DAGBOK EVEREST BC / ISLAND PEAK 2011

 

FREDAG 25. NOVEMBER

Heisan !
Da var me tilbake på hotellet etter ein lang og innholdsrik dag på sightseeing i Kathmandu. Me var først på det Buddistiske Monkey Temple midt i Kathmandu. Så besøkte me både Boudnath og Pashupatinath, der Nepalesarane brenner sine døde for deretter å kaste aska på elva for at den skal flyta ut i havet med den hellige elva Ganges. Etter mange sterke inntryk åt me middag på ein flott Nepalesisk restaurant der me fekk god tradisjonell mat, 'dhal bhat tarkari', som i hovudsak består av ris, svin, kylling og steikte grønnsaker samt risvin. Dans og musikk var det også, nokon heldige i gruppa fekk til og med vist fram deira Nepalesiske dansekunnskapar, som dei ikkje visste dei hadde :)
- KnutTORSDAG 24. NOVEMBER

Namaste!
Då var me tilbake på hotellet i Kathmandu. Me våkna til strålande vær i Lukla idag og etter nokon timars venting på flyplassen fekk me ta av med twin-otteren bokstavelig talt nedover mot Kathmandu :) Det var ein fantastisk utsikt på heile flyturen, flotte dalar og kvite fjell i bakgrunnen. No har me fått oss ein fortjent dusj og øl, så no venter berre ein god middag før me er klare for sightseeing i Kathmandu i morgo.
Over og (kn)ut!

 

ONSDAG 23. NOVEMBER

Heisan alle sammen heime i Norge! Idag har me fullført vår siste etappe ned til Lukla. Dei siste dagane nedover Khumbu dalen har vore fantastiske. Me har gått frå foten av verdens høgaste fjell, med eit øde høgfjells klima, ned til den frodige og livlige sherpa dalen Khumbu. Idag ankom me vår endestasjon, byen Lukla på ca 2500 moh. Her er den spesielle flyplassen som me alle er spente på å få ta av ifrå i morgo. Rullebana har ein helling på 12 grader nedover! Når me ankom Lukla idag, blei det først lunsj og så eit besøk på kaffi baren Starbucks avdeling Lukla, verdens mest eksotiske Starbucks? Nå i kveld har me hatt ein fantastisk fin og god middag og så tok me avskjed med dei fantastisk snille, morsomme og hjelpsomme sherpane våre. Etter forslag frå noko av damene i gruppa, så stemte me til me første vers av 'ja vi elsker', til stor jubel frå sherpaene. Dei svarte så med ein 'love song' , som kokken vår Buddhi kalte det, veldig god stemmning blei det i alle fall. Dansing til og med :) Nå har roen senka seg og me har lagt oss i håp om bra fly vær imorgo.
- Knut

 

TIRSDAG 22. NOVEMBER

Heile gruppa er no samla igjen i Namche Bazaar, og i dag går dei ned til Phakding. Det ser heldigvis lovande ut med tanke på været på torsdag, det er nemleg dagen dei skal fly ut frå Lukla. Kjedeleg å bli sittande der og venta på flyvær... I det heile tatt har dei hatt svært bra vær på turen. Skal bli kjekt å sjå bileta når dei kjem heim.
- Jarle

 

SØNDAG 20. NOVEMBER

Hei ! Då var me på veg ned frå Island Peak Base Camp. Toppstøtet i natt var fantastisk!! Utrulig spennande opp den siste eggen og for ei utsikt! Ama Dablam, Makalu, Lhotse, Tabuche, Cholatse og 100 andre fantastiske fjell! Me starta kl. 0200 og var på toppen 1015. Eg, Kent og Kjetil var på toppen, mens Unnlaug og Sverre venta nede på breen. Lars var forkjøla og starta ikke. Irene snudde på 5590. For ein bra gjeng :-)
- Knut
Me er komme ned til Pangbouche no. Sitt rundt ovnen i matsalen og varmer oss. Har vore ein lang, men fin dag. Gjekk frå Island peak Base Camp klokka 07:45. Framme her ca 16:00. Deilige å gå nedover og sjå alle som puster tungt på veg oppover :) fekk melding av gjengen i Namche og dei har det bra, me treffer dei i morgo. Elles så er me stort sett rusa på gårsdagen på Island Peak summit på 6189, det var ein storslagen opplevelse. Utsikten der oppe var den finaste eg har hatt nokon gong, og eg har eit par bra på netthinna etterkvart... Soloppgangen på veg opp var fantastisk, Sorry Kilimanjaro, men dette var ein klasse for seg sjølv!! Eg avslutter med eit sitat frå ein meksikaner som hang seg på oss siste stykket opp mot toppen: 'do you guys know how high this mountain is?' Er det mulig? Det er heller ikkje å anbefala å trakke ein stressa sherpa på 6100 moh. midt i kneet med stegjern ;)
- Knut

