inka trail - verdas flottaste fottur
Å gå Inka Trail fram til Machu Picchu er ein av dei flottaste og mest berømte vandreturane i verda. Men turen min til Peru inneheld så mykje meir enn det: Amazonasjungelen, Nazcaørkenen og Ballestasøyane - også kalla Peru sitt svar på Galapagosøyane. Og dersom du ønsker det kan du også besøke det verdskjente Rainbow Mountain og avslutte med eit besøk på dei flytande øyane i Titicacasjøen.
det beste av sør-amerika
Dei fleste av oss ønsker ein eller annan gong i livet å oppleve Sør-Amerika. Naturen og kulturen er fascinerande og heilt annleis enn det me er vant med. Men det er langt å reise og for mange vil ein tur dit vera noko ein kun gjennomfører ein gong i livet. Derfor gjeld det å oppleva det mest karakteristiske, spesielle og spektakulære når ein først er der.
Dersom ein fekk valget om kva attraksjonar i Sør-Amerika ein ville oppleva, ville kanskje dei fleste svart Inka Trail, Machu Picchu, Rainbow Mountain, Amazonas-jungelen og Titicaca-sjøen. Eg har derfor satt sammen ein tur som inneheld blant anna desse attraksjonane (Rainbow Mountain og Titicacasjøen er frivillig).
Peru er kanskje verdas mest varierte land når det gjeld natur. Snøkledte fjell over 6000 meter (Andesfjella), verdas største og mest artsmangfaldige jungel (Amazonasjungelen), ørken med nokre av verdas største sanddyner (Nazcaørkenen), verdas mest fargerike fjell (?) (Rainbow Mountain), verdas høgaste navigerbare innsjø (Titicacasjøen) og Peru sin versjon av Galapagosøyene (Ballestasøyane). På denne turen kan du oppleva alt sammen. Tilbakemeldingane frå deltakarane er eintydige - dette er ein tur der ein får utruleg mange inntrykk og opplevelsar i løpet av kort tid.
Men sjølv om attraksjonane står i kø, er det sannsynlegvis vandreturen langs Inka Trail fram til Machu Picchu som vil vera høgdepunktet for dei fleste. Dette er ein 4-dagers tur (3 overnattingar i telt) der du vandrar i dei fantastisk flotte Andesfjella på høgder opp til 4200 meter.
Når ein i tillegg får besøke Inka-hovudstaden Cusco og fleire andre viktige historiske kulturminner, samt ein av verdas største byar Lima, seier det seg sjølv at det er lite tid til å kjeda seg på denne turen!
NB! Viktig å melde seg på tidleg - kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir
| Reisemål | Inka Trail / Machu Picchu / Amazonas / Titicaca |
|---|---|
| Land | Peru |
| Max. høgde | Ca. 4200 moh. |
| Antall dagar | 16 (18 dersom du velger å avslutte med Titicacasjøen) |
| Datoar | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus |
| Min. antal | 10 |
| Max antal | 20 |
| Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
|
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret påmeldingsfrist, men kr. 1000,- i rabatt ved tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. Les meir |
| Pris 2026 | 55 900 (+ 6900 for Titicacasjøen) (+ evt. tilslutning) |
| Pris 2027 | 57 900 (+ 6900 for Titicacasjøen) (+ evt. tilslutning) |
| NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding |
Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
Viktig ang. påmelding!
På grunn av at det kun er 500 personer som får lov til å starte på sjølve Inka Trail kvar dag (inkludert bærarar og guidar), anbefaler eg at du melder deg på tidleg på denne turen. Du må nemleg ha ein lisens for å få lov til å gå Inka Trail, og det er ikkje mogeleg å reservera desse lisensane. Dei må kjøpast på passinformasjon etter kvart som eg får påmeldingar. Det varierer kor tidleg lisensane blir utsolgt, men eg anbefaler at du melder deg på minimum 8 månader før turen startar. Men du må gjerne ta kontakt om det nærmar seg avreise også, så kan eg sjekke om det er ledige lisensar tilgjengeleg.
