DAGBOK ELBRUS 2018

 

SØNDAG 15. JULI

I eit Moskva prega av VM-finalen som går av stabelen i kveld, har gjengen vår tråkla seg gjennom politisperringar og gjengar med forballsupportarar for å få oppleve denne fantastiske byen på nært hald. Å prøve å få hotellrom i Moskva var berre å gløyme i år, så gjengen flaug inn i dag tidleg og reiser vidare heim i kveld. Eg veit det er nokre som er meir enn vanleg interessert i forball, og det blir nok litt kjipt å logge av når flyet tar av frå Moskva akkurat i det kampen byrjar ...

Haavards siste oppdatering frå Elbrus 2018: "Takk Elbrus, Cheget, Mineralnye Vody, Moscow - Russia. Takk til alle deltakere og alle lesere av dagbok. Takk til Elin for arbeid med dagbok. På flyplassen nå etter flott sightseeing i vakre Moskva."

- Jarle

0715

Haavard og Pavel

0715 2

 Vår eminente byguide Felix

 

FREDAG 13. JULI

Hei igjen bloggen ? 

FOR ein tur, FOR ein gjeng og FOR eit eventyr! Mandag flytta heile gjengen opp til tønnene som me skulle bu i dei neste fire dagane. Dermed skulle denna gjengen bu tettare på kvarandre enn tidlegare. Alle vart postitivt overraska av tønnene, då dei var fine og hadde god standard for å vera på 3500 moh (og i Russland). Til noen sin store fornøyelse var det salg av cola og sjokolade (og Pringles på faste dager) i ein liten kiosk. Trur det vert lenge til me kjem til å eta Pringles og Snickers igjen.... 

Toalettet på base campen må få sin plass i bloggen, då det var tre herlege hol i bakken, der eine doen mangla dør. Dette blei fort favoritt doen, då «sneken» vart mindre intens. Når sant skal seiast så hadde toalettet ein heilt ubeskriveleg utsikt. Det er ikkje kvar dag ein får gå på do og nyta synet av Kaukasus-fjella.
PS: det er ikkje til å stikka under ein stol at det vart litt snakk om avføring og diaré i løpet av turen. Det er rart kor fort ein vert kjent med kvarandre sine avføringsmønster når ein lever under slike omstendigheitar.... 

Dagane vart brukt på å gå akklimatiseringsturar, kor sole steikte både lepper og hud. Trur samtlege av oss fekk følelsen av påskeferie desse dagane. Herleg! Ettermiddagene blei brukt til mykje morro og gode samtalar. Her blei blant anna fenomenet «Lørdagsrådet» oppretta (ps; me lot oss her inspirera av podcasten som faktisk heite «Lørdagsrådet»). Her blei kloke ord og råd delt av kloke menn til mindre kloke ungjenter. Me gledar oss til å halda fram med «Lørdagsrådet» via skype i framtida. Ikkje bli overraska viss du får ein telefon tidleg ein lørdag morgon, Haavard. 

Ettersom alderen i gruppa har vore varierande, har nokon av den yngre garden tatt på seg ansvaret å læra opp den litt eldre garden i populære «slengs». Ketil har vel vore ein av dei som har blitt mest utsatt for dette presset. Me rekne med du imponere med ditt nye ordforråd når du kjem heim, Ketil. 

Ein anna ting me har lært oss på denna turen er at Russland berre har 36(!) kort i ein kortstokk. Ettersom Sondre hadde eit sterkt ynskje om å spele «amerikaner», måtte me ha ein kortstokk til. Jan Erik fiksa biffen og kjøpte ein brukt kortstokk på den lokale sjappa med tønnene. Når me telte gjennom kortstokken og kom fram til 36 stk, fekk den stakkars kassadama ein heil avhandling om at me mangla 16 kort, på dårleg engelsk. Vår nye ven og guide Pavel informerte oss om kortstokken, slik at kassadama kunne få fred frå oss. Dermed blei det berre veksling mellom å spela «vri åtter» og «idioten» 

