NOREG PÅ LANGS

JUNI - AUGUST 1994
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida

1994 Noreg p langs 3

Ideen om å gå Noreg på langs fekk eg som utvekslingsstudent i USA. No for tida er det fleire som prøver seg kvart år, både til fots om sommaren og på ski om vinteren. Men i 1994 var det svært få som hadde gjennomført denne turen. Eg hadde sjølvsagt lese om Stein P. Aasheim og Lars Monsen, som hadde gjort det tidlegare, men elles visste eg ikkje om andre. På denne tida var Internett ein kuriositet, og det var vanskeleg å finna informasjon utover bøkene til Aasheim og Monsen. Seinare har eg lese om fleire som gjekk før meg, faktisk heilt attende til 1966.

Å gå Noreg på langs kan sjølvsagt gjerast på fleire måtar. Dei fleste startar på Lindesnes og avsluttar på Nordkapp eller Knivskjellodden. Nokre har gått ruta i sin heilskap i Noreg, mens dei fleste går delar av ruta i nord gjennom Sverige og kanskje så vidt innom Finland. Grunnen til at dei fleste går inn i Sverige ved Sulitjelma, er dei fantastiske og gigantiske svenske nasjonalparkane som ligg som perler på ei snor i dette området. Padjelanta, Stora Sjöfallet, Sarek og Abisko er namn som bringar fram villmarkskjensla på same måten som Alaska og Canada, sjølv om området sjølvsagt ikkje er like stort. Dei fleste som går Noreg på langs, gjer det fyrst og fremst for å oppleva storslått natur og dyreliv, og då er dette området altfor freistande til å gå utanom. Dermed blir også tilbakelagt distanse litt forskjellig. Eg har sett at andre har vurdert talet på tilbakelagde kilometer til ein stad mellom 2500 og 3500. Kortaste måten å gjera det på dersom du bruker bilen, er i alle fall nøyaktig 2518 asfalterte kilometer, og den nøyaktige avstanden i luftlinje mellom Lindesnes og Nordkapp er 1699 kilometer.

Som sagt vil eg anta at motivasjonen for å gå Noreg på langs for dei fleste er naturopplevinga. Det var det i alle fall for meg. Å gjennomføra ein svært lang fottur i flott natur, der ein etter kvart la klokka i botnen av sekken og lét sola styre dagen, var det eigentlege målet. Å finna den roa og freden som berre ein lang fjelltur kan gi. Å ha eit ønske om å gå akkurat Noreg på langs er eigentleg berre eit resultat av at flotte naturopplevingar ligg på rekke og rad oppover noregskartet, frå Setesdalsheiane i sør til Finnmarksvidda i nord. Dersom det var det å gå frå punkt A til punkt B som var målet, ville vel både eg og andre valt å gå asfalten opp gjennom det langstrakte landet vårt.

Farmington er ein liten stad heilt nordvest i staten Arkansas i USA. Her er det stort sett flatt som ei pannekake, og det aller meste av naturen er oppdyrka. Eg treivst godt som utvekslingsstudent her i 1988, men naturen var ikkje akkurat etter min smak. I ein geografitime satt eg med eit verdsatlas og drøymde meg bort. Eg drog fyrst ei imaginær linje med peikefingeren over USA-kartet. Å gå Rocky Mountains på langs frå Mexico til Canada var eigentleg det fyrste prosjektet eg tenkte på. Eg hadde faktisk tenkt så mykje på dette at mange detaljar var bestemte med omsyn til rute og utstyr. Men akkurat denne dagen blei det til at eg bladde opp noregskartet. Som utvekslingsstudent får ein jo sjølvsagt av og til heimlengsel, og då er det godt å sjå på kartet over Noreg. Det slo meg brått kor perfekt Noreg eigentleg er dersom ein likar å gå lange fjellturar. Linja var umiddelbart klar: Setesdalsheiane, Hardangervidda, Jotunheimen, Rondane, Sylane, Børgefjell … Fingeren fortsette oppover kartet gjennom alle dei flotte villmarksområda og nasjonalparkane som ligg på begge sider av svenskegrensa. Til slutt fór fingeren over Finnmarksvidda, og før eg visste ordet av det, var fingeren på Nordkapp.

