DAGBOK KILIMANJARO 7. JANUAR 2015


Sjå Knut sine flotte bilete frå turen:























FREDAG 16. JANUAR


Heisan! Me har hatt ein flott dag i krateret, såg b.l.a 16 løver! Samt neshorn og alle dei andre vanlege dyra. Fint vær og passeleg varmt. Bading og grilling på Kudu Lodge etterpå. I morgo er det sykling, souvenir-shopping, besøk på kaffiplantasje og heimreise som står på programmet :) Me har storkosa oss masse og er stappa med inntrykk etter Afrika eventyret som me har hatt.
- Knut

Då går turen mot slutten og i morgon blir det ein minnerik sykkeltur blant gnu, sebra og antiloper i Lake Manyara, og besøk hjå ein masaai-landsby - før dei set seg på nattflyet i retning gamlelandet. Takk for at du har fulgt med på denne nettsida undervegs. Kanskje er det din tur til å oppleva det samme neste gong?
- Jarle

TORSDAG 15. JANUAR


I går kom dei ned frå fjellet og attende til sivilisasjonen. Ein varm (eller kald...) dusj stod nok øverst på programmet, samt sannsynlegvis kald drikke ved bassengkanten. I dag starta safarien med eit besøk i Tarangire Nasjonalpark. Knut skriver at dei har hatt ein flott dag med blant anna hundrevis av elefantar på dei store slettene ned mot elva som renn gjennom nasjonalparken. I morgon er det kanskje høgdepunktet på safarien som står for tur, nemleg Ngorongorokrateret. Krateret er eigentleg ein kaldera, dvs. eit fjell som har kollapsa ned i seg sjølv. Ngorongoro var ein gong ein vulkan som raga endå høgare enn Kilimanjaro, men pga. at vulkanar er veldig "porøse" pga. alle lavakorridorane inne i fjellet, kan dei - dersom dei blir store nok, kollapse inn i seg sjølv. I dag er det eit karater med ein diameter på nesten to mil, og med opp til 600 meter høge sideveggar. Nede i krateret lever enorme mengder dyr. Løve, leopard, gepard, elefant, flodhest, neshorn, sebra, bøffel, gnu, hyene, sjakal, gaselle, struts, bavian, ape, flamingo... det aller meste av Afrikas dyreliv finn du her. Den einaste som ikkje er her er giraffen, sidan den ikkje klarar å gå ned dei bratte sideveggane. Giraffen er ikkje skapt for bratt terreng. Dersom dei er heldige vil dei få sjå eit drama på liv og død når dei store kattane prøver å skaffe seg eit etterlengta måltid. Geparden kan f.eks. komma opp i 110 km/t og sjølv gasellen får problem med å halda unna då. Fordelen til gasellen er derimot at den kan endre retning mykje enklare enn geparden, som slit litt med svingane over 100 km/t. Når ein har fått oppleva dette fantastiske dramaet på nært hald føler ein seg verkeleg privilegert (og glad for at ein ikkje står på Gepard-menyen...)
- Jarle

TYSDAG 13. JANUAR


Heisan! Då var me komme ned til Mweka og er snart klar for å sove! Har vore eit langt døgn som vanleg. Starta toppstøtet ved midnatt, Lajla gav seg på ca 5300 moh, flott innsats! Tøff dame. Randi vart med heilt opp til Stella point og fekk sjå megafin soloppgang med oss fire siste som tok turen bort på Uhuru Peak. God innsats, fint vær og slitne bein er status :) I morgon starter me tidleg ned mot gaten.
- Knut

Knut melder at dei stod på toppen i strålande vær kl. 07:10 lokal tid i dag!
Lajla snudde litt under toppen og Randi på Stella Point på kraterkanten. Kjempeinnsats av gjengen. Gratulerer til alle! Her ute som underteikna er akkurat no - litt lenger vest i dei store nasjonalparkane - regna og tordna det voldsomt i natt. Heldigvis merka ikkje gjengen vår på fjellet noko til det. Akkurat no er dei på veg ned att til telta sine for å kvile eit par timar, før dei går vidare nedover seinare i dag.
- Jarle

