DAGBOK KILIMANJARO 30. NOVEMBER 2011

 



SØNDAG 11. DESEMBER

Då er fleire i gjengen tilbake i gamlelandet, mens nokon fortsatt skal nyte varme og sol på Zanzibar nokre dagar til. Safarien har som vanleg vore spektakulær, og dei har sett det meste av Afrikas unike dyreliv. Atter ein tur er over, og dei dyktige guidane og bærarane våre i Afrika får seg ein velfortjent juleferie, før det er på'an igjen i 2012 - eit år som blir travlare enn nokonsinne for vårt vedkommande. Med private turar ser det ut til å bli minst 8 turar til Kilimanjaro neste år.
- Jarle

FREDAG 9. DESEMBER

I går var dei på ein spennande sykkelsafari i området ved Lake Manyara. Brit forteller at nå veit dei alt om bananer, og også alt om fisker i innsjøen Lake Manyara. Alle er dessuten blitt veldig gode på pruting... I dag har dei sett fire av dei såkalla "big five" - nemlig løve, neshorn, elefant og bøffel. Kun leopard mangler, men kanskje ser dei den i morgon?
- Jarle

ONSDAG 7. DESEMBER

Vel nede i sivilisasjonen igjen: dusj, god mat, god drikke - ingenting er som kontrasten mellom ein slitsom fjelltur og luksusen i å komma ned igjen. Brit ringte og fortalte litt meir om toppstøtet i går og den lange marsjen ned igjen. Det var ei fantastisk flott natt då dei gjekk mot toppen, og soloppgangen frå toppen vil dei aldri gløyma. Fleire var svært slitne, nokre var så slitne at dei insisterte på å ta bussen ned igjen frå Stella Point (i følge Brit var det sagt på fullt alvor...). No er det safari som står for tur, tre dagar i Lake Manyara og Ngorongoro som garantert vil gi dei minner for livet.
- Jarle

TIRSDAG 6. DESEMBER

Summit i soloppgang kl. 0615! Vi brukte 6 timer opp, og 2 timer ned igjen. Sverre snudde på 5400 meter, ellers alle på toppen. Nå hviler vi i Kosovo Camp. Flere detaljer kommer senere...
- Brit

MANDAG 5. DESEMBER

Sol og fantastisk utsikt ved frokostbordet under åpen himmel i Karanga. Flere kjenner høyden godt i hodet og dårlig matlyst er også vanlig i denne leiren. Vi spiste lunsj i Barafu etter 3 timers vandring og etter en liten pause gikk vi 1 time til opp til leiren. Nå hviler alle i teltene i Kosovo Camp, leiren vi starter toppstøtet fra i natt. Alle er klare!
- Brit

MANDAG 5. DESEMBER

(Denne meldinga kom i dag, men vart nok sendt i går)
Frokost ute. Mye tåke i dag. Fin flyt opp Breakfast Wall, av og på med klær hele tiden. I Karanga Camp kl. 13. God mat og alle ved godt mot. Vi samler krefter til i morgen, og da ønsker vi oss sol!
- Brit

LØRDAG 3. DESEMBER

Utefrokost og sol - og Kilimanjaro midt i mot. Fin flyt på gjengen. Noen kjenner høyden men de fleste nøt herlig lunsj like under Lava Tower. Regn og sludd ned mot Barranco Camp. Senesia og lobelia var fantastisk flott å se. Herlig middag men varierende matlyst. Aquavit fra Johannes smaker godt ikveld også...
- Brit

FREDAG 2. DESEMBER

Fekk dobbelt opp med tekstmeldingar frå Brit i dag, både den ho sendte i går og dagens... sånn er det i Afrika! Dei gjekk i går i sol og regn gjennom jungelen opp til Machame Camp. Dei brukte ca. 5 timar opp til leiren. Kibo viste seg gjennom skyene til stor jubel for gjengen. I dag er dei i fint driv på veg mot Shira. Alle friske og fine og stemninga er på topp.
- Jarle

TORSDAG 1. DESEMBER

Fekk melding frå Michael at gruppa har hatt ein fin første dag på fjellet. Dei er no i Camp 1, Machame camp, ca. 3000 meter over havet. Dagens etappe gjekk i jungelen, dei er nå heilt i øvre del av den tette regnskogen. Morgendagens etappe går etterkvart i meir og meir åpent terreng, og utsikta blir flottare og flottare. No har nok gjengen trekt seg tilbake i telta sine for å prøve å sove.
- Jarle

ONSDAG 30. NOVEMBER

Ein stor gjeng forhåpningsfulle nordmenn sit akkurat no og søv på flyet i retning Afrika (dei sto opp i 0500-tida i dag...). Brit Volden ledar denne turen. Det er første gong Brit guidar for meg, men ho har lang erfaring med guiding og Kilimanjaro og store fjell generelt. Brit var faktisk del av ei lita gruppe nordmenn som besteig 8000-metringen Dhaulagiri tidligare i år. Ho har også vore aktiv orienteringsløper på internasjonalt toppnivå. Følg med her for oppdateringar etter kvart som dei nærmar seg Uhuru Peak...

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka