HIMLUNG HIMAL (7126m)


Vil du bestige ein 7000-metring! No er sjansen her. Himlung Himal vert i utgangspunktet kun satt opp ein gong, hausten 2026 (oktober).

Himlung Himal er 7126 meter høgt og er eit fantastisk flott fjell som ligg nordaust for Annapurna-massivet i Nepal. Det er eit seriøs fjell der du verkeleg får prøvd deg på Himalaya-klatring saman med dyktige og erfarne sherpaer som sikrar deg og sørger for at alt går trygt for seg. Buddhi er med oss som lokal turledar - då kan ingenting gå galt (og ingen kan unngå å smile...)

Vandreturen inn til base camp er den samme som på dei første dagane av den kjente Annapurna Circuit. Deretter tar me oss nordover oppover dalen mot Himlung Himal.

 

Reisemål HIMLUNG HIMAL
Land Nepal
Max. høgde 7126 moh.
Antall dagar  Ca. 33
Dato Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 6
Max antal 12
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. Les meir

Pris 2026 Blir bestemt snart


OBS! Himlung Himal kan vera litt utsatt for snøskred etter store snøfall, og det er dermed viktig at ein har nok tid til å avvente at snøen stabiliserer seg (2-4 dagar) dersom det skulle skje akkurat under perioden for toppstøtet. Me kjem derfor til å rekne god til for turen totalt sett (33 dagar), men me kjøper flybillettar som me kan endre returdato på dersom me får gjennomført toppstøtet relativt tidleg. 

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Gardermoen
  • All transport i Nepal
  • Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
  • Alle overnattingar på lodgar/telt på fjellturen
  • Lokale sherpaer, guidar og bærarar
  • Alle måltid på fjellturen
  • Alle klatretillatelsar og parkavgifter
  • Medisinsk oksygen
  • Norsk turledar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Evt. tilslutning til Gardermoen (og evt. overnatting i forbindelse med dette)
  • Gebyr for endring av returdato på flybilletten (sjå info lenger nede)
  • Tips og evt. summit bonus til sherpaer, guidar, bærarar og base camp crew (ca. 700 USD dersom me når toppen)
  • Visum til Nepal (50 dollar)
  • Reiseforsikring som må inkludere evakuering
  • Lunsjar og middagar i Kathmandu
  • Drikkevarer
  • Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
  • Evt. overnattingar på hotell i Kathmandu utover to netter etter fjellturen
  • Evt. uforutsette utgifter når det gjeld transport og logistikk, som følge av vær, naturhendingar osv.
  • Inngangspengar på sightseeinga i Kathmandu
  • Einerom i Kathmandu

 

 

TRANSPORT

Fly frå Norge til Kathmandu. Buss og jeep til og frå startpunktet på vandreturen inn til base camp.

Utstyret vert transportert med muldyr inn til base camp, så der bærer me kun ein lett dagstursekk.

Fellesutstyret blir bært av sherpaer eller bærarar mellom leirane (high camps), slik at du kun bærer ditt eige utstyr og mat over base camp.

 

OVERNATTING

I Kathmandu bur me på eit bra hotell. På fotturen bur me på enkle lodgar av varierande standard, men mange av dei har sin eigen sjarm. To personar på kvart rom. I base camp og i high campane på fjellet bur me i telt, to personar i kvart telt. Høgt på fjellet (over base camp) brukar me enten to eller tre leirar (high camps). Me bur altså på lodgar ca. åtte netter på fjellturen, resten i telt. 

 

 

FYSISK FORUTSETNING

Himlung Himal er ein av dei enklaste 7000-metringane i Himalaya teknisk sett. Men det betyr ikkje at det er enkelt… Det er til tider bratt snø (opp mot 40 grader), så me vil gå ein god del på faste tau. På toppryggen kan det vera eksponert (på samme måte som Island Peak) men også der er me sikra. Men du kan ikkje ha høgdeskrekk viss du vil vera med på denne turen. Me har med fleire sherpaer, sannsynlegvis blir det med 1 sherpa pr. 3 deltakarar, kanskje fleire. Me setter sjølvsagt sikkerheita i høgsetet. Fysisk sett så krever dette fjellet sjølvsagt at du er godt trent, på samme måte som f.eks. Aconcagua – minst! Me har sherpaer og bærarar som bærer det meste av fellesutstyret, så du treng ikkje bære veldig tung ryggsekk sjølv. Men du må bære alt av personleg utstyr og mat sjølv. På dette fjellet er det ikkje mogeleg å leige personleg bærar til å hjelpe med å bære ditt eige utstyr (men det er mogeleg å leige personleg sherpa heilt til toppen, då kan han ta litt av utstyret ditt også).

Eg krev at alle som er med på denne turen har erfaring med minst eit høgt fjell frå før. Absolutt minimum er Kilimanjaro eller eit fjell med tilsvarande høgde. Men eg anbefaler sterkt at du har vore på f.eks. Aconcagua eller eit fjell over 6000 meter i Nepal, der du har vore på tur i minium 12-14 dagar i fjellet, og at du har erfaring med stegjern osv.

Me må vera mentalt forberedt på at av og til er forholda slik at det ikkje er mogeleg å gjennomføre eit toppstøt. Sånn er det på fjell av dette kaliberet av og til.

 

 

DAGSPROGRAM

Dette er eit foreløpig dagsprogram og kjem sannsynlegvis til å bli endra undervegs. Som beskrevet over kjem me til å ha ein flybillett som me kan endre returdato på dersom me er tidlegare på toppen. 

Day 01:  Departure Norway

Day 02:  Arrival in Kathmandu, pick up and transfer to hotel

Day 03:  Issuance of permit to climb Himlung and briefing by Ministry of Tourism

Day 04:  Final preparation for expedition

Day 05:  Drive to Beshisahar by Toyota Hyice. Overnight stay in Beshisahar Lodge

Day 06:  Drive to Koto (2600m) by 4 wheel drive

Day 07:  Trek to Metha (3560m)

Day 08:  Trek to Kyang  (3850m)

Day 09:  Rest day in Phu Gaon (4080m)

Day 10:  Trek to Base camp (5200m)

Day 11 - 26:  Climb period for Himlung Himal - (7126m) 

Day 27:  Trek to Phu Village (4080m)

Day 28:  Trek to Metha (3560m)

Day 29:  Trek to Koto (2600m)

Day 30:  Drive back to Kathmandu

Day 31:  Debriefing with Ministry of Tourism

Day 32:  Fly back to home

Day 33:  Arrive Norway