MANDAG 12. JANUAR


I dag har dei gått den forholdsvis korte etappen frå Karanga til Kosovo Camp (4880m). Det er temmeleg nøyaktig 1000 høgdemeter igjen til målet er nådd! Akkurat no prøver dei å sove nokre timar fram til toppstøtet startar ca. ved midnattstider. Men nervøsiteten vil nok gjera at alle søv litt dårleg, det er heilt normalt kvelden før toppstøtet. Men alle er i fin form, og det er eit godt utgangspunkt før nattas lange motbakke... Dei første 900 høgdemetrane er det bratt sikksakk-sti oppover fjellsida. Skritt for skritt sig den lange rekka med hodelykter oppover i den mørke natta. Kun lyset frå stjernene og dei svake lysa frå Moshi 5000 meter under dei er å sjå - bortsett frå lyset frå hodelyktene. Knut og Dixon sørger for at det blir pause ca. ein gong i timen slik at alle får i seg nok mat og drikke undervegs. Når dei når Stella Point etter ca. 5 timar, er det kun 100 høgdemeter igjen til toppen. Men no er dei på kraterkanten, og stien flatar derfor veldig ut bortover ryggen. På dette tidspunktet begynner kanskje himmelen i aust å lysne i det sola nærmar seg horisonten. Dersom timinga er perfekt kjem sola opp akkurat i det dei når toppen. Kulden slepp etter kvart taket og sola sine stråler begynner å varme sjølv på nesten 6000 moh. Dette blir spennande. Kryss fingrane og følg med på denne sida i morgon tidleg/føremiddag, eg oppdaterer så fort eg høyrer korleis det har gått.
- Jarle

Ca. ein time igjen til toppen... (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

SUNDAG 11. JANUAR


Nokre fekk kjenna litt på antydning til lett høgdesjuke etter den lange (og høge) etappen i går. Men heldigvis var alle i god form igjen raskt og dagens etappe til Karanga gjekk veldig fint. Dei har hatt fint vær til no på turen, men i går låg det faktisk 5 cm. snø på Lava Tower (ca. 4700 moh). Guiden Dixon, kokken Benson og alle dei andre i crewet gjer sitt ytterste for at gjengen vår skal ha det bra. Dei set opp telt, lagar mat, styrer tempoet når dei går (viktig!) og sørger ellers for at alt skal vera tilrettelagt for at gjengen vår kjem seg til topps. Dei siste dagane har dei gått litt opp og ned, men i morgon begynnar dei på den aller siste motbakken - som tar dei heilt til topps i overmorgon...
- Jarle

FREDAG 9. JANUAR


Knut melder om ein flott dag frå Machame til Shira. Dei er no på 4000 moh. og utsikta begynner å bli enorm... Alle er i fin form, ingen merkar noko spesielt til høgda. I morgon går dei via Lava Tower til Barranco Camp, som også ligg på rundt 4000 meter. Landskapet er prega av lava og det veks nesten ingenting over 4500 meter. Kilimanjaro er ein sovande vulkan, 200 meter under toppen står det ei stor lavasøyle - ein dag vil den kanskje få utbrot igjen. Men me satsar på at det ikkje skjer før etter gjengen vår har vore på toppen...
- Jarle

TORSDAG 8. JANUAR


Flott dag idag, passelig temperatur og ikkje regn. Alle i fin form og me ser fram til morgondagen. Kjempebra svinekjøtt til middag og flott stjernehimmel no i kveld.
- Knut

Den første dagen på fjellet gjekk dei gjennom regnskogen opp til Machame Camp, som er den første leiren dei overnattar i. Då dei sat ved porten og venta på å få starte vandringa (det er alltid litt byråkrati i Afrika...) vart dei underholdt av eit par velvet monkeys som var ute etter matpakkane som låg på bordet. Sjølve vandringa gjekk gjennom tett og fascinerande regnskog, høgare og høgare. til leiren som ligg heilt i øvre kant av jungelen. Her skal dei ha si første natt i telt, me får håpe alle får sove godt i den afrikanske natta.
- Jarle

KLAR TIL AVREISE


Lajla, Kari, Randi, Ingvar og Lars Kåre utgjer deltakarane på årets første tur til Kilimanjaro. Denne vesle - men blide - gjengen startar på onsdag turen mot Afrikas høgaste fjell - eit av Seven Summits! Etter fjellturen står safari i Ngorongoro, Lake Manyara og Tarangire for tur. På denne turen står høgdepunkta i kø! Knut Horvei er turledar for gjengen, følg med på denne sida for oppdateringar frå han framover mot toppstøtet som skjer i grålysninga tysdag 13. januar.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka


(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå)