KORSIKA PÅ LANGS
MAI 2004
Øyvind Birkeland og eg gjekk Korsika på langs våren 2004.
"Europe's hardest long-distance trek. One hundred and seventy kilometres traversing Corsica's steepling spine. Nineteen thousand metres of ascent and descent. Fifteen days walking for a minimum of six hours a day."
Denne beskrivelsen er med overnatting i små hytter undervegs. Me budde i telt, men fant fort ut at det eigentleg ikkje var lov. Derfor gjaldt det å skjule teltplassen sin så godt me kunne kvar kveld. Men det var uansett ikkje noko problem, me møtte minimalt med folk i fjellet. Me brukte ca. ei veke på turen. Ein fantastisk tur over tindar og gjennom idylliske dalar. Korsika har det meste når det gjeld natur.