under og etter toppstoetet. Mi starta turen i moerket, ca kl. 0500.

 

Dei foerste timane gjekk i veldig bratt terreng, og det var kaldt og moerkt. I morgongryet med utsikt over Andesfjella hadde mi vaar foerste drikkestopp, foer mi gjekk mot Independencia. Her blei det ei god spisepause, slik at mi hadde tilstrekkeleg energi til aa takle Traversen.
Etter ei god pause ved grotta delte mi oss i to grupper foer mi starta den berykta Canalettaen. Tove og Hildegunn skjoente ikkje at dei passerte denne frykta helvetesbratta foer dei var paa toppen. Kanskje like greit :-) Og dei fleste synst vel egentlig at Traversen var verre.

 

Slitne, men lykkelege kom mi alle til topps utpaa ettermiddagen. Den fantastiske utsikta i alle himmelretningar var utan tvil verdt alt slitet.
For dei som lurer paa om det er toft aa bestige Aconcagua kan mi herved bekrefte det. Turen tok til saman rundt 16 timar, og mi var ikkje attende i campen foer ved solnedgang.

 

Mi har tydelegvis hatt eit flott opplegg i forhold til aa venne seg til hoegda, ingen av oss hadde saerlege problem samanlikna med andre grupper mi saag paa veg mot toppen. Og til tross for ein perfekt toppdag med straalande sol og lite vind, opplevde mi fleire mennesker med alvorlege sjukdomsteikn og behov for hjelp.

 

Vel nede att i Camp 3 kraup mi troytte og glade inn i soveposane. Dei fleste av oss vart der heile natta, men for nokre blei natta meir dramatisk enn som saa. Vind opp til full storm i kasta jaga Hildegunn ut av teltet i bekmoerkret, og dei naermaste teltnaboane hoyrde eit svakt skrik om hjelp i vinden. Hildegunn hadde vakna av at det einaste som holdt teltet hennar til bakken var hennar eigen kroppsvekt. Heldigvis kom syster Aud og Tina til unnsetning, litt etter kom ogsaa heltane fraa Floroe (Tom og Haakon) etter aa ha faatt paa seg full ekspedisjonsbekledning. Bortsett fraa Tove (med oyreproppar) og Linda som sov godt nedi soveposane, var nok dei fleste av oss relativt mykje vakne denne natta. Daa morgonen kom var det minst fire andre ekspedisjonar som hadde mista telt i loepet av natta, vaare stod imidlertid fjellstoett. Tor Olav (i stilongs og dunjakke) og Miki stod paa heile natta for aa sikre telta vaare.

 

Mange haapte nok paa ein lett tur ned til Plaza de Mulas (basecamp), men turen var meir slitsom enn som saa. Sjoelv om det gjekk nedover heile vegen var det tungt for bein og saare foetter nedover eit kjempegrustak med sekk paa over 20 kilo for dei fleste. Men mi kom vel fram, fekk god middag og ikkje minst deilig drikke paa kafeen. Siste natta i telt var nesten litt vemodig, men best av alt: mange av oss sov gjennom heile natta utan aa maatte tisse fire gonger. Lykke!

 

Turen ut av nasjonalparken i gaar var lang og ganske slitsom. Paa slutten stakk Tom ein liten ekstra omveg, som medfoerte lettare panikk i mannskapet idet mi talte opp antall deltakarar og oppdaga at mi mangla ein. Heldigvis kom han kjapt til rette, og mi kunne sette retning Mendoza. Paa vegen plukka mi opp alt ustyret som hadde blitt frakta ut fraa Basecamp av los arrieros, med Solcito i spissen. Linda var lykkeleg over gjensynet med kjekkasen paa muldyr! I bussen paa veg heim var stemninga hoeg, ikkje minst med bra musikk og dansing i midtgangen.

 

Innsjekkinga paa femstjerners hotell med sekkar og bagar fulle av muldyrskit gjekk faktisk knirkefritt (til tross for eit par skraablikk). Foerste dusjen paa fjorten dagar var himmelsk, Johanna maatte vaske haaret tre gonger foer det kjentes reint!

 

I dag har mi hatt avslutningsmiddag med Miki og Rustico, mange fine ord blei delt og gode minner forsegla.

 

Klem fraa Tove og Johanna

 

 

ONSDAG 18. FEBRUAR

Ikkje så enkelt å komme gjennom på satellitt-telefonen ikveld, men eg fekk ein melding om at alt står bra til. Dei er no i Plaza de Mulas, basecampen på den andre sida av fjellet. I dag snøar det og er kaldt - godt at toppstøtet var i går og ikkje i dag! Dei går i morgon den siste etappen ut frå fjellet. Dei sender meg meir detaljert oppdatering ang. toppstøtet og alt som har skjedd dei siste dagane så fort dei kjem til Mendoza og har tilgang til internett igjen.
- Jarle

 

 

 

TYSDAG 17. FEBRUAR

ALLE PÅ TOPPEN!!!
For få minuttar sidan kom den fantastiske - ja nesten utrulege - beskjeden... Å få alle 13 på toppen + 4 guidar er definitivt i overkant av kva ein kan forventa når det gjeld Aconcagua. Stemma til Tor Olav var prega av høgda og av slitet, men og av glede. Prestasjonen gjengen har utført i dag er vanskeleg å forstå for dei som ikkje har prøvd seg på eit verkeleg høgt fjell før. Det er berre å gratulere...
Fleire detaljar om toppstøtet kjem kanskje seinare i kveld, evt. i morgon.
- Jarle

 

 

MÅNDAG 16. FEBRUAR

Absolutt alle i den store gruppa sit no i telta i Camp 3 på nesten 6000 meter, klare for nattas toppstøt. Ei av dei store utfordringane på eit så stort fjell er å halda seg friske fram til toppstøtet. Immunforsvaret er ikkje det samme i stor høgde som det er på havnivå. Det er derfor eg har nevnt i stort sett alle oppdateringane som har komme undervegs at alle er friske og raske. For dette er verkeleg uvanleg - at alle i ei så stor gruppe er i toppform på dette tidspunktet, og berre sitrar etter å ta den siste etappen til toppen. Men me skal likevel ikkje tru at alle kjem til topps i morgon... det er eit svært tøft toppstøt som står framfor dei. Men værmeldingane blir betre og betre, det er meldt lite vind. Dei startar ca. kl. 05:00 lokal tid og vil ikkje vera på toppen før på kvelden norsk tid. Det vil sannsynlegvis gå lang tid før dei får oppdatert oss her heime, så ikkje bli bekymra om det ikkje kjem oppdatering før seint på kvelden. No sender me alle gode tankar til gjengen vår som sit i dei små telta sine på nesten 6000 meter i Andesfjella og er litt smånervøse før morgendagens toppstøt...
- Jarle

 

Det er ikkje enkelt å sove på 6000 meter. (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon. Foto: Jarle Trå)

 

Utsikta frå 6000 meter er unik. (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon. Foto: Jarle Trå)

 

Også i år er det lite snø på fjellet, akkurat som på dette biletet. Dette er traversen på ca. 6500 moh. (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon. Foto: Jarle Trå)

 

Toppen av Sør-Amerika... (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon. Foto: Brynjulv Eide)

 

 

LØRDAG 14. FEBRUAR

Gjengen har kviledag i Camp 1 i dag, i går transportert dei utstyr til Camp 2. Værmeldingane blir betre og betre og det ser no ut som at det er tirsdagen som blir dagen for toppstøtet. I morgon går dei til Camp 2, mandag går dei vidare til Camp 3. Men dette er sjølvsagt ein plan som kan endra seg etter kvart som dei siste værmeldingane tikkar inn. Alle taklar høgden bra og det er ein uforsksamma sterk gjeng som no gjer seg klar for toppstøtet.
Tor Ivar; Gratulerer med dagen, Marie!
Tina: Hilser til Amalie, Victoria og mamma!
- Jarle

