BESTIG ELBRUS MED OSS!

 

NB!  PGA. KRIGEN I UKRAINA ER TUREN TIL ELBRUS I RUSSLAND FJERNA FRÅ PROGRAMMET INNTIL VIDARE


Elbrus er Europas høgaste fjell. Bli med på ekspedisjon til fjellkjeden Kaukasus i Russland. Fjellet er ein utdødd vulkan og Kaukasusfjella vert ofte omtalt som den flottaste fjellkjeda i verda utanom Himalaya. På denne turen får du også oppleva dei store turistattraksjonane i Moskva.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

 

Reisemål Elbrus
Land Russland
Max. høgde 5642 moh.
Antall dagar 12
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 7
Max antal 16
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

Pris 2024 35 900
  NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
  • Alle overnattingar på hotell og i fjellhytter
  • Alle måltider i Cheget og på fjellhytta
  • All lokaltransport i Russland
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Norsk turleiar og lokale guidar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
  • Visum-kostnader
  • Tips til lokale guidar
  • Evt. hotellrom og måltid i Cheget utover to netter etter toppstøtet
  • Måltider i Moskva
  • Drikkevarer
  • Evt. enkeltrom

 

TRANSPORT

Me flyr via Moskva til Mineralnye Vody. Privatbuss til Cheget (ca. 4 timar). 

 

OVERNATTING

Hotell i Moskva. Hotell og fjellhytte i Cheget før og etter toppstøtet. Fjellhytta ligg 3750 meter over havet med ei fantastisk utsikt, men ikkje forvent høg standard generelt - russiske fjellhytter er relativt enkle.

 

FYSISK FORUTSETNING

Elbrus er eit stort fjell. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Det kan også bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i 10-15 minusgrader. Gode og varme sko er viktig.

 

visum og reiseforsikring

Det er ingen endringar i reglane for visumsøknader for turistar til Russland til tross for spenninga som har vore mellom Russland og Vesten den siste tida. Unntaket er at det er eit ekstra skjema som de må fylla ut i søknadsprosessen.UD’s reiseråd for Kaukasus-området er det samme som det har vore i mange år:
”Utenriksdepartementet fraråder reise eller opphold som ikke er strengt nødvendig i Nord-Kaukasus. Norske borgere som oppholder seg i eller som planlegger å reise til regionen oppfordres til å ta kontakt med ambassaden i Moskva for oppdatert informasjon og registrering av reise via www.landsider.no.”

Til tross for dette har dei fleste operatørar valgt å arrangere turar i området i alle år, då det sjeldan er episodar i dette området. Sikkerheitsberedskapen har aldri vore høgare, sidan Putin har bestemt seg for at ingen skal få skremma vekk turistar frå dette området (Elbrus-området er eit svært populært skiområde for russarane om vinteren).

Men dersom du blir med på denne turen aksepterer du altså at du gjer dette mot UD sine offisielle reiseråd, og at du er klar over den risikoen og konsekvensane ein reise dit kan medføre. Dersom ikkje reiseforsikringa di omfattar reiser til slike områder kan eg vera behjelpeleg med å anbefale forsikringsselskap som tilbyr reiseforsikring som gjer det.

Elbrus - dagsprogram

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr frå Norge til Moskva, der me tar inn på hotell. Me landar seint så me tar middagen på hotellet. Om kvelden blir det eit kort informasjonsmøte der me går gjennom ein del informasjon om turen. Kanskje blir det tid til ein tur inn til sentrum med Metroen.

    Foto: Marius Slagsvold
  • Dag 2

    Dag 2

    Me må sjølvsagt sjå dei mest kjente turistattraksjonane når me først er i Moskva, f.eks. Kreml og Den Røde Plass. Om kvelden flyr me vidare til Mineralnye Vody der ein buss står og ventar og køyrer oss til Cheget som ligg ved foten av Elbrus, midt i hjartet av Kaukasus-fjella.
  • Dag 3

    Dag 3

    Me går sannsynlegvis oppover mot Mount Cheget, og satsar på å passere 3000 moh. Akklimatiseringa er i gang...
  • Dag 4

    Dag 4

    Ny flott akklimatiseringstur i Kaukasus-fjella. I dag går me sannsynlegvis oppover mot Peak Terskol, endå litt høgare enn gårsdagens tur. Fantastisk flott utsikt mot Elbrus. Me brukar heis eit stykke oppover for å tilbringa meir tid høgt oppe.

    Foto: Marius Slagsvold
  • Dag 5

    Dag 5

    I dag skal me nærma oss 4000 moh! Me tar heis heilt opp til 3000 moh. for å få ein høg start på turen. Så går me opp til rundt 3750 moh. Riktig progresjonen i akklimatiseringa er viktig...

    Foto: Marius Slagsvold
  • Dag 6

    Dag 6

    Me flyttar opp til ei hytte som ligg 3750 moh. Me brukar skiheisen for å komme nesten heilt opp til hytta, slik at me ikkje treng å slita tunge ryggsekkar oppover fjellet. Etter lunsj tar me ein liten akklimatiseringstur i området rundt hytta, kanskje opp til 4200 moh. Me tar det som vanleg roleg, i høgda er det svært viktig å gå sakte. Me øver også litt på heilt grunnleggande teknikkar ved bruk av stegjern og isøks, som me sannsynlegvis nyttar på toppstøtet.
  • Dag 7

    Dag 7

    Akklimatiseringstur opp til Pastukhov Rocks som ligg på om lag 4800 meter. Frå Pastukhov Rocks er det ei fantastisk utsikt utover resten av Kaukasus-fjella.
  • Dag 8

    Dag 8

    Kviledag for å samla krefter før toppstøtet som startar grytidleg i morgon. Sannsynlegvis kan deler av dagen brukast til å sitta utanfor hytta og få farge både på ansikt og kropp.
  • Dag 9

    Dag 9

    Me startar toppstøtet grytidleg på morgonen med å ta beltebil opp til Pastukhov Rocks. Me går sakte men sikkert høgare og høgare. Dersom det er skare, så sikrar me over eit lite parti mot toppen der det er brattast. Etter kvart kjem sola opp og dersom været er bra vert det etterkvart fin temperatur. Til slutt står me forhåpentlegvis alle 5642 meter over havet - på Europas høgaste punkt.
  • Dag 10 - 11

    Dag 10 - 11

    Reservedagar dersom dårleg vær. Dersom me gjennomfører toppstøtet vårt første dagen, vil me nytta reservedagane enten til å slappa av etter toppstøtet eller til å gå andre fjellturar i området. Og så skal me sjølvsagt feira at me har stått på Europas høgaste fjell!
  • Dag 12

    Me flyr tilbake til Norge via Moskva.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.