Eit frø var sådd, og som vanleg når eg får ein slik idé, visste eg at det var berre å starta detaljplanlegginga. Når eg fyrst blir tend på ein slik tanke, blir det umiddelbart svært konkret. Eg er ikkje av den typen som bruker lang tid på å bestemma meg, eller som byrjar å leita etter argument for ikkje å gjennomføra det eg har lyst til. Dette skulle eg gjera, det var berre eit spørsmål om tid og anledning.

Eg brukte meir og meir tid til å drøyma meg vekk med fingeren på kartet, og la etter kvart merke til ein annan ting. Det som såg ut til å vera den flottaste og mest logiske streken oppover kartet, tangerte så vidt dei høgaste fjella i alle tre landa som eg skulle gå gjennom. Og dermed var det bestemt. Eg ville også opp på dei høgaste fjella i Noreg, Sverige og Finland. Det er sjølvsagt ikkje noka spesiell utfordring i seg sjølv, berre ein liten kuriositet når eg fyrst var i området. 

Året blei 1994 før det baud seg ei mogelegheit. Eg ville starta forholdsvis tidleg for ikkje å risikera full vinter på Finnmarksvidda. 4. juni blei tidleg blinka ut som ein aktuell dato å starta på. Dersom eg brukte om lag 100 dagar, ville eg vera framme i fyrste halvdel av september. Det er fleire ting ein må ta omsyn til når ein skal velja dato, også når det gjeld om ein skal starta frå nord eller sør. Dårleg vêr, snømengd i fjellet, temperaturar, store elvar, mygg og knott – alle desse tinga er avgjerande for om ein klarer ein slik tur, eller i alle fall for kor behageleg ein har det undervegs. Ved å starta i sør håpte eg å unngå dei verste insektproblema i nord. Til gjengjeld var det stor fare for at eg ville få forholdsvis mykje snø i fjellet dei fyrste vekene. Det eg likevel frykta aller mest på førehand, var dei store elvane eg måtte kryssa. Spesielt på Hardangervidda kunne eg risikera å komma midt i den mest intense snøsmeltinga, og her ville ikkje bruene vera lagde ut så tidleg. Eg planla derfor å ha med så mykje mat på desse strekningane at eg kunne følgja elvane oppover til dei blei små nok til at eg kunne kryssa dei. Dette kunne sjølvsagt ta ein del tid, men sikkerheita kjem føre alt når ein går åleine i fjellet.

4. juni stod eg på Lindesnes og såg utover Nordsjøen. Neste gong eg fekk sjå havet, var sannsynlegvis om rundt tre månader, men då ville eg sjå det iskalde Nordishavet. Eg var full av forventningar. Det same var ryggsekken – full, altså. Faktisk var han så full at han vog over 30 kg. På den tida var det ikkje så mykje merksemd omkring vekt på friluftsutstyret. På vandringa oppover asfalten mot Lyngdal blei det smertefullt klart at ryggsekken var for tung. Gnagsår på begge føtene og også på skuldrene. Vekta måtte reduserast, og det drastisk. På det fyrste postkontoret eg kom til nord for Lyngdal, blei det full nedstripping av utstyr. Til slutt stod eg att med ei vekt på rundt 20 kilo. Denne vekta var eg bekvem med, ho varierte sjølvsagt litt med tanke på kor lang tid det gjekk mellom kvar gong eg kunne handla mat og drivstoff. I Sør-Noreg gjekk det sjeldan meir enn fire–fem dagar mellom butikkane, mens i NordNoreg og Sverige kunne det ofte gå over ei veke mellom kvar gong eg kunne proviantera.