Som alle sikkert har fått med seg så foregår fotball VM i Russland i år. Sjølv om me ikkje har vore på sjølve kampane, har me vore på lokale restauranter og fått kjenna på stemningen. Jubelen stod i taket når Russland scora mål under kvartfinalen mot Kroatia. Til og med på base campen viste dei fotball VM på TV på den lokale sjappa/kafeen. Guttaboysa har vel vore dei ivrigste tilhengarane av VM og vedda om både Fanta og øl. Ryktene seie at Haavard kom best ut av veddemålet. 

Natt til torsdag kom dagen me alle har venta på (og grua oss til). Kl 04.00 kom beltebilen å henta oss for å frakte oss fleire hundre høgdemeter opp på fjellet. Me trur at alle i gruppa har vore innpå tanken om at beltebilen har nesten føles som juks. At den skal køyra oss nærmare toppen. I tillegg kom værmeldinga noen dagar før, det var ikkje veldig lovande... Haavard meddelte denne meldinga og uttrykte sin bekymring i forhold til været og om me kom til å klara å nå toppen. For å auka sjansane våre meinte kloke Haavard at me måtte ta beltebilen heilt opp til 5000 høgdemeter. Sjølv kor fristande det høyrdes ut med eit kortare toppstøt etter snart ei veka i fjellet, kunne ikkje tankane styrast vekk frå denna følelsen av juks og at ein ikkje besteig Elbrus skikkelig. MEN når det er sagt.... TUSEN TAKK for ein klok og riktig avgjersle Haavard. 

Toppstøtet var i gang og etterkvart som me la fleire og fleire høgdemeter bak oss, merka me at vinden var noe kraftigare enn forventa. Det fekk me kjenne på når me måtte på do og urinen flaug vegg i mellom. Etter ca to timar med gåing kom me til Sadelen. Eit lite stykke opp i bakken kom me til tauene, der me var sikra med to karabinerer kvar og måtte gå med isøks. Lite visste me at me faktisk trengte isøksa for å holde oss fast. Trur mange av oss aldri har opplevd den type vind (hadde u.t fått bestemt, ville me kalla det for orkan). Fleire vindkast kom som kasta på oss og me måtte legga oss flatt ned med isøksa i snøen for å ikkje blåsa avgårde. Me merka fort alvoret når voksne menn foran oss datt ned frå tauet og måtte ha assistanse for å komme seg opp igjen. Mange av oss har i dag sår/røde merker i fjeset etter vind og hagl. 

Når me omsider var ferdig med tauene (som forøvrig var eit blodslit), såg me såvidt ein topp, som til vår store fortvilelse ikkje var THE TOP. Her mista me fort motivasjonen og hadde mange pausar langs vegen. Mange var prega av tung pust pga høgden og totalt utmattelse, medan noen uheldige måtte slita med hovudverk og kvalme i tillegg. Den aller siste bakken var i grunn kort, men føltes som fleire mil. Her stod vinden i fleisen og ein gjekk eit skritt fram og blei blåst to skritt tilbake. Noen av oss kraup bokstavlig talt til toppen!MEN jubelen stod høgt når me endeleg hadde nådd målet vårt, Elbrus! Det blei mykje klemming (falt vel noen tårer hjå enkelte) og skryting av kvarandre. FOR eit samhold i gruppa! Sjølv om ikkje alle kom på toppen i lag, var folk flinke til å heie og motivera kvarandre opp. Me må få nemna SUPER Ove, som må ve lagd av stål. Han gjekk den siste bakken opp tre gonger, for å motivera opp dei som kom gåande åleine. For ein lagånd, Ove. Me digger deg! 

