DAGBOK ACONCAGUA 2012

 

Sjå bilete frå ekspedisjonen nederst på sida.

 

TIRSDAG 28. FEBRUAR

På mandag var dei på vinsmaking og omvisning på ein vingård utanfor Mendoza. Kvelden før var dei ute til klokka 5 om morgonen så det er ikkje sikkert alle syns det var like godt med vin i går... Micky og dei lokale guidane var med på middag og fest og stemninga rapporterast å ha vore høg. Ellers slappar dei av og spiser god argentinsk biff og nyter den varme sommaren i Mendoza.

 

SØNDAG 26. FEBRUAR

I går gjekk dei den lange dobbeltetappen ned til pampa de Lenas, der dei tilbrakte si siste natt i telt på denne turen. I dag gjekk dei ned til bilvegen ved Punta de Vacas, der dei vart henta av ein buss som frakta dei ned til Mendoza. Det høyrdes ut som om stemninga var høg og at sivilisasjonens gleder lokka veldig etter 18 dagar under primitive forhold. Berre det å ta ein dusj etter så mange dagar er ubeskriveleg godt. Men i kveld er det nok biff og vin som lokkar mest...
- Jarle

 

FREDAG 24. FEBRUAR

Kl. 2200
Alle glade og fornøyde ned i Base Camp. Fint vær her, men uvær lenger oppe. Barbeque og vin til middag, det blir bedre enn frysetørka... Me går til Pampa de Lenas i morgon. Alle helsar heim til kjente og kjære.
- Knut
Kl. 1300
Snakka med Knut for ein time sidan, og dei hadde akkurat vakna til ein nydeleg dag i Camp 2. Uværet traff altså maksimalt dårleg, men det er lite å gjera med det no. Dei kjem ikkje til å gjera eit nytt forsøk, så no begynner dei å rydde leiren og ta seg ned igjen til Base Camp. Der ventar nok kokken med hamburger (har blitt ein tradisjon...), noko som sannsynlegvis kjem til å bli svært populært!
- Jarle

 

TORSDAG 23. FEBRUAR

Kl. 1930
Det gjekk desverre ikkje til topps i dag. Knut ringte for kort tid sidan, og dei var då på veg ned igjen pga. tøffe vind- og snøforhold. Dei fleste var komne heilt opp til The Cave ved inngangen til Canaletaen som fører dei siste 300 høgdemetrane til topps. Her er du så nær toppen at det heilt sikkert var ekstra surt å måtte snu. Men dei dyktige guidane våre har heilt sikkert tatt ei korrekt avgjerd, toppen av Aconcagua er absolutt ingen stad å vera når været slår seg vrangt. Eg håpar på å få fleire detaljar seinare i kveld.
Kl. 2130
Alle er nå i Camp 2 igjen. Uværet kom inn litt for fort til at det var mogeleg å nå heilt opp. Om dei gjer eit nytt forsøk i morgon vil ikkje bli klart før i morgon tidleg. Men eg blir imponert om det er stemning for eit nytt toppforsøk når dei var så høgt som dei var i dag. Dei har sjølvsagt brukt mykje krefter når dei var heilt opp til rundt 6700 meter i dag. Restitusjonen fungerer dårleg på 5800 meter, så dei vil nok føla seg slitne når dei våkner i morgon også. Knut er nok like sliten som dei andre, for meldinga slutta berre med "sove sove"...
- Jarle

 

ONSDAG 22. FEBRUAR

Kl. 1800 lokal tid (minus 4 timar i forhold til Norge) melder Knut at dei er i telta i Camp 2 og gjer seg klare for toppstøtet i morgon. Dei startar tidleg, rundt klokka 0500. Været er i følge Knut fantastisk, det betyr nok at det er lite vind. Vinden er den største vær-utfordringa med dette fjellet. Dei voldsomme vindane feier over Andesfjella, nesten alltid i retning austover. Det betyr at Camp 2 og ruta opp til sjølve toppen er ekstremt utsatt. Alle er slitne etter dagens etappe, men ellers i fin form. Dei blir leda av Knut, Micky og to assistenguidar mot toppen. Ein svært erfaren og kompetent gjeng. Eg reknar med at dei brukar lang tid opp til toppen, og at det derfor kan bli langt på kveld før me får vita om dei nådde toppen eller ikkje. Håpar alle kryssar fingre og tær - det er i morgon det gjeld. Mange års trening og forberedelsar vil forhåpentlegvis resultera i suksess, at dei når det høgaste punktet i Sør-Amerika, 6962 moh.
- Jarle

 

TIRSDAG 21. FEBRUAR

Mottok ein kort melding frå Knut i Camp 1 seint i kveld. Dei kom fram til leiren i fin form og været er veldig bra, akkurat som planlagt... Igjen viser det seg at taktikken med å vera blant dei siste på fjellet før hausten setter inn, gir oss det beste været. Micky, vår dyktige og erfarne guide, har frå første ekspedisjonen råda oss til å arrangera ekspedisjonen så seint som mogeleg, då hans erfaring er at vinden er svakare då. I morgon flyttar dei heile leiren opp til Camp 2. Det er vanlegvis ein tøff etappe, men me har bærarar som hjelper til med ein del av utstyret.
- Jarle

 

MANDAG 20. FEBRUAR

Ein sterk og optimistisk gjeng har no tilbrakt to dagar i Base Camp for å kvile og gjennomføre dei siste forberedelsane før toppstøtet. I morgon går dei til Camp 1 og neste dag flyttar dei leiren opp til Camp 2 på ca. 5800 meter. Det vil dei at dersom alt går etter planen blir det toppstøt på torsdag. Værmeldingane ser også veldig lovande ut, med betydeleg mindre vind enn det har vore dei to siste dagane. Kryss fingrane og følg med her for oppdateringar dei neste spennande dagane...
- Jarle

 

LØRDAG 18. FEBRUAR

I dag har dei hatt ein tøff tur opp til High Col igjen. Vinden gjorde det umogeleg å komma høgare på fjellet i dag, så det var ein fornuftig besluning å snu der. Dei går no sannsynlegvis vidare direkte ned til BC sidan vinden er ekstremt sterk også i Camp 1. Men dei positive nyheitene er at det ser ut som værmeldingane lovar eit avbrudd i vinden om nokre dagar - som bestilt for eit vellykka oppstøt kanskje? Følg med her så vil du få svaret om nokre dagar. No skal dei restituera i BC ein dag eller to før toppstøtet startar. Eirik M. vart brått dårleg i går ettermiddag og vart fulgt ned igjen til BC av våre dyktige lokale guidar. I dag går det betre med han, men han vil nok antakelegvis gje opp forsøket på å nå toppen. Alle helsar heim til kjente og kjære. Aase Britt helsar spesielt til sine to tvillingsøner Knut Olav og Eivind som fyller 20 år i dag, og håpar dere får ein fin dag!
- Jarle

 

FREDAG 17. FEBRUAR

Satelitt-meldingane ramla inn frå Knut i natt og i dag. I går gjekk dei opp til Hich Col ("det høge skaret") for å akklimatisere. High Col er ein svært vindutsatt plass, men heldigvis hadde dei flott vær og lite vind. Turen til High Col gjekk stort sett bra for dei fleste, men det er ein tøff belastning for kroppen å tidleg i ekspedisjonen. Godt å komme ned igjen til Camp 1 og bruke dagen i dag til å restituere og få i seg mat. Knut skriver: "Godt det er kviledag i dag. Det blåser kraftig i Camp 1 - godt me har gode telt. Trur dagen kjem til gå med til å passe på telta og drikke te. Ellers så er formen litt betre enn i går hjå dei fleste. Camp 2 er målet i morgon". Tor Olav har desverre slitt litt med helsa i BC og bestemt seg for å dra ned igjen til Mendoza i løpet av dagen eller morgendagen.
- Jarle

 

ONSDAG 15. FEBRUAR

Dei er no i ein vindfull Camp 1, der dei vil tilbringa nokre døgn. Men Elin, Eirik J. og Roger valgte å returnere til Mendoza i dag, pga. helsemessige årsaker. Tor Olav er i Base Camp og ser ting litt an før han bestemmer seg for om han vil fortsette. Knut sa at det er ein frisk og sterk gjeng som no er inne i ein avgjerande fase i akklimatiseringa i Camp 1. I morgon går dei til High Col på ca. 5400 meter for deretter å returnere ned igjen til leiren. Her oppe lagar dei maten sjølv og dei etablerer leirar, setter opp telt og hentar vatn sjølv - langt unna "luksustilværelsen" i Base Camp.
- Jarle

 

TIRSDAG 14. FEBRUAR

I dag er det igjen ein kviledag i BC etter akklimatiseringsturen opp til 5000 meter i går. Den turen var tøff for nokon, mens andre hadde det lettare. Det er typisk såpass tidleg i akklimatiseringsprosessen. Etter kvart vil denne etappen gå lettare, når kroppen begynner å syde og boble av røde blodceller. Det er nemleg det som skjer, kroppen svarer på det låge oksygennivået med å produsere fleire røde blodceller. Det er dei som transporterer oksygenmolekyla rundt i kroppen. I morgon går dei samme etappen igjen, då vil nok dei fleste merka at det går litt lettare enn i går. Denne gongen skal dei overnatte i Camp 1, i enten 2 eller 3 netter. I går hadde dei med litt utstyr, slik at det ikkje blir så mykje å bæra på i morgon. Knut melder om strålande vær og god stemning.
- Jarle

 

MANDAG 13. FEBRUAR

I dag skal dei for første gong gå opp til Camp 1 på ca. 5000 meter. Dette er første gongen dei gir seg i kast med sjølve Aconcagua, Base Camp ligg heilt inne ved foten av den voldsomme pyramiden. Den første gongen dei går opp til Camp 1 vil det nok følast forholdsvis tungt, men det blir lettare for kvar gong, sidan kroppen akklimatiserer meir og meir. I følge Knut var det i går ein avslappande dag i BC med klesvask og drikking (reknar med han meinte vatn...). Været er skiftande, det betyr nok mykje vind høgt oppe på fjellet.
- Jarle

 

SØNDAG 12. FEBRUAR

Knut ringte i går kveld og fortalte at gjengen kom fram til Base Camp, Plaza de Argentina, i går ettermiddag. Turen inn gjekk veldig bra, til tross for at det er ein lang og tøff etappe. I dag slappar dei av i BC, med den voldsomme utsikta mot Aconcagua rett utanfor teltdøra. Det gjeld å bruka kviledagane til restituasjon og kvile. Det er svært viktig på høge fjell å la kroppen ta seg inn igjen etter tøffe dagar.
- Jarle
Helsing frå Svein: Gratulerer med dagen, Sissel. Eg set stor pris på deg.

 

LØRDAG11. FEBRUAR

Knut ringte frå satelitt-telefonen i dag tidleg. Nok ein flott dag var i emning, dei har faktisk hatt problem med den sterke sola og den intense varmen, sjølv over 3000 meter. Nå kryssar dei elva på hesteryggen, og fortsetter vandringa inn den fantastiske Vacasdalen til Base Camp på 4200m. Dagens etappe er kanskje den flottaste, sidan ein har ei utruleg utsikt mot Aconcagua nesten heile tida. Men det er også ein tung dag, der dei skal stiga over 1000 høgdemeter. Godt at dei skal ha ein kviledag i morgon.
- Jarle

 

FREDAG 10. FEBRUAR

Framme i Casa de Piedra. Alt ok. Har vore to varme dagar. Fekk barbeque og vin til middag - fantastisk godt! Flott solnedgang og god stemmning. Me går inn mot BC i morgon.
- Knut