Eg hadde gått fjellturar på opp mot ei veke tidlegare. Den enorme avstanden mellom startpunktet og målet på denne turen var likevel både forlokkande og skremmande. Éin ting var talet på kilometer eg skulle gå. Noko heilt anna var høgdemetrane som skulle tilbakeleggast. Eit anslag på 1000 høgdemeter for dagen ville seia at eg skulle gå 100 000 høgdemeter opp, og det same ned att, i løpet av sommaren. Ville kroppen tola det? Kne, ankel, hof­ter og rygg ville måtte tola mykje monotone rørsler. 

Turen blei akkurat så lang, flott, slitsam og fantastisk som eg trudde på førehand. Fantastiske solnedgangar i Nord-Noreg, dramatiske vêrforhold med lyn og torevêr i indre Trøndelag, digre elvar på Hardangervidda og storslegen utsikt frå dei høgaste fjella i Noreg, Sverige og Finland.

Det er vanskeleg å trekka ut nokre definitive høgdepunkt etter ein slik tur. Det er den totale opplevinga som står att som høgdepunktet. Opplevinga av å vera på tur i fantastisk natur mot eit mål som ligg mange tusen kilometer lenger framme. Ingenting hasta, og ingenting stressa meg. Eg var 24 år og merka at dette var eit liv som passa meg veldig bra. Det var sola og vêret som styrte dagen. Eg gjekk så lenge eg orka, og eg sov til eg var utkvilt. I Nord-Noreg var det nesten ingen stiar og hytter, og eg følte verkeleg at eg var i villmarka. Eg hadde bevisst valt å gå heile turen utan detaljkart. Eg hadde berre bilkart i målestokk 1 til 325 000, der det ikkje var nokon høgdekotar teikna inn. Men eg kunne sjå kvar dalane gjekk, fordi elvar var teikna inn med ein tynn blå strek. Dette var ikkje berre for å gjera det enklare og billegare. Det var eit klart element av eventyr i å gjera det på denne måten. Eg visste sjeldan heilt kva som venta meg kvar morgon når eg byrja å gå. Det er ikkje mange faremoment ved å gå i norske sommarfjell, og eg kunne sjølvsagt ikkje gjort det på same måten dersom eg hadde gått om vinteren.

Eg fekk besøk av venner som var med meg både på Galdhøpiggen og det siste stykket ut til Knivskjellodden. Men elles var eg stort sett åleine heile vegen. Eg har aldri hatt problem med å vera på tur åleine, faktisk tvert imot – eg er avhengig av mykje tid for meg sjølv. Kontrasten mellom av og til å vera på tur med andre og av og til åleine set eg veldig stor pris på. Eg har ofte tenkt på å vera eit år i ei fangsthytte på Svalbard, og tanken på å vera åleine ein lang og mørk vinter tiltrekker meir enn han skremmer.

Dei siste dagane før eg var framme ved målet, var eg meir trist enn glad. Dei 88 dagane eg brukte på turen, frå vår til haust, er ein tur eg ofte tenker attende på. I ettertid ser eg på det som ei av dei flottaste naturopplevingane eg har hatt.

1994 Noreg p langs 6

1994 Noreg p langs 6

1994 Noreg p langs 6

1994 Noreg p langs 6

1994 Noreg p langs 13

1994 Noreg p langs 13

1994 Noreg p langs 13

I Jotunheimen vart eg solbrent på øyrene, og eg var tom for solkrem. Men eg hadde aluminiumsfolie. Heldigvis var det lite folk i fjellet på denne tida av året.

1994 Noreg p langs 10

1994 Noreg p langs 13

1994 Noreg p langs 13

1994 Noreg p langs 13

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 14

1994 Noreg p langs 29

1994 Noreg p langs 29

1994 Noreg p langs 29

1994 Noreg p langs 29

1994 Noreg p langs 29

1994 Noreg p langs 29