NOREG PÅ LANGS med KAJAKK og SYKKEL

JUNI - AUGUST 2000
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 1


Sommaren 2000 tok eg permisjon frå jobben som butikksjef på Rimibutikk for å padla Noreg på langs. Min gode turkamerat Mads Rio og eg hadde tenkt på dette lenge, men fyrst no låg alt til rette for å gjennomføra turen. Me bestemte oss for å starta i slutten av mai og bruka heile sommaren på å prøva å padla frå Lindesnes til Nordkapp. Me hadde kjøpt oss havkajakk nokre år tidlegare, og hadde padla ein del både i nærområda rundt Voss, i Nærøyfjorden og langs kysten nord for Bergen, der Mads har eit sommarhus. For oss som var vane med aktivitetar som hadde med fjell å gjera, var padlinga ei fin avveksling. Me kosa oss på korte og lange turar, både med og utan overnatting.

Det var både morosame og dramatiske episodar under oppladniga til denne turen. Morosamt var det då Mads hadde hunden sin Bowie i fanget og dermed ikkje kunne ha på spruttrekket. Då me møtte ein taubåt, som er den båttypen som lagar dei brattaste bølgjene, slo bølgja innover dekket, og stakkars Bowie, som hadde lege og kosa seg i sola, låg plutseleg totalt uførebudd og bada i eit lite basseng.

Dramatisk var det då me padla i skipsleia nord for Bergen i stupmørke og kraf­tig vind, utan lanterne eller radarreflektor, og Sognekongen, den store katamaranen som går mellom Bergen og Sogn, tok oss att bakfrå. Me var ikkje merksame på han, det var vinden og bølgjene me konsentrerte oss om. Styrmannen kunne sjølvsagt ikkje sjå oss før i siste liten. Me forstod ikkje kva som var i ferd med å skje, før me plutseleg høyrde dei store vassjetmotorane slå i revers i mørket rett bak oss. Me snudde hovudet og såg meir opp enn bort på det doble skroget. Me padla frenetisk ut av leia og torde ikkje snu oss då me høyrde at ein av mannskapet kom ut på dekk og kasta nokre velfortente saf­tige glosar etter oss. Me hadde fått ein lærepenge, og me innsåg at me nok var flinkare og tryggare i fjellet enn på sjøen.

Delvis på grunn av denne hendinga la me ned ein god del arbeid når det gjaldt sikkerheita før turen. Det var ikkje så mange som hadde fullført ein slik tur før oss, og me visste om minst to som hadde omkomme i forsøket. Det var viktig for oss å få oversikt over vind- og straumretningar og havtemperatur. Alle desse faktorane var viktige både i eit sikkerheitsperspektiv og for å avgjera om me skulle starta i sør eller nord.

Me sjekka med Meteorologisk institutt kva vind- og straumretningar som er mest sannsynlege. I tillegg fann me ein statistikk over havtemperaturar langs Norskekysten gjennom året. All denne informasjonen peikte i same retning. Om me fekk ein normal sommar, ville me oppleva mest medvind dersom me starta frå sør. Straumretninga er sjølvsagt meir stabil enn vindretninga, og også den var eit argument for å starta frå sør. Det siste og kanskje viktigaste argumentet for å starta frå sør var at temperaturen i havet kunne vera så låg som to til fire grader rundt Nordkapp til langt ut i mai. Dei desidert lengste fjordkryssingane ville me få heilt på starten av turen dersom me starta i nord. Då ville havtemperaturen vera så låg at det kunne vera farleg å bli liggande lenge i vatnet, sjølv om me hadde tørrdrakt på oss. I tillegg ville me vera minst rutinerte heilt i byrjinga av padleturen, og då var det absolutt ein fordel å starta med høgare havtemperaturar og korte fjordkryssingar på Sørlandet.

Me hadde som sagt tørrdrakt til dei lengste kryssingane av open sjø. Me kjøpte også ein nødpeilesendar så me kunne tilkalla hjelp dersom noko skulle skje. I tillegg hadde me lanterner og radarreflektorar for å gjera oss meir synlege for båttrafikken.

Mads er ekspert når det gjeld eskimorulla. Han hadde padla elvekajakk i mange år, og dei forskjellige støttetaka og rulleteknikkane ligg instinktivt for han. Eg hadde lite erfaring med elvekajakk og hadde ein jobb å gjera når det gjaldt eskimorulla. Men etter to økter i bassenget kjente eg at eg meistra ho perfekt. Eg var sjølvsagt klar over at det er noko anna å rulla under kontrollerte forhold inne i eit oppvarma basseng utan bølgjer enn ute i eit kaldt og mørkt hav. I tillegg er risikoen for å gå rundt på flatt hav liten. Det er når bølgjene blir store, at det er lett å gå rundt, og då er det sjølvsagt tilsvarande vanskeleg å utføra ei eskimorulle.

Me starta frå Lindesnes ein godvêrsdag i slutten av mai. Den idylliske kysten nordover frå Lindesnes var noko anna enn det me var vane med frå våre heimtrakter, og me kosa oss skikkeleg. Overnattingar på holmar og svaberg, med fantastiske solnedgangar og god mat. Det var dette me hadde drøymt om under planlegginga. Men etter kvart var det vinden som skulle prega turen. Trass i at me statistisk sett skulle ha mest medvind oppover kysten, er det definitivt motvinden eg kjem til å hugsa best frå denne turen. Sommaren 2000 skulle visa seg å bli ein kald og vindfull sommar, og vinden skulle i all hovudsak blåsa frå nord. Å padla i motvind er betrakteleg tyngre enn å padla i medvind, spesielt når kajakkane er tunglasta.

Vêret blei alt anna enn optimalt. Den fyrste stormen ramma oss rett nord for Flekkefjord. Stormen var varsla, og me hadde lagt kajakkane våre på land og dratt inn til byen. Innarst i ein trong fjord trudde me at kajakkane våre låg trygt langt oppe på land. Sjokket var stort då me kom attende etter eit par dagar, og såg at kjempestore bølgjer hadde nådd heilt opp til kajakkane og flytta dei lenger innover. Berre flaks gjorde at dei ikkje var øydelagde eller hadde drive til havs.

I Egersund fekk me bu hjå eit par som hadde venner på Voss. Me blei rett og slett møtte på kaia då me la til inne i byen, og utan at me visste noko på førehand, fekk me tilbod om overnatting og mat på hytta deira. Dette var ein gjestfridom utan sidestykke, og me treivst så godt, og vêret var så dårleg, at me blei verande i eit par dagar.

Nord for Egersund kom me att ut for storm, og eg kjem aldri til å gløyma dønningane og dei store brenningane me måtte takla før me endeleg kom oss inn i ei lun lita hamn. Også her blei me liggande i fleire dagar før me kom oss vidare. Det var så ille at me opp til Bergen berre hadde sønnavind to–tre dagar, og då var det til gjengjeld storm som gjorde det umogeleg å padla uansett. Men me fekk heldigvis nokre vindstille dagar forbi Jæren og ved kryssinga av den store Boknafjorden. Spesielt på Jæren kan bølgjene bli svært store og skumle dersom vinden står på. Me hadde kanskje turens flottaste dagar her, og solnedgangane i havet var eit høgdepunkt.

I Haugesund fekk me bu hjå ein kamerat av Mads, og då han etter eit par dagar padla vidare nordover, reiste eg ein snartur heim for å vera med i bryllaupet til bror min. Eg padla derfor åleine over Sletta, den berykta opne havstrekninga nord for Haugesund. Dette er noko av det artigaste eg har opplevd i kajakk. Bølgjene var store, men heldigvis var det berre dønningar som bevega seg sakte og kontrollert. Eg gjekk opp og ned mange meter, og det var verkeleg ei spesiell oppleving å padla i oppoverbakke til toppen av bølgja, tippa over kanten, for deretter å setta utfor på den andre sida heilt til eg var nede i botnen av bølgjedalen att. Alt skjedde sakte og kontrollert, og eg følte meg heilt trygg.

Men nord for Stord blei det att storm. Det var faktisk orkan i Nordsjøen, og ein av dei store flyteriggane sleit seg og kom i drift. Dette visste me ingenting om i den flotte og avskjerma lagunen der me oppheldt oss om natta. Me gleid på nesten spegelblank sjø ut av lagunen, for å bli kasta inn i eit oppiska hav rett utanfor, med krappe og rotete bølgjer på over ein meter. Det blei umiddelbart klart at dette ikkje var bra. Men me hadde lite lyst til å snu, både fordi me ville vidare, og fordi sjølve prosessen med å snu kajakken er utsett, då ein på eit tidspunkt vil få bølgjer og vind rett inn frå sida. Me satsa på å komma oss inn i ei vik som me såg på andre sida av bukta. Men då me nærma oss klippene på den andre sida, blei bølgjene meir lunefulle enn nokon gong. Returbølgjer frå klippene førte til at det ikkje var nokon symmetri i bølgjene, det verka som om krappe bølgjetoppar oppstod frå ingenting. Brått var eg på toppen av ei slik bølgje, det føltest som om eg satt og balanserte på toppen av ein miniatyrpyramide. Eg famla i luf­ta med åra for å setta eit støttetak, men eg var så høgt oppe at eg ikkje klarte å setta åra i sjøen.

Det som så skjedde, var ikkje til å unngå, og det skjedde fort. Eg forstod i brøkdelen av eit sekund at eg var på veg rundt, og visste at dette kom til å bli vanskeleg. Eg følte meg absolutt ikkje overbevist om at eg ville klara ei eskimorulle under desse forholda. Brått var hovudet under vatn, det var kaldt og mørkt, og eg blei heile tida kasta fram og attende som i ei vaskemaskin. Mads hadde nok vore oppe att i løpet av eit par sekund, med ein brei glis om munnen. Men eg hadde ikkje den same sjølvtilliten, og idet eg førte åra fram mot dekket for å førebu rulla, hadde eg ikkje mykje tru på at eg ville klara det. Eg fekk hovudet så vidt over vatnet før ei ny bølgje kom over meg, og før eg visste ordet av det, hadde eg trekt av spruttrekket og låg ved sida av kajakken.

Eg var likevel heilt roleg. Eg trivst godt i vatnet, og visste at det ikkje skulle vera noko problem for meg å komma meg til land. Det var ikkje spesielt langt, og sjølv om eg ikkje er nokon rask symjar, har eg ingen problem med å symja langt. Eg var irritert på meg sjølv for at eg ikkje hadde klart å ta eskimorulla, og i tillegg var eg bekymra fordi eg hadde hatt liggeunderlaget og ein liten ryggsekk nede mellom beina i kajakken. Dette ville no bli kliss vått. Men det som bekymra meg mest, var at det ville bli vanskeleg å få med seg kajakken inn til land. Dersom me ikkje klarte det, ville han driva i land forholdsvis raskt og bli fullstendig knust mot fjæresteinane. Eg hadde utstyr for store summar i båten, og også dette ville i tilfelle garantert gå tapt. 

Eg tok tak i handtaket framme på kajakken samtidig som eg bad Mads manøvrera seg slik at eg med den andre handa fekk tak i handtaket heilt bak på hans kajakk. Dermed kunne han slepa meg og kajakken min innover mot land. Det var i alle fall planen, men det viste seg fort at det skulle bli vanskeleg. For det fyrste var vekta av meg og kajakken så stor at Mads nesten ikkje kom av flekken. Eg fungerte som eit flyteanker i sjøen. For det andre var bølgjene så store at eg hadde problem med å halda fast i begge kajakkane. Forsøket enda på dramatisk vis då kajakken min blei løf­ta opp og fram av ei kjempebølgje. Eg klarte å sleppa taket i siste liten før ho trefte kajakken til Mads med stor kraft. Smellet var så kraf­tig at eg var redd for at begge kajakkane blei øydelagde. Men det viste seg at det hadde gått rimeleg bra, roret til Mads var slått skeivt, men var heldigvis ikkje øydelagt.

Me innsåg begge at det var umogeleg å få med kajakken. Eg måtte berre symja til land. Så fekk me heller prøva å få tak i ein båt for å leita etter han. Med litt flaks kunne me kanskje nå det før han blei knust. Mads padla rett til land for å ringa til politiet, slik at dei var klar over at ein kajakk var i drift, men at det ikkje var nokon dramatikk, og at ingen var sakna.

Eg såg meg ut ein fin plass å gå i land og sette kursen rett mot han. Det gjekk utruleg sakte, spruttrekket, kleda og gummistøvlane gjorde at eg berre måtte ta tida til hjelp. Til slutt sparka eg av meg støvlane, men det var likevel ikkje mange meter eg flytta meg i minuttet. Bølgjene heiv meg fram og attende, opp og ned. Etter ti–femten minutt var eg ved land, og eg klatra raskt opp på ei høg klippe der eg visste eg kunne få litt oversikt over kva retning kajakken min dreiv i. Eg la med ein gong merke til eit par personar på eit oppdrettsanlegg fleire hundre meter frå land. Dei hadde tydelegvis sett kajakken min, og køyrde etter han med båten sin. No visste eg at utstyret mitt sannsynlegvis var berga. Dei forsvann ut av syne bak ein fjellknaus nord for oss, men etter ei stund kom dei attende med kajakken på slep. Eg ropte og vinka for å påkalla merksemda deira, men dei verken såg eller høyrde meg i vinden. Dei forsvann inn i bukta sør for oss. Men me visste i alle fall at kajakken og utstyret var redda.

No var det berre å gå gjennom skogen til vegen som me visste låg nokre hundre meter lenger inne, og følgja han ned til kaia. Men før me kom så langt, høyrde me brått ein veldig støy som nærma seg. Til min store skrekk såg eg eit stort Sea King-helikopter som senka seg sakte ned over havflata, til det stod i ro berre nokre meter over det opprørte havet. Så søkte det sakte nordover. Det var opplagt at dei leita etter meg. Korleis kunne dette skje? Mads hadde jo ringt inn beskjed for lenge sidan om at alt var greitt med oss. Me forstod ingenting. Kunne det vera nokon andre dei leita etter? Det var lite sannsynleg. Men tydelegvis kom beskjeden til slutt fram til helikopteret, for berre nokre få sekund etter at søket starta, løf­ta det seg opp frå havoverflata att og forsvann i stor fart vidare sørover.

Me snakka med politiet seinare og fekk ros for at me hadde gjort alt riktig. Det hadde vore ein kommunikasjonssvikt mellom lensmannskontoret og hovudredningssentralen slik at beskjeden ikkje nådde fram.

Vidare nordover var vêret framleis mot oss. Nordavind, dønningar og låge temperaturar prega turen til dei grader. Men me kosa oss likevel. Me hadde ikkje noko hastverk. Me er begge av typen som klarer å nyta livet akkurat der og då, utan å bekymra oss for mykje om det som ligg framfor oss. Då me passerte Bergen, byrja eg etter kvart å kjenna smerter i det eine handleddet. I byrjinga var det ikkje så kraf­tig, men då me kryssa Fensfjorden nord for Mongstad, utvikla det seg raskt, og smertene blei verre. Handleddet var opphovna då me endeleg kom oss i land. Eg antok at det var ein senebetennelse, og ein tur til legen i Eivindvik bekref­ta dette.

Eg valde å fortsetta på sykkel eit stykke, til betennelsen var under kontroll. Men etter kvart måtte eg berre innsjå at betennelsen ikkje blei betre. Trass i den kraf­tige støttebandasjen var det vondt kvar gong eg girte eller trykte inn bremsehandtaket på sykkelen. Senebetennelsen blei dessverre kronisk. Eg skal ikkje padla langt, sjølv i dag, før smertene kjem attende. Eg måtte berre gjera det beste ut av det. Sykkelturen vidare nordover var fantastisk flott, sjølv om vêret framleis ikkje var optimalt. Helgelandskysten var ei enorm oppleving frå sykkelsetet. Eg valde dei aller yttarste og minst trafikkerte vegane, og fekk dermed oppleva den berømte kystlinja på sitt aller beste.

Lofoten blei prega av regn, og det blei til dels også Finnmark. Men innimellom var vêret flott, og det blei mange fine fjellturar til tindar og toppar etter kvart som eg nærma meg Nordkapp. Noregs nordlegaste punkt blei nådd i kuling og vassrett regn, og sidan eg hadde vore der før og var så heldig å få haik med ein buss attende til Honningsvåg, var det ikkje mange minutta eg oppheldt meg der. Mads fortsette i kajakken og nådde trass i vêr og vind heilt til Bodø. Sjølv om ting ikkje gjekk heilt etter planen, hadde det vore ein fin tur. Eg hadde fått sjå nye delar av landet som eg ikkje fekk oppleva då eg gjekk Noreg på langs seks år tidlegare. Etter å ha farta landet vårt på langs to gonger ved hjelp av fjellstøvlar, kajakk og sykkel kan eg definitivt skriva under på at me bur i eit av dei finaste landa i verda.

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 8

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 8

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 8

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 8

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 8

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 8

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 8

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 15

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 9

2000 Noreg p langs kajakk og sykkel 15