Du kan også reservere plass på turen. Å reservere er 100% uforpliktande for deg og eg sender ikkje faktura for depositum. Men då er du sikra plass og at eg tar kontakt før turen blir fullteikna, og i god tid før lisensane til Inka Trail blir lagt ut for salg.
Prisen inkluderer
- Fly tur/retur frå Gardermoen
- Alle innenriksfly i Peru
- All transport i Peru
- Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
- Alle måltid på Inka Trail og i Amazonas
- Alle frukostar
- Alle tillatelsar og parkavgifter
- Alle utflukter og severdigheiter med engelsktalande guide
- Lokal turleiar (som har jobba for meg i inntil 18 år...)
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Evt. tilslutning til Gardermoen (og evt. overnatting i forbindelse med dette). Eg kan organisere dette for deg dersom du ønsker det.
- Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar (140 - 190 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
- Flytur over Nasca-linjene (ca. 370 dollar)
- Dagstur til Rainbow Mountain (ca. 100 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
- Lunsjar og middagar i Lima, Cusco, Ica og Puno
- Drikkevarer
- Evt. enkeltrom
TRANSPORT
Fly over Atlanteren til Lima, hovedstaden i Peru. Me flyr med innanriksfly av høg standard innanriks i Peru. Også busstransport er av relativt høg standard, med fokus på sikkerheit og komfort. All busstransport er med privatbuss kun for vår gruppe. Motorisert kano innover i Amazonas-jungelen.
OVERNATTING
Alle hotell er av relativt god standard. I Amazonas-jungelen bur me i bungalowar med utsikt rett ut i jungelen, og med toalett og dusj på kvart rom. På Inka Trail bur me i 2-mannstelt (3 netter).
MAT
Maten i Peru er for det meste som du er vant med frå Noreg eller på tur i Europa. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me går Inka Trail har me med eigne kokkar som tryllar fram dei utrulegaste rettar. I Amazonas-jungelen er også maten av god hotell-standard.
FYSISK FORUTSETNING
Du må vera i god fysisk form for å gå Inka Trail, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg fjelltur på mange timar i fleire dagar etter kvarandre. Dag to og tre er lange og det er ein del høgdemeter opp og ned (dag tre er det f.eks. 1200 høgdemeter opp). Stien er svært god, men terrenget er til tider veldig kupért og mange av høgdemetrane opp og ned går i steintrapper. Høgdeskrekk er ingen problem på denne turen - stien er aldri eksponert eller skummel. Bærarane våre tar seg av bagasjen, du sjølv bærer kun ein lett dagstursekk. Temperaturen er stort sett behageleg på dagtid (shorts og t-skjorte), om natta kan den av og til falle under 0 grader. Været er som regel fint med lite nedbør, men det kan sjølvsagt regne også her.
DAGSPROGRAM
Sjå programmet dag for dag under. Dette dagsprogrammet åpnar opp for fleire spennande alternativ:
- Du kan sjølv bestemme om du vil til Titicacasjøen på slutten av turen. Standardturen er 16 dagar. Med Titicacasjøen blir den 18 dagar. Turledaren blir ikkje med til Titicacasjøen, men du vil sjølvsagt bli møtt på flyplassen i Puno av ein lokal guide og tatt godt vare på heilt til du returnerer til flyplassen for flyturen heim att.
- Du kan besøke det verdenskjente Rainbow Mountain på dag 7 av turen (frivillig ikkje inkludert).
- Dersom du har "dårleg tid" er det mogeleg å vera med kun på Inka Trail, Machu Picchu og Amazonasjungelen. Evt. kun sjølve Inka Trail og Machu Picchu.
- Dersom du ikkje er fysisk i stand til å gå sjølve Inka Trail, kan du likevel vera med på turen. Du vil då ha eit alternativt program dei tre dagane dei andre vandrar langs Inka Trail, for så å møte dei den fjerde dagen når dei kjem fram til Machu Picchu. Du vil altså få oppleve Machu Picchu på akkurat samme måte som dei som har gått Inka Trail. Det alternative programmet består blant anna av eit besøk i berømte Sacred Valley.