Turen ned var ein nedtur (Quote; Ketil. Som forøvrig hadde bursdag på toppstøtet uten å informera oss - me skal ta igjen feiringen av deg i dag). Folk var seige i beina, dundrande hovudverk og nokon kasta opp og sleit med kvalme. Dette resulterte i at fleire bestilte seg snøscooter (til blodpris) når me var kome ned til 4700 moh for å få ein meir behageleg slutt på turen. 

Me kan ikkje sei anna enn at den turen her har vore eit eventyr frå start til slutt! Me vil takka Jarle for eit fantastisk opplegg! Og Haavard, du er definisjonen på Rock ‘n Roll! Me har faktisk blitt ganske glad i deg, så du blir nok ikkje kvitt oss så lett. Plutseleg er me med deg på ny tur (før du aner det). TUSEN takk for at du er ein awesome guide og du har vore med på å gjera denna turen uforgløymeleg!

Og tusen takk til verdens beste reisefølge! De har vore heilt fantastiske! Håpe me møtes på ein ny tur i framtida (eventuelt Oktoberfesten som me allerede har planlagt som reunion)! 

No blei det mykje takking på oss. Og dermed avsluttar me oppsummering me å sei takk for oss.
PS: ferien er ikkje heilt over. Me fekk servert vodka shot til frukost. Det forklarar vel berre korleis denne dagen kjem til å gå. Men me har all grunn til å feire! 

Peace and Love
May-Linn og Hege

0713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 20713d Elbrus 2 

 

Ketil er kanskje turens lykkelegaste mann. Først besteig han toppen av Elbrus på sin eigen bursdag, og så fekk han oppleve dette...

0713c Elbrus

0713c Elbrus

 

Fleire bilete frå gårsdagens toppstøt:

0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus0713 Elbrus

 

TORSDAG 12. JULI

Gratulerer med vellykket toppstøt til toppen av Elbrus 5.642 moh mellom kl 9 og 10 i dag tidlig! ??
Og gratulerer så mye til deg  også Astrid som snudde i Sadelen.  

Jeg snakket med Haavard kl 16 i dag. Da hadde han fått igjen stemmen etter at den forsvant i kulingen på vei oppover i fjellet. Han kunne videre berette at han aldri har vært så sliten på noe fjell tidligere! Det sier litt om hvor tøffe forhold gjengen hadde i natt! Det var stiv kuling og snøføyke. 

Fra Sadelen og opp den bratte skråningen mot toppen var det lagt ut ett fast tau. Tøft og slitsomt  å klippe deg over mellomforankringene. Guide Pavlov (som visst ikke heter det..) får mye skryt for dyktig ledelse og hjelp til gjengen. En svært erfaren og proff fjellmann! 

Gjengen er "dødsslitne" og veldig fornøyde nå. De er alle trygt tilbake på hotellet. 

I morgen skriver "damene"  BLOGG, og vi får vi vite mer hvordan de selv opplevde toppstøtet.  
Utsikten fra toppen var formidabel, og de kunne nyte det vakre synet over Kaukasusfjellene. Uansett kraftanstrengelsen var det flere som satte pris på "utfordringen". Men det sies at Linda,som tidligere har vært på Aconcagua, mente at dette var en tøffere opplevelse. 

Toppstøtet var i korte trekk som følger;
- beltebiler opp til 5000 moh, framme 5:30 (..en stor fordel i dette været)
- ut å gå i stiv kuling (60 ms ) -" ikke opplevd maken" sier Haavard
- framme i Sadelen kl 7:00
- TOPPEN nådd mellom kl 9-og 10 i dag tidlig. 
- Mange tok skuter ned igjen til Tønnene, og de var alle samlet kl 14:00 

Det var mange folk i fjellet og mange snudde! 
I kveld er det samling i Cheget til middag kl 19. Deretter vil nok de fleste hvile seg i form til "feiringen" med stor middag i morgen kl 14:00. 

Gratulerer nok en gang. Vi er stolte av dere! Hurra!
Flere bilder kommer etter hvert.  

- Elin ( tar forbehold om ev. feil i denne oppsummeringen ?) 