 


Livet i stor høgde er enkelt - gå, kvile, ete... Her har ein kun overskot og energi til dei heilt essensielle tinga. Når ein ikkje forflyttar seg er det viktig å slappe mest mogeleg av. Restitusjonen går tregare og tregare dess høgare du kjem. (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon. Foto: Jarle Trå)

 

 

TORSDAG 12. FEBRUAR

No er det slutt på luksusen i Base Camp... I går gjekk dei opp til Camp 1 (ca. 5000 meter), og no skal dei i utgangspunktet ikkje ned igjen før dei forhåpentlegvis har vore på toppen. På ei dårleg satellitt-telefonlinje frå Camp 1 kunne Tor Olav oppdatere oss alle om at dei har det strålande - bokstaveleg talt - i dag har sola skine frå skyfri himmel! Dei gjekk i dag ein tur opp til 5300 meter for å akklimatisere. I morgon er det bæredag opp til Camp 2, som dei etablerer på ca. 5500 meter (Camp Colera). På dette tidspunktet i ekspedisjonen begynner dei å sjå ekstra nøye på værmeldingane, og det kan sjå ut som at mandagen er ein bra dag å satse på toppstøtet. Etter (den svært teoretiske) planen skulle toppstøtet skje tysdag, men då kan det sjå ut som det skal komma ein del snø på fjellet. Alle er friske og fine, og alle var med opp til 5300 meter i dag, eit teikn på at det er ein sterk gjeng me har med også i år. No begynner det for alvor å bli spennande - eg reknar med at neste oppdatering kjem lørdag kveld.
- Jarle

 


Dette er området dei skal gå gjennom i morgon på veg opp til Camp 2. (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon. Foto: Jarle Trå)

 

 

 

TIRSDAG 10. FEBRUAR

Solen vekte oss klokken 08.00, mens vi fortsatt lå i posen. Sein frokost og obligatorisk legesjekk i dag, alle er fit for fight. Dagen gikk ut på soling og kaffedrikking fram til lunsj. BBQ ble servert 14.00, nok en gang store mengder kjøtt, vi klager ikke. Senere på dagen hadde Micky en leksjon i hvordan man skal lage mat i høydecampene. Akkurat nå venter vi på middag, riktig nok ikke helt sultne etter dagens lunsj.

 

Haavard hilser til Elin; Elsker Deg!

 

Tor Ivar;
Gratulerer med overstått til pappa. Hilser til Marie, K og K, Einar, Atle, Dansken og Toosemor.

 

Johanna;
Hilser til Mamma. Gratulerer med dagen 12. februar. blodtrykket passerte legesjekken!

 

Hildegunn, Aud og Trond hilser til familie og venner.

 

Tante Linda hilser til Vilde, Vegard, Tine og Ingeborg. Savner dere!

 

- Tor Olav

 

 

MANDAG 9. FEBRUAR

I går var første store test, nemlig bæredag til camp 1. For forste gang på turen veide sekkene 15-20 kilo, dermed et godt utgangspunkt for en tung dag. Vi startet klokken 10.00, i fint vær og i fint driv, alle i god form. Mot siste bratte parti på ruten skiftet været, og vi fikk føle på både kald vind og snø. Ca. klokken 15.00 var vi framme, mange slitne, men ingen syke, en bra dag! Etter å ha sikret dagens cargo, ruslet vi ned i eget tempo. Pizza til middag og folk tidlig til sengs, nå skal en hviledag gjøre godt.
- Tor Olav

 


"Restauranten" i base camp... (Foto: Tor Olav Berg)

 

 

SØNDAG 8. FEBRUAR

Vi var fremme i basecamp rundt 15:30 i går, alle litt slitne etter en varm og lang dag med mange høydemeter. Etter at campen var etablert ble vi servert god middag, og det ble tidlig kveld på alle. Ikke alle fikk sove, da det tilfeldigvis var bursdagsfest for en av bærerene i campen...

