DENALI (6190)
JUNI 2006
Fredrik Sträng og eg klatra Denali (6190m) som ein del av hans verdsrekord (7 summits på 7 månader). Fredrik er den sterkaste klatraren eg nokonsinne har vore på tur med, og me besteig fjellet på seks dagar. Me kom begge rett frå Himalaya (eg hadde klatra Shisha Pangma og han hadde klatra Everest), og me var dermed svært godt akklimatisert. Me tok toppstøtet direkte frå BC, 2000 høgdemeter rett opp.
Etter me kom ned att til Anchorage flaug Fredrik vidare til neste fjell på lista, mens eg tilbrakte ei god veke med stisykling og flotte fjellturar i det spektakulære området rundt Seward på Atlanterhavskysten sør for Anchorage.