0712 4

0712 4

0712 4

0712 4 

 

Der kom meldinga frå Europas høgaste fjell... Kl. 13.17 er dei nesten nede att ved Pasthukovs Rocks etter eit svært vellykka toppstøt! Gratulerar til alle med fantastisk innsats i tøffare forhold enn vanleg. Astrid måtte snu i sadelen rett under toppen, resten var på toppen. Dei melder om veldig kald og sterk vind - alle slitne men veldig glade. No er det kun ein ting som gjeld - å rekke heisen ned att til sivilisasjonen før den stenger...

- Jarle

 

ONSDAG 11. JULI

Da er toppnatten like om hjørnet. Gjengen starter kl 4 i natt, og det er forventet at de når Europas høyeste punkt på 5.642 moh i morgen den 12.juli ca kl 9.

Beltebilene er bestilt og disse skal frakte gjengen opp til ca 5000 meter, altså 250 meter forbi  Pattukhov Rocs.

Går alt etter planen vil de være nede ved Tønnene ca 13:30. Her blir det lunsj før de tar heisen ned igjen til Azau. Derfra er det buss tilbake til hotellet ogvarm dusj og mat før de fleste  nok "stuper til sengs". 

Grunnen til at de starter så tidlig i natt er at guidene forventer at de møter skyene i Sadelen, det blir fint på toppen og så er det forventet dårligere vær utover dagen. Alle er med, og da er det bare å vente i spenning for å se om "helsa" og været holder. Ingen garanti på høye fjell. 

I dag har det vært hviledag, og den har gått med til soling, pakking, ompakking, spising og avslapping. Mange spente hoder, og nervøse mager. Det er helt normalt altså☺ 

Lykke til alle dere tindebestigere! Vi venter i spenning. Stå på! 

Haavard (og Elin) hilser til Oddemann og Annelinn: Gratulerer som foreldre! Jeg fikke ikke åpnet MMS'n her i Russland.  

- Elin 

Dagens bilder  taler for seg selv: 

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 1

0711 13

 

TIRSDAG 10. JULI

SMS fra Haavard kl 15:30: 

«For en tirsdag. Sol og varme hele dagen. Viktigste nå er beskyttelse. Nydelig tur opp til Pastukov Rocks på 4750. Alle med. Noen mer slitne enn andre. Sen lunsj nå. Noen ute, andre inne. Annett tryller på kjøkkenet. Sol, seng, blabla frem til middag 1930. Noen prøver vel fotball 9 lokal tid på "kafeen". ? 

- Elin

 

MANDAG 9. JULI

SMS fra Haavard i ettermiddag: 
Alle nede fra 4200 og ferdige med sen lunsj. Mye logistikk opp heisene i dag. En del røde fjes... koselig oppe i og ved tønnene. Noen hviler, soler seg, er på kafé... middag 7 - Kebab. Hege & May Linn skal ha alenetid med hverandre. Noen fixer utstyr. Noen går rundt i undertøyet. Spennende dag i morgen. 4800... vi har det alle bra. 

- Elin

Sjå Sondres flotte bilete frå lørdagens akklimatiseringstur:

0708b 3

0708b 3

0708b 3

Foto: Sondre Haug

 

SØNDAG 8. JULI

Det er søndag kveld, og i dag var det mulig å kommunisere med guiden via "nettet". Strømmen kom tilbake i går kveld, og alle  kommunikasjonskanaler fungerer igjen.  

Haavard: " Det har vært en herlig søndag for hele gjengen"! De har vært oppe til Diesel Hut på 4000 moh og kjent på høyden.  Og ikke minst sett Elbrus på nært hold. Utsikten utover Kaukasus-fjellkjeden er helt fantastisk. Etter hvert blir det også bare å nyte en imponerende soloppgang!  

Turen startet kl 9:00 i dag og de benyttet den "gamle" gondolen opp fra Azau til ca 3.700 moh.  På ett av bildene smiler Astrid og Siv på gondolbanens mellomstasjonen. Humøret er på topp! 