 

Vi våknet i dag opp til strålende sol, som vanlig. Frokosten ble servert 08:30.
I dag har vi en hviledag, men vi sitter ikke helt stille. Vi tok en tur opp til 4500 moh. for å kjenne på høyden og bli kjent med ruten opp til camp 1. Alle i god form, til tross for 1000 høydemeters stigning i går. Vi var nede igjen til en god lunsj, ca 13:30. Resten av dagen går med til hvile og pakking for bæredagen imorgen.

 

Linda hilser til familie og venner. og alle paa strælebehandlingen i Bergen og Stavanger. Livet er herlig paa tur ;)

 

Tove hilser til Ole og Jon og ellers alle venner og familie.

 

Johanna gler seg til ein kaffi frå supreme roastworks, men har det ellers heilt strålende på tur. Helser til alle der heime.

 

Tina hilser til familie og venner der hjemme. Spesielt til Amalie og Victoria som heier på mamma. En hilsen ogsaa til kollegaer på Veslefrikk. Teltlivet i høyden er supert, men til tider kaotisk! Er i fin form :)

 

- Tor Olav

 



Bildene er av basecamp og morenene opp mot camp 1. (Foto: Tor Olav Berg)

 

 

FREDAG 6. FEBRUAR

Snakka med Tor Olav på satellitt-telefonen i kveld. Dei er no på veg innover Vacasdalen til Base Camp ved foten av fjellet. I går gjekk dei til Pampa de Lenas og i dag gjekk dei vidare til Casa de Piedra. I går kveld grilla dei 30 kilo kjøtt over flammane, eit måltid dei seint kjem til å gløyme. Dei opplever svært høge temperaturar sjølv om dei no er 3200 meter over havet. Dei siste dagane har sola steikt frå ein skyfri himmel. Absolutt alle er friske og fine, det er eit kjempegodt utgangspunkt når ein no verkeleg begynner å nærma seg fjellet for alvor. I morgon går dei siste etappen inn til Base Camp, og neste fase av ekspedisjonen begynner. Morgondagens etappe er heilt annleis enn dei to siste dagane, då dei har gått i ein forholdsvis vid og stor dal. No går dei inn i ein dramatisk og til tider stupbratt dal som ledar dei 1000 meter opp. Dei må krysse fleire iskalde elvar. Dette er ikkje ein tur for pinglar... :)
- Jarle

 

 

ONSDAG 4. FEBRUAR

Tidlig start, frokost kl. 06:30. Vi fulgte grusveien opp til grensen mellom Chile og Argentina (ca. 3900 moh). Morsomt, man kan ha et bein i hvert land! Alle i god form. Sol og skiftende vind. Vi så sydveggen på Aconcagua idag. Vi gikk i vårt eget tempo ned igjen. I ettermiddag har vi solt oss og pakket alt som skal på muldyrene i morgen. Alle gleder seg nå til og begynne på Vacas.
- Tor Olav

 

 

TYSDAG 3. FEBRUAR

I går dro vi fra Mendoza klokken 09:30. Et lite jordskjelv fikk vi til og med oppleve på morgenen. Stoppet halvveis på veien og spiste lunsj. 800g babybeef ble spist av noen av gutta. Når vi kom frem til La Cuevas på ettermiddagen tok vi en rusletur opp til 3400 moh, alle i god form. God middag ble servert og alle var i seng tidlig. I dag spiste vi frokost 08:00, turen gikk opp til 3700 moh, sol og mye vind. Brukte ca 4 timer opp. Alle i god form, men noen har litt trøblete mage. Nede igjen ca. 16:00. nå venter vi på middag. Noen har til og med tatt en dusj...
- Tor Olav

 


Kanskje fekk dei denne utsikta mot Aconcagua i dag.
(Bilete frå fjorårets ekspedisjon. Foto: Brynjulv Eide)

 

 

SØNDAG 1. FEBRUAR

Endelig er det store eventyret i gang! Vi treftes en gjeng på Flesland fredag formiddag med reisefeber og store forventninger. Turen gikk videre til London hvor vi traff resten av gruppen som kom fra Gardemoen, Stavanger og Sverige. Her ventet vi i 8 timer før flyet gikk videre til Buenos Aires, så vi fikk god tid til å bli kjent med hverandre. Etter en lang flyreise på 14 timer var det veldig godt og komme frem. Vi ble hentet på flyplassen av Paula som guidet oss rundt i byen, og vi spiste en bedre lunsj med god drikke til. Det ble store kontraster fra kuldegrader hjemme til 35°C. Lørdag kveld var vi fremme i Mendoza. Her traff vi Mickey, vår lokale guide som skal vere med oss de neste 3 ukene. Etter å ha sjekket inn på hotellet spiste vi en god middag på en koselig uterestaurant. Det var noen meget trette og slitne kropper som gikk til sengs denne kvelden.
I dag er det forberedelse som står på programmet. Mickey ordner klatretillatelse, og vi andre kan nyte dagen med vandring i byen og gjere nødvendig innkjøp. I kveld treffes hele gjengen for å spise verdens beste biff og smake på Argentinsk vin, før vi i morgen forlater sivilisasjonen og reiser til Las Cuevas som ligger på 3200moh hvor vi starter akklimatiseringen.

 

Johanna hilser til sin far som hadde bursdag i går. Gratulerer med dagen. Tove hilser til Pusur, håper du har det kjekt på ferie hos Astrid og onkel Kjell Mangor.

 

Hilsen Tina og Linda ;)

 

 

LØRDAG 31. JANUAR

Tor Olav melder at alt har gått bra på den lange reisa over Atlanteren. I dag har dei vore på sightseeing i Argentinas hovudstad Buenos Aires før dei flaug vidare til Mendoza i kveld. Argentina er fire timar etter oss, og den første dagen vart derfor lang for gjengen vår. Micky - vår lokale guide - møtte dei på flyplassen i Mendoza. Micky og hans assistentguide, sammen med Haavard og Tor Olav, dannar eit veldig kompetent og erfarent guideteam for den store gjengen som no er superklare for å ta fatt på Andesfjellas aller høgaste fjell. Men først skal dei eta verdas beste biff...
- Jarle

 


Foto: Tor Olav Berg

 

 

ACONCAGUA - GIGANTEN I ANDESFJELLA!

Årets store Aconcagua-gjeng er i innspurten med pakking av utstyr og generell stressing (sånn blir det alltid rett før avreise... :) Hildegunn, Aud, Trond Arne, Vegard, Anders, Håkon, Tom Christer, Linda, Johanna, Tove, Tina, Tor Ivar og Haakon skal dei neste vekene utfordra Aconcagua, eit av dei såkalla Seven Summits. Haavard skal leda gjengen, assistert av Tor Olav og ikkje minst våre dyktige lokale turledarar med Micky i spissen. Micky har guida alle våre ekspedisjonar til Aconcagua frå starten av, og er ein av dei mest rutinerte guidane på Aconcagua.

 

Fredag flyr dei til Buenos Aires og vidare til Mendoza. Aconcagua ligg i Andesfjella i Argentina, nesten på grensa til Chile. Fjellet er 6962 meter høgt, og dermed det høgaste fjellet i Sør-Amerika. Faktisk er det det høgaste fjellet sør for ekvator, så når du står på toppen av dette fjellet er du det høgaste mennesket i heile verda, sidan det som regel ikkje er noko klatring på dei fjella som er høgare på den nordlege halvkule når det er vinter der.

 

På denne sida kan du lesa oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen skrider fram. Oppdateringar kjem ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda dere her heime oppdatert om det som skjer på fjellet med få dagars mellomrom.

 

Les meir om detaljar og dagsprogram for ekspedisjonen.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Blir du frista til å prøva deg på Aconcagua også? Eg arrangerer denne ekspedisjonen kvar vinter. I 2016 er datoen 30. januar - 23. februar Les meir

 


Bilete frå tidlegare ekspedisjonar (Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)