 

TORSDAG 9. FEBRUAR

Då er me klar for avmarsj i Puenta del Inca. Folk er stort sett i fin form, nokon urolige magar. Men folk er veldig gira på å endelig komme igang. Fint vær:)
- Knut

 

ONSDAG 8. FEBRUAR

Endå ein dag gjekk med til å få organisert og samla inn sakna bagasje, men no er dei i alle fall klar for avreise. Det er godt me har eit romsleg tidsskjema, slik at dei ikkje får problem med akklimatiseringa sjølv om det går meir tid til reisa. I kveld må dei nyte sivilisasjonens gleder for siste gong på nesten tre veker. Dvs. dei har det veldig bra i Base Camp også - dyktig kokke, dusjmogelegheiter og kanskje til og med internett! Men no er det altså dei ville og forrevne Andesfjella som blir basen den nærmaste tida - eg reknar med det er ein gjeng som er meir enn normalt ivrige på å endeleg komma i gang...
- Jarle

 

MANDAG 6. FEBRUAR

Resten av gruppa kjem til Mendoza seint i kveld, og ekspedisjonen kan starta for alvor, ein dag etter skjema. I morgon skal dei gjera dei siste innkjøpa og kjøpa permiten som dei treng for å bestiga Aconcagua. Og ikkje minst skal dei eta verdens kanskje beste biff! Kjøtet i regionen rundt Mendoza er kjent for å vera noko av det mest smakfulle og saftigaste du kan setta tennene i, og anbefales for alle som skal til Aconcagua.
- Jarle

 

SØNDAG 5. FEBRUAR

Kveld:
Svein Harald, Eirik, Elin og Tor Olav landa i kveld i Mendoza, mens resten av gjengen har hatt ein frustrerande dag på europeiske flyplassar. Etter å ha fått nytt fly vidare til Buenos Aires via Roma i Italia, vart dei fratatt håndbagasjen på Amsterdam flyplass fordi den var litt for tung. Dermed vart det stress utan sidestykke i Roma fordi dei då måtte henta ut bagasje og sjekka inn på nytt. Men alt gjekk bra til slutt og akkurat no sit dei nok og søv langt over Atlanteren. Me satsar på at ein litt trøblete start gir suksess til slutt!
- Jarle

 

SØNDAG 5. FEBRUAR

Morgon:
Alle som skulle fly frå Bergen vart i går offer for snøkaos både på Flesland og i Europa, samt teknisk feil på KLM-flyet. Dei tilbrakte natta på hotell i Amsterdam, og er i dag klar for å fly vidare via Roma og Buenos Aires. Slik er det, det er ikkje alltid ting går på skinner i starten av ein stor ekspedisjon... Dei andre kjem til Mendoza i dag til planlagt tid. Det ser ut som me utset starten på ekspedisjonen ein dag, men dette vil bli endeleg avgjort når me veit nøyaktig når resten landar i Mendoza.
- Jarle

 

TORSDAG 2. FEBRUAR

Ein stor gjeng på tolv deltakarar leda av Knut Horvei er no klar for å prøva seg på verdas høgaste fjell utanfor Himalaya. Følg med når Svein, Aase Britt, Janne, Pirjo-Riitta, Svein Harald, Rune, Bengt, Elin, Eirik J, Eirik M, Roger og Tor Olav prøver å nå toppen av Aconcagua (6962m). På denne sida vil du få oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen nærmar seg målet. Oppdateringar kjem ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda dei heime oppdatert om det som skjer på fjellet med få dagars mellomrom.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka
Les meir om detaljar og dagsprogram for ekspedisjonen.

 

NB! Vil du vera med i 2013? Ikkje vent lenge med å ta kontakt, det er stor interesse for denne ekspedisjonen.

 

Bilete frå ekspedisjonen (Foto: Knut Horvei)