Vel oppe på endestasjonen gikk de til fots oppover til "Tønnene" eller "The Barrels".  Dit skal de i morgen etablere ny Base Camp.  Det er fine forhold i fjellet, og utrolig mye mindre snø enn normalt. Snøfritt helt opp til "Tønnene" i år. Tydelig at det har vært en veldig varm periode i sommer. Men det var lett å gå i snøen, som likevel ikke var for bløt,opp til Diesel Hut. 

Været har vist seg fra sin beste side med mye sol i dag. Ved Diesel Hut, hadde de en god pause, og det ryktes at den muligens burde ha vart enda lenger"? Oppfatter at gjengen holdt et godt tempo, og det lover bra for dagene som kommer. Uansett måtte de rekke heisen ned igjen. Siste tur kl 16.00. 

Etter at "inspeksjonen" hadde gått gjennom alt utstyret til den enkelte i går, ble det funnet "noen mangler". Noen storvotter og slynger bl.a. måtte kjøpes inn i Azao.  

I morgen starter turen "grytidlig". Det er helligdag i Russland i og det går kun en heis oppover  i fjellet. Kun åpen fra kl 8-9. Bare grupper som får bli med  opp. Ingen "vanlige turister".  

I dag var det middag kl 20:00 med påfølgende "briefing" av guide Pavlo. Det ble også sagt at de denne gangen ikke skal ligge i "Kontainerne", men i "Tønnene" som er nyoppusset. Altså tilbake til "Classic Base Camp style". Ellers har badstuen på hotellet vært disponibel for alle, med tilbud om "pisking med ore-blader. Oppfatter at her var det bare guidene som svettet ut og pisket hverandre... resten har pakket og er spente på dagen i morgen.  

Toppstøtet er planlagt til torsdag, eventuelt fredag. Som har gode værmeldinger pr nå. 

Den trivelige gjengen hilser hjem til venner og bekjente.. og sikkert noen som hilser til kjæledyra sine også ? 

Lykke til folkens! 

-Elin 

0708 Elbrus 6

0708 Elbrus 6

0708 Elbrus 6

0708 Elbrus 6

0708 Elbrus 6

0708 Elbrus 6

0708 Elbrus 8

0708 Elbrus 8

 

LØRDAG  7. JULI

Heei Bloggen? 

Då var endeleg akklimatiseringa i gang og me har vore på 3000 moh i dag! Tross dårleg værmelding fekk me nyta sola (dette er nok pga vår gode karma?). Me tilbrakte ein time på toppen for å kjenna på høgden. Deretter gjekk turen ned igjen. Da må nemnast at fleirtalet av den yngre garde i gruppa tok heisen ned igjen (då nokon har kne som 90-åringar ?). Ein tur i russiske heisar var ein oppleving i seg sjølv, både for dei som beundra utsikta og dei som sleit med høgdeskrekken.  

Etter alle hadde kome ned igjen vart da øl og mat på den lokale barbecue restauranten i landsbyen. Stemningen i gruppa er på topp og det føles ut som me har kjent kvarandre i meir enn to dagar.. her snakkar me om alt frå vårt fyrste kyss til døden.. 

Resten av dagen gjekk med til litt shopping i landsbyen, VM kamp for fotball entusiastane, Sauna for dei som følte seg overhydrerte, medan andre (u.t) låg på hotellrommet å venta på wifi og tømte minibaren (for candy).  

Ei ekstra helsing til mammo til Sondre og Jan Erik (som me ikkje får veta namnet på), dei oppførar seg eksemplarisk og passar godt på kvarandre. 

På grunn av regn og straumbrot vart da litt forseinkingar i dagboka her og me tar derfor i samme slengen ei lita oppdatering på gårsdagen (07.07). 