(Foto: Kent Sviggum)

(Foto: Kent Sviggum)

(Foto: Kent Sviggum)

LØRDAG 19. NOVEMBER

Namasté! Da er en del af os på vej tilbage, ned gennem dalen. Torsdag delte gruppen sig i to! De 7 stk som skal prøve sig på Island Peak, drog til base camp. Vi venter i spænding på at hører hvordan det er gået. Der er ikke mobil signal i området, så der kan gå et døgn før vi hører fra de! Resten af os har tilbragt nogle dage i Chukhung, og er nu, efter endt dagsetape, i Pangboche. Vi er nu under trægrænsen igen, og det mærkes på dyre livet rundt os. Idag var vi så heldige at se en stor flok Himalaya-thar, som krydsede en stor elv, Kjempe flot! Vi har haft flot vejr og benene nyder at det nu går nedover- alle er enige om at man næsten flyver :) Sassang, den evigt pligtopfyldende bærer til Eli og Audny, følger os på vejen. Altid smilende og blid, sørger han for at vi ikke mangler noget:) i morgen går turen videre til Namche.
- Anna

 

FREDAG 18. NOVEMBER

Har ikkje høyrt frå dei på eit par dager. Reknar med dei har sendt meg meldingar som ikkje kjem fram. Det har nemleg vore veldig ustabilt nett tidligare akkurat i det området dei er nå, rundt Dingboche. Dei nærmar seg nå foten av Island Peak, fjellet som dei fleste av gjengen skal prøva seg på om eit par dagar. Island Peak er eit fjell som krev litt sikrings- og klatreutstyr, dvs. tau, seler, stegjern og isøks. Det er ein bratt snøbakke opp mot toppen, og det aller siste stykket går dei på ein skarp snøegg. Helene er nå frisk igjen, men måtte heilt ned til Namche Bazaar før immunforsvaret klarte brasene.
- Jarle

 

TIRSDAG 15. NOVEMBER

Strålende dag her hos os :) En "morgenfrisk" gjeng var oppe kl 05.00, lidt tidligt ifølge nogle! Efter en varm frokost og mye kaffe, gik turen til henholdsvis Everest BC og Kala Pattar. Fantastisk udsigt for de som var på Kala Pattar (solen skinnede selvfølgelig) og en stor historisk oplevelse for de som tog turen til EBC. Efter lunsj gik turen nedover igen, til Lobuche, i fuld fart! Alle sidder nu fornøyde rundt den varme ovn, med en kop dejlig varm lemon tea. Alle er stort set i fin form og stemningen er i top:) Mange hilsner til alle derhjemme, fra os i nepal:)
- Anna

 

MANDAG 14. NOVEMBER

Heisan! Idag begynte turfølget med å gå frå Lobuche og oppover Khumbubreen mot Gorak Shep. Me brukte litt under 4 timar på turen til Gorak Shep, der me spiste lunsj. Så gjekk 4 av deltakarane inn til Everest Base Camp, mens resten slappa av i Gorak Shep. I morgon går resten inn til Everest Base Camp. Toppstøt-nervene begynner å snike seg innpå. Stort sett bra form hjå alle, ein vond finger, ein vond ankel litt hodepine og ellers bra.
- Knut

 

SØNDAG 13. NOVEMBER

Fekk ein overaskande optimistisk SMS frå Knut som mot alle odds har blitt frisk og rask igjen. Han fekk nokre vidunderpiller av Buddhi. Sikkert like greit å ikkje vita kva dei pillane består av...
Dei er no komme fram til Lobuche. Her er det litt enklare lodger enn i Dingbouche, standarden i Khumbudalen vert enklare og enklare dess lenger inn dei kjem, og no er dei nesten så langt inne det går an å komme. Helene gjekk i dag ned igjen til Dewoche. Ho har har ikkje vore i form dei siste to dagane. Siste nytt i kveld frå Dewoche er at ho er bedre. Det positive med denne ruta er at sjølv om ein må ta ein liten time-out, så er det ingen problem å bli med på Island Peak og resten av turen dersom ein blir frisk igjen. Og frisk blir ein kun dersom ein går nedover, immunforsvar og restitueringsprosessar i kroppen fungerer dårleg i høgda. Ellers er det berre litt snufsing blant nokre deltakarar, ingen helseplager av betydning.
- Jarle

 
LØRDAG 12. NOVEMBER (KVELD)

En lille kveldshilsen her fra Dingboche.
Skyerne har nu trukket op fra dalen, og ligger som et gråt taeppe over landsbyen. Den ellers så lyseblå himmel er borte for første gang på turen! Yak okser og løse heste, følges gennem gaderne, hjem for natten. De fodres med poteter og følger villigt med til de små havne, bygget af stein. Vi har trukket indendøre, til en varm lille spisesal. om dagen varmes denne op af solen, som skinner gennem de mange vinduer. Her på kvelden brender en lille ovn i midten af rummet og spreder god varme (ved er her ikke mye af, så det er yak møkk som brendes!!!) En god stemning har senket sig, der spilles yatsy, leses bøger og snakkes. Vi glaeder os til en ny etappe i morgen, som bringer os endnu lidt højere op!
Alle hilser hjem til familie og venner :)
- Anna

 

LØRDAG 12. NOVEMBER (MORGEN)

Vi er Nu i Dingboche, ankom i går fra Dewoche. Dagen igår var fortsat med sol og helt lyseblå himmel. Varmt, men alligevel køligt pga den kolde vind, vanskeligt at klæ sig efter dette! Flere begyndter at merke højden, mest synligt er det i forhold til matlyst. I dag er vejret fortsat helt fantastisk. sol og blå himmel. dog merker man på temperaturen at vi er kommet højere op, her er mye køligere end det hidtil har været. Gruppen er delt idag. 8 stk. er på en 3 timers akklimatiserings tur med Pemba. Resten hviler, nogle sover og andre slapper av.
- Anna
Imgen mageproblemer i gruppa så langt. I Khumbudalen kan det vera ein utfordring å halda magen i orden. Men nokre har blitt litt forkjøla, og Knut har fått det verst. Han har sannsynlegvis fått influensa og blir nok igjen i Dingboche når resten av gruppa går inn til Everest Base Camp. Kjedelig for han, men forhåpentlegvis er han frisk igjen når gruppa kjem ned igjen til Dingboche og skal vidare til Island Peak.
- Jarle

 

TORSDAG 10. NOVEMBER

I går hadde dei kvile- og restitusjonsdag i Namche. Kvile er nemlig viktig når dei no verkeleg begynner akklimatiseringsprosessen fram mot den innerste delen av Khumbudalen. Men dei var likevel ikkje heilt i ro - dei gjekk opp til landsbyen Khumjung som ligg rett over Namche. Ved Everest View Hotell fekk dei nettopp det... utsikt mot Everest. Men også mot Lhotse og verdas finaste fjell Ama dablam. Så vart det shopping av alt frå dopapir til yakull-skjerf. Ein tur innom Hermanns Bakery vart det også tid til. I dag gjekk dei vidare til Dewoche. Alle er stort sett i fin form, noko som er veldig bra med ei så stor gruppe. No har dei fått seg ein dusj, fortært ein pizza og er klar til å krype til køys (Nepal-tid er 4 timar og 45 minuttar framfor oss).
- Jarle

 

ONSDAG 9. NOVEMBER

Ferske bilete frå gjengen i Nepal - kan det bli flottare utsikt...:

(Foto: Knut Horvei)

(Foto: Knut Horvei)

(Foto: Knut Horvei)

(Foto: Knut Horvei)

TIRSDAG 8. NOVEMBER

I dag kom dei til Namche Bazaar, "hovudstaden" i Khumbudalen. Namche er ein gammal handelsplass, der tibetanske handelsmenn i uminnelege tider har kryssa grensa mellom Tibet og Nepal for å selga diverse varer til folket i Nepal. Og det er ikkje akkurat ei tur over Svinesund... Fjellpasset Nangpa La ligg på nesten 6000 meter, og over den gigantiske breen som fyller passet må dei store karavanane med yak-oksar og mennesker kjempa seg fram, ofte i store snømengder og dårleg vær. Vidare nedover den lange dalen til Namche Bazaar, før dei returnerer samme vegen tilbake til Tibet. Det var i dette passet kinesiske grensevakter for nokre år sidan henretta minst ein tibetansk flyktning som prøvde å komma seg over grensa.
Men vår gjeng har det veldig bra. Alle er friske og fine og været er optimalt. Og i dag såg dei Mt. Everest for første gong...
- Jarle

 

MANDAG 7. NOVEMBER

I dag gjekk dei frå Phakding til Moji i strålande vær og med snødekte 6000-metringar rundt seg.Det går bra med alle, fortsatt er dei i låglandet i forhold til det som ventar lenger inne. I morgon kjem dei til Namche Bazaar som ligg på ca. 3500 meter.
- Jarle

 

SØNDAG 6. NOVEMBER

Gode nyheiter frå min venn og samarbeidspartner Loben Sherpa i Nepal. Mot alle odds kom dei seg av gårde i dag. Først med fly frå Kathmandu til Lamidanda, så vidare med helikopter til Surket. Frå Surke er det kun 40 minuttar å gå inn til Lukla. Kun 35 av 600 kom seg opp i fjella frå flyplassen i Kathmandu i dag. Av og til skal ein ha flaks, og det hjelper også veldig å ha ein dyktig samarbeidspartner lokalt.
- Jarle
Oppdatering frå Knut i Phakding:
Då har me ankommet Phakding og lodgen der me skal overnatta i natt. Det har vore ein lang dag. Me stod opp kl. 0430 i dag tidleg. Flyet letta frå Kathmandu i 8-tida. Me landa på ein bitteliten "grusveg" 10 minuttar frå Lukla, der me måtte vente i nokre timar. Så vart det helikopter opp til Surket som ligg rett nedanfor Lukla. Me brukte ca. 3 timar på vandringa inn til Lukla. Ein glad men trøtt gjeng er klar for det store Himalaya-eventyret.
- Knut

 

LØRDAG 5. NOVEMBER

Værfast i Kathmandu!
Etter ein lang og slitsom flytur landa gjengen i Kathmandu i går. Og det som møtte dei var meldingar om kaos på flyginga Kathmandu - Lukla. Dårleg vær i mange dagar har gjort at det no står rundt 1000 turistar "værfast" i Lukla. Skal du fly til eller frå denne flyplassen langt inne mellom fjella i Himalaya må du nemleg ha fint vær... Men, dette er nesten normalsituasjonen for dei som skal gå i Khumbudalen. Værmeldingane er bra frå mandag og resten av veka så forhåpentlegvis blir det berre ein dag forsinka for vår gruppe. Andre grupper har venta opp til 4-5 dagar i Kathmandu. Men dette har me også tatt hensyn til i programmet, så me kan tåla 4-5 dagar i verste fall, før det begynner å få konsekvensar for dagsprogrammet. I mens får dei berre nyte den eksotisky hovedstaden i Nepal. Det er i alle fall mykje betre å sitta værfast i Kathmandu enn i Lukla. Håpar alle tar med i aftenbønnen at værmeldingane for sentral-asia må slå til...
- Jarle

 

TORSDAG 3. NOVEMBER

I morgon drar Knut og ein stor gjeng forventningsfulle nordmenn til Nepal for å gå alle trekking-turars mor, Khumbudalen, inn til Everest Base Camp og Island Peak. Følg med her for oppdateringar undervegs.
- Jarle

Bilete frå tidligare tur (Foto: Jarle Trå)

 

05.03.2012 15:24

Copyright © 2015 Jarle Trå