stisykling i himalaya

ANNAPURNA CIRCUIT og MUSTANG VALLEY
MAI 2016

Lobens venn Ramez vart med meg på dette eventyret gjennom noko av Himalayas flottaste stisykkel-terreng.

Ramez vart i 2001 Nepalsk mester i terrengsykling.

Me starta i trykkande varme heilt nede på 790 moh. Turens høgaste punkt var Thorung La på 5416 moh.

Dei første to dagane sykla me på ein dårleg kjerreveg i eit fantastisk landskap.

Ein av dei villaste vegane eg har sykla på.

Denne imponerande "sva-veggen" er 1700 meter frå botn til topp...

Det aller meste av turen gjekk på flotte flyt-stiar.

Me møtte ikkje ein syklist på heile turen, knapt nok ein einaste fotturist. Ikkje rart dei lokale såg litt rart på oss.

Dei fleste fjella du ser på desse bileta er over 7000 meter høge.

Klatringa mot Thorung La startar for alvor - men det aller meste er mogeleg å sykle. Me trilla sykkelen berre nokre få prosent av heile turen.

"After-bike" med fantastisk utsikt.

Ramez er ein akrobat, både med og utan sykkel.

Det som pregar denne turen er at det går opp og ned heile tida, så det totale antalet høgdemeter er skyhøgt. Mange dagar var me nok i nærheiten av 2500 totale høgdemeter når sykkelen vart parkert. Og 2500 høgdemeter i stor høgde er noko anna enn i låglandet. Heldigvis var Ramez ekstremt sterk og sa aldri nei til ein ny motbakke sjølv om dagane vart lange.

"Toppstøtet" over Thorung La er i gang. Her måtte me dytta sykkelen ein del opp det brattaste partiet og her møtte me også for første gong ein del andre turistar.

Thorung La, 5614 moh. Nesten på høgd med Kilimanjaro. Viktig å sleppe ut litt luft av dekket etter kvart som me kom opp i ekstrem høgde, slik at ikkje det relative indre trykket vart for høgt.

Frå Thorung La er det nesten 3000 høgdemeter rett ned.

Men moroa var ikkje over når me kom til Muktinah. Me var no i Mustang Valley, og her viste Ramez meg nokon av dei artigaste flyt-stiane eg har sykla. Hadde ikkje hatt sjanse til å finna desse utan hans lokalkunnskap.

Noko av det som er så artig med sti-sykling i Himalaya er dei små landsbyane som ein passerer gjennom med jevne mellomrom.

Jomsom, ein frodig oase nederst i Mustang-dalen.

Dhaulagiri (til venstre) er 8167 meter høgt og verdas sjuande høgaste fjell. Det ragar 5630 meter over den vesle landsbyen Kalopani. Dette biletet er tatt ut gjennom vindauga på rommet mitt i det sola sto opp. Ut det andre vindauga såg eg rett opp på Annapurna I, 8091 meter høgt. Dalen vidare nedover mot Tatopani og Beni er kjent for å vera verdas djupaste dal, og ein kan på eit punkt (med litt velvilje...) sei at det går nesten 7000 meter opp på begge sider.

Takk til Ramez for eit fantastisk eventyr. Det blir ikkje siste gongen me reiser på langtur saman i Himalaya.