Me gjekk ein ny akklimatiseringstur, litt høgare enn i går. Været var varmt men mykje regn. Men vart ein fin tur med nydeleg utsikt. Etterpå var det utstyrssjekk for å få godkjent utstyret før me byrjar å verkeleg koma i høgden. 

Dagen kan oppsummerast som i går, sauna (med halvnakne russarar), fotball VM og mat. Me kosar oss gløgg! Gruppa OG Haavard er super ? Gledar oss til fortsettelsen.... 

Peace and love

-  May-Linn og Hege ☺️  

0707

0707 11

0707 11

0707 11

0707 11

0707 11

0707 11

0707 11

0707 11

0707 11

0707 11

 

LØRDAG 7. JULI

Melding frå Havard til Elin:
Oppdatering kommer om wifi kommer tilbake. Hvis ikke SMS fra i morgen, før eller siden kommer masse bilder og tekst. Vi følger programmet og storkoser oss. Nede fra Terskol nå. Utstyrssjekk før ny runde med fotball, sauna, middag og fotball. 4000 m i morgen. Det ligger nedblåste trær og nedrevne ledninger over alt. Utraste veier.. men Hvitserk kom seg opp på fjellet i dag. Alt går nå etter programmet likevel ?... God lørdag!

- Hilsen Elin

 

TORSDAG 5. JULI

Haavard og turkammeratene  er nå vel framme i Cheget og har tatt inn på Hotel Povorot. Her skal de tilbringe 4 dager i eksotiske,russiske omgivelser.

Akklimatiseringen starter derfra med turer opp og ned til fots og med ski-heiser. Utsikt over vakre fjell i Kaukasus. Det er vel fortjent etter en heller langdryg reise fra Norge. Ingen overnatting og sightseeing i Moskva denne gang. Der er det som kjent fotball VM som "ruler".

Etter timer på flyplassen dro gruppen videre til Mineralnye Vody. Her var værmeldingen: "mye vær". Malene og guide Haavard fikk ikke sine storbager. Heldigvis har Malene fått den nå.  Hotellet i M.V. var i ekte "Besjnev stil" og kunne innta en  meget god frokost i dag, før de dro oppover til Cheget med buss. Det har vært mye venting i dag også. Men nå er de i gang. Informasjonsmøte i Cheget og presentasjon av hverandre,spørsmål og svar og mye latter og gode historier.. og en runde rundt i "landsbyen".

Vi håper på mange gode rapporter fra turen oppover til Mt. Elbrus for gjengen som allerede har fått en "god tone" sammen. De starter klokken 8:00 i morgen og går til Mt. Cheget på 3000 m.o.h. Pavel er den lokale guiden.  I morgen sender Hege & May Linn BLOGG

Haavard: "Gled dere"! (..han får storbagen sin i morgen ☺)

- Elin 

0705b

0705b

0705b

0705b

0705b

0705b

0705b

0705b

 

добрый день!

Elbrus 2018-gjengen er klar til avreise. Den omstendelege visumprosessen er i boks og alt er klart for det russiske eventyret. Kari, Iris Alexandra, Hege, May-Linn, Jan Erik, Sondre, Linda, Astrid, Ketil, Ove, Gro, Øivin, Malene og Siv Grete drar onsdag i retning Russland og Kaukasus - av mange beskrevet som eit av dei flottaste fjellområda i verda. Sammen med våre russiske vennar skal turledar Haavard Gjerdset sørga for at dette blir ein uforgløymeleg tur - og at dei forhåpentlegvis klarar å bestige ein av dei berømte Seven Summits - dei høgaste fjella på kvart kontinent.

Dei får også oppleve Russlands hovedstad Moskva (faktisk har dei sightseeing her den samme dagen som VM-finalen...). Dette er ein tur der du verkeleg får oppleva mykje av Russland - både det urbane Moskva og livet i dei meir fattige delane av landet. Og sjølvsagt storslagen fjellnatur.

Følg med her for oppdateringar undervegs i ekspedisjonen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)

elbrus 03

elbrus 03

elbrus 03