DAGBOK INKA TRAIL 7. - 23. JULI 2016 (GRUPPE 1)

 

FREDAG 22. JULI

Ein innholsdrik tur er snart over. I kveld set dei seg på flyet i retning gamlelandet. Hovudet og minnekortet er fulle av fantastiske minner om Inka Trail, Machu Picchu, Amazonas-jungelen og mange av dei andre stadene dei har besøkt. Tito har som vanleg leda dei trygt gjennom heile turen, og sørga for at dei har fått mykje kunnskap om Peru sin mangfaldige kultur og natur. Eg reknar med dei sender meg nokre bilete frå turen når dei er attende i Norge, eg legg dei i tilfelle ut på denne sida.

- Jarle

 

TYSDAG 19. JULI

Dei er no attende i Cusco etter ein strålande tur på Inka Trail fram til Machu Picchu. Eg har ikkje fått verken bilete eller oppdateringar frå gjengen, me satsar på at dei sender det når dei kjem attende til Lima etter jungel-opphaldet. Dei er no nemleg i Amazonas-jungelen der dei skal oppleve regnskogen på nært hald. Lokalkjente guidar tar dei med på turar til fots og med båt og flåte inn i jungelen.

- Jarle

Inka Trail-5

Inka Trail-6 

Bilete frå ein tidlegare tur (Foto: Jarle Trå)

 

LØRDAG 16. JULI

Tito klarte å sende dette biletet frå starten av Inka Trail. Ser ut som dei gledar seg til dagane som ligg framfor dei...

20160715 102159 

 

TORSDAG 14. JULI

Dei siste dagane har dei fått oppleva Titicaca-sjøens store attraksjon – dei flytande Uros-øyene. Øyene som er laga av siv buktar seg faktisk når du går på dei, det er nesten som å gå på ei gigantisk vannseng. På desse øyene har etterkommarane etter Inkaene budd i hundrvis av år. Dvs. dei må skifte dei ut etter nokre år, sivet som dei bygger dei av vil etterkvart råtne og dei må bygge seg ei heilt ny øy. Så køyrte dei buss over Altiplano-sletta til Cusco, Inkaenes hovudstad. I dag har dei besøkt mange av dei imponerande ruinene etter Inkaene som ligg i og rundt Cusco, blant anna Sacsayhuamán og Koricancha (soltempelet). I kveld pakkar dei om – no begynnar den delen av turen som gjengen kanskje har gleda seg mest til. I morgon startar dei nemleg vandringa langs Inka Trail fram til Machu Picchu. I fire dagar skal dei gå langs den verdensberømte stien som slynger seg mellom høge Andesfjell, fram til ein av verdas mest spesielle stader. Machu Picchu ligg på ein skarp rygg og det er både plasseringa og arkitekturen som gjer denne staden så spesiell. Dei bur i telt undervegs, og dei har med guidar og bærarar. Kokkar lagar mat og servitørar sørger for at dei har det godt sjølv langt til fjells. I dette området er det verken mobil- eller internettforbindelse og me kjem nok ikkje til å høyra frå dei igjen før på mandag eller meir sannsynleg tysdag (pga. tidsskilnaden mellom Norge og Peru).

- Jarle

 

TYSDAG 12. JULI

Sofie har sendt meg ein del bilete frå den første delen av turen - frå ørkenen i Ica og frå Titicaca-sjøen:

2-8-1

2-8-2

2-8-3

2-8-4

2-8-5

2-8-6

2-8-7

2-8-8

2-8-9

 

SUNDAG 10. JULI 

Dei har no vore eit par dagar i Ica-området sør for Lima, der dei har leika seg i nokre av dei største sanddynene i verda. Dei har også besøkt Ballestas-øyene - Peru sitt "mini-Galapagos". Nokre har også flydd over dei mystiske Nazca-linjene. Måndag flyr dei til Titicaca-sjøen der dei skal besøka dei flytande Uros-øyene. Dermed er dei for første gong også oppe i høglandet, og akklimatiseringa til Inka Trail og Machu Picchu er i gang.

- Jarle

 

FREDAG 8. JULI

1 8.1

 

 

INKA TRAIL - VERDAS FLOTTASTE VANDRETUR!

Turane til Peru og Inka Trail blir berre meir og meir populære og i sommar var det så mange som ville vera med at eg måtte dela dei inn i to grupper. Mine to populære reiseledarar, Tito og Giscard, ledar kvar si gruppe.

Monika, Jens, Christian, Øyvind, Rachmilla, Tommy, Christel, Vidar, Emil, Hildegun, Sofie og Petter flyr over Atlanterhavet på torsdag - klare for det Sør-Amerikanske eventyret. Tito ledar denne gruppa gjennom det omfattande programmet der dei blant anna skal gå Inka Trail til Machu Picchu, bu i Amazonas-jungelen og besøka Titicaca-sjøen. Men dei skal også besøka Ballestas-øyene - Peru sitt svar på Gallapagos-øyene, Ica-ørkenen - som har blant verdas største sanddyner, og dei som ønsker det skal fly over dei mystiske Nazca-linjene.

På denne sida kan du følga med kva som skjer på turen. Deltakarane sender meg oppdateringar og forhåpentlegvis bilete undervegs på turen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

 

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Anna-Marie Haugen og Jarle Trå)

 inkatrail 16

inkatrail 14

inkatrail 06

inkatrail 03