DAGBOK KILIMANJARO 7. JANUAR 2012

 

Sjå bilder frå turen nederst på denne sida.

TORSDAG 18. JANUAR

I går kveld, etter mykje venting i fly pga. tekniske problem, kom ein del av gjengen tilbake til Norge. Resten flaug til Zanzibar for å fortsetta Afrika-eventyret med nokre dagar på dei fantastiske strendene der. Felles for alle er nok at dei kjem til å bruke nokre dagar på å fordøye alle dei eksotiske inntrykka frå fjellet og safarien. Det er ikkje berre fjellnaturen og dyrelivet som gir sterke og varige inntrykk på denne turen. Det å bli kjent med lokalbefolkningen og få oppleva deiras kultur vil ofta sitta like sterkt i minnet etterpå. Sjå bilder frå turen nederst på sida.
- Jarle

TIRSDAG 17. JANUAR

Dei er no midt i ein innhaldsrik safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret, to av dei flottaste nasjonalparkane i Afrika. Her er det eit utruleg dyreliv og dei vil nok sjå det aller meste av det Afrika kan by på. Blant anna skal dei ut på ein sykkeltur i Lake Manyara, der dei kanskje må sykla mellom giraffar, sebraer, gnu og antilopar. Dei bur luksuriøst på Kudu Lodge, ein liten oase inne i skogen.
- Jarle

MANDAG 16. JANUAR

Heisan
Da sitter eg paa det som maa vere verdens treigaste internett tilkobling. Men me har hatt ein flott dag i Ngorogoro krateret, med masse dyr , fint vaer og flott natur. Det er veldig gronnt og fint no etter regntida. Me saag dei vanlege dyra samt 5 simbaer (løver) og 3 neshorn. No skal me faa oss ein velfortjent dusj og god middag, saa er me klare til Lake Manyara i morgo !
- Knut and the Gangsters

LØRDAG 14. JANUAR

I kveld har nok gjengen opplevd den berusande gleda i det å returnere til sivilisasjonen etter ei veke på tur i fjellet utan mogelegheit for å vaske å stelle seg skikkeleg. Ein varm dusj, å stelle seg framfor spegelen (i alle fall for damene...), å ta skjegget (forhåpentlegvis kun for mennene...), å ta på seg finare klær for deretter å få seg eit glas vin eller ein kald pils til ein betre festmiddag. Det er få ting som kan komma opp mot den lykkefølelsen dei sannsynlegvis føler akkurat no. Og feiringa blir nok lang og intens. Men i morgon skal dei forholdsvis tidleg av gårde på safari, så me får håpa Knut tar ansvar og skyssar dei i seng utpå natta. Knut melder om ein veldig varme då dei kom ned att til Moshi, så dei får nok bruk for shorts og solkrem på den flotte tre-dagars safarien som ligg framfor dei. Knut fortel også at alle helsar heim til kjente og kjære - og at dei er veldig takknemlige for alle helsingane og lykkeønskningane som vert lagt igjen i gjesteboka.
- Jarle

FREDAG 13. JANUAR

Til tross for dagens dato kom akkurat følgande melding frå Knut:
"Alle på toppen. Fantastisk sterk gjeng".
Gratulerar til heile gjengen! Det var eit kaldt toppstøt, og det var også frisk vind på toppen, noko som er forholdsvis uvanleg på Kilimanjaro. Men gjengen var sterk og målbevisst og ingenting kunne stoppe dei i å bestige Afrikas tak for å sjå sola stå opp.
- Jarle

TORSDAG 12. JANUAR

Knut ringte nettopp frå High Camp og meldte om ein frisk og optimistisk gjeng som no er klar for toppstøt i natt. Det er bra med tanke på det dei opplevde for nokre dagar sidan då halve gjengen plutseleg fekk ein runde med diaree og spysjuke. Heldigvis var det av den kortsinte bakterietypen. Men kort tid før dei kom opp til High Camp i dag måtte Willi kasta inn håndkleet då han plutseleg følte seg dårleg. Sannsynlegvis hadde ikkje dette noko med det som skjedde tidligare å gjera, då han holdt seg frisk gjennom det. Kona Mette og 3 guidar og bærarar vart med dei nedover fjellet. Knut melder om optimalt vær no berre 4-5 timar før toppstøtet startar. Ved midnattstider lokal tid startar dei ferda mot toppen, og i morgon tidleg får dei sannsynlegvis oppleva den fantastiske soloppgangen over Afrikas stepper. Følg med her for nyheiter i morgon formiddag...
- Jarle

ONSDAG 11. JANUAR

Natt til i dag vart det kø framfor do-telta som vår kjære "toilet-man" bærer over heile fjellet. Ein eller annan lumsk bakterie gjorde at halvparten av gjengen, inkludert turledar Knut, fekk ei travel natt. Heldigvis var dei fleste i stand til å gå vidare, men Olav og Anja måtte desverre avbryte og gå ned igjen Umbwe-ruta, der Michael henta dei. Resten av gruppa gjekk den korte etappen over til Karanga, der dei fleste no føler seg betre. Heldigvis skjedde det før denne etappen, som er den kortaste på turen. Me har vore forskåna for slike problem tidligare, kokken og servitørane har fått omfattande kursing i mathygiene og gode rutinar. Også i dag har dei hatt heilt greitt vær, utan nedbør. Det drar seg no til mot toppstøtet, i morgon går dei opp til High Camp der dei startar toppstøtet frå ca. ved midnattstider natt til fredag. Følg med - dette blir spennande!
- Jarle

TIRSDAG 10. JANUAR

Knut melder om ein lang og tøff etappe frå Shira over til Barranco. På denne etappen går dei opp til ca. 4600 moh. før dei går ned igjen til ca. 4000 moh. Dette gir ein veldig god akklimatiseringseffekt, men samtidig er det den dagsetappen som er tøffast for kroppen. På denne etappen vert kroppen tvinga til å tilvenna seg høgda, og for nokon få kan dette medføra litt hodepine og kanskje også kvalme. Men det går som regel over etter nokre timar, og som regel er alle friske og fine dagen etter når dei skal gå opp den spektakulære Breakfast Wall - rutas brattaste parti. I dag fekk også Anja resten av bagasjen sin levert på fjellet. Bagasjen hennes var ikkje med flyet då dei landa, og Mike, min gode venn og samarbeidspartner i Moshi, sørga for at den vart levert med express-bærar i Barranco i kveld. Bæraren tok to dagsetappar i ein jafs, ca. 2300 høgdemeter med ein tung bag på hovudet... Været har vore rimeleg bra til no. Stemninga er god i gjengen og alle gledar seg til det som kjem.
- Jarle

MANDAG 9. JANUAR

No er me på veg opp til Shira. Det er fint vær i dag, men i går regna det litt. Alle er stort sett i fin form, noko småtterier, men stort sett bra:) Masse folk på Machame-ruta.
- Knut
Dei er no altså på veg frå Machame til Shira, og dette er den andre dagsmarsjen. I dag går dei gjennom eksotisk vegetasjon frå 3000 moh. til 3900 moh. I går gjekk dei stort sett heile dagen gjennom tett jungel. I morgon går dei gjennom goldt månelandskap med isbreer hengande i fjellet over seg. Kontrastane frå dag til dag på Kilimanjaro er enorme.
- Jarle

LØRDAG 7. JANUAR

Gjengen har landa på flyplassen i Kilimanjaro og Knut melder om ein forventningsfull gjeng som nyter varmen som slo i mot dei då dei gjekk av flyet. Etter middag bærer det rett i seng, slik at dei får kvile skikkelig før fjellturen startar i morgon.
- Jarle

ONSDAG 4. JANUAR

2012 er såvidt i gang når ein stor gjeng nordmenn på lørdag flyr til Kilimanjaro for å starte sin vandring mot toppen av Kilimanjaro. Mette, Willi, Eva, Geir, Anja Lena, Solveig, Margot, Johannes, Anne Kari, Olav, Anne Kristine, Elisabeth, Anja, Hilde, Kristin og Erling blir leda mot toppen av Knut Horvei, som er turledar for denne gjengen. Etter 7 dagar på Machame-ruta skal dei på safari i Lake Manyara og Ngorongoro-krateret. Me har bestilt finvær og god stemning - følg med på denne nettsida for oppdateringar.
- Jarle

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

Bilete frå turen i desember i fjor (Foto: